Back

ⓘ Norsk utvandring til Amerika viser til straumen av nordmenn frå Noreg til Nord-Amerika. Utvandringa var særleg stor frå 1820-talet til 1920-talet, og gjekk i fø ..




                                               

Amerikabåt

Amerikabåt er eit omgrep som vert nytta om skip som går til og frå USA. Omgrepet oppstod under dei store utvandringane frå Noreg og Sverige til Amerika. Omgrepet amerikabåt kan òg vise spesifikt til fartøya som høyrde til Den Norske Amerikalinje A/S, då reiarlaget vart oppretta i 1910. I norske byar der "Amerikabåten" hadde anløp, var framkomst og ikkje minst avgangar hendingsrike, i ein tid før fly gjorde reiser frå kontinent til kontinent raskt og enkelt. Mange møtte opp for å sjå avgangen, både dei som hadde kjende om bord blant dei reisande, men også mange skodelystne.

                                               

Bahamas

Bahamas, eller formelt Bahamassambandet, er ein sjølvstendig engelskspråkleg stat i Karibia. Landet er ei samling av 700 øyar i Atlanterhavet, austom Florida i USA, nord for Cuba og resten av Det karibiske havet, og dessutan vest for Turks- og Caicosøyane. Rundt 30 av øyane er folkesette. Då Christopher Columbus steig i land på øya San Salvador i 1492 var øyane folkesette av arawakfolk. I 1647 byrja britar å busetja seg i området. I 1783 blei øyane ein britisk koloni. Bahamas blei sjølvstendig i 1973.

                                               

Paul O. Tomasgard

Paul O. Tomasgard er frå Hornindal kommune i Nordfjord. Han er lærar av yrke og har skrive fleire lokalhistoriske bøker. Tomasgard fekk i mars 2015 Kongens fortenestemedalje for det lokalhistoriske arbeidet han har lagt ned.

                                               

Trinidad og Tobago

Trinidad og Tobago, offisielt Republikken Trinidad og Tobago er ein øystat i Karibia. Landet består av øyane Trinidad og Tobago, som ligg 30 kilometer nordaust for Trinidad. Næraste naboland er Venezuela. Hovudstaden er Port of Spain med 37 074 innbyggjarar 2011, men med 48 838 innbyggjarar er San Fernando den største av dei to byane i landet. Oljehamna Pointe-à-Pierre ligg nord for San Fernando. Eit stykke sør for byen ligg Point Fortin, som har ei stor utskipingshavn for gassproduksjonen i landet. Nord i landet ligg hamna Templadora som er omlastingshamn for bauksitt og alumina frå Guyan ...

                                               

Hellas i antikken

Antikkens Hellas eller den greske antikken er den perioden i gresk historie som femner mykje av Middelhavs- og Svartehavsbassenga og som varte i om lag tusen år, frå om lag år 1000 fvt. til kristendomen kom. Perioden blir av dei fleste historikarane sedd som grunnleggjarkulturen i den vestlege sivilisasjonen. Gresk kultur var ein stor innverknad på Romarriket, som bar ein versjon av han til mange delar av Europa. Sivilisasjonen til dei gamle grekarane har hatt stor innverknad på språket, politikken, utdanningssystema, filosofien, vitskapen, kunsten og arkitekturen i den moderne verda, kvei ...

Norsk utvandring til Amerika
                                     

ⓘ Norsk utvandring til Amerika

Norsk utvandring til Amerika viser til straumen av nordmenn frå Noreg til Nord-Amerika. Utvandringa var særleg stor frå 1820-talet til 1920-talet, og gjekk i første rekkje til USA. I høve til folketalet var Noreg lenge det europeiske landet med mest utvandring, før irsk utvandring skaut fart etter 1900. I den største utvandringsperioden frå 1865 til 1920 reiste ein million nordmenn til USA, sjølv om mange av dei også vende tilbake.

Innvandrarane i USA grunnla norsk-amerikanske samfunn som har halde på fleire norske tradisjonar sidan. Dei fleste av desse slo seg ned i øvre Midt-Vesten. Frå 1920 stramma USA inn innvandringsreglane sine, og fleire nordmenn drog i staden til Canada.

                                     

1. Byrjingar

Dei første nordmennene kom til den nederlandske kolonien Nieuve Amsterdam no New York på 1600-talet. Dette hadde bakgrunn i banda mellom Noreg og Nederland på den tida.

Den "offisielle" byrjinga på utvandringa fann likevel stad i 1825, då seglskipet "Restauration" drog frå Stavanger til New York med 52 utvandrarar, hovudsakleg kvekarar eller dissentarar, om bord. I førstninga var utvandringa lita, Amerika verka framandt og dei som hadde reist ut opplevde epidemiar og dødsfall. Etterkvart som ein fann meir heimlege område i nord og vest i landet, blei fleire oppmuntra til å kryssa Atlanterhavet.

Dei følgjande åra vart rolege, men då ein norsk busetnad vart grunnlagt ved Fox River i Illinois auka emigrantstraumen. I dei første 25 åra reiste i gjennomsnitt ca. 2000 menneske i året. Etter 1865 kan ein snakke om masseutvandring, men mot slutten av 1800-talet var det i gjennomsnitt 15 000 utvandrarar per år.

                                     

2. Omfanget av utvandringa

Frå 1830-åra blei utvandringa regelmessig, og frå 1860-åra auka ho kraftig. Toppåret var 1882, med 28 000 norske utvandrarar. Utvandringa hadde tre bølgjer:

  • frå 1903 til rundt 1910, eller åra rundt 1905.
  • frå slutten av 1870-åra til byrjinga av 1890-åra
  • frå 1866 til 1873

I 1882 utvandra nesten 29 000. Ei siste, mindre bølgje fann stad frå 1923 til 1929.

Det finst i dag materiale som fortel at utvandringsintensiteten følgde den økonomiske situasjonen i Noreg og Amerika. Vi ser at dersom tilhøva i Noreg var dårlege, så utløyste det ei auka utvandring. Negative tilhøve i Amerika bremsa henne tilsvarande opp.

Utvandringa er såleis ikkje jamn, men utmerkar seg i tre toppar. Den første utvandringstoppen var i perioden 1866-73, då til saman 110 000 forlèt Noreg. Tilbakegangen skuldtest økonomisk tilbakegang i Amerika. Den andre og største bølgjetoppen kom i perioden 1879-93, då 263 000 nordmenn forlèt Noreg. Folketalet i Noreg sokk både i 1881 og 1882. Også denne utvandringstoppen blei stoppa av dårleg økonomi i USA. Den tredje toppen var i perioden 1901-10. I denne toppen forlèt 191 600 nordmenn heimlandet sitt. Under første verdskrigen var utvandringa lit, men tok seg opp att i mellomkrigstida. Ei ny, lita bølgje kom før USA avgrensa innvandringa på 1920-talet ved hjelp av restriktive innvandringslover.

                                     

3. Kven drog?

Fram til hundreårsskiftet var den norske utvandrargruppa prega av yngre menneske med menn i fleirtal. Men det var også mykje familieutvandring, til dels med store barneflokkar. Det var folk i frå alle samfunnslag, men underklassen var overrepresentert. Den største gruppa var bønder frå småbruk som hadde jordbunden kapital, og som dermed kunne selje og få råd til billettar. Husmannsfolk og tenestefolk hadde størst problem med å finansiere reisa, nokre fekk billettar finansiert av kommunen fordi det blei billegare enn å fø dei på fattigkassa. Frå litt før hundreårsskiftet forandra utvandringsfølgjet seg noko. Fortsatt var menn i fleirtal, men no i følgje av yngre, ugifte kvinner. Dei reiste dels av eventyrlyst, dels for å tene pengar nokre år. Familieutvandringa blei etterkvart ubetydeleg. I åra etter første verdskrigen var berre 6 % av utvandrarane under ti år. Ca. ein fjerdedel av dei som reiste no, vende tilbake til Noreg etter nokre år.

                                     

4. Årsaker

Årsakene til utvandring frå Noreg var stort sett det same som frå andre europeiske land, og kan delast inn på forskjellige måtar. Det fanst tilhøve i Noreg som pressa folk vekk "the push" medan det også var tilhøve i Amerika som verka lokkande "the pull". Ein kan skilja mellom kortsiktige og langsiktige årsaker, djupareliggjande og utløysande årsaker, eller ein kan velja å snakke om årsaker av politisk, religiøs, sosial eller økonomisk art. Det kan også vera naturleg å ta med eventyrlyst.

Seinare grupper drog som oftast av sosiale og økonomiske årsaker. På grunn av den store folkeveksten i Noreg måtte gardane delast opp, og det materielle grunnlaget for den einskilde familien blei dårleg. Dette førte til misnøye, og Amerika fortona seg som ei moglegheit for mange. Der kunne draumen om ei ljos framtid for seg sjølv og familien bli realisert. I Amerika kunne alle over 21 år få tildelt gratis jord. I tillegg var det i Amerika stort behov for arbeidskraft, medan det i Noreg var vanskeleg få seg arbeid. Løningane var også høgare enn i Noreg.

Ein del drog også av eventyrlyst. Mange blei påverka av Amerikabrev og emigrantannonser i aviser. Mange blei òg påverka av emigrant-agentane som gjekk rundt i bygdene for å selje plassar til utvandringsbåtane. Håpet om ei framtid der ein kunne utnytta evnene og kreftene sine og oppleva stor framgang, var freistande. Etter kvart som transporten blei betra, vart det lettare å ta avgjerda. Særleg viss ein fekk billetten gratis, var freistinga vond å stå imot. Mange reiste med tanke på eit mellombels opphald for å tena pengar og deretter reisa heim att til Noreg. Omtrent ein fjerdedel av emigrantane frå 1880 kom heim att seinare.



                                     
  • Restauration frå Stavanger med utvandrarar til Amerika Ferda vart innleiinga til ei massiv norsk utvandring til Sambandsstatane USA Restauration sigla
  • som ein kom til å trenga undervegs og etter at ein kom fram til reisemålet. Koffert Norsk utvandring til Amerika amerikakoffert - Det Norske Akademis ordbok
  • forfattarstipend for å reisa til Amerika I 1925 var han utsending frå Norges Bondelag til 100 - årsfeiringa for norsk utvandring til Amerika Ungdom : Espen sine
  • ikkje var lett å få tak i. Gjennom norsk utvandring til Amerika blei oppskriftene og formene til sandkaker tekne med til USA, og sandkaker eller sandbakelse
  • går til og frå USA. Omgrepet oppstod under dei store utvandringane frå Noreg og Sverige til Amerika Omgrepet amerikabåt kan òg vise spesifikt til fartøya
  • stor lojalitet mot sin eigen bakgrunn. Han var oppteken av den norske utvandringa til Amerika Mellom anna skreiv han ein trilogi om utvandrarpioneren Cleng
  • vekeblad. Eit tiltak Huseby ikkje fullførte, var soga om den norske utvandringa til Amerika Norsk Årbok 2008 Utdjupande artikkel om Huseby av Hermund Kleppa
  • daglege norske vokabularet er av nedertysk opphav. Utvandring til Amerika og i nokre høve eksistensen av religiøse samfunn som mennonittar har ført til at
  • 157 169 Det løfterike landet, Nasjonalbibliotekets sider om norsk utvandring til Amerika Aasentunet Janson, Kristofer Nagel. Med tekstar av Janson arkivert
  • oppgåve om norsk utvandrarlitteratur. Han tok seinare opp att det same emnet i doktoravhandlinga si frå 1971: Utvandringa til Nord - Amerika i norsk skjønnlitteratur
  • frå 1991 til han vart pensjonist i 2011. Sunde har skrive fleire bøker om migrasjonshistorie. 1989 Ein stad skal ein vera : utvandringa frå Vik i Sogn
  • hamskiftet i norsk jordbruk, då mekaniseringa gjorde behovet for arbeidskraft mindre, samtidig som både flytting til kysten og byane og utvandring til Nord - Amerika

Users also searched:

...