Back

ⓘ Sørlandet. Sjå òg skuleskipet Sørlandet Sørlandet eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som omfattar Agder fylke, nokre gonger også sørlege delar av Roga ..




                                               

Folkehøgskolen Sørlandet

Folkehøgskolen Sørlandet er ein kristen folkehøgskole på Birkeland i Birkenes kommune i Agder fylke. Skulen tek årleg imot vel 120 elevar og er eigd av Normisjon, Indremisjonsforbundet og Norges KFUK-KFUM. Linjefag ved skulen er: Fotball Plus Bil og Mekk Internasjonal linje - Språk International Course Globalt Fokus Data Media Barn og Ungdom Helse og Velvære Multi Sport Musikk Live

                                               

Art

Arten er ei av dei mest grunnleggjande einingane inna biologisk systematikk. Ein art er ei gruppe liknande individ og blir gjerne definert som organismar som kan formeira seg med kvarandre og få forplantingsdyktig avkom. Eit levande vesen høyrer til ein, og berre ein art. Denne har eit særskild vitskapleg namn sett saman av slektnamnet og det særeigne artsnamnet. Mennesket har til dømes artsnamnet Homo sapiens, der Homo viser til heile slekta av menneskeliknande menneskeapar som har eksistert tidlegare, medan sapiens berre viser til menneskja.

                                               

Sprisegl

Eit sprisegl, eldre òg sprydsegl, er eit firskore sneisegl som blir spent ut med ei spri som går diagonalt frå nærme nederenden av mastra til seglbarmen ved hjørnet ytst på overliket på seglet. Sprisegl er vanleg på tradisjonelle båtar kring Nederlanda, England, Nord-Tyskland og det sørlege Skandinavia, gjerne i kombinasjon med fokkesegl på staget og - særleg på litt større båtar - ein klyver på klyverstaget som går frå mastetoppen til fremst på klyverbommen. I Noreg er denne riggen tradisjonelt funne langs kysten av Austlandet og Sørlandet, og i løpet av 1800-talet etterkvart nordover til ...

                                               

Euxenitt

Euxenitt er eit mineral som er ganske utbreidd på norske granittpegmatittgangar, særleg på Sørlandet. Det er brunt til svart, har sterk glans og er tungt. Mineralet er radioaktivt og opptrer i metamikt tilstand. Den kjemiske formelen kan forenkla skrivast AB 2 O 6, der A står for lantanoid, kalsium, jarn, uran, thorium osb., og B står for niob, tantal og titan. Sidan yttrium er det mest framtredande av A-grunnstoffa, skal mineralet no heite euxenitt-. Det titanrike endeleddet kallast polykras-. Eit nært nærskyldt mineral er aeschynitt. Både euxenitt og aeschynitt har rombisk symmetri, men ...

                                               

Sillimanitt

Sillimanitt er eit aluminiumsilikat med same kjemiske samansetjing som andalusitt og kyanitt, Al 2 SiO 5. Det krystalliserer rombisk. Mineralet opptrer oftast i fibrige aggregat og kan vere fargelaust, kvitt, grått eller brunt. Det finst i regionalmetamorfe bergartar og er vanleg fleire stader i Noreg, til dømes i Bamble og i området Søndeled–Songe på Sørlandet. Ved oppvarming til 1300 °C blir det danna eit høgeldfast material, men sillimanitt finst ikkje så rikeleg at det har nokon særleg økonomisk tyding. Sillimanitt er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren Benjamin Silliman 1779–18 ...

Sørlandet
                                     

ⓘ Sørlandet

Sjå òg skuleskipet "Sørlandet"

Sørlandet eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som omfattar Agder fylke, nokre gonger også sørlege delar av Rogaland og Telemark. Landsdelen ber preg av eit mildt klima, sommar som vinter, både på grunn av den sørlege plasseringa si og nærleiken til havet. Om sommaren er han eit mykje vitja reisemål for turistar frå resten av landet.

                                     

1. Opphav

Omgrepet Sørlandet blei første gongen føreslått av Vilhelm Krag i ein artikkel i Morgenbladet den 16. mars 1902. På denne tida var området rekna som del av Vestlandet. Avisa Vestlandske Tidende kom ut i Arendal, og jarnbanen som skulle gå frå Oslo til Kristiansand og Stavanger skulle kallast Vestlandsbanen.

Sørlandet dukka første gong opp som oppslagsord i Illustrert Norsk Konversasjonsleksikon i 1913. Same året vedtok Stortinget med 83 mot 40 stemmar å døypa om jarnbanestrekninga Oslo-Kongsberg-Kristiansand-Stavanger frå Vestlands- til Sørlandsbanen.

                                     

2. Jubileum

ni månader i 2002 hadde landsdelen ei omfattande markering av hundreårsjubileet sitt, med ei rekke kulturarrangement og mykje festivitas. Arrangementet blei kalla Sørlandet i 100.

                                     

3. Grense etter dialekt

I følgje sørlandsforfattaren Gabriel Scott er det eigentlege Sørlandet berre ei kyststrime som strekker seg frå Åna-Sira i vest til Oksefjorden ved Tvedestrand i aust, med ei nordleg grense som buktar seg opp og ned frå 30 til 50 km inn i landet. Dette er i følgje Scott ”den bløde kyststribe”, der dialekten er prega av at ein ofte bruker stemte konsonantar framfor ustemde, som b heller enn p. Området han viser til er frå gammalt av blitt kalla Agdesida. I nord går grensa for Agdesida og Sørlandet i følgje Scott mot området som i gammal tid hadde namnet Råbyggelag.

Skarre-r-en er også eit kjenneteikn ved sørlandsdialekten. Risør ligg aust for skarregrensa, men har heller ikkje full rulle-r. Der Sørlandet byrjar, finst ein dialekt der ord som endar på r blir uttala utan ending. Bynamnet Risør blir til dømes her uttala slik:

                                     
  • verdas eldste operative fullriggar. Sørlandet er byggnummer 1 frå Høivold mekaniske verksted i Kristiansand. Sørlandet var det første norskbygde seglskipet
  • NRK Sørlandet er NRK sitt distriktskontor i fylka Aust - Agder og Vest - Agder. Hovudkontoret ligg på Tangen i Kristiansand i Vest - Agder, medan lokalkontoret
  • 2010 endra skulen namnet til Folkehøgskolen Sørlandet Denne artikkelen byggjer på Folkehøgskolen Sørlandet frå Wikipedia på bokmål, den 17. februar 2011
  • lesarane på Sørlandet kan stemma fram sin favoritt. I mandatet til juryen står det at forfattaren må anten bu eller ha anna tilknyting til Sørlandet boka må
  • Sørland er kommunesenteret i Værøy kommune i Nordland fylke. Tettstaden har 625 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg søraust på øya Værøy. Denne Nordlandartikkelen
  • NRK Sørlandet Henta 13. oktober 2017. Kari Løberg Skår og Hans Erik Weiby 19. september 2017 En inkluderende og sprudlende mann NRK Sørlandet Henta
  • Nordland fylke, og utgjer landsdelane Trøndelag, Austlandet, Vestlandet og Sørlandet 9 av dei norske fylka er rekna til Sør - Noreg. Dette gjeld Trøndelag
  • Kathrine Sørland fødd 25. mars 1980 i Stavanger er ein norsk modell, tidlegare Frøken Norge og programleiar. 2002: Frøken Norge deltakar 2002: Miss
  • forskingskomiteen valg.no Vallister og kandidatar 2017 Svein Harberg Stortinget.no. Harbergs konsulentfirmas heimeside Før valet 2007 i Grimstad på NRK Sørlandet
Fullriggar
                                               

Fullriggar

Ein fullriggar er eit seglskip med minst tre master der alle mastene er skværrigga. Det finst òg fire- og femmasta fullriggarar. To av dei tre norske skuleskipa, S/S "Sørlandet" og S/S "Christian Radich", er fullriggarar, mens det tredje, S/S "Statsraad Lehmkuhl", er barkrigga.

                                               

Rulle-r

Rulle-r eller alveolar trill er ein konsonantlyd bruka i somme talemål, mellom dei russisk, spansk, italiensk, og finsk. Symbolet i det internasjonale fonetiske alfabetet IPA som representerer denne lyden er r. Han blir meir uformelt kalla rulle-r. I Noreg finst denne typen r mest på Vestlandet nord for Bergen, til og med Sunnmøre. Frå og med Romsdal blir han avløyst av eittslags-r r-flap. På Sørvest- og Sørlandet brukar dei skarre-r.

                                               

Harald Vestøl

Harald Vestøl var ordførar i Birkenes kommune frå 1991 til 2010, då han trekte seg frå vervet for skuld helsa. Han representerte Høgre.

                                               

Kringsjå i Vennesla

Kringsjå er ein tettstad i Vennesla, kjend for Kringsjå kraftstasjon. Denne kraftstasjonen, som var eit av de fyrste vasskraftverka på Sørlandet og det fyrste som vart statleg eigd, er no lagd ned og fjerna.

Monazitt
                                               

Monazitt

Monazitt er eit brunt mineral. Det er eit fosfat av cerium og andre lantanoidar med vekslande mengder thorium. Mineralet har ein monoklin krystallstruktur. Mineralet er utbreidd i små mengder i mange bergartar og finst som større krystall på granittpegmatittar. Det kan anrikast i sandavleiringar, til dømes i Australia, India, Malaysia, Brasil og Florida og er eit viktig råstoff for utvinning av thorium og lantanoidar.

                                               

Jonathan av Hans Petter Hansen

"Jonathan" deltok i Melodi Grand Prix 1977, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1977 i London i Storbritannia. Songen vart framført på norsk av Turid Pedersen i semifinalen "Sørlandet", som omfatta Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder. Bidraget vann med eit ukjend antal poeng, og gjekk vidare til finalen. "Jonathan" vart framført av på norsk av Dag Spantell i finalen, og enda på femteplass med 42 poeng.

Users also searched:

...