Back

ⓘ Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er eit norsk statleg museum skipa i 2003 ved ei samanslåing av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for ..




                                               

Gerard David

Gerard David var ein nederlandsk kunstmålar. Han synleggjer bibelske tema i bileta sine, med sidan naturmiljøet er sterkt til stades i måleria hans har han vorte sett som ein banebrytar for landskapsmåleriet. David var son til ein handverkar i Oudewater ved Gouda. Frå 1483 arbeidde han i Brugge, der han gjekk i lære hos Hans Memling. Også Jan van Eyck sin målarstil tok han mykje etter. Etter at Memling døydde i 1494, vart David den offisielle bymålaren i Brugge. Han vart leiar for målarlauget i Brugge i 1501. I 1515 vart han også oppteken som meister i målarlauget i Antwerpen. I tillegg ti ...

                                               

Inger Waage

Inger Waage var ein norsk kunsthandverkar, keramikar og formgjevar som er særleg kjend for arbeidet sitt på Stavangerflint. Ho vart fødd i Bergelandsgaten i Stavanger i 1923, og voks opp i Løkkeveien på eigedomen der far hennar, John Nielsen, dreiv møbelverkstad og –forretning. Ho døydde i Stavanger i 1995, 72 år gammal. Inger Waage utdanna seg til keramikar ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo 1943-1946. I nokre år dreiv ho keramikkverkstad på Løkkeveien, og i 1953 begynte ho som brukskunstnar ved Stavangerflint i Hillevåg. Stavangerflint hadde starta produksjonen i 1949, o ...

                                               

Torstein Torsteinson

Torstein Torsteinson var ein norsk kunstmålar. Torsteinson byrja kunstmålarutdanninga si som tjueåring på den målarskulen, J.F. Eckersbergs malerskole i Oslo, som Knut Bergslien dreiv etter at Eckersberg døydde. Der studerte han frå 1896 til 1897, før han drog til København, slik mange andre norske kunstnarar gjorde i desse tidene, og studerte ved målarskulen til Kristian Zahrtmann vinteren 1898–1899. Men allereie våren 1899 reiste han til Paris og vart elev ved målarskulen til James Whistler ei stutt tid, og Wistlers måleri kom til å verte ei inspirasjonskjelde for han. I Torsteinsons por ...

                                               

Mathias Blumenthal

Mathias Blumenthal var ein kunstmålar og handverkar av tysk-dansk ætt, som saman med kunstnarane Henrich Christian Hosenfelder og Eric Gustaf Tunmarc vert rekna som dei sentrale rokokkomålarane i Noreg. Kvar og når Mathias Blumenthal vart fødd, og kven foreldra var, har vore uklårt. Men ein reknar no med at faren var rittmeister Mathias Blumenthal, òg kalla Matis Blomdal, som kom frå Riga til Gentofte i Danmark, og at Mathias vart fødd der i 1718 eller 1719, og den yngre broren hans, Carl Gustav, i 1721. Medan Hosenfelder og Tunmarc hadde sitt virke på Austlandet, vart det i Bergen i dei s ...

                                               

August Wilhelm Boesen

August Wilhelm Boesen var ein dansk kunstmålar. Boesen gjekk på Kunstakademiet i København, men slutta utan å fullføre. Dei fyrste arbeida hans var landskapsmålerier frå heimtraktane på Fyn, fleire av desse vert kjøpt av kong Fredrik VII av Danmark. Boesen var på fleire reiser i Europa, blant anna i Noreg og Sverige. I bokverket Norge fremstillet i Tegninger av Christian Tønsberg frå 1848 er eit litografi av eit av måleria hans frå Drammen. Boesen gifta seg i 1845 med Mathilde Henriette Sommer 1811-1890, dotter av kjøpmann Hans Jessen Sommer og Christiane Kaasbøll frå Trondheim.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design
                                     

ⓘ Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er eit norsk statleg museum skipa i 2003 ved ei samanslåing av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst, Nasjonalgalleriet og Riksutstillingar.

                                     

1. Nasjonalgalleriet

Nasjonalgalleriet vart etablert i 1842 som Den norske stats sentralmuseum for billedkunst. Sidan 1882 har museet vorelokalisert i Universitetsgata, Oslo, i eit bygg teikna av Heinrich Ernst og Adolf Schirmer.

Kunsthistorikaren Jens Thiis var direktør ved Nasjonalgalleriet mellom 1908–1941. Thiis var internasjonalt orientert og fekk kjøpt inn ei rad sentrale verk til museumssamlinga. Museet fekk i denne perioden også store gåver av Olaf Schou 1909, Chr. Paus 1918 og Chr. Langaard 1922.

Museet har ei særleg god samling av målarkunst frå den norske nasjonalromantikken, og av bilete måla av Edvard Munch.

I 1990 vart samlinga av måleri frå etter 1945 overførte til det nyetablerte Museet for samtidskunst.

Nasjonalgalleriet har i dag berre seks til sju prosent av kunsten stilt ut offentleg. Lanseringa av ein ny basisutstilling "Alle snakker om museet" i februar 2005 vakte reaksjonar, men førte òg til auka tilstrøyming. Det mest omtala var at ein splitta opp "Munch-rommet", og synte bileta til Munch saman med andre samtidige målarar. Ein erstatta eit kronologisk prinsipp med eit tematisk. Basisutstillinga vart revidert i 2011, og i den gjeldande basisutstillinga Livets dans. Samlinga frå antikken til 1950 er Munchrommet og eit kronologisk prinsipp innført att. Den nye basissamlinga har vore omtala som "en kortversjon av verdens kunsthistorie fremfor å speile museets egen samling"

                                     

2. Museet for samtidskunst

Museet for samtidskunst blei stifta i 1988 og tok over verk frå Riksgalleriet og Nasjonalgalleriet. Museet ligg på Bankplassen 4 i Oslo i lokalar som tidlegare husa Noregs Bank. Det opna for publikum i 1990. Bygninga er frå 1907 og er teikna av Ingvar Hjorth.

Museet har skiftande utstillingar og tre faste installasjonar i dei 2 000 m² store lokalane. Samlinga inneheld rundt 5 000 norske og utenlandske verk frå perioden etter 1945.

                                     

3. Nasjonalmuseet - Arkitektur

Arkitekturmuseet blei stifta av Norske Arkitekters Landsforbund i 1975 og frå 1. juli 2003 blei stiftinga ein del av Nasjonalmuseet. Arkitekturmuseets visingsstad i Kongens gate 4 var i bruk fram til mars 2005.

Nasjonalmuseet åpna i 2008 ein ny visingsstad for arkitektur, kalla Nasjonalmuseet - Arkitektur, på Bankplassen 3 i Oslo. Museet held til i tre bygningar som er bygd samman. Hovudbygninga - den eldste delen - er Norgegs Banks Christianiaavdeling som ble teikna av Christian H. Grosch og stod ferdig i 1830. På skrå bak ligg Sverre Fehns tilbygg frå 2002 - Ulltveit-Moe paviljongen -og i tillegg kjem magasinbygninga frå 1911 teikna av Henry Bucher.

Nasjonalmuseet - Arkitektur har skiftande utstillingar frå samlinga som mellom anna inneheld modellar, teikningar og fotografi.

                                     

4. Kunstindustrimuseet

Kunstindustrimuseet ligg i St. Olavsgate 1. I 1897 hadde det vore lyst ut ein arkitektkonkurranse og mellom dei 14 forslaga blei den då 26 år gamle arkitekten Adolf Bredo Greve kåra som vinnar. På grunn av sin låge alder, fekk han hjelp hos den meir erfarne Ingvar Hjorth.

Sjølve museet blei til på initiativ frå professor Lorentz Dietrichson og antikvar Nicolay Nicolaysen i 1876, og museet vart grunnlagd av kommunen allereie same år.

                                     

5. Riksutstillingar

Riksgalleriet vart oppretta i 1953 som ein statleg etat for å sende vandreutstillingar av norsk og nordisk kunst ut til alle landsdelane. Etaten sende ut 142 utstillingar i dei 34 åra han eksisterte. Etaten bygde opp eigne samlingar, og lånte også inn verk til sine utstillingar.

Da Museet for samtidskunst vart oppretta i 1988, inngjekk Riksgalleriet som ein del av museet, frå 1992 med namnet Riksutstillinger.

                                     

6. Direktørar

Den fyrste direktøren for Nasjonalmuseet var svenske Sune Nordgren fram til august 2006. 1. august 2007 overtok Allis Helleland i denne stilinga, og Audun Eckhoff sat frå 2009 til 2017. Per 2017 er Karin Hindsbo direktør.

                                     
  • Fra Stalheim frå 1842 Olje på lerret 190 246 cm Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design Bugten ved Napoli set fra en grotte frå 1821 Olje
  • i England Eremitasjen i Sankt Petersburg i Russland Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design i Oslo KODE Kunstmuseene i Bergen Munchmuseet Nordnorsk
  • Slottet og ved Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design Han måla naturalistiske motiv, ofte frå Helgeland eller frå Vestfold. Ved Nasjonalmuseet heng
  • direktør for Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design frå 2003 til 2006. Han har tidlegare mellom anna vore direktør ved Baltic Centre for Contemporary
  • Han er særleg kjend for sine fresker i Oslo rådhus. Storstein er representert i Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design i Oslo, Rogaland Kunstmuseum
  • i 1957 58, og ved Kunstakademiet i København i 1959. Raudberget er representert m.a. på Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design og i ei lang rekkje
  • av Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design Kunstindustrimuseet i Oslo Store norske leksikon. Henta 28. november 2014. Nasjonalmuseets direktør
  • utstilling med måleria hans. Både Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design Nordnorsk kunstmuseum, Sørlandets kunstmuseum og Göteborg konstmuseum har verk
  • og triptykon som han laga. Desse er i dag spreidde på ulike museum i fleire land i Vest - Europa. David døydde 1523 i Brugge. Nasjonalmuseet for kunst
  • reine U - teikn og O - teikn: Volta 1978 og Brutt form 1983, Furuset Senter, Oslo Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design Museet for samtidskunst
  • mannsalder, før det til sist vart tomt for nybygget til Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design og byggjearbeidet på det nye museet kunne take til i
  • den første kolleksjonen. I dette høvet samarbeidde Nasjonalmuseet for kunst arkitektur og design og DogA om å produsera to vandreutstillinger rundt Arne

Users also searched:

...