Back

ⓘ Historie, eller historiefaget, er studiet av fortida, hovudsakleg menneska si fortid, både basert på skriftlege kjelder, andre kjelder og leivningar. Sjølv om s ..




                                               

Estisk historie

Estisk historie byrjar med busettingar etter slutten av istida, kring år 8500 f.kr. I tidleg historisk tid vart landområde busett av finsk-ugriske folk, og landet kom inn under russisk velde. Sidan har landet vore styrt av ulike stormaktar, bortsett frå korte periodar med sjølvstende, som i mellomkrigstida 1918-40 og tida frå 1991 til i dag.

                                               

Dansk historie

Danmark er i utgangspunktet gammal kalkhavbotnn som vart dekt av fleire kilometer tjukk morenemasser frå skandinaviske fjell etter den siste istida. Landet har heva seg kraftig etter det. Kalkfjellet stikk opp nokre stadar, og gjer at dansk grunnvatn er hardt. Over dette har det danna seg jord etter kompostering av planterestar frå dei siste ca 12 000 åra. Vinderosjon og jordbruk har flytta matjorda slik at det er tynne jordlag i hedeområda og tjukkare i senkingane i terrenget. Samla sett er jordlaget tynt, og vilkåra for jordbruk har alltid vore på kanten av det marginale i større område. ...

                                               

Austerriksk historie

Den første statsdanninga i det som skulle bli Austerrike, var eit keltisk kongerike, kalla Noricum, omkring 100 f.Kr. Størstedelen av området blei hærsett av Romarriket omkring 15 f.Kr. Keisar Claudius oppretta den romerske provinsen Regnum Noricum, som hadde omtrent dei same grensene som Austerrike har i dag. Aust for Vindobona det noverande Wien låg den største romerske byen, Carnuntum. Andre viktige byar var Virunum i dag Klagenfurt og Teurnia i nærleiken av Spittal an der Drau. Etter kristendommen breidde seg ut på 100-talet, begynte den langsame nedgangsperioden til Romarriket og ette ...

                                               

Europeisk historie

Europeisk historie tek for seg historia til verdsdelen Europa, der det moderne mennesket har budd i nesten 40 000 år. Området vart tidleg dominert av sivilisasjonsdanningar kring Middelhavet, særleg den greske og latinske. Seinare har den politiske hovudtyngda vorte flytta mellom fleire stormaktsdanningar, der ingen klarte å oppretthalda hegemoniet over lengre periodar. Rivalisering mellom stormaktene førte i første halvdelen av 1900-talet til to blodige verdskrigar. I nyare tid er det vorte sett i gang ein omfattande prosess for å samla dei mange nasjonalstatane i Europa til ein økonomisk ...

                                               

Fransk historie

Fransk historie er ofte delt inn i epokar som har namn etter dei som herska i landområdet på denne tida. Denne artikkelen tek for seg dei grove trekka av historia til det som i dag er Frankrike. Dei første menneska av typen Homo sapiens kom til Frankrike og Europa for om lag 50 000 år sidan. Neandertalarar, menneskeapar som utvikla seg før Homo sapiens, tok til å busetja seg i Europa om lag 200 000 år før vår tidsrekning, men døydde etter alt å døma ut for 30 000 år sidan i samband med kaldt klima og konkurranse frå moderne menneske. Det kom fleire menneskeartar til området, mellom anna Cr ...

                                               

Skotsk historie

Skotsk historie går svært langt tilbake i tid. Kongeriket Skottland blei sameint i 843 av kong Kenneth I av Skottland, og var eit sjølvstendig land fram til 1. mai 1707, då det gjekk i union med England. Etter den siste istida byrja området lengst nord på øya Storbritannia å verta folkesett. Mange gjenstandar er funne frå steinalderen, bronsealderen og jernalderen. Skriven historie om skottane kan førast attende til då Romarriket sine styrkar okkuperte det som seinare har vorte England og Wales. Det vart oppretta ein romersk provins, Romersk Britannia. Heilt i nord på øya var eit område so ...

Historie
                                     

ⓘ Historie

Historie, eller historiefaget, er studiet av fortida, hovudsakleg menneska si fortid, både basert på skriftlege kjelder, andre kjelder og leivningar. Sjølv om skriftlege kjelder står sentralt vert òg tida før skriftlege kjelder til ein viss grad omfatta av historiefaget. Denne perioden, utan skriftlege kjelder, vert kalla forhistorie. Også innafor språkhistoria blir det operert med eit tilsvarande skilje, for språkistorie med og utan skriftlege kjelder.

Ein ofte sitert definisjon av emneområdet til historieforskinga er at det omhandlar "sosialt relevant menneskeleg åtferd og slike ikkje-menneskelege tilhøve som er relevant for menneskeleg åtferd". Merk at Dahl her ikkje legg vekt på fortid dvs. på tidsdimensjonen, noko som opnar for å sjå også samtidshistorie som fag, med dei utfordringane dei har for avgrensingar mot samfunnsvitskapane.

Ordet historie kjem frå gresk ἱστορία historia, som er avleidd frå urindoeuropeisk * wid-tor-, frå rotordet * weid-, "å vita", "å sjå". Dette rotordet er òg til steda i dei norske orda vita, visdom. Ordet historie er fleirtydig i norsk: Det kan tyde både forteljing "no skal eg fortelje ei historie", det vitskaplege studiet av fortida og som ei forlenging av dette: fortida sjølv. Tvetydigheita har røter i det førvitskaplege opphavet til faget.

Sidan objektet som historikarane studerer fortida ikkje lenger eksisterer, må fortida bli rekonstruert ved å studera leivningar etterlatne frå fortida, historiske kjelder. For å vurdera kjeldene er ekte, relevant, representative og pålitande nyttar historikarane den kjeldekritiske metoden. Sjølv om historikarane nyttar metodar frå ei rekkje andre samfunnsvitskaplege, humanistiske og naturvitskaplege fag for å oppnå ei meir grunnleggjande forståing av fortida, er kjeldekritikken enno grunnlaget for å skilja mellom kva som er historievitskap og kva som berre er historieforteljingar.

Nemninga historikar vert frå gammalt av brukt om personar som skriv historie. Etterkvart har det skjett ei akademisering av faget, slik at omgrepet tildels har fått ei meir avgrensa tyding. Det kan òg brukast om personar som er utdanna i universitetsfaget historie med minst eksamen av høgare grad.

                                     

1. Historiefaget si utvikling

Dei første vi kjenner som forklarte fortida som eit produkt av intensjonane til menneske og handlingar, ikkje som t.d. handlingar av gudar eller utslag av mirakel, var grekarane Herodotos og Thukydides. Herodot frå Halikarnassos 484 f.Kr. – ca. 425 f.Kr. har generelt vorte kreditert som "historiefaget sin far". Likevel var det Thukydides ca. 460 f.Kr. – ca. 400 f.Kr. som nytta ei vitskapleg tilnærming til historie i verket Peloponneserkrigen. Thukydides såg til skilnad frå Herodotos og andre tidlege historikarar på historia som eit produkt av val og menneskelege handlingar, og leitte etter årsaka og effektane av desse, heller enn som resultatet av ei himmelsk innblanding. I den historiske metoden sin framheva Thukydid kronologi, ein nøytral synsvinkel, og at den menneskelege verda var eit resultat av menneskelege handlingar.

I mellomalderen var krøniker den dominerande historiske framstillingsforma, det vil seia at hendingar vart kronologisk oppramsa, men utan nokon djupare analyse av årsakene til hendingane.

Tidleg på 1800-talet vart historiefaget ein vitskap. I motsetnad til renessansen og dels også opplysningstida, som såg på mellomalderen som ei forfallstid mellom notida og Antikken, ynskte historikarane på 1800-talet å forstå særpreget til kvar epoke ut frå sine eigne premiss. Den tyske historikaren Leopold von Ranke oppstilte kriterium for korleis ein kunne koma fram til sann kunnskap om "kva som eigenleg hadde skjedd". Kjelder til ei hending vart samanlikna for å finna inkonsistensar og vurdera truverdet til kjeldene som vitnesbyrd om fortida, og von Ranke grunnla dermed kjeldekritikken som fag. I mellom midten av 1800-talet og 1900-talet var historiefaget eit av dei viktigaste verkemidla i nasjonsbygginga til ulike statar. Vestlege statar gav historiefaget ei sentral rolle på universiteta, og vedtok lover som gav arkeologar vide fullmakter til å sikre funnstader for arkeologiske funn. Historie var i dette hundreåret dominert av politisk historie om "kongar og krigar". Historiefaget fekk ei sentral rolle i skuleverket og bidro til ein felles identiteten for borgarane av staten. Historiefaget gav folk kjensle av eit fellesskap som følgje av førestilling om ei felles fortid.

I løpet av 1900-talet har emneområdet til historiefaget vorte utvida. Marxistisk historie representert i Noreg av m.a. Edvard Bull og Halvdan Koht la vekt på det materielle grunnlaget for historiske hendingar, og dermed for andre aktørar enn berre dei nasjonale leiarane. Ei konkret nyorientering kom i 1960- og 1970-talet med den såkalte sosialhistoriske revolusjonen, etter inspirasjon frå blant anna fransk historieforsking med den såkalla Annales-skolen. Historikarane byrja å sjå den politiske historia som altfor snever, i og med at berre ein liten elite tok del i dei politiske avgjerdene. Faget vart då utvida til å omfatta "vanlege folk" si historie, som bønder, arbeidarar, kvinner, etniske minoritetar, barn, dvs. grupper som ikkje tidlegare hadde vore ein del av den nasjonale historia.

Faget støtta seg i denne nyorienteringa på metodar frå statistisk orientert samfunnsvitskap. Det siste tiåret har kulturhistorie vore ei dominerande retninga innan historieforsking der identiteten til folk og røyndomsoppfatninga deira vert analysert for sjå på kulturelle tankemønster. Kulturhistorikarar er skeptiske til at det verkeleg er mogleg å skriva historia slik "det eigenlege var", og dei er usamd med von Ranke i at det finst berre éi historisk sanning som kan formidlast i den grad han meinte det.

Historiemetodar samanfattar dei teknikkane og retningslinjene som historikarar nyttar, primære kjelder, arkeologi og andre bevis for å forska på og deretter skriva historie.

                                     

2. Bakgrunnsstoff

Litteratur
  • Dahl, Ottar 1959: Norsk historieforskning i 19. og 20. århundre, Universitetsforlaget. 1. utg. Standardverket om historiefagets utvikling i Noreg siste 200 år.
  • Tretvik, Aud Mikkelsen 2004: Lokal og regional historie, Samlaget
  • Lunden, Kåre 2007: Biletet av fortida – innhogg i historisk fagteori, Samlaget
  • Kaldal, Ingar 2002: Frå sosialhistorie til nyare kulturhistorie. Samlaget Kort bok på 110 sider om fremveksten av kulturhistorie
  • Kjelstadli, Knut 1990: Fortida er ikke hva den en gang var: en innføring i historiefaget, Universitetsforlaget. Den mest brukte innføringboken i historiefaget
Tidsskrift og publikasjonar
  • Historisk tidsskrift det leiande historievitskaplege tidsskriftet i Noreg sidan 1871
  • Historie-avhandlingar i digital fulltekst frå norske universitet
  • Artikler om historie på Forskning.no
                                     
  • afrikansk historie har vore prega av forsøk på å få desse nye statane til å fungera. Vestlege historikarar meinte lenge at afrika mangla historie fordi det
  • Estisk historie byrjar med busettingar etter slutten av istida, kring år 8500 f.kr. I tidleg historisk tid vart landområde busett av finsk - ugriske folk
  • Dansk historie viser til utvikling og hendingar knytt til område omfatta av dagens Danmark, og andre, tidlegare dansk - styrte område. Danmark er i utgangspunktet
  • Denne artikkelen omhandlar Austerrike si historie Den første statsdanninga i det som skulle bli Austerrike, var eit keltisk kongerike, kalla Noricum
  • Norsk historie dekkjer tida Noreg har hatt menneskeleg busetnad, i minst 11 000 år, sidan eldre steinalder. Arkeologiske funn i Møre og Romsdal er blitt
  • Europeisk historie tek for seg historia til verdsdelen Europa, der det moderne mennesket har budd i nesten 40 000 år. Området vart tidleg dominert av
  • Fransk historie er ofte delt inn i epokar som har namn etter dei som herska i landområdet på denne tida. Denne artikkelen tek for seg dei grove trekka
  • Skotsk historie går svært langt tilbake i tid. Kongeriket Skottland blei sameint i 843 av kong Kenneth I av Skottland, og var eit sjølvstendig land fram
  • Koordinatar: 53 N 1 W Engelsk historie er historia til landområdet som i dag er England, ein del av det sameinte kongedømet Storbritannia. Landet har
  • Denne artikkelen tek for seg historia til øya Irland fram til opprettinga av den irske fristaten og den politiske delinga av øya i 1921. Den eldste identifiserte
  • Tidslinje over norsk historie tek for seg viktige tidspunkt og hendingar som kan knytast til det området Noreg utgjer i dag. 10.000 - 4000 f.Kr. Eldre steinalder

Users also searched:

...