Back

ⓘ Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det vart skipa i 1887 og er blant dei eldste barneblada i verda som endå kjem ut. Bladet kjem ut 12 gonger i år ..




                                               

Juletre

"Juletre" er òg namnet på eit julehefte gjeve ut av Norsk Barneblad Eit juletre er eit tre eller ein modell av eit tre som blir brukt mange stader til å pynta til jul med. Treet blir pynta med lys og juletrepynt. Mange legg julegåver under treet og går rundt det og syng julesongar.

                                               

Julehefte

Julehefte er publikasjonar som vert utgjeve og kjem i handelen til jul. Sidan julehefte vart vanlege, på slutten av 1800-talet har det kome hefte med om lag 800 ulike titlar og 20-30 000 ulike hefte. Mange av dei har vore svært ulike i utforming, innhald og kvalitet. Heftet Julegave eller en liden samling av udvalgte Selskabs- og Drikkeviser ved norske Forfattere som kom ut i Drammen i 1817 har ofte vorte rekna som det første norske juleheftet. Julegaven for barnlige sind var første hefte som vart utgjeve for born. Frå kring 1880 vart det utgjeve norske litterære julehefte. Desse var fint ...

                                               

Jules Verne

Jules-Gabriel Verne var ein fransk forfattar. Han skreiv eventyrlege romanar om reiser verda rundt, under havet, jorda og i verdsrommet. Ved å bruka mange tekniske nyvinningar som inspirasjon for bøkene sine er han blitt ein av opphavsmennene til science fiction-romanen. Verne er kjend for bøker som Jorda rundt på 80 dagar, Jorda rundt i kavbåt, Den løyndomsfulle øya og Kaptein Grant og borna hans. Fleire av romanane hans er blitt filmatiserte, nokre av dei fleire gonger. Verne var fødd i Nantes i Frankrike og voks opp på ei øy i elva Loire. Han døydde i Amiens.

                                               

James Fenimore Cooper

James Fenimore Cooper var ein USA-amerikansk forfattar som i ein lang rekke romanar og reiseskildringar nådde eit stort publikum i heimlandet, så vel som over store delar av Europa. Hans meste kjende roman, Den siste mohikaner frå 1826, kom ut i Noreg så tidleg som 1831 og har sidan kome i fleire nye omsetjingar og utgjevingar. Trebandsverket Lærstrømpe skapte den ikoniske nordamerikanske stigfinnaren, ein figur som har vorte reprodusert i tallause western-romanar. På nynorsk har kome ut Veghittaren i 1907, omsett av Idar Handagard, medan Johs. Bruheim og Norsk Barneblads Forlag stod bak H ...

                                               

Mark Twain

Samuel Langhorne Clemens, betre kjend under psevdonymet Mark Twain, var ein namngjeten og populær amerikansk humorist, forfattar, journalist og forelesar. Han er mest kjend for romanane sine om Huckleberry Finn og Tom Sawyer. Forfattaren William Faulkner meinte Twain var "den amerikanske litteraturens far". Forutan romanar skreiv han og reiseskildringar og samfunnskritiske reportasjar om korrupsjon og klasseskille i samtida. Twain var fødd i Florida i Missouri og døydde i Redding i Connecticut.

Norsk Barneblad
                                     

ⓘ Norsk Barneblad

Norsk Barneblad er eit blad for barn på nynorsk. Det vart skipa i 1887 og er blant dei eldste barneblada i verda som endå kjem ut. Bladet kjem ut 12 gonger i året og inneheld artiklar, teikneseriar og lesarstoff.

Bladet vart skipa av Kristen Stalleland, ein 26 år gammal student, og kom opphavleg ut i Grimstad. Frå byrjinga i 1887 vart det kalla Sysvorti og hadde 36 abonnentar. Det vart omdøypt til Norskt Barneblad i 1891 og vart gjeve ut i Oslo frå 1902. Sysvorti eller svarttrosten er framleis i bruk som maskot i bladet. Ein annan figur tilknytt Norsk Barneblad er teikneseriefiguren Smørbukk, som har vore på baksida av bladet sidan 1938.

Gjennom tidene har bladet hatt redaktørar som Rasmus Løland, Bernt Støylen, Peter Hognestad, Klaus Sletten, Andreas Haavoll og Johannes Farestveit og redaksjonssekretærar som Inger Hagerup, Øyvind Dybvad, Herbjørn Sørebø og Øystein Rosse. Halldis Moren Vesaas "debuterte" då ho som tiåring skreiv inn til Norsk Barneblad i 1918, medan kunstnaren Per Kleiva vann ein teiknekonkurranse det hadde i 1947, då han var tretten.

Bladet vert gjeve ut av Samyrkelaget Norsk Barneblad, med organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag, Bondeungdomslaget i Oslo, Norsk Måldyrkingslag og Nynorsk kultursentrum som medlemer. Norsk Barneblad gjev òg ut julehefta Juletre, Tuss og Troll og Smørbukk, dei to siste i samarbeid med Egmont Serieforlaget.

Nana Rise-Lynum er bladstyrar 2011 og Vidar Lund er styreleiar.

                                     
  • Norsk Barneblads Forlag er eit blad - og bokforlag. Forlaget vart skipa av redaktøren og utgjevaren av Norsk Barneblad Andreas Haavoll. Frå 1919 til 1988
  • vart starta i Norsk Barneblad sommaren 1938. Då illustrerte Jens R. Nilssen folkeeventyret Smørbukk. I dei neste nummera av Norsk Barneblad heldt serien
  • september 1995 var ein norsk omsetjar, barnebokforfattar, teikneserieskapar og redaktør. Han overtok som bladstyrar av Norsk Barneblad i 1956 etter Andreas
  • Tuss og Troll er ein norsk teikneserie basert på eventyr. Teikneserien gjekk i Norsk Barneblad i tidsrommet 1944 - 1955. Sidan 1945, unnateke 1947, har
  • illustrerte folkeeventyret om Smørbukk i Norsk Barneblad i 1938. Frå og med neste nummer av Norsk Barneblad som kom ut 30. juni 1938, var Smørbukk blitt
  • desember 1989 var ein norsk teikneserieskapar. Etter folkehøgskule, underoffisersskule og handelsskule vart han knytt til Norsk Barneblad før han vart fast
  • og Skulen som alle er skrivne på nynorsk. Seriane hennar går fast i Norsk barneblad gatebladet Megafon og avisa Hordaland. Dei har tidlegare også gått
  • no 1951 Bortanfor Blåbreen Oslo: Norsk barneblad I fulltekst ved nb.no 1954 Glomfolket Oslo: Norsk barneblad I fulltekst ved nb.no 1959 Kronekongen
  • 2005 og har sidan spreidd seg til Oslo og Ringerike. Nettstaden til Tidsreiser Nesten som Ringenes Herre på ordentleg Norsk Barneblad nr. 8 9 2010
  • kjend som ein teikneseriepioner med Smørbukk og Tuss og Troll for Norsk Barneblad Vangsgutane for Fonna Forlag og Haukepatruljen, frå 1930 til 1959
  • trefot : sermelding frå London Oslo: Norsk barneblad I fulltekst ved nb.no 1962 Det byrja som leik Oslo: Norsk barneblad I fulltekst ved nb.no 1966 På
  • Juletre er òg namnet på eit julehefte gjeve ut av Norsk Barneblad Eit juletre er eit tre eller ein modell av eit tre som blir brukt mange stader til

Users also searched:

...