Back

ⓘ Spitsbergen er den største øya i øygruppa Svalbard i Nordishavet. Øya har eit areal på 37 673 km², og er med det den største øya i Kongeriket Noreg, meir enn ti ..




                                               

Wilhelm Filchner

Wilhelm Filchner var ein tysk oppdagar. 21 år gammal deltok han i den første ekspedisjonen sin til Russland. To år seinare reiste han åleine på hesteryggen gjennom Pamir-fjella. 1903–1905 leia han ein ekspedisjon gjennom Tibet. Etter heimkomsten frå Tibet fekk han i oppdrag å organisere ein tysk ekspedisjon som skulle kartleggje Antarktis. Etter ein treningsekspedisjon til Spitsbergen drog dei ut med skipet "Deutschland" 4. mai 1911. Ekspedisjonen kom inn i Weddellhavet og oppdaga Luitpoldkysten og Filchner-Ronne isbrem, som Filchner opphavleg kalla opp etter den tyske keisaren Vilhelm II. ...

                                               

Vestspitsbergenstraumen

Vestspitsbergenstraumen er ein varm, salt havstraum som flyt nordover på vestsida av Spitsbergen i Nordishavet. Han er ei grein av Den norske atlanterhavsstraumen som heldt fram langs kontinentalsokkelskråningen vest for Bjørnøya og Svalbard. Straumen er viktig sidan han fører relativt varmt vatn inn i det indre av Arktis som ein straumn på 200-500 meters djup. Straumen renn nordover aust for Framsundet, tar ein rundreise med urvisaren og følgjer Austgrønlandsstraumen sørover på vestsida av Framsundet. Denne straumen fører særs kaldt og ferskt vatn sørover, i tillegg til mykje sjøis.

                                               

Graben

Graben, forkastingsgrøft, søkkegrop eller gravsenking er innan geologi eit område av jordskorpa som har sokke inn langs éi eller fleire forkastingar. Ein kan sjå ein graben i overflata som ei rift eller ei kløftforma forsenking og oppstår når eit kontinent sprekk opp, som til dømes i Riftdalen i Aust-Afrika, Rhinrifta, Bajkalrifta, Jordandalen med Daudehavet. Eldre grabenar kan vere fylte med sedimentære avleiringar, som til dømes Vikingraben eller Sentralgraben i Nordsjøen. Oslo-området ligg i ein graben frå permtida. Geologane kallar dette området Oslofeltet eller Oslograben. Oslofjorden ...

                                               

Gips

Gips er eit mjukt mineral danna av kalsiumsulfat, med formelen CaSO 4 2H 2 O. Gips blir særleg danna ved inndamping av sjøvatn. Det kan òg dannast ved vulkansk aktivitet varmekjelder, ved oksidasjon av sulfidhaldig malm og som efflorescens i jord eller kalksteinsholer. Velkrystallisert gips blir kalla selenitt. Ein fibrig variant blir kalla silkespat, medan tett, finkorna gips er kjend som alabast. Det finst gips i Noreg i mindre mengder i sprekker i alunskifer i Oslofeltet og einskilde kisførekomstar i Løkken og Sulitjelma. Det finst òg i Søftestad gruver i Telemark. Ein finn også materia ...

                                               

23. april

1909: Dampskipa "Edith" og "Oxford" kolliderte i Drøbaksundet og 17 menneske omkom. 1206: Baglarar overfell birkebeinarar i Nidaros, natta etter ein bryllaupsfest, og drep dei som ikkje klarer røme unna. 1925: Noreg tek styringsretten til øyagruppa Spitsbergen, som får namnet Svalbard og vert ein del av Noreg. Bjørnøya vert ein del av Svalbard.

                                               

Fokker Trimotor

Fokker F.VII var eit mindre tre-motors høgvinga passasjerfly, produsert av Anthony Fokker sitt Atlantic Aircraft Company, og seinare på lisens av andre flyprodusentar, mellom anna Avro som Avro 618X. Den opphavlege modellen frå 1924 var eit ein-motors, høgvinga fly. Men frå 1925 vart flyet produsert som eit tre-motors fly, og kjend under namnet Fokker Trimotor. F.VII, saman med den nesten identiske Ford Trimotor, var det flyet som var det sjølvsagde valet og som dominerte på rutene til dei tidlege amerikanske flyselskapa, inntil Boeing 247 og Douglas DC-2 kom på marknaden tidleg på 1930-ta ...

Spitsbergen
                                     

ⓘ Spitsbergen

Spitsbergen er den største øya i øygruppa Svalbard i Nordishavet. Øya har eit areal på 37 673 km², og er med det den største øya i Kongeriket Noreg, meir enn ti gonger så stor som Hinnøya, den største øya langs norskekysten. Omlag 58.5 % av øya er isdekt.

Øya vart oppdaga av nederlendaren Willem Barents i 1596, og han gav øya namn. Namnet gav han fordi det var så mange høge, spisse fjell der. Namnet Spitsbergen vart tidlegare nytta om heile øygruppa Svalbard. Ho er om lag 450 km lang og mellom 40 og 225 km brei. Sidan Spitsbergen ligg langt innanfor polarsirkelen har ho midnattssol frå seint i april til seint i august. Frå rundt 26. oktober til rundt 15. februar er det mørketid.

                                     

1. Historie

Namnet på Spitsbergen vart gjeve av den nederlandske oppdagaren Willem Barents, som oppdaga øya då han leitte etter Nordaustpassasjen i 1596. Øygruppa kan derimot ha vore kjend for russiske pomorar på jakt så tidleg som på 1300- eller 1400-talet, men ein har ikkje funne spor etter dette folket frå før 1600-talet. Pomorane konkluderte med at dei hadde funne ein del av Grønland og kalla området Grumant Грумант. Namnet Svalbard er fyrst nemnt i islendingesogene frå 900- og 1000-talet, men dei kan òg referere til Jan Mayen eller Grønland.

Spitsbergen er ein av tre busette øyar i øygruppa og med heimel i Svalbardtraktaten kan alle signaturstatar slå seg ned på øygruppa. For tida er det berre Noreg og Russland som nyttar seg av denne retten. Den største busetnaden på Spitsbergen er den norske Longyearbyen, medan den nest største er den russiske kolgruvebyen Barentsburg. Nederlendarane selde rettane til byen til det sovjetiske gruveselskapet Arktikugol i 1932. Andre busetnader på øya er dei tidlegare russiske gruvebyane Grumantbyen og Pyramiden fråflytt i høvesvis 1961 og 1998, ein polsk forskingsstasjon ved Hornsund og den avsidesliggjande nordlege busetnaden Ny-Ålesund.

På grunn av dyreliv og havstraumar slo tidlege kvalfangstekspedisjonar til Svalbard hovudsakleg seg ned på Vestspitsbergen og øyane utanfor kysten.

Kvadehuksletta, på Vest-Spitsbergen, er kjend for sine unike steinformasjonar, inkludert særs sirkelforma steinar og labyrintliknande mønster. Ein meiner desse formasjonane kjem av telehiv.

Edgeøya ligg søraust for Spitsbergen. Denne øya er ikkje busett og er den største delen av Søraust-Svalbard naturreservat og har isbjørn og reinsdyr.

Allierte soldatar var stasjonert på øya i 1941 for å hindre at Nazi-Tyskland skulle okkupere øyane. Øyane vart offisielt lagt til Noreg i 1920-åra, men landet kom inn under tysk okkupasjon i 1940. Dei fleste innbyggjarane på øya var russarar Sovjetunionen hadde ein ikkje-åtaksavtale med Tyskland fram til 22. juni 1941. Storbritannia og Canada sendte militære styrkar til øya for å øydeleggje installasjonane og hindre tyskarane frå å okkupere ho.

                                     

2. Frøkvelv

Den norske regjeringa bygde eit frøkveld for å lagre frø frå så mange planter i verda som råd. Kvelvet består av ein 120 meter lang tunnel på Spitsbergen med ein naturleg temperatur på -6 °C. Frøa ligg lagra i to åtskilde kveld i enden av tunnelen med ein temperatur på -18 °C.

                                     

3. Bakgrunnsstoff

  • Kvadehuksletta
  • Spitsbergen.de
  • Generell informasjon om Spitsbergen
  • Bilete frå Longyearbyen og Pyramiden
  • svalbard.com
  • Naturen på Spitsbergen med mange bilete
  • Fotoserie frå den nederlandske fotografen Thijs Heslenfeld
  • Spitsbergen-kart
                                     
  • Wilhelmøya er ei øy nordaust for Olav V Land på Spitsbergen på Svalbard. Øya ligg i Hinlopenstretet mellom Spitsbergen og Nordaustlandet og har eit areal på 120 km²
  • Haakon VII land er eit landområde på nordvestlege Spitsbergen Svalbard. Det er avgrensa geografisk mot Woodfjorden i nordaust, Kongsfjorden i sørvest
  • ekspedisjon som skulle kartleggje Antarktis. Etter ein treningsekspedisjon til Spitsbergen drog dei ut med skipet Deutschland 4. mai 1911. Ekspedisjonen kom inn
  • på isen der dei makta å ta av med N 25 og kome velberga tilbake til Spitsbergen Saman med Amundsen er Ellsworth og mannskapet ombord i luftskipet Norge
  • Scotia - ekspedisjonen 1902 - 04 til Antarktis og gjorde fleire turar til Spitsbergen Bruce blei tilboden å delta i sørpolekspedisjonen til Robert Scott
  • Van Keulenfjorden er ein fjordarm på sørsida av Bellsund på Spitsbergen Fjorden strekkjer seg om lag 35 km søraustover til munningen av Nathorstbreen
  • på Svalbard. Toppen er 1713 meter over havet og ligg nordaust på øya Spitsbergen sør på halvøya Ny - Friesland. Fjellet er kalla opp etter Isaac Newton
  • Recherchefjorden er ein fjordarm på sørsida av Bellsund på Spitsbergen og Svalbard. Han er om lag 7 km lang og 5 km brei og strekkjer seg sørover til
  • Sør - Geoergia Nordenskjöld Land, Spitsbergen i Svalbard Nordenskjöldtoppen, Spitsbergen i Svalbard Nordenskjöldbreen, Spitsbergen i Svalbard Denne artikkelen
William Speirs Bruce
                                               

William Speirs Bruce

William Speirs Bruce var ein skotsk oppdagar og polarforskar. Han organiserte og deltok i Scotia-ekspedisjonen til Antarktis og gjorde fleire turar til Spitsbergen. Bruce blei tilboden å delta i sørpolekspedisjonen til Robert Scott, men avslo, da han fann målet for ekspedisjonen useriøst.

Spitsbergenstraumen
                                               

Spitsbergenstraumen

Spitsbergenstraumen er den nordlegaste delen av Den nordatlantiske straumen. Han er skild frå Norskestraumen var eit område djuphavsslette i Norskehavet. Han flyt for det mste nordover og er ein såkalla varm havstraum. Han held passasjen opp til Spitsbergen fri for is det meste av året.

Hoelitt
                                               

Hoelitt

Hoelitt er eit organisk mineral med formel C 14 H 8 O 2. Det er danna i samband med brann i eit kol-lag på Spitsbergen, saman med svovel og mineralet salmiakk. Mineralet vart oppdaga i 1922 ved Pyramiden på Spitsbergen og kalla opp etter den norske geologen Adolf Hoel 1879–1964.

                                               

Amsterdam (fleirtyding)

Amsterdam kan visa til: Amsterdam, hovudstaden i Nederland Amsterdam lufthamn, Schiphol, hovudflyplassen i Nederland Amsterdamøya, øy ved Spitsbergen "Amsterdam" av Jacques Brel "Amsterdam" av Maggie MacNeal, det nederlandske bidraget i Eurovision Song Contest 1980 "Amsterdam" av Coldplay

                                               

Barents

Barents, eller på nederlandsk språk Barentsz, kan visa til: Barentsøya - ei øy i Svalbard-øygruppa Barentsregionen - ein region i nordområda Willem Barents - ein nederlandsk oppdagar Barentshavet - eit havområde kring Svalbard Barentsburg - ein by på Spitsbergen Barents Press International -ein laus organisasjon for pressefolk i Barentsregionen

Krakken
                                               

Krakken

Krakken er namnet på fleire stader Krakken i Sør-Rondane, ein ås i Dronning Maud Land. Krakken på Svalbard, eit fjell på Spitsbergen. Krakken var òg namnet på ein holme ved Bouvetøya, men denne finst ikkje lenger. Krakken i Re, ein gard i Re kommune. Krakken er òg namnet på fleire grunner i Noreg. Krakken i Wohlthatmassivet, eit fjell i Dronning Maud Land. Krakken i Solund, ein gard i Solund kommune.

Users also searched:

...