Back

ⓘ Antropologi er læra om menneska; korleis dei lever og lager samfunn og kulturar. I norsk samanheng bruker ein vanlegvis omgrepet om kvalitative og holistiske st ..




                                               

Martin Heidegger

Martin Heidegger var ein tysk filosof som blei fødd i Meßkirch og døydde Freiburg. Han reknast som ein av dei viktigaste og mest originale tenkjarane på 1900-talet, blant anna gjennom den sterke påverknaden han hadde på Jean-Paul Sartre og utviklinga av eksistensialismen.

                                               

Émile Durkheim

Émile Durkheim blei fødd i byen Épinal i departementet Vosges og kom frå ein jødisk familie der både far hans og bestefar hans hadde vore rabbiar. Durkheim sjølv førte eit fullstendig sekulært liv og i fleire av arbeida sine forsøkte han å vise at religiøse fenomen kjem av sosiale forhold. Durkheim blei elev ved École normale supérieure i Paris etter gymnaset lycée og i 1882 avla han høgare lærareksamen agrégation i filosofi. Han blei professor med ansvar for undervisning i samfunnsvitskap og pedagogikk ved Universitetet i Bourdeaux frå 1887 og ved Sorbonne i Paris frå 1902. Han måtte vent ...

                                               

Primitiv

Primitiv er eit ord som viser til noko som høyrer til eller liknar ei eldre tid eller utviklingsform. Det har vore eit viktig omgrep innan vitskapar som antropologi og biologi, og har vore brukt til å skildra levande vesen, samfunnsordningar og kunst. I dag er omgrepet mindre i bruk som ein vitskapleg term, og blir ofte oppfatta som nedsetjande. Innan evolusjonsbiologi har "primitiv" vore brukt til å skildra organismar, eller trekk ved dei, som primitive dersom dei liknar organismar frå tidlegare i evolusjonstreet. Ordet er etterkvart blitt mindre brukt ettersom det gjev eit inntrykk av at ...

                                               

Bronisław Malinowski

Bronislaw Kasper Malinowski, var ein polsk sosialantropolog og sosiolog, fødd i Kraków. Han vert rekna som ein av viktigaste antropologane i det 20. hundreåret. Malinowski var pioner i bruken av feltarbeid og i studien av resiprositet, gjengjeldshandling.

                                               

E.E. Evans-Pritchard

Edward Evan Evans-Pritchard var ein britisk sosialantropolog, professor ved universitetet i Oxford 1946-70. Evans-Pritchard var i det 20. hundreåret mellom dei antropologane som hadde størst innverknad på faget sitt. Denne kom særleg frå hans evne til å kombinere fyrsteklasses etnografiske feltarbeid med avanserte teoretiske resonnement, samt i å uttrykke desse i eit udogmatisk og lettilgjengeleg språk, som på same tid vitnar om både "common sense" og eit humanistisk grunnsyn. Han var fødd i Sussex og døydde i Oxford.

                                               

Margaret Mead

Margaret Mead var ein amerikansk antropolog. Mead var i store delar av karrieren sin tilknytt American Museum of Natural History i New York. Ho gav ut fleire populærvitskaplege debattbøker om antropologi, og vekka særleg oppsikt gjennom synet sitt om at kjønnsroller var kulturelt skapte framfor å vera biologisk gjevne. Ho deltok også i andre debattar om amerikanske samfunnsspørsmål, til dømes om synet på dei ulike aldrane til mennesket. Ho dreiv feltarbeid på mellom anna Ny-Guinea og Samoa, og saman med ektemannen Gregory Bateson på Bali.

                                               

London School of Economics

London School of Economics and Political Science, som regel kalla London School of Economics og forkorta LSE, er eit spesialuniversitet i London, knytt til University of London. Det ligg i Houghton Street i det sentrale London, tvers over Aldwych og ved sida av Royal Courts of Justice. LSE er ein av verdas leiande samfunnsvitskaplege institusjonar og blir rangert som eit av dei beste universiteta i verda. Studieprogramma omfattar både økonomi, andre samfunnsvitskapar og jus. Den nasjonale undersøkinga Research Assessment Exercise i 2008 viste at LSE kom på delt andreplass saman med Oxford, ...

                                               

MeSH

MeSH organiserer emneord for bibliografisk indeksering og katalogisering av journalartiklar og bøker om medisin og medisinsk forsking. Det er eit stort metadatasystem som tidlegare kom ut kvart år i prent utgåve men nå er fritt tilgjengeleg på Internett. Det er den amerikanske National Library of Medicine NLM som har utvikla systemet og som oppdaterer det. Det er i bruk ikkje berre ved NLM men også ved MEDLINE/PubMed artikkelbasen. Kvar post kan opptre i fleire hierarkiske "tre". Dei fleste postane har også ein kort definisjon, lenkjer til relaterte postar og til ei liste synonym og nesten ...

                                               

Baruch S. Blumberg

Baruch Samuel Blumberg var ein USA-amerikansk lækjar, nobelprisvinnar og president i American Philosophical Society. Blumberg vann nobelprisen i medisin i 1976 saman med Daniel Carleton Gajdusek.

Antropologi
                                     

ⓘ Antropologi

Antropologi er læra om menneska; korleis dei lever og lager samfunn og kulturar. I norsk samanheng bruker ein vanlegvis omgrepet om kvalitative og holistiske studie av samfunn og kultur, men i nokre høve kan det òg nyttast om meir biologisk retta studie av menneska. Antropologar studerer mellom anna emne som religion, musikk, feiringar, kroppsspråk, lidenskap, sex, forelsking og kjærleik i eit samfunn.

Det finst ulike tradisjonar innan antropologien, dei viktigaste er amerikanske kulturantropologi, britiske sosialantropologi og til ei viss grad kontinentaleuropeisk etnografi.

Ved hjelp av antropologisk forsking, ofte utført gjennom feltarbeid, kan ein antropolog samanlikna ulike samfunn som eksisterer på same tid, eller undersøka samfunnsutviklinga i eit tidsrom. Den første forskingsretningen er særleg oppteken av strukturelle fellestrekk ved menneskelege samfunn, medan den sistnemnde gjerne legg vekt på "framande" kulturar i eit historisk eller samtidsperspektiv.

Medan antropologi først tok for seg "primitive" folk, til dømes urfolk i fjerne strok eller i noko grad lokal tradisjonell folkekultur, utvikla vitskapen seg i andre halvdel av 1900-talet til også å ta for seg vestleg kultur, både av vestlege og ikkje-vestlege antropologar.

Viktige namn innan antropologi er mellom anna Émile Durkheim, Claude Lévi-Strauss, Edward Burnett Tylor, Bronisław Malinowski, Franz Boas, Margaret Mead, Paul Broca og Pierre Bourdieu.

                                     
  • nytta innan fleire fagfelt. For funksjonalisme innan antropologi sjå funksjonalisme i antropologi For funksjonalisme innan sosiologi, sjå funksjonalisme
  • sosialantropologien seg ut frå etnografien og vart ein eigen vitskap. Antropologi Sosialantropologi Sommerfelt, Axel 24. februar 2015 etnografi Store
  • dei sosiale og kulturelle sidene ved menneskelege samfunn. Sentralt i antropologien står omgrepa samfunn, kultur og symbol. Til skilnad frå til dømes sosiologi
  • integral. Integrasjon i politikk, samarbeid mellom politiske einingar. Integrasjon i antropologi Integrasjon i økonomi, samanslutningar av bedrifter.
  • Aukokton tyder staddanna. I antropologi er omgrepet nytta om ein folkesetnad som så lenge ein har opplysningar tilbake i tid har levd i landet sitt. I
  • direktør for Nasjonalt museum for arkeologi og antropologi i Peru og for Museum for arkeologi og antropologi ved Universidad Nacional Mayor de San Marcos
  • kan vere knytt til yrkeslivet. Denne samfunnsartikkelen som har med antropologi å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han
  • retningar, som i filosofi, litterær teori, kritisk teori, semantikk, antropologi og nokre delar av psykologien. Delar av denne artikkelen bygger på Meining
  • grovt sett svarer til mennesket sjølv. Verket har blitt utlagt som ein antropologi av til dømes Guttorm Fløistad i Heidegger. En innføring i hans filosofi
  • fransk vitskapsmann, kjend som ein av grunnleggarane av sosiologi og antropologi Émile Durkheim blei fødd i byen Épinal i departementet Vosges og kom
  • utdanna marinbiolog, men livsvegen hans var først og fremst prega av antropologi Thor Heyerdahl var fødd i Larvik. Han studerte både biologi og geografi
  • teorigrunnlaget sitt primært frå allmenn historieforsking og sekundært frå antropologi filosofi og andre disiplinar innan samfunnsvitskap og humaniora. Akademisk
                                               

Integrasjon

Integrasjon er ei samanslutning av einingar til ei større eining, eller til eit nært samarbeid. Omgrepet vert nytta innan fleire område: Integrasjon i antropologi Integrasjon i matematikk, sjå integral. Integrasjon i økonomi, samanslutningar av bedrifter. Integrasjon i politikk, samarbeid mellom politiske einingar.

André Leroi-Gourhan
                                               

André Leroi-Gourhan

André Leroi-Gourhan var ein fransk vitskapsmann og forskar innan arkeologi og fysisk antropologi og professor ved Collège de France. Leroi-Gourhan har gjeve ei vidkjend tolking av holemåleri som dei i Lascaux i Dordogne.

Institut royal de la culture amazighe
                                               

Institut royal de la culture amazighe

Institut royal de la culture amazighe er eit institutt driven av den marokkanske regjeringa for å ta vare på og fremja tamazightisk kultur. Instituttet ligg i hovudstaden Rabat, og er organisert i fyljande einingar: Senter for kunststudier. Senter for informatikk, informasjonsteknologi og kommunikasjon. Senter for omsetjing, dokumentasjon, redigering og kommunikasjon. Senter for antropologi og sosiologi. Senter for historie og miljø. Senter for didaktikk og pedagogikk. Senter for lingvistikk.

Users also searched:

...