Back

ⓘ Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei tre fylka Rogaland, Vestland og ..




                                               

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet er ein norsk statleg høgskule som blei oppretta 1. januar 2017 gjennom ei samanslåing av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Skulen har fem studiestader – Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord – alle med utdanning på mastergradnivå. HVL har ein av dei største lærarutdanningane i Noreg, og det eldste studieprogrammet - lærarutdanninga i Stord - har sine røter frå 1839. Det største campus er på Kronstad i Bergen. Høgskulen har mål om å bli universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Han har styreleiar oppnemn ...

                                               

Vervarslinga på Vestlandet

Vêrvarslinga på Vestlandet er ei distriktsavdeling av Meteorologisk institutt oppretta i 1918. Avdelinga har varslingsansvaret for heile Vestlandet og Trøndelag, frå Lista til Nord-Trøndelag og fiskebankane utanfor, i tillegg til flyvêret i området. I tillegg havområda i Nordsjøen, Norskehavet sør for 65 grader nord, fiskefelt rundt Dei britiske øyane og Island. Meteorologar og forskarar på avdelinga har spesialkompetanse innan maritim meteorologi og bølgjevarsling og utarbeider spesielle vêrmeldingar rekna for skipsfarten, samt spesialvarsel i samband med petroleumsverksemda i Nordsjøen. ...

                                               

Berit Rokne

Berit Rokne er ein norsk forskar og var den første rektoren ved Høgskulen på Vestlandet. I januar 2021 vart ho seniorrådgjevar i rektors stab ved Høgskulen på Vestlandet.

                                               

Nedbør

Nedbør er eit meteorologisk samnamn for ulike former av vatn som fell ned frå himmelen. Det kan koma i form av regn, snø, hagl, underkjølt regn, virga og sludd. Nedbør er ein svært viktig del av vasskrinslaupet, og er kjelda til mesteparten av ferskvatnet på jorda. Kondensering som dogg eller skodde blir ikkje rekna som nedbør.

                                               

Straume på Litlesotra

Straume er kommunesenteret i Øygarden i Vestland fylke. Staden ligg vest på øya Litlesotra. Sartor Storsenter, eit av dei største kjøpesentera på Vestlandet, ligg i Straume sentrum. Frå Straume går Riksveg 555 på Straumsundbrua over til Bildøy. Busetjinga har vorte så tett i området av Statistisk sentralbyrå reknar Straume og Knarrevik som ein tettstad. Der bur 10 988 innbyggjarar per 1. januar 2017 i Knarrevik/Straume. Tettstadområdet femner også tilliggjande tettbygde strøk sør på Bildøy og aust på Sotra Kolltveit.

                                               

Husmannsplass

Ein husmannsplass er eit lite gardsbruk med hus. Gardsbruket ligg på jorda til ein større eigedom og leiga for jorda var oftast arbeidsplikt på hovudgarden. Talet på husmenn i Noreg auka bratt frå slutten av 1700-talet og fram til vel midten av 1800-talet, då husmannsklassen var større enn bondeklassen her i landet. Bakgrunnen var at folketalet voks, og jordmangelen vart stadig verre. Ein anna grunn er at det vert forbode og dele små garder som hadde vert vanleg fram til då, særleg på Vestlandet. Opptil 8 garder kunne ligge på det same tunet. I nyare tid vart dei fleste husmannsplassane lø ...

Vestlandet
                                     

ⓘ Vestlandet

Vestlandet er eit vanleg fellesnamn for landsdelen i Noreg som ligg sør for Trøndelag og vestom Langfjella, og som består av dei tre fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Namnet "Vestlandet" blir i dag nytta med noko varierande geografisk innhald, men er stort sett brukt om dei fire nemnde fylka som heile. Området utgjer 58 552 km² 18.1 % av landarealet i Noreg med 1 318 398 innbyggjarar 2013, om lag 26 % av folketalet i Noreg. På Vestlandet er det 22 byar og 121 kommunar fordelt på 15 distrikt. Før i tida høyrde dei øvre delane av dalane på Austlandet i fleire administrative samanhengar til Vestlandet. Det same gjeld fylka Aust- og Vest-Agder, som no er rekna som Sørlandet.

Landsdelen er hylla i songen "Å Vestland, Vestland" av Tore Ørjasæter og Sigurd Førsund, mest kjend i framføringa til Sissel Kyrkjebø.

Dei andre fire landsdelane i Noreg er Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet og Austlandet.

                                     

1. Historie

Noregs historie byrjar på Vestlandet. Helleristningar fortel at det var i Rogaland dei første menneska i Noreg busette seg da isen trekte seg tilbake etter siste istid for ca. 10 000 år sidan. Det finst ei rekkje spor frå steinalderen i Rogaland. Dei foreløpig eldste spora etter menneske er funne på ein buplass på Galta på Rennesøy. Menneska kom truleg frå Nordsjølandet, eller Doggerland, eit landområde mellom Danmark og England som forsvann då isen trekte seg tilbake og havnivået steig. Folket som heldt til her måtte no finne nytt land. Nokre trekte sørover igjen, mens ein del passerte Norskerenna som var smalare enn nå si jakt på rein og nytt land.

                                     

1.1. Historie Vikingtid og maktsenter

Landsdelen omfattar størstedelen av verkeområdet for det gamle Gulatinget, som vart stifta rundt 900. Gulatingslova delte Vestlandet inn i fylke, som bestod av de tidlegare småkongedømme som eksisterte i området før rikssamlinga på 800-talet og som deretter blei omgjort til jarledømme. Desse var Sunnmørafylke Sunnmøre, Firdafylke Fjordane, Sygnafylke Sogn, Hordafylke Hordaland, Rygjafylke Rogaland og Egdafylke Agder.

                                     

1.2. Historie Tidlegare Vestlandet

I tidlegare tider var definisjonen på Vestlandet alle fylke vest for austlandsfylka, men i dag er denne landsdelen mindre. Distrikta Dalane og Nordmøre vert av og til ikkje rekna med i landsdelen Vestlandet.

Tvers gjennom Møre og Romsdal går Norges mest markante kulturgrense, mellom det trønderske og det vestlandske i folkeleg kultur. Grensa går tvers over øya Midøy. Denne grensa manifesterer seg på mange måtar, som ei dialektgrense og som eit skilje i byggeskikk og matskikk. Historisk var denne grensa bispedømmegrense mellom Nidaros og Bjørgvin bispedømme heilt opp til 1983 da Møre bispedømme vart stifta med Molde som bispesete.

Agder med dei to fylka Aust-Agder og Vest-Agder var ein del av Vestlandet fram til 1902, da forfattarane Vilhelm Krag og Gabriel Scott lanserte omgrepet Sørlandet for dette området som ein eigen landsdel. Vilhelm Krag foreslo i ein artikkel i Morgenbladet 17. mars 1902 at området frå Grenland til Boknafjorden skulle kallast Sørlandet – eit område som omfattar meir enn dagens Agder-fylke. På den tida var Sørlandet ingen eigen landsdel; området høyrte til Vestlandet. Avisa Vestlandske Tidende kom ut i Arendal, og jernbanen som skulle gå frå Oslo via Kristiansand til Stavanger skulle heite Vestlandsbanen.

Valdres og Hallingdal var også lenge ein del av Vestlandet og var frå ca. 1125 til 1632 ein del av Stavanger bispedømme, men høyrer i dag til Oppland og Buskerud på Austlandet.



                                     

1.3. Historie Nyare tid

Vestlandet er ein viktig landsdel i Noreg der 30 % av verdiskapinga skjer. Etter at det blei funne olje i Nordsjøen på slutten av 1960-talet har Vestlandet stadig blitt rikare, men mange vestlendingar meiner i dag at dei får for lite i forhold til verdiskapinga som skjer på Vestlandet.

                                     

1.4. Historie Landsdelshovudstad

Bergen var hovudstad i Noregsveldet til 1314, fast samlingsplass for Gulatinget frå 1300, største by i Norden på 15- og 1600-talet og i Noreg frem til 1830-talet. Bergen var også eksporthamn for Vestlandet og Nord-Norge i mange hundre år og samtidig administrasjonsby for desse landsdelane, og inngjekk i perioden 1350-1750 i det mektige Hansaforbundet. Bergen var eit eige fylke frå 1831 til 1972. Bergen er framleis den største byen på Vestlandet, men Stavanger/Sandnes har dei siste tiåra hatt størst vekst.

Det er i 2013 ikkje semje om landsdelshovudstad for Vestlandet.

                                     

2.1. Geografi Landskapet

Vestlandet har ein varierande natur frå høgfjellsområde som hevar seg mot aust og ned til fjordar og øyar langs kysten. Elvane har ofte bratte, korte løp med høge fossar, men på fjellvidda er elvane lange, slake og meandrande og yst ved kysten har elvane korte, slake løp med grunne fjordsjøar. Det er spreidd med jordbruk i heile regionen, spesielt i den sørlege delen med Jæren, som er eit av Noregs viktigaste jordbruksområde. Nesten alle byane ligg langs kysten. Det her også dei fleste menneska bur, mens langs fjordane og fjella bur det ganske få menneske. Fjellkjeda som kjenneteiknar landskapet oppstod for 425 millionar år sidan, då Noreg kolliderte med Grønland. Delar av Vestlandet vart pressa ned mot 100 kilometers djup under Grønland, samtidig som andre bergartar vart skuva inn over Noreg. Fjellkjeda som vart pressa opp må ha minna om Himalaya, men er sidan sliten ned til det vi ser i dag.

                                     

2.2. Geografi Jordbruk

Tabell for jordbruk på Vestlandet, etter fylke.

Jæren er det mest kjente og største jordbruksområdet på Vestlandet. Rogaland er det nest viktigaste jordbruksfylket i landet etter Hedmark, der nesten 12 % av arealet er jordbruksområde.

Til saman er 5.3 % av arealet på Vestlandet jordbruksareal. Det vil seie 2 650 km², noko som er større enn Vestfold. Dei største jordbrukskommunane i kvart fylke er Hå, Voss, Luster og Fræna frå sør til nord.

Hardangerfjorden er ein av fire store oppdrettsregionar av laks i verda.

                                     

2.3. Geografi Fjordane

Vestlandet er kjent for sine lange og bratte fjordar. Verdas nest lengste fjord er Sognefjorden og tredje lengst er Hardangerfjorden Lengst er Scoresbysundet på Grønland. Fjordane trekker veldig mange turistar frå utlandet. Sognefjorden ca. 204 km lang frå Skjolden til Solund, og 1308 m på det djupaste. Hardangerfjorden ligg i Hordaland fylke i området Hardanger. Fjorden går frå Husnes og Tysnesøy ute mot vest til Odda lengst inn mot Hardangervidda. Største djup er på meir enn 800 m like ved Norheimsund omtrent halvvegs inn i fjorden. Isbreen Folgefonni ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Boknafjorden er ein brei fjord i Rogaland. Den skil Jæren og Ryfylke frå Haugalandet. Fjorden er vid og open mot havet.

                                     

2.4. Geografi Øyane

Vestlandet har eit rikt øyrike med mange små og store øyar. Osterøy er Nord-Europas største innlandsøy og Vestlandets største øy. På Vestlandet, vesentleg i Møre og Romsdal, finn ein mindre fiskevær og øyer. Smøla er Norges største fiskevær sør for Lofoten.

                                     

3.1. Demografi Befolkningsutviklinga

Vestlandet hadde 27.2 % av landets totale befolkningsvekst i perioden frå 2001 til 2009.

Tabellen under viser befolkningsutviklinga i landsdelen i perioden 1769-2001, prognose for anslått folketall i 2030 og prosentandel av Norges befolkning.

                                     

3.2. Demografi Målføre og -stoda

Dialektane på Vestlandet høyrer stort sett til dei Vestnorske målføra. Sørvestlandsk eller a-mål vert tala i Rogaland, Hordaland, og i Indre Sogn, medan nordvestlandsk eller nordleg e-mål vert tala i Ytre Sogn, Fjordane, på Sunnmøre og i Romsdal. Unntaket er Nordmørsk som høyrer til Trøndsk mål.

Vestlandet vert rekna som heimstamnen hjå nynorsken, det var målføra i desse landslutane Ivar Aasen nytta som grunnlag for landsmålet, og det var her det nye norske målet vart ført inn i skular og herad på byrjinga av 1900-talet. Kring Andre verdskrigen var det mesta berre byane som framleis heldt på bokmålet. I dag breier bokmålet seg utover nett frå desse byane, og det er berre i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal kor framleis eit fleirtal av skuleelevane har nynorsk som hovudmål. Hordaland har rett nok flest nynorskelevar av fylka, men det held berre til 40% av elevane. I Rogaland har om lag firedelen av elevane nynorsk.

Etter reglane i mållova er nynorsk fleirtalsmålform i dei fire Vestlandsfylka, og eit fleirtal av kommunane har nynorsk som administrasjonsspråk.



                                     

3.3. Demografi Innvandring

8.2 % av befolkninga var per 1. januar 2009 innvandrarar eller fødd av to utanlandskfødde foreldre, noko som svarar til 102 477 menneske. Desse utgjer 20.2 % av innvandrarbefolkninga i Noreg. Av innvandrarane på Vestlandet kom 9 169 frå Norden, 15 344 frå Vest-Europa ellers, 29 674 frå Aust-Europa, 9 883 frå Afrika, 30 677 frå Asia med Tyrkia, 2 524 frå Nord-Amerika, 4 752 frå Sør-Amerika og 454 frå Oseania.

                                     

4. Bakgrunnsstoff

  • www.fjordnorway.com - Turistinformasjon på fjordnorway.com
  • visitnorway.com/Vestlandet - Turistinformasjon på VisitNorway.com
  • Vestlandsrådet - Politisk samarbeidsorgan mellom fylka på Vestlandet
                                     
  • resolusjon hib.no. Hallén styreleiar for Høgskulen på Vestlandet Om Høgskulen på Vestlandet hvl.no. 07.06.2018. Elin Espe Stensvand 09.04.2018
  • sjå Vestlandet Vestland er eit norsk fylke som oppstod 1. januar 2020 som følgje av samanslåinga av fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. Vestland har
  • Vêrvarslinga på Vestlandet er ei distriktsavdeling av Meteorologisk institutt oppretta i 1918. Avdelinga har varslingsansvaret for heile Vestlandet og Trøndelag
  • Å Vestland Vestland er ein kjend hyllestsong til Vestlandet Teksten blei skriven av Tore Ørjasæter og først gjeve ut i diktsamlinga I Dalom i 1910
  • 61 10 53 N 6 51 16 E Fylkesarkivet i Vestland tek vare på og formidlar arkiv - og kjeldemateriale frå Vestland fylke. Arkivet samarbeider tett med kommunar
  • kystdistrikta på Vestlandet Første turnéen med den ombygde ferja M S Innvik var i 1982 med komedien Splint av Norvald Tveit. Teater Vestland er kunstnarleg
  • Trøndelag, Austlandet, Vestlandet og Sørlandet. 9 av dei norske fylka er rekna til Sør - Noreg. Dette gjeld Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland Rogaland, Agder
  • Coop Indre Vestland BA var eit samvirkelag på Vestlandet Det vart skipa i 2000 då samvirkelaga Sogn, Årdal og Voss fusjonerte til Indre Vestland Samvirkelag
  • poteter og flatbrød. På Vestlandet er pinnekjøt ein av dei mest tradisjonelle julemiddagsrettene på julaftan. Somme stader på Vestlandet er det vanleg at pinnekjøtet
  • gjekk dessutan stamvegen E16 frå Sandvika til Vestlandet via Valdres, og Riksveg 7 til Vestlandet via Hallingdal og Riksveg 35 til Hokksund og Hadeland
  • Høgskulen på Vestlandet HVL I januar 2021 vart ho seniorrådgjevar i rektors stab ved Høgskulen på Vestlandet Rokne kom til Høgskulen på Vestlandet frå stillinga
                                               

Høvding

Høvding eller hovding er ein leiarfigur i eit samfunn der slektsgrupper er bundne saman gjennom eit hierarki av politisk og/eller religiøs leiarskap. Ordet høvding heng etymologisk saman med det norrøne ordet "hovud". Høvdingar kunne i vikingtida også bli kalla herse, særleg på Vestlandet. Ordet herse er truleg avleidd av hær, flokk.

                                               

Pressaft

Pressaft er væske som sig ut frå surfôrsiloar, noko som er eit forureiningsproblem, som er regulert i lovverket. Pressafta skal samlast opp, men det har vist seg at det ofte er lekkasje mellom sluken og avløpsrøyret i tårnsiloar. I plansiloar sig ofte regnvatn ned langs veggane og inn i siloen, slik at det blir ekstra avrenning.

Users also searched:

...