Back

ⓘ Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på ..




                                               

Vikeholmen fyrstasjon

Vikeholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ein holme 800 meter sør for Skudeneshavn på Karmøy i Rogaland, på nordsida av Skudenesfjorden Fyret vart bygd i 1849, først som eit mellombels fiskefyr under sildefisket på vinterhalvåret. I 1875 vart det noverande fyret bygd som eit av dei første i landet i betong. Det vart avfolka og automatisert alt i 1908 og erstatta av ei fyrlykt. Ein periode etter dette vart den gamle fyrbygningen nytta som bustad, men vart etter kvart fråflytta og forfalle. I 1965 tok Skudenes Sjømannsforening over fyret, og sidan den gong har det vorte nytta som overnatt ...

                                               

Kvannhovden fyrstasjon

Kvannhovden fyrstasjon er eit fyr som ligg nordvest på Hovden, 15 km nordvest for Florø i Kinn kommune, Vestland. Fyret vart oppretta i 1895 og fyrlykta tent 5. november 1895. Fyret hadde i vanleg veikelampe og først i 1932 vart denne oppgradert til ei langt kraftigare glødepære. Fyret står på ein karakteristisk knaus på Hovden og lyshøgda er 40 meter over havet. 6. januar 1918 gjekk "Olga" på grunn i nærleiken av fyret. Etter den andre verdskrigen vart det tilsett ein fyrassistent og bygd eigen assistentbustad. I 1960 fekk fyret to elektriske generatorar. Frå 1968 vart fyrstasjonen ein tø ...

                                               

Tvistein fyrstasjon

Tvistein fyrstasjon er eit fyr i Larvik kommune i Vestfold og Telemark. Det står på den austre av to småholmar om lag tre kilometer sør for Hummarbakkfjorden. Namnet tyder to steinar, som i dette tilfellet siktar til runde, "steinliknande" holmar. Fyret vart oppført i 1908. Lyset står sytten meter over høgaste vasstand og når 9.6 nautiske mil. Fyret vart elektrifisert i 1951 og samstundes vart nytt tårn og ny fyrvaktarbygning bygd. Fyret var familiedrive fram til slutten av 1950-åra, då det vart ein turnusstasjon. I 1987 vart fyret automatisert og avfolka.

                                               

Skongenes fyrstasjon

Skongenes fyrstasjon er eit fyr som ligg nordaust på Vågsøy i Kinn kommune, Vestland, på sørsida av Sildegapet og like sør for Stad. I 1865 var fyrdirektøren på synfaring mellom Bergen og Stad og det vart sett på som nødvendig med eit leifyr på Skongeneset. Det vart bevila 6875 spesidalar til fyrstasjonen, som vart sett opp i 1870 og fyret vart tent 26. november same året. I 1875 vart det montert tåkeklokke av stål. Klokka gav ni slag med eitt sekunds mellomrom kvart femte minutt. I 1882 vart klokka bytta ut med ei ny klokke i metall som gav betre lyd. I 1932 vart bemanninga auka med ein a ...

Kystverket
                                     

ⓘ Kystverket

Kystverket er ein norsk statleg etat under Fiskeri- og kystdepartementet. Kystverket har eit operativt ansvar for kystforvalting, sjøtryggleik og samferdsle på sjøen langs kysten av Noreg. Kystverket er organisert med eit hovudkontor i Ålesund, fem kystdistrikt med distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg og ei beredskapsavdeling i Horten.

Kystverket har 12 større fartøy som vert nytta til nybygging, vedlikehald og drift av fyrstasjonar, lykter, lanterner og merke langs kysten. Kystverket har ansvaret for lostenesta og Trafikksentralar.

Kystdirektoratet vart til i 1974 då Fyr- og merkevesenet, Losvesenet, og Hamnedirektoratet blei slått saman. I 1981 blei verksemda omforma til Kystverket, med Kystdirektoratet som hovudkontor. Frå 2007 har heile verksemda hatt namnet Kystverket.

I 2008 vart Kystverkmusea, etatsmuseet til Kystverket, formelt danna.

                                     
  • ei ny fyrlykt like ved den gamle fyrbygningen. I dag er fyret eigd av Kystverket og vert leigd av Oslofjordens Friluftsråd, som driv utleige av fyrvaktarbygningen
  • eit tidlegare forsyningsskip i Kystverket Fartøyet er no verna og eigd av Lindesnes Fyrmuseum. Under tenesta i Kystverket var namnet Oksøy Då det i
  • Vestland. Fyr i Noreg Norsk fyrliste 2008 - side 245 PDF - 15 mb Kystverket Austnes Light Lighthouse Depot. Denne Vestlandartikkelen er ei spire
  • Fulehuk fyr. Hollenderbåen er eit heilautomatisk fyr og står i samband med Kystverket sin sjøtrafikksentral i Horten som overvaker skipstrafikken i Oslofjorden
  • som Vikaholmen hos Kystverket Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg Norsk fyrliste 2008 - side 146 PDF - 15 mb Kystverket Vikeholmen fyrstasjon
  • Grip fyrstasjon lose vidare vestover mot Kristiansund og Hustadvika. Kystverket pussa opp fyret utvendig sommaren og hausten 2006. Haugjegla fyr kan leigast
  • bustad, uthus og tufter etter assistentbustad. Fyra er framleis eigd av Kystverket medan resten av bygga på stasjonen er i privat eige. Fyrstasjonen har
  • den gamle bygningen fjerna av Kystverket Fyr i Noreg Fyrstasjonar i drift i Noreg Norsk fyrliste 2008 PDF Kystverket The Lighthouses of Southeast
  • tørnstasjon. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1980. Fyret er eigd av Kystverket men stiftinga Over Stokk og Stein tek seg av vedlikehaldet og driv utleige
Ulvesund fyrstasjon
                                               

Ulvesund fyrstasjon

Ulvesund fyrstasjon er eit fyr i Kinn kommune i Vestland Fyret vart bygd i 1870 og ligg på Hjertenes ved Osmundsvåg, ytst i Ulvesundet. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1985 og det vart då bygd nytt lyktehus før det gamle fyret. Fyret vart restaurert sommaren 2003 og sidan den gong har det vorte drive kafédrift i fyret, samt utleige, overnatting og kulturelle program.

Børøyholmen fyrstasjon
                                               

Børøyholmen fyrstasjon

Børøyholmen fyrstasjon er eit fyr som ligg i Trondheimsleia ved Hestvika nordaust for Hitra i Trøndelag. Fyret vart oppretta i 1874. I 1970 vart det bygd nytt lyktehus like ved og det gamle fyret vart ute av drift.

Rivingen fyrstasjon
                                               

Rivingen fyrstasjon

Rivingen fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei lita øy ved innseglinga til Grimstad i Aust-Agder, om lag 2.5 km sør for byen og 1 km utanfor fastlandet. Fyrstasjonen vart oppretta i 1886. Den noverande fyrlykta vart bygd ved sidan av den opphavlege fyrlykta i 1925.

Hendanes fyrstasjon
                                               

Hendanes fyrstasjon

Hendanes fyr er eit fyr på sørvest på Vågsøy, Kinn kommune i Vestland. Det ligg like sør for Kråkenes fyr. Fyret vart bygd i 1914 og automatisert alt i 1963. Fyret er eit av fire fyr på Vågsøy og det siste som vart bygd på øya. Fyret er bygd i fjellsida ved innløpet til Kvalheimsvika. Etter at det vart avfolka på 1960-talet forfall fyret og i 2005 vart det seld til staten.

Varnes fyrstasjon
                                               

Varnes fyrstasjon

Varnes fyrstasjon er eit fyr som ligg på sørsida av inngangen til Listafjorden i Farsund kommune i Vest-Agder. Det ligg om lag 10 km nord for Lista fyrstasjon. Det vart oppretta fyr her i 1836, samstundes med at Lista fyr vart bygd. Fyrvaktaren ved Lista var forplikta til å halde ein fyrvaktar til å halde oppsyn med Varnes. Denne ordninga opphøyrde i 1879. Her låg ein trebygning med uthus og naust. Fyret vart avfolka og automatisert i 1950 og det vart bygd ei fyrlykt i staden.

Oljevern
                                               

Oljevern

Oljevern er ei fellesnemning på tiltak ein set i gang for å hindre eller avgrense oljeutslepp ved ulukker til havs. Ein brukar då leggje ut lenser for å samle olja, og så pumpe den om bord i dertil eigna fartøy. I Noreg har mellom anna kystverket og kystvakta har slikt utstyr om bord på sine fartøy.

Terningen fyrstasjon
                                               

Terningen fyrstasjon

Terningen fyrstasjon er eit fyr som ligg i Trondheimsleia på ei øy mellom fastlandet og Hitra ved innløpet til Hemnfjorden i Trøndelag. Fyret står om lag 1.2 km sørvest for Jøsnøya. Fyrstasjonen vart oppretta i 1833. Fyret består av eit tolv meter høgt betongtårn og har ei lyshøgd på 17.8 meter over havet. Dette gjev ei lysvidde på 13.4 nautiske mil. Fyret vart avbemanna og automatisert i 1991. Terningen fyr vert i dag vedlikehalde av Terningens Venner og vert leigd ut for overnatting.

Stangholmen fyrstasjon
                                               

Stangholmen fyrstasjon

Stangholmen fyrstasjon er eit fyr utanfor Risør i Aust-Agder. Stangholmen fyrstasjon vart sett i drift 27. oktober 1855. Namnet viser at det har stått eit sjømerke på øya i eldre tid, ei stong i steinen med ein arm på toppen som viser rett veg. Fram til 1959 heldt 8 fyrvaktarfamiliar til på Stangholmen i kortare eller lengre tid. I dag vert det drive restaurant i den gamle fyrbygningen, og det gamle fyret er erstatta av eit lyktehus på søyle føre fyrbygningen.

Users also searched:

...