Back

ⓘ Kvekarane, eller Venesamfunnet, eller Kvekernes religiøse samfunn er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjen ..




                                               

Onsdag

Onsdag, midtvekedag eller mekedag er dagen som kjem midt i arbeidsveka, i tidlegare tid midt i sjølve veka. Dagen er kalla opp etter den norrøne guden Odin på germanske språk, og etter guden Merkur på dei romanske. På gamalengelsk vart Odin kalla Woden. Derav namnet Wednesday på engelsk. På tysk har namnet Mittwoch, midtveke, erstatta det eldre namnet Wodanstag. På liknande vis finst ordet "mekkdag" frå norrønt miðvikudagr, ‘midtvekedag’ framleis i eldre nordmørsdialekt og på Island blir dagen kalla miðvikudagur. Kvekarane føretrekk å kalla dagen den fjerde dagen, heller enn å bruka det he ...

                                               

Quaker Peace and Social Witness

Quaker Peace & Social Witness, tidlegare kjent som Friends Service Council og Quaker Peace and Service er ein av dei sentrale komitéane i det britiske årsmøtet til Venesamfunnet - Kvekarane - i Storbritannia. Organisasjonen jobbar for å fremja likskap, rettferd, fred, enkelheit og sanning gjennom dei britiske kvekarane, i samarbeid med både lokale og internasjonale pressgrupper. I 1947 delte organisasjonen, som då heitte Friends Service Council Nobels fredspris med den amerikanske motparten, American Friends Service Committee. Organisasjonen jobbar både i Storbritannia og globalt. QPSW dri ...

                                               

Edward Hicks

Edward Hicks var ein USA-amerikansk naivistisk målar og kvekar-predikant. Gjennom måleria sine vart han ein framståande representant for kvekarsamfunnet i USA. Hicks var fødd i Langhorne i Bucks County i Pennsylvania. Mora døydde då han var spedbarn, og han vart sidan oppfostra i ein kvekarfamilie. 13 år gammal byrja han som lærling i ein vognbyggar-verkstad, der han lærte seg dekorasjonsmåling ved å male ornament på vognene. Då han runda 20 år starta han for seg sjølv og dreiv på å dekorere møblar og anna utsmykkingsarbeid. Då Hicks var 32 år gammal vart han vald til predikant for kvekara ...

                                               

1691

23. juni: Ahmed II av Det osmanske riket blei sultan etter Suleiman II. 3. oktober: Freden i Limerick mellom jakobittane og støttespelarane til Vilhelm av Oranien blei underskriven. 6. mai: Den spanske inkvisisjonen fordømde og tvangsdøypte 219 xuetaer frå Palma på Mallorca. 37 av dei prøvde å flykta frå øya, og blei brende på stake. 5. mars: Niårskrigen. Franske styrkar under Louis-Francois de Boufflers omleira den spanskstyrte byen Mons. Byen gav seg 29. mars. 12. juli: Antonio Pignatelli blei vald til paves om pave Innocens XII.

                                               

Frikyrkje

Frikyrkjer er protestantiske kyrkjesamfunn som er uavhengige av statsmakta, i motsetnad til Den norske kyrkja, som er ei statskyrkje. Dei første frikyrkjene vart grunnlagde på slutten av 1500-talet, i sluttfasen av reformasjonen. Med Bibelen og Den heilage ande som autoritetar som stod over pavemakta, opna reformasjonen for etablering av ei rad kyrkjesamfunn. Religionsfridomen var likevel avgrensa i dei fleste landa som var omfatta av reformasjonen. Medlemmer av frikyrkjene valde derfor ofte å utvandre til Amerika. I Noreg vart det lovleg å organisere frikyrkjer då Dissentarlova vart vedte ...

                                               

Letchworth

Letchworth Garden City, som regel berre kalla Letchworth, er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Namnet kjem frå ein av tre landsbyar som byen omfattar, i lag med Willian og Norton. Alle desse var nemnde i Domesday Book. Landet vart først kjøpt av kvekarar som meinte å dyrke området og byggje eit kvekarsamfunn. Dei oppdaga derimot raskt av jorda var kalkrik og dårleg jordbruksland. Garden City vart grunnlagd i 1903 av Ebenezer Howard og var ein av dei første planlagde byane og var ein av dei første hagebyane i verda.

Kvekarane
                                     

ⓘ Kvekarane

Kvekarane, eller Venesamfunnet, eller Kvekernes religiøse samfunn er eit kristent kyrkjesamfunn, grunnlagt i England midt på 1600-talet. Kyrkjesamfunnet er kjenneteikna av trua på at sjela har umiddelbar kontakt med Gud ; det er antiautoritært og prega av nøysemd og fredsæle. Namnet kvekar har samanheng med ordet quake, skjelve, og var opphavleg eit utnamn, kanskje gitt fordi nokre medlemmer under møta vart så gripne at dei skolv.

Vennenes Samfunn Kvekerne var eit tidlegare norsk navn på kvekarane.

                                     

1. Grunnleggaren

George Fox, som vart fødd i England i 1624, er rekna som grunnleggaren av kvekarrørsla. Han levde ei tid prega av etterdønningane av reformasjonen, då mange kristne tenkarar søkte å finne att til ei kristentru prega av den opphavlege kristendommen frå aposteltida. Sjølv var Fox ikkje skolert, men han kunne Bibelen, og han kjente at han var leia av Den heilage anden til å bli ein religiøs reformator. Han meinte alle menneske hadde noko av Gud i seg, eit indre lys som kunne leie menneska gjennom livet.

Fox var strengt puritansk og tok avstand frå alt verdsleg. Han ville ikkje bruke dei heidenske namna på vekedagar og månader. Fox var òg skarpt kritisk til den organiserte kyrkja. Han kritiserte prestane for å teoretisere kristendommen. Han ville ikkje ta av seg hatten for dei, han ville ikkje synge salmar med ord han ikkje sjølv hadde røynd sanninga i. Han kunne motseie presten i kyrkja. Forkynninga hans vart oppfatta som spotting av Gud, og han vart arrestert ei rekkje gonger.

I 1667 slutta William Penn seg til kvekarane, og i Amerika grunnla han ein koloni med religiøs fridom, i det seinare Pennsylvania. Hit reiste mange av tilhengjarane som vart forfølgde i Europa.

Kvekarane sitt puritanske levesett, kombinert med ideen om at noko av Gud er nedlagd i kvart menneske, førte med seg eit sterkt sosialt engasjement. Mellom anna gjorde kvekarane mykje godt for dei som sat fengsla. Under napoleonskrigane vart mange norske sjømenn sett i prison i England. Her kom dei i kontakt med kvekarar som arbeidde blant fangane, og slik kom kvekarlæra til Noreg. Her vart dei første venesamfunna organisert i 1818.

                                     

2. Kvekarane sin kristendom

Mange kvekarar trur på Gud som skapar og på hans kjærleik. Dei trur at Gud kom til jorda som Jesus Kristus, for at han skulle leie menneska tilbake til Gud. Og dei trur på Den heilage anden som leier og opplyser menneskesjela. Andens tempel er i menneska.

Kverkarane har ikkje prestar. På møtet, eller kvekarandakten, kan kven som helst reise seg å tale, om han kjenner at Anden leier han til det. Målet er at ei gruppe menneske gjennom andakten i fellesskap skal byggje opp ein heilskap, der kvar bidrar med sitt. Om ingen kjenner kall frå Anden til å tale, kan det vere heilt stilt på møtet. Om det er heilt stilt, vil dei som er på møtet ha betre høve til å kjenne etter Anden i sitt eige indre.

Kvekarane har heller inga andre faste ritual eller sakrament, dei har ikkje dåp eller nattverd. Livet skal vere heilt, ikkje delt i ein religiøs og ein verdsleg sfære. Læra om det guddommelege i kvart menneske gjer det utelukka for ein kvekar å delta i krigsteneste, og denne læra er ein spore til eit sterkt sosialt engasjement.

                                     

3. Organisasjon i kvekarkyrkja

Venesamfunnet er laust organisert. Om lag 150 menneske er registrert som medlemmer i Noreg, om lag 100 i Sverige. I verda elles er talet anslått til om lag 300 000 som i 1994 fordelte seg slik etter tysk Wikipedia som oppgir kjelda: "Religion ohne Dogma", Religiöse Gesellschaft der Freunde, 1995):

Utanom andaktsmøta kan kvekarane samlast i forretningsmøte. Lokalt kan dei samlast ein gong i månaden, i eit større område til eit årsmøte. Månadsmøtet er grunneininga som tek opp nye medlemmer og som peiker ut leiarar, helst kalla skrivarar. Er det usemje om ei sak, meiner kvekarane at mindretalet kan ha like rett som fleirtalet. Derfor vil dei gjennomdiskutere alle saker til vedtak kan skje samrøystes, ved konsensus.

Internasjonalt kan fleire årsmøte kan gå saman i femårsmøte som dannar ei overbygging. Sidan organisasjonen på denne måten er bygd opp nedanifrå, er kvekarsamfunnet internasjonalt kløyvd i meir ortodokse og meir liberale retningar.

Årsmøtet har formulert 40 råd og spørsmål som ikkje er pålagt som nokon fast regel, men som ein hjelp til å bli i Guds lys. Desse er endra fleire gonger sidan dei først vart utforma på 1600-talet, og seier mykje om kvekarlæra.

I 1947 mottok Vennesamfunnet Nobels fredspris for arbeidet dei hadde gjort gjennom sine internasjonale hjelpeorganisasjonar; American Friends Service Committee og British Friends Service Council (i dag Quaker Peace and Social Witness.

I dag er det ikkje spesielle måtar å kle seg på eller spesielle måtar å bruke språket på som kjenneteiknar kvekarane. Dei er enno puritanske i den forstand at dei gjerne arbeider for fråhald, for miljøvern og for jamn fordeling av samfunnsgoda.



                                     

4. Kjelder

  • Norsk offisiell heimeside
  • Rufus M. Jones 1947: Kvekernes tro og virke
  • Hans Eirik Aarek 1968: Finnes det en kvekermåte å leve på?
  • J.W. Harvey Teobald: Kvekerlære u.å.; utg. av Vennernes samfund, Stavanger
                                     
  • om russehandelen i Finnmark, om kjøpstad i Ålesund, om forlikslova, om kvekarane om kapra skip og om innkvartering. Normann døydde brått som vert i selskapet
  • fyrst hjå faren og seinare andre stader. I 1845 kom han i kontakt med kvekarar og fekk ei andeleg oppvakning som han sjølv tidfesta til 15. juni 1845
  • Norton. Alle desse var nemnde i Domesday Book. Landet vart først kjøpt av kvekarar som meinte å dyrke området og byggje eit kvekarsamfunn. Dei oppdaga derimot
  • sjelesørgar. Det finst likevel retningar som ikkje har prestar, til dømes kvekarane I dei ortodokse og katolske kyrkjene vert ordinasjonen av ein prest sett
  • til DNT - Edru Livsstil. Den første norske avholdsforening vart skipa av kvekaren og læraren Asbjørn Kloster i Stavanger i 1859. I 1875 vart DNT ein landsfemnande
  • redaksjonskomiteen, om juridisk eksamen, om artium, om filologisk seminar, og om kvekarane Også i 1824 vart han vald til stortingspresident, men straks friteken
  • lag 50 000 ibuarar og eit flatemål på 15, 6 km². Staden vart busett av kvekarar i 1684. Plainfield fekk byrettar i 1869. Musikaren Bill Evans og idrettsmannen
  • William Penn 14. oktober 1644 30. juli 1718 var ein engelsk kvekar Han var talsmann for religionsfridom og la grunnen for kvekarsamfunna i Nord - Amerika
  • krigsmotstand er dei tradisjonelle fredskyrkjene Church of the Brethren, kvekarar og mennonnittar og den motkulturelle hippierørsla på 1960 - talet. Jon Olav
  • tonn, 54 fot lang og 16 fot brei. Det var 52 menneske om bord, dei fleste kvekarar eller dissentarar. Kaptein på båten og leiar for sluppefylgjet var Lars
  • år då han byrja på si siste store oppgåve å lede hjelpearbeidet til kvekarane Kvekerhjelp, i Algerie. I åra 1963 1970 var han ansvarleg for utbygging
Plainfield i New Jersey
                                               

Plainfield i New Jersey

Plainfield i New Jersey er ein by i Union County i delstaten New Jersey i USA. Byen har om lag 50 000 ibuarar og eit flatemål på 15.6 km². Staden vart busett av kvekarar i 1684. Plainfield fekk byrettar i 1869. Musikaren Bill Evans og idrettsmannen Milt Campbell var begge frå Plainfield.

Users also searched:

...