Back

ⓘ Noreg, offisielt Kongeriket Noreg, er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nord ..




                                               

Norske utanriksministrar

Den norske utanriksministeren er medlem av regjeringa i Noreg og sjef for Utanriksdepartementet. Saman med statsministeren er utanriksministeren den einaste av regjeringsmedlemmane som har tittelen minister, dei andre medlemmane har tittelen statsråd. Vedtaket om å opprette Utanriksdepartementet blei gjort same dag som Noreg erklærte at Unionen med Sverige var oppløyst, 7. juni 1905. I unionstida hadde det svenske utanriksdepartementet varetatt utanrikssakene for både Sverige og Noreg. Det norske utanriksdepartementet starta si verksemd den 15. juni 1905. Jørgen Løvland blei den første uta ...

                                               

Melodi Grand Prix 1985

Melodi Grand Prix 1985 var den 25. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Ti finalistar kjempa i finalen 30. mars 1985 som blei arrangert i Chateau Neuf i Oslo. Vinnarlåten blei "La det swinge", framført av Bobbysocks og skriven av Rolf Løvland. Duoen representerte Noreg i den internasjonale finalen i Göteborg, der "La det swinge" vann med 123 poeng. Dette var Noregs første siger i Eurovision Song Contest.

                                               

Ordførar i Noreg

Sjå òg Ordførarar i Noreg Ein ordførar vert vald av dei folkevalde kommunestyrerepresentantane i eit kommunestyre, eller ved direkte ordførarval. I kommunar som nyttar formannskapsmodellen er ordføraren ansvarleg for å organisere arbeidet i formannsskapet og kommunestyret, medan ein administrativt tilsett rådmann har ansvaret for å leie administrasjonen og for utgreiinga av saker som vert lagt fram for dei folkevalde. Med ein kommuneparlamentarisk modell, som i Bergen og Oslo, har ordføraren ei meir tilbaketrukken rolle, og har ingen formell funksjon ovanfor kommuneadministrasjonen. Ordfør ...

                                               

Melodi Grand Prix 2009

Melodi Grand Prix 2009 var den 47. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 21. februar 2009 i Oslo Spektrum. Den suverene vinnaren blei "Fairytale", framført og skriven av Alexander Rybak. Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2009 i Moskva, der han vann andre semifinale og kvalifiserte seg til finalen. "Fairytale" vann også finalen, og dette var Noregs tredje siger i Eurovision Song Contest. Dei to førre var i 1985 og 1995.

                                               

Melodi Grand Prix 2010

Melodi Grand Prix 2010 var den 48. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 6. februar 2010 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei "My Heart Is Yours", framført av Didrik Solli-Tangen og skriven av Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe. Solli-Tangen representerte Noreg på heimebane i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum, der han kom på 20. plass med 35 poeng.

                                               

Den katolske kyrkja

Den katolske kyrkja er eit samleomgrep på dei kristne kyrkjene som har paven i Roma som overhovud. Kyrkja er det største kyrkjesamfunnet i verda, med over 1 milliard døypte medlemmer. I den katolske kyrkja finn ein 23 særkyrkjer, der den romersk-katolske kyrkja "vestkyrkja" eller "den latinske kyrkja" er den klårt største, med eit oppgjeve medlemstal på 1.2 milliardar i 2014. Dei andre 21 særkyrkjene er orientalske katolske kyrkjer eller "katolske kyrkjer av orientalske ritar". Når ein snakkar om den katolske kyrkja, meiner ein ofte den romersk-katolske. Andre kyrkjer som kallar seg katols ...

Noreg
                                     

ⓘ Noreg

Noreg, offisielt Kongeriket Noreg, er eit nordisk land vest på den skandinaviske halvøya. Til lands grensar Noreg mot Sverige i aust, Finland og Russland i nordaust, og til havs mot Danmark i sør og Storbritannia i sørvest. Nord for Trøndelag er Noreg langt og smalt, og kysten strekkjer seg langsmed Nordatlanteren med havområda Skagerrak, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Den arktiske øygruppa Svalbard er under norsk suverenitet med dei avgrensingane som gjeld i Svalbardtraktaten, men Svalbard er til liks med øya Jan Mayen ein del av kongeriket. Bouvetøya i Søratlanteren er derimot eit norsk biland. Noreg gjer òg krav på Peter 1.s øy i det sørlege Stillehavet og territoriet Dronning Maud Land i Antarktis, men båe desse er omfatta av Antarktistraktaten som legg territoriale krav i Antarktis på Antarktis.

                                     

1. Namn

Namnet "Noreg" har norrønt opphav med formene Norðrvegr og seinare Noregr. Dette kjem truleg frå gøtene og danene som omtalte den lange norskekysten som vegen mot nord. Så tidleg som 880, rundt tida kongeriket vart grunnlagt, kalla Ottar frå Hålogaland Noreg for norðmannaland, nordmann-landet - medan Alfred, kongen av England, brukte forma Norðweg, som var føregangaren til det moderne engelske Norway.

Det offisielle namnet på nynorsk er Kongeriket Noreg, på bokmål Kongeriket Norge. På nordsamisk heiter landet Norgga gonagasriika, på lulesamisk Vuona gånågisrijkka og på sørsamisk Nøørjen gånkarijhke.

                                     

2. Historie

I vikingtida frå 700-talet til 1000-talet vart områda som no utgjer Noreg, gradvis samla til eitt rike. Kong Harald Hårfagre vann slaget i Hafrsfjord i år 872, og grunnla det fyrste norske kongssetet på Avaldsnes på Karmøy. Skipsleia mellom Karmøy og fastlandet, den såkalla Nordvegen, gav namnet til Noreg. Norske vikingar var dyktige sjøfararar og dreiv handel med alle landa kring Nordsjøen, og busette seg òg på dei britiske og nordatlantiske øyane, og på Grønland.

Det er usemje om Noreg vart samla med utgangspunkt i Vestfold og Austlandet. Det tradisjonelle synet er at Harald Hårfagre ervde rike i Vestfold og delar av Austlandet og derifrå la under seg det indre Austlandet, Trøndelag og hærtok Vestlandet gradvis sørover kysten. Det går klårt fram or sogene at ei anna mektig ætt med sete i Trøndelag, ladejarlane, hadde sett i gang ei liknande samling om lag samstundes. Desse ættene fekk vekselsvis støtte frå danekongen. Det verkar likevel som om Hårfagre-ætta vann denne maktkampen med kong Olav den Heilage si maktovertaking om lag 1015. Etter dette var Lade-ætta slegen attende.

I 995 grunnla kong Olav Trygvason den fyrste kyrkja på Moster på Bømlo, og byrja kristninga av landet. I 1024 sette kong Olav seinare kalla Olav den Heilage og bisp Grimkjell kristenretten på Mostratinget same staden. Ein reknar heile riket som kristna ved slaget på Stiklestad i 1030, der Olav fall. Etter ei lang tid med borgarkrigar borgarkrigstida vart den arvelege kongsmakta trygd under Sverreætta. Den norske kongsslekta døydde ut i 1387, og landet gjekk inn ei unionstid i Kalmarunionen med Danmark og Sverige. Etter 1450 heldt kongsfellesskapet fram med Danmark åleine. Tida vert i Noreg kalla "400-årsnatta", av di Noreg var den svake parten i unionen og vart styrt frå hovudstaden København. Etter at Danmark-Noreg vart tvinga til å alliere seg med Napoleon og dimed kom i hop med taparane i Napoleonskrigane, førte Kiel-traktaten i 1814 til at Noreg vart avstått til Sverige. Men det lukkast å gje landet ei grunnlov 17. mai 1814 og å tryggje norsk sjølvstende òg etter at ein kort krig med Sverige tvinga Noreg inn i personalunion med Sverige.

Aukande norsk misnøye med unionen gjennom 1800-talet førte til oppløysing av den norsk-svenske unionen i 1905, stadfest ved ei folkerøysting. Den norske regjeringa baud den norske krona til danske prins Carl, og etter ei ny folkerøysting kåra Stortinget han til konge. Han tok namnet Haakon VII etter dei gamle norske kongane. Den norske kongefamilien, liksom den danske, høyrer til det nordtyske fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg ei grein av huset Oldenburg.

Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen, men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen, vart nordmennene langt meir skeptiske til nøytralitetsprinsippet. Stemninga dreidde mot ei kollektiv tryggingsavtale for landet. Noreg var ei av dei underskrivande partane ved danninga av NATO i 1949 og var mellom landa som grunnla Dei sameinte nasjonane i 1945. Det norske folket har to gonger røysta imot å verta med i EU, nemleg i 1972 då: EEC og i 1994 då: EF. Noreg har likevel ei tilknyting til den europeiske indre marknaden gjennom EØS-avtala.

                                     

3. Politikk

Noreg er eit konstitusjonelt monarki med eit parlamentarisk regjeringssystem. Etter grunnlova frå 1814 er Kongen statsoverhovud og vel sjølv rådet sitt, men etter riksrettsdomen i 1884 må likevel regjeringa i praksis ikkje få eit fleirtal i Stortinget mot seg. Grunnlova gjev Kongen personleg vidtfemnande rettar, men desse vert ikkje praktiserte i dag, og funksjonen hans er fyrst og fremst vorten seremoniell. Statsrådet, eller regjeringa, er sett saman av ein statsminister og minst sju statsrådar, utnemnde av Kongen. Kongen kan i teorien utnemne kven han vil, men vel alltid den regjeringa statsministeren legg fram.

Det norske parlamentet – Stortinget – har 169 medlemer, som er valde frå 19 fylke for ein fire-årsperiode ut frå eit system med proporsjonal representasjon. Stortinget sine saker vert handsama i plenum, etter saksførebuingar i ulike fagkomitear.

Dei regulære rettsinstansane omfattar Høgsterett 18 permanente domarar per 2004 og ein justitiarius), lagmannsrettane, tingrettane tidlegare by- og heradsrettane og forliksråda handsamar sivile tvistesaker. I tillegg kjem særdomstolar som Arbeidsretten. Domarane ved dei regulære rettsinstansane og særdomstolane vert utnemnde av regjeringa. Den særskilde Riksretten vurderer spørsmål om brotsverk utført av medlemer i Stortinget, Regjeringa eller Høgsterett som slik.



                                     

4.1. Geografi Tettstader

Noreg har 942 tettstader 2012. Dei med høgast innbyggjartal er:

  • Stavanger/Sandnes 220 943 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Oslo 988 873 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Drammen 116 446 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Trondheim 180 557 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Fredrikstad/Sarpsborg 111 267 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Bergen 254 235 innbyggjarar per 1. januar 2017
  • Porsgrunn/Skien 92 753 innbyggjarar per 1. januar 2017

Nær 80 % 3 958 038 personar av innbyggjarane i Noreg bur i tettstader. Sjå artikkelen om omgrepet tettstad for definisjonar.

                                     

4.2. Geografi Topografi og klima

Noreg har eit opprive og fjellrikt landskap. Kystlina på meir enn 20 000 kilometer er broten av steile fjordar og eit mangfald av øyar og holmar. Noreg er òg kjend som midnattssolas land, av di det ligg delvis nord for polarsirkelen. Her går sola ikkje under horisonten ei tid om sumaren, og om vinteren er desse områda utan sollys ei tilsvarande lang tid.

Heile lengda av Noreg fylgjer Nordatlanteren. Tre havområde utgjer kystlina; Nordsjøen og avstikkaren Skagerrak i sørvest og sør, Norskehavet i vest, og Barentshavet i nordaust. Det høgaste punktet i Noreg er Galdhøpiggen med sine 2469 meter.

Det norske klimaet er temperert, særleg langs kysten som er påverka av golfstraumen heilt nord til Barentshavet. Noreg ligg ei sone der polarfronten skaper ein vestleg luftstraum, og dette dominerer vêr og klima i stor grad. Klimaet i innlandet er noko kaldare om vinteren, og i den nordlegaste delen herskar meir arktiske tilhøve.

                                     

5. Økonomi

Den norske økonomien er eit rikt kapitalistisk velferdssamfunn, med ein kombinasjon av frie marknadskrefter og offentleg regulering. Regjeringa kontrollerer vitale område som den petrokjemiske sektoren gjennom store statsselskap. Landet er rikt på naturressursar - petroleum, vasskraft, fisk, skog og mineral. Dei store naturressursane har samstundes gjort landet svært avhengig av internasjonale råvareprisar, særleg oljeprisane. I 1999 utgjorde oljeeksporten 35 % av eksportinntektene. Saudi-Arabia og Russland er dei einaste landa som eksporterer meir olje enn Noreg.

Den økonomiske veksten var 0.8 % i 1999, 2.7 % i 2000 og 1.3 % i 2001. Det vart igangsett privatiseringar i 2000, der regjeringa selde 1/3 av det 100 % statseigde oljeselskapet Statoil. Noreg står utanfor EU etter folkerøystingar i 1972 og 1994. Landet er saman med Island og Liechtenstein ein del av den indre marknaden i EU gjennom EØS-avtala.

                                     

6.1. Innbyggjarar Folkegrupper

Etnisk sett er størstedelen av folket i Noreg nordisk/nord-germansk, medan eit lite mindretal er samisk eller finsk/kvensk. Samar har status som urfolk, medan skogfinnar, kvenar, romanifolk reisande, taterar, romfolk og jødar har status som nasjonale minoritetar. Dei siste par åra har innvandring utgjort meir enn halvparten av folkeveksten, og ein aukande del av folket er innvandrarar; 12 % per 1. januar 2013. Dei største innvandrargruppene er polakkar, svenskar, og litauarar).

                                     

6.2. Innbyggjarar Religion og livssyn

Kring 77 % av innbyggjarane er medlemer i den evangelisk-lutherske norske kyrkja 1. januar 2012. Andre kristne trussamfunn utgjer cirka 4.5 % Blant dei ikkje-kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2 %, og andre religionar knappe 1 %. Human-Etisk Forbund har om lag 1.5 % oppslutnad. Per 1. januar 2003 var rundt 5 % av innbyggjarane ikkje medlemer i noko trussamfunn eller nokon livssynsorganisasjon som mottek statsstøtte.

                                     

6.3. Innbyggjarar Utdanning

24 prosent av alle nordmenn over 15 år eller 845 859 personar har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Av desse er 444 450 kvinner. 189 136 nordmenn har meir enn 4-årig universitetsutdanning 1. oktober 2004.

I 2004 var éi av tre kvinner og éin av fire menn i aldersgruppa 19–24 år i høgare utdanning tal frå Statistisk sentralbyrå. Kvinneprosenten har auka mykje sidan 1981, då berre éin av ti kvinner i denne aldersgruppa var i høgare utdanning.

Frå 17 prosent i 1980, har den delen av studentane i naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag, som er kvinner, vakse til om lag 30 prosent i 2003. Innanfor samfunnsfag og juss har kvinneprosenten stige endå meir, frå 42 prosent i 1980 til over 60 prosent i 2003.

Hausten 2003 var det 209 800 studentar på norske universitet og høgskular.

                                     

7.1. Språk Norsk språk

Det norske språket har i dag to offisielle skriftformer, bokmål og nynorsk. Desse er normerte av Norsk språkråd. I tillegg til desse finst mellom anna dei uoffisielle formene samnorsk, høgnorsk og riksmål. Samnorsk tek opp i seg former frå begge hovudmålformene, men er meir eller mindre gått ut av bruk. Samnorsktanken dominerte norsk språkpolitikk ca. 1930-1980.

Majoriteten av det norske folket skriv anten bokmål eller riksmål; grensene mellom desse er i dag svært flytande. Den delen av folket som brukar nynorsk som hovudmål nådde ein topp på 34.1 % i 1944, men har i etterkrigstida gått jamnt tilbake og har i dag falle til 10–15 %.

Nynorsk er eit alternativt skriftspråk som vart konstruert, systematisert og etter kvart etablert som skriftspråk på 1840-talet av Ivar Aasen, grunna på norske dialektar. Aasen kalla språket sitt landsmål ; dette vart endra til nynorsk i 1929. Aasen freista å distansere dette språket frå det danskpåverka språket som var i bruk på Austlandet og i borgarskapet. Utover 1900-talet har nynorsken fjerna seg meir og meir frå det opphavlege landsmålet, i retning bokmålet, medan bokmålet har gått meir vekk frå dansk og nærma seg nynorsk og norske dialektar, framfor alt bymåla.

Høgnorsk er ei meir konservativ form av nynorsk, som motset seg tilnærmingstanken. Den høgnorske rettskrivinga byggjer på Aasen-normalen som ofte vert assosiert med Vestlandet og Telemark. Høgnorsk vert nytta av ein liten minoritet av språkleg engasjerte personar. Nokre av desse har tilknyting til Ivar Aasen-sambandet eller miljøet kring bladet Målmannen som har til føremål å fremja høgnorsk.

Riksmål er den største av dei uoffisielle formene og vert mellom anna brukt av store aviser som Aftenposten. Denne målforma ligg nærare dansk og tradisjonelt, moderat bokmål enn det offisielle bokmålet. Bokmålet vert truleg nytta som hovudmålform av mellom 85 og 90 % av alle nordmenn og står sterkast i dei folkerikaste delane av Noreg, som på Austlandet og i storbyane. Bokmålet dominerer i dei fleste samfunnslaga. Riksmålet vert fremja av Riksmålsforbundet. Riksmålet er representert i Norsk Språkråd og har eit eige normeringsorgan, Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, som mellom anna utgjev eigne ordlister og Norsk Riksmålsordbok.

Alle dei skandinaviske språka utvikla seg frå tidleg norrønt. Av historiske grunnar kom dansk til å verte det offisielle språket i Noreg gjennom seinmellomalderen. Dansk var sidan mellomalderen fyrst og fremst påverka av lågtysk, der om lag halvparten av ordtilfanget og viktige grammatiske strukturar kjem frå. Det skriftspråket som var i bruk i Noreg fram til byrjinga av 1900-talet var reint dansk, men har gjennom det fylgjande hundreåret vorten tilpassa noko i høve til det danske, slik at ein kan snakke om eit eige norsk skriftspråk.



                                     

7.2. Språk Samiske språk

Ulike samiske språk er i bruk i den samiske minoriteten i landet. Tre samiske språk vert snakka i Noreg, nord-, sør- og lulesamisk. Nordsamisk har ei dominerande stilling, det vert snakka av over 80 % av dei samiskspråklege samane. Eit intensivt bergingsarbeid er igangsett for få den yngre generasjonen til å taka i bruk dei to andre språka, som er brukte frå Tysfjord i Nordland og sørover til Engerdal i Østerdalen. Oslo er den kommunen i Noreg med flest samisktalande innbyggjarar. I tillegg til skriftspråket er samisk sjølvsagt òg eit språk med mange dialektar. Pite-, ume- og skoltesamisk er utdøydde som språk i Noreg, sjølv om det finst personar som definerer seg i dei tre gruppene òg.

                                     

7.3. Språk Finsk og kvensk

Finsk finn vi i to avgrensa område i Noreg. Til den søraustlege delen av Hedmark, Finnskogen,kom det på 1600-talet innvandrarar frå Savolaks i Finland. Dei hadde vorte lokka til Värmland av svenskekongen, med lovnad om skattefritak, og dei utgjorde ein språkleg minoritet i bortimot 300 år. Som ein del av den finske ekspansjonen nordover kom det i fleire bylgjer innvandrarar frå Tornedalen og Finland til Noreg, og dei vart kalla kvener. Språket deira skilde seg etter kvart frå finsk i Finland ikkje minst på grunn av finsk språkrøkt dei siste 150 åra, og mange ser på kvensk som eit eige språk.

                                     

7.4. Språk Andre språk

I Bergen var det frå mellomalderen av eit lite plattysk-språkleg samfunn i samband med hansahandelen. Denne gruppa, som seinare gjekk over til å bruke høgtysk, sokna til Mariakirken. Det tyske samfunnet i Bergen vart stort sett fullt assimilert mot slutten av 1800-talet.

Dei nasjonale minoritetane romanifolk reisande, tatrar og roma sigøynarar talar tradisjonelt språk av indisk opphav. Sigøynarane talar det hovudsakleg indoiranske språket romanés, meden romanifolket tradisjonelt brukar skandinavisk/indiske blandingsspråk som romani og rodi.

Språk tilknytte den nasjonale minoriteten jødar i Noreg inkluderer fyrst og fremst det hovudsakleg vestgermanske språket jiddisch blant askenasiske jødar og det semittiske språket hebraisk.

Dei viktigaste innvandrarspråka i Noreg i dag, målt etter talet morsmålselevar i grunnskulen, er albansk, arabisk, persisk, serbokroatiske språk serbisk, kroatisk og bosnisk, kurdisk, tamil, urdu med dei nærskylde språka hindi og panjabi og vietnamesisk.



                                     

8. Kultur

Kjende nordmenn omfattar mellom andre forfattaren Ludvig Holberg som skreiv på reint dansk, riksmålsforfattarane Henrik Ibsen, Knut Hamsun og Sigrid Undset, nynorskforfattarane Tarjei Vesaas og Jon Fosse, eventyraren Roald Amundsen, den ekspresjonistiske målaren Edvard Munch og den nasjonalromantiske komponisten Edvard Grieg.

                                     

9. Bakgrunnsstoff

  • Nasjonalbiblioteket: Noreg, Sverige og unionen
  • Pressefridomsindeks: Rangert mellom dei landa med best pressefridom.
  • Noreg.no - offisiell regjeringsportal
  • Stortinget
  • Statistisk sentralbyrå
  • Informasjon frå regjeringa og departementa ODIN
                                     
  • Kommunane i Noreg fungerer som ei administrativ og folkevald styrt politisk eining med ansvar for å gjennomføre visse lovpålagte funksjonar, som til dømes
  • Danmark - Noreg er ei nemning på kongeriket Danmark og kongeriket Noreg i union, irekna Island, Grønland og Færøyane. I tida frå 1387 til 1814 var desse
  • Dette er ei liste over dei tusen høgaste fjella i Noreg som har ein primærfaktor på minst 50 meter. Når to eller fleire nærliggande fjelltoppar har ein
  • Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde totalitært styre frå den tyske okkupasjonsmakta og
  • Namnedagar i Noreg er eit oversyn over noverande norske namnedagar sortert etter dato. Namnedagar har røter til katolske helgendagar. Dei vart gjeninnførte
  • Noreg er eit land med mange fossefall, og dei høgaste fossane i landet er av dei høgaste fossane i både Europa og heile verda. Kva som er dei høgaste
  • Unionen mellom Noreg og Sverige var ei sameining av dei to kongerika Noreg og Sverige som varte frå 1814 til 1905. Dei to landa bestod som to sjølvstendige
  • Maud av Noreg fødd 26. november 1869 i London, død 20. november 1938 i London var den første dronninga av det sjølvstendige kongeriket Noreg etter unionsoppløysinga
  • Nord - Noreg er ein langstrekt landsdel nord i Noreg Han dekker fylka Finnmark, Troms og Nordland. Svalbard og Jan Mayen kan òg reknast med til Nord - Noreg
  • Oskar II 21. januar 1829 8. desember 1907 var konge av Noreg 1872 1905, konge av Sverige 1872 1907 og hertug av Östergötland. Han var son av Oskar I
                                               

Noreg i Eurovision Song Contest 2013

Noreg vil delta i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Den norske nasjonale finalen, Melodi Grand Prix 2013, vil finne stad i januar og februar 2013.

Noreg i Junior Eurovision Song Contest
                                               

Noreg i Junior Eurovision Song Contest

Noreg debuterte i Junior Eurovision Song Contest i 2003 i København, Danmark, med songen "Sinnsykt gal forelsket", framført på norsk av gruppa 2U. Bidraga vart valde gjennom den nasjonale finalen Melodi Grand Prix junior, arrangert av den norske kringkastaren NRK.

Ordførar
                                               

Ordførar

Ein ordførar er ein møteleiar, den personen som "fører ordet" ei forsamling. I Noreg vert ordet først og fremst brukt om den øvste leiaren i norske kommunar og fylkeskommunar sjå ordførar i Noreg. Ein kan også bruka ordførar eller saksordførar om ein stortingsrepresentant vald til å greie ut ei sak av ein fagkomité.

                                               

Fjernsynskanalar i Noreg

TV 2 TVNorge Frikanalen TV 2 Zebra NRK1 Visjon Norge NRK3/NRK Super Viasat Sport HD NRK Tegnspråk TV 2 Nyhetskanalen TV 2 Filmkanalen TV 2 Sport NRK2 Rikstoto Direkte

                                               

OGAE Noreg

OGAE Noreg er ein norsk Eurovision Song Contest fanklubb og medlem av OGAE. Fanklubben vart starta i 1985 og i Noreg vert han kalla Den Norske Grand Prix Klubben.

Users also searched:

...