Back

ⓘ Petroleumsverksemda i Noreg har sidan 1980-talet vore den mest inntektsgjevande næringa for den norske staten. Statens inntekter frå denne verksemda kjem hovuds ..




                                               

Petroleum

Petroleum, òg kalla råolje og mineralolje, femnar om både råolje, naturgass, naturgasskondensat og NGL. Petroleum er ei tjukk, mørk brun eller grøn brennbar væske som finst i øvre del av jordskorpa. Petroleum vert utgjort av ei kompleks blanding av ulike hydrokarbonar, for det meste av metan. Petroleum kan variera mykje i utsjånad, samansetting og reinleik. p

                                               

14. juni

1971: Norsk petroleumsverksemd i Nordsjøen tok til. 1816: Stortinget vedtok å opprette Noregs Bank.

                                               

Exxon Mobil

Exxon Mobil Corporation eller ExxonMobil, er eit internasjonalt oljeselskap med hovudkvarter i Irving i USA. Selskapet er nå eit av dei fire største på verdsbasis. I november 1999 fusjonerte dei tidlegare amerikanske oljeselskapa Exxon og Mobil. ExxonMobil er eit morselskap til ei rad Exxon, Mobil og Esso dotterselskap i verda. Konsernleiar i ExxonMobil er frå 2006 Rex Tillerson. ExxonMobil i Noreg er representert ved dotterselskapa Esso Norge AS, ExxonMobil Production Norway Inc ExxonMobil Exploration and Production Norway AS og Oppgåvene er Forvalting av selskapet sine rettar på norsk so ...

                                               

Aker Solutions

Aker Solutions er eit norsk, multinasjonalt industri-konsern som vart til etter ei samanslåing av Aker Maritime og Kværner. Hovudaksjonær er Kjell Inge Røkke gjennom selskapet Aker ASA, som han kontrollerer. Selskapet har om lag 24 000 tilsette i 30 land og omsetnaden i 2004 var på 35.6 milliardar kroner. Fram til 3. april 2008 heitte konsernet Aker Kværner. Forretningsområda i selskapet er innanfor petroleumsverksemd, raffinering og kjemikaliar, gruvedrift og metall, papirmasse og papir, kraftforsyning. I tillegg driv selskapet innan farmasi og bioteknologi. I Noreg har Aker Solutions ver ...

                                               

Marathon Oil Corporation

Marathon Oil Corporation er eit oljeselskap med hovudkontor i Houston i Texas i Sambandsstatane. Selskapet har verdsfemnande petroleumsverksemd. Selskapet er engasjert i leiting etter petroleumsressursar hovudsakleg i Sambandsstatane, Noreg, Ekvatorial-Guinea, Angola og Canada. Selskapet driv med utvinning av petroleum i Sambandsstatane, Storbritannia, Irland, Noreg, Ekvatorial-Guinea, Gabon og Russland.

                                               

27. april

1970: Norsk petroleumsverksemd. Phillips Petroleum gjorde eit nytt funn Ekofiskfeltet i Nordsjøen. 2007: Det blei halde NATO-toppmøte i Oslo.

                                               

Redningsteneste

Redningsteneste, òg kalla søk og redning, er ei nemning på omgåande innsats frå fleire samvirkepartnarar for å redde menneskje frå død eller skade som følgje av akutt ulukke eller fare. Søk og redning kan gjennomførast både på land og over hav, og med ulike metodar og framkomstmidlar, slik som helikopter, båt, landbaserte motoriserte framkomstmidldel eller til fots. Internasjonale overeinskomstar, mellom anna SAR-konvensjonen International Convention on Maritime Search and Rescue, 1979 og ICAO-konvensjonen Convention on International Civil Aviation 1944, ligg til grunn for korleis rednings ...

                                               

Huaoraniar

Huaorani, òg kjent som waorani, auca, waodani og aushiri er eit samfunn av urfolk med territorium i Amazonasregionen i Ecuador. Landet som denne folkegruppa har hatt hevd på er for tida truga både av ulovleg skoghogst og av petroleumsverksemda i Ecuador. Territoriet ligg mellom Curarayelva og Napoelva, kring 80 km sør om Puerto Francisco de Orellana. Det er ca. 190 km breitt og 120 til 160 km i utstrekking frå sør til nord. Huaoranifolket har forsvara landet sitt mot indianske fiendar og mot kvite kolonistar. Huaoraniane snakkar språket huao terero, eit isolert språk. Samfunnet tel omkring ...

                                               

Oljeskandalen i Peru 2008

Oljeskandalen i Peru 2008, i peruansk presse kalla "Petrogate", i Noreg òg kalla korrupsjonsskandalen rundt Discover Petroleum International, er nemninga på ei hending i kjølvatnet av utdelingar av kontraktar for petroleumsverksemd i Peru. Det som løyste ut skandalen var ei rad kompromitterande samtalar tatt opp på lydband i løynd og seinare gjort kjent. Hendinga enda med regjeringskrise i Peru den 10. oktober. Berre 11 dagar etter hendinga blei 24 personar sikta for ei rekkje straffbare forhold, mellom dei sikta var styreleiaren i Discover Petroleum, representantar for det peruanske oljed ...

                                               

Talisman Energy

Talisman Energy er eit kanadisk olje- og gasselskap med føremål å drive oppstraums petroleumsverksemd globalt. Selskapet vart skipa i 1992 etter ein fisjon av selskapet BP då "BP Canada" vart gjort om til det sjølvstendige selskapet Talisman Energy. Talisman har hovudkontor i Calgary, Alberta. I 2007 har dei verksemd i meir enn ti land i fire verdsdelar.

Petroleumsverksemda i Noreg
                                     

ⓘ Petroleumsverksemda i Noreg

Petroleumsverksemda i Noreg har sidan 1980-talet vore den mest inntektsgjevande næringa for den norske staten. Statens inntekter frå denne verksemda kjem hovudsakleg inn på to måtar: gjennom skattar og avgifter, og ved sal av olje og naturgass som staten sjølv eig. Dessutan har næringa ringverknader for andre næringar som yter tenester til oljeindustrien, som t.d. forsking, teknologiutvikling og logistikk. Oljeindustrien har au miljømessige konsekvensar ved at ein stor del av CO 2 - og NO X -utsleppa i landet skjer frå produksjonsinnretningane på norsk sokkel.

Alle tal for norske oljereservar i denne artikkelen er baserte på offentlege tal fra Oljedirektoratet og gjeld per 1. januar 2006.

                                     

1. Historikk

Vi kan skilje mellom fire hovudfasar i petroleumsverksemda si historie:

Fram til 1961 var oljeindustrien liten i Noreg. Det fanst eit mindre oljeraffineri i landet. Det var kjent som Vallø oljeraffineri, var drive av det amerikanske selskapet Esso, og låg på Valløy nær Tønsberg i Vestfold. Raffineriet var i drift frå 1905 til 1993 med eit avbrekk frå 1945 til 1950 på grunn av krigsøydeleggingar. Det er uklart kor stor del av den norske marknaden som vart dekt av produksjonen der. Raffineriet hadde ein årleg kapasitet på 110 000 tonn råolje i 1959. Truleg vart delar av marknaden for petroleumsprodukt dekt av import, og andre oljeselskap enn Esso var reine marknadsførings-, distribusjons- og salsorganisasjonar.

Frå 1961 vart det igangsett eit nytt raffineri ved Tønsberg med langt større kapasitet, det au drive av Esso. Frå da av fanst det ein monaleg petroleumsrelatert produksjon i Noreg basert på importerte råvarer. Raffineriet kom nesten samtidig med at privatbilismen tok til å auke i Noreg etter at bilsalet vart fritt frå 1960. Det nye raffineriet kom derfor au til å dekkje ein aukande etterspørsel etter bilbensin.

Ein fase for undersøkingar starta få år etter. Tidleg på 60-talet vart det kjent at det var gjort eit stort naturgassfunn i Groningen i Nederland i 1959. Det var au påvist gass utanfor søraustkysten av England. I 1962 gjorde oljeselskapet Phillips Petroleum nye vurderingar av geologien under Nordsjøen ut frå det som var kjent informasjon om bl.a. Groningen.

Tidlege vitskaplege undersøkingar vart gjort med magnetometriske målingar over sjøområda. Målingane kan gjerast frå fly utan at styresmakter er informerte. Normalt vil eit oljeselskap sitja på positive indikasjonar frå magnetometriske målingar før dei ønskjer å investere i seismikk som er meir kostbare og meir nøyaktige vitskaplege undersøkingar.

Seinare i 1962 bad Phillips Petroleum norske styresmakter om løyve til å starte innsamling av seismiske data frå sjøområda. I mai 1963 fekk Noreg ei lov som fastsette staten sin eigedomsrett til kontinentalsokkelen og ressursane der. Kongen i statsråd gjev løyve til leiting og utvinning av ressurser på og under havbotnen, men det juridiske regelverket kom først i 1965 og da fekk Phillips au leigeavtale på fleire område i 1. konsesjonsrunde.

Leiting kom formelt i gang i 1966 med prøveboringar frå leiterigger i Nordsjøen. Den aller første boringa vart sett i gang den 19. juli 1966 av operatøren Esso i blokk 8/3 frå boreplattforma "Ocean Traveler". Brønnen var tørr, men den andre boringa til Esso vart utført i blokk 25/11 og gav indikasjon på petroleum utan at det vart rekna som kommersielt interessant. Seinare vart dette rekna som funnbrønn for Balderfeltet. Phillips gjorde au eit mindre funn i den andre boringa si i det som seinare skulle vise seg å bli det litle Codfeltet.

Den 10. juni 1968 viste norske aviser bilete av "Ocean Viking" som fakla gass på det kommande Codfeltet, og ein større optimisme vart skapt hjå alle som følgde med i verksemda. Det skulle likevel bli utført 38 boringar på norsk sokkel før det første drivverdige funnet av petroleumsforekomst vart konstatert 23-24. desember 1969 frå riggen "Ocean Viking". Her var Phillips operatør av blokk 2/4, og funnet skulle seinare bli ein del av Ekofiskfeltet. Da omfanget av funnet vart kjent, vart det i dei kommande åra vist ei sterk interesse frå oljeselskapa for å leite i norske område.

Ein siste fase i petroleumsverksemda si historie starta i 1971 da norskprodusert råolje gjekk til raffinering og landet vart sjølvforsynt frå 1975. Alle oljeselskap med marknadsføringsorganisasjonar i Noreg dreiv frå no av aktivt med undersøkingar, leiting eller au produksjon av råolje og/eller gass på norsk kontinentalsokkel. Utover 70- og 80-talet vart dei største felta oppdaga, utforska og vedtekne utbygde i raskt tempo: Statfjord, funne i 1974, godkjent utbygd i 1976, produksjonsstart i 1979, Troll gass funne i 1979, godkjent utbygd i 1986, produksjonsstart i 1990, Oseberg funne i 1979, godkjent i 1984, produksjonsstart i 1986 og Gullfaks funne i 1978, godkjent i 1981 og produksjonsstart i 1986.

Dei store ulykkene kom au på 70- og 80-talet. Dei mest kjende er: "Alexander L. Kielland" -ulykka, 3 helikopterstyrtar med tap av 34 liv, dykkarulykker med 14 dødsfall og 2 brannar med tap av 8 liv.

Det høyrer med til det historiske biletet at den første prøveboringa etter olje på norsk område ikkje skjedde i Nordsjøen, men på Svalbard. Selskapet Caltex stod for den aller første brønnen i 1965. Seinare har blant anna Norsk Hydro utført boringar på Svalbard utan at noko interessant er funne.

                                     

2. Den offentlege forvaltninga

Styresmaktene sine viktigaste reiskapar i den offentlege forvaltninga av petroleumsressursane i dag er

  • Statsaksjeselskapet Gassco, som er operatør for gassrøyrsystema som eksporterer norsk gass til Europa.
  • Oljedirektoratet OD, som regulerer petroleumsverksemda i landet slik at ressursane blir forvalta best mogleg med minimale miljømessige konsekvensar.
  • Statoil, som tidlegare var ein del av den offentlege forvaltninga ved at dei forvalta statens direkte økonomiske engasjement SDØE. Statoil har frå 2001 einerett til å selje statens råolje og gass ut av Noreg på vegner av staten.
  • SDØE-forvaltninga, som er overteken av Petoro, effektivt frå 2001.
  • Petroleumstilsynet, som ivaretek tilsynsoppgåvene i industrien med ansvar for sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø.
                                     

3. Olje

Dei totale utvinnbare oljereservane" på norsk sokkel er rekna for å vera ca 4250 millionar standardkubikkmeter - mill Sm³, tilsvarande 26.7 milliardar fat. Dette talet endrar seg etter kvart som nye felt blir funne og erklærte kommersielle, og når utvinningsgraden i eksisterande felt blir auka som følgje av teknologi- og feltutviklinga. Totalt er det om lag 50 store og små oljefelt i produksjon eller under utbygging. Dei største er Statfjordfeltet 566, Ekofiskfeltet 533, Osebergfeltet 355, Gullfaksfeltet 355, Snorrefeltet 234 og Trollfeltet 238. Tal i parentes er totale utvinnbare reservar i mill Sm³. I tillegg er 9 oljefelt allereie ferdig produserte.

ei oversikt over land med dei største råoljereservane er Noreg plassert på ein 17. plass. Saudi Arabia har verdas største oljereservar, kvantifisert til 263 milliardar fat. Eller om lag 25 gonger Noreg sine gjenverande reservar.

                                     

4. Uttak av norske oljereservar

Den norske oljeproduksjonen nådde ein topp i år 2000 med ein årsproduksjon på 181 millionar Sm³, og har sidan vist ein nedadgåande tendens. Av dei opphavlege totale norske oljereservane på ca 26.7 milliardar fat er ca 19 milliardar fat allereie tekne ut. I den nemnde oversikta er det indikert kor mange år det er til reserven er tom. Her kjem Noreg på botnen blant land med størst reservar. Berre Storbritannia har større prosentvise uttak enn Noreg, men med monaleg mindre reservar. Det norske uttaket i 2005 var ca 13.9 % av gjenverande reservar ved starten av året. Fleire av dei store oljefelta går mot slutten. Spesielt gjeld det Statfjordfeltet, der berre 3.3 % av olja gjenstår å produsere.

                                     

5. Gass

Dei totale utvinnbare gassreservane på norsk sokkel er rekna som ca 3400 milliardar Sm³. Dette talet endrar seg etter kvart som nye naturgassfelt blir erklært kommersielle, og når utvinningsgraden blir auka. Dei fleste felta som produserer gass produserer olje au. Totalt er det 56 store og små gassfelt i produksjon eller under utbygging, av desse er 8 reine gassfelt. Dei største gassfelt er Trollfeltet, Ormen Lange-feltet, Åsgardfeltet, Ekofiskfeltet og Snøkvitfeltet. I tillegg er 4 gassfelt allereie ferdig produserte - det mest kjende er Friggfeltet. Trollgass er ofte kalla ein gigant i verdsmålestokk au. I norsk samanheng skil det seg ut ved å halde heile 40 % av dei samla norske reservane.

                                     

6. Uttak av norske gassreservar

Produksjon av gass på norsk sokkel har vore stigande, og var i 2005 på 85 mrd Sm³ netto, tilsvarande ein uttaksrate på 3.5 %. Brutto produksjon er langt større. Ein stor del av gassen som blir produsert blir pressa ned i undergrunnen for å skape trykk til å produsere meir olje. I tillegg har naturgass vorte bruka som energikjelde i kraftverk for å produsere elektrisitet på installasjonane. Anna gass blir seld gjennom røyrtransportsystem. Tal frå år 2000 illustrerer tilhøvet mellom nettovolum og bruttovolum naturgassproduksjon: netto produksjon 50 mrd Sm³, brutto produksjon 90 mrd Sm³, av det vart ca 3 mrd Sm³ brent i gassturbinar.

                                     

7. Miljø- og risikotilhøve

Ein stor del av CO 2 -utsleppa i Noreg skjer frå norsk sokkel. I 2005 utgjorde utsleppa frå oljeindustrien sine anlegg ca 14.5 millionar tonn CO 2 eller ca 30 % av alt CO 2 -utslepp i Noreg, og andelen har vore aukande. Industrien står dessutan for ca. 62 000 tonn årlege NO X nitrogenoksid -utslepp eller om lag 25 % av alle NO X -utslepp. Det meste av slike utslepp kjem frå gassbrenning i turbinar. Boring og produksjon medfører au utslepp av forureina vatn og kjemikalie i sjøen. 99 % av desse utsleppa blir rekna for å vera ufarlege, resten blir rekna for å ha svært alvorlege miljøkonsekvensar med ukjende langtidsverknader.

                                     

8. Bakgrunnsstoff

  • Oljedirektoratets faktasider
  • Gassteknologi, miljø og verdiskaping, NOU-rapport, Olje- og energidepartementet, 2002
  • National Geographic: The end of cheap oil?
  • Sem og Slagen - en bygdebok. Bind 2, Kulturhistorie, del 2. Tønsberg: Høgskolen i Vestfold, 2001
  • Olje- og energidepartementet: Miljø 2004 Petroleumssektoren i Norge
  • "Energy Information Administration EIO, U.S. Government", ei offentleg informasjonsteneste om verdas energiressursar
                                     
  • både lokalsamfunn og land sjå mellom anna petroleumsverksemda i Noreg I mange land er petroleumsverksemd ein av dei viktigaste næringsvegane. Petroleumsnæringa
  • er petroleum i gassform som primært inneheld metan. Naturgass er ein av fire typar petroleum i forvaltninga av petroleumsverksemda i Noreg Dei tre andre
  • Gas NGL er namnet på ein av fire typar petroleum i forvaltninga av petroleumsverksemda i Noreg Dei tre andre er: Råolje Naturgasskondensat Naturgass
  • ein slik oljeplattform. Borerigg Produksjonsskip Gassplattform Petroleumsverksemda i Noreg Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia
  • tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø innan petroleumsverksemd i Noreg Tilsynet har hovudkontor på Ullandhaug i Stavanger. Frå 1. januar 2004 vart Petroleumstilsynet
  • Utan inntekt frå petroleumsverksemda ville statsbudsjettet hatt eit underskott på 36, 4 milliardar i 2008. Den største utgiftsposten i det norske statsbudsjettet
  • USA gått inn i tette samarbeidsavtalar med Saudi Arabia for å sikre importen. Land som produserer nok til å eksportere, til dømes Noreg og Saudi Arabia
  • lang. Mykje av rikdomen i Noreg er knytt til den lange kystlina som til dømes petroleumsverksemd fiske og sjøtransport Fjøre i Tjøme. Foto: Karl Ragnar
  • prosent av selskapet. Hovudkontoret ligg på Vækerø i Oslo, der Svein Richard Brandtzæg leier selskapet. I Noreg har Hydro fabrikkar på Rjukan, Porsgrunn, Vennesla
  • Feltet er oppkalla etter Valhall i norrøn mytologi. Petroleumsverksemd i Noreg BP Norge om Valhallfeltet Valhall i Fakta 2012 Norsk Petroleumsvirksomhet
  • tonn som er 27 prosent høgre enn nivået i 1990. Dei viktigaste CO2 - kjeldene i Noreg er petroleumsverksemda offshore 30 prosent vegtrafikk 22 prosent
Naturgass
                                               

Naturgass

Naturgass er petroleum i gassform som primært inneheld metan. Naturgass er ein av fire typar petroleum i forvaltninga av petroleumsverksemda i Noreg. Dei tre andre er: NGL Naturgasskondensat Råolje

                                               

NGL

NGL er ein type flytande petroleum samansett av butan, etan, isobutan, propan og LPG. NGL er ikkje det same som LNG Liquefied Natural Gas. NGL er namnet på ein av fire typar petroleum i forvaltninga av petroleumsverksemda i Noreg. Dei tre andre er: Naturgasskondensat Naturgass Råolje

Users also searched:

...