Back

ⓘ Arkitektur i Noreg. Arkitektur i Norge har historisk blitt påverka av endra økonomiske føresetnader, teknisk utvikling, demografiske svingingar og kulturelle en ..




                                               

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, som tidlegare hadde namnet Arkitekthøgskolen i Oslo, er ein statleg vitskapleg høgskule for utdanning i faga arkitektur, design, byplanlegging og landskapsarkitektur. På engelsk heiter skulen The Oslo School of Architecture and Design.

                                               

Nygotikk

Nygotikk er ei stilretning innanfor arkitekturen som tek utgangspunkt i eller er inspirert av den gotiske arkitekturen frå mellomalderen. Nygotikken kan seiast å vere opptakten til historismen, og oppstod som resultat av den veksande interessa på 1700-talet for byggekunsten i mellomalderen, næra av ei bølgje av skjønnlitteratur som la handlinga til mellomalderen. Nygotikken kan ha arta seg som beinveges kopiering av gotisk stilelement, eller meir som ein inspirasjon som ikkje gjev seg så utprega utslag. Nygotikkens blømingsperiode i Noreg var på siste halvparten av 1800-talet.

                                               

Marmor

Marmor er ein metamorf bergart som hovudsakleg består av mineralet kalsitt, som betyr at steinen inneheld mykje kalsium, karbon og oksygen. Steinen er mykje brukt som materiale til skulpturar og bygningar, og har i tillegg ei mengd andre bruksområde. Det finst store førekomstar av marmor i Noreg. Innanfor kunsthistorie og arkeologi brukar ein marmor som nemning også på andre steinartar nytta i skulptur og arkitektur, som sandstein og granitt.

                                               

Aarhus rådhus

Aarhus rådhus er rådhuset i Århus på Jylland i Danmark. Rådhuset vart innvia 2. juli 1941 og er teikna av arkitektane Arne Jacobsen og Erik Møller. Oppføringa av rådhuset vart vedtatt på byrådsmøte 18. november 1937. Aarhus rådhus vart freda i 1995 på grunn av si eineståande arkitektur. I det første prosjektforslaget var rådhuset utan tårn, men etter stort folkeleg press vart det teikna inn eit rådhustårn. Prisen var åtte millionar danske kroner, inkludert grunnarealet. I tillegg kom utgifter til inventar på 1.5 millionar danske kroner. Rådhuset har eit areal på 19 380 m², inkludert kjella ...

                                               

Øvre Sund bru

Øvre Sund bru er ei bru over Drammenselva i sentrum av Drammen. Brua utgjer ein del av Fylkesveg 282 og Sentrumsringen, og var opna 9. september 2011. Brua er ein del av Vegpakke Drammen og det siste prosjektet i Sentrumsringen. Øvre Sund bru forbind Grønland og Hamborgstrøm. Lengda til brua er på 148 m, lengda inkl. brokar er 250 meter. Det er to køyrefelt i kvar retning i tillegg til separat sykkelveg med fortau. Lengda på delen med sykkelveg og fortau er noko kortare enn hovudspennet. Dei totale prosjektkostnadene var på 527.5 millionar kroner. I 2000 vart ein arkitektkonkurranse kunngj ...

                                               

Sentralkyrkje

Ei sentralkyrkje er ei kyrkjeform med sentralplan, altså eit grunnplan som er symmetrisk til alle sider omkring eit midtpunkt eller eit sentralt midtrom. Desse kan vere sirkulære, kvadratiske, oktogonale eller liknande. Ein rotunde har også sentralplan. Kor, apsider inngangsparti kan vere integrert, men er ofte i tilbygg som bryt med symmetrien i grunnplanet. Toman nemner det sentrale grunnplanet som ein av to hovudtypar, den andre er "langhusplanet" der basilika og langkyrkje er to viktiga variantar. Dømer på sentralkyrkjer er San Vitale i Ravenna og Trefoldighetskyrkja i Oslo i Oslo. Dei ...

Arkitektur i Noreg
                                     

ⓘ Arkitektur i Noreg

Arkitektur i Norge har historisk blitt påverka av endra økonomiske føresetnader, teknisk utvikling, demografiske svingingar og kulturelle endringar. Arkitektonisk påverknad frå andre delar av verda er tydelege i store delar av arkitekturen, men desse er ofte blitt tilpassa for å passa til norske klimatilhøve med harde vintrar og sterke vindar.

Arkitektoniske trendar i Noreg har òg endra seg parallelt med politiske og sosiale endringar gjennom hundreåra. Allereie på vikingtida hadde snikkararbeidet blitt utvikla til eit sofistikert handverk, som syner att i dei elegant konstruerte langskipa.

Etter at kristendomen var blitt innført i landet kom den romanske arkitekturen til å dominera i bygginga av katedralar og større kyrkjer, i stor del som eit resultat av religiøs påverknad frå England. Dette resulterte i karakteristiske rundboga kvelv, tønnekvelv, krossforma støttande pålar og krosskvelv.

På grunn av geografien var folkesetnaden og økonomien spreidde utover landet i mellomalderen. Som eit resultat av dette fortsette den tradisjonelle norsk gardskulturen å vera sterk, og Noreg skil seg frå dei fleste europeiske land gjennom at føydalismen aldri blei innført her. Dette gjer at det i Noreg finst få døme på barokk-, renessanse-, og rokokkoarkitektur, som dei herskande klassane andre stader i Europa favoriserte.

Desse faktorane, i kombinasjon med stor tilgang på tømmer, førte i staden til særskilde tradisjonar innan norsk folkeleg arkitektur som finst att i form av gardsbygningar på fleire norske friluftsmuseum. Det finst bygningar frå mellomalderen fram til 1800-talet på stader som Norsk Folkemuseum i Oslo og Maihaugen i Lillehammer. Det finst også bygningar som slår att på gardar, til dømes i Heidal.

På 1900-talet blei arkitekturen på den eine sida forma av koplinga si til norsk sosialpolitikk, og av innovasjonar innan arkitektur på den andre. Norske arkitektar har fått merksemd for arbeida sine, både nasjonalt - der arkitektur har vore sett på som eit uttrykk for velferdspolitikk - og internasjonalt på grunn av ei mengd innovative prosjekt.

                                     

1. Historie

Byggeskikk i Noreg har hovudsakleg blitt forma av ein kombinasjon av to behov. På den eine sida krava om å verna menneske, dyr og eigedom frå hardt vêr, som kalde vintrar, vind og stormar, kraftig nedbør i visse område, og på andre sida kravet om å gjera det meste utav knappe ressursar. Fram til moderne tid var òg infrastruktur for transportar primitive, og ein måtte i stor grad brua lokalt tilgjengelege byggjemateriale.

                                     

1.1. Historie Førhistorisk tid

Dei eldste spora etter menneskeleg busetnad i Noreg er daterte til cirka 9000 f.Kr, og finst i fjellregionar i noverande Rogaland, der arkeologar har funne flyttbare bustader som sannsynlegvis blei brukt av nomadiske reinjegerar. Spor av liknande telt er òg blitt funne andre stader langs vestkysten. I Fosenstraumen nær Radøy i Hordaland tyder arkeologiske funn på at telta som var i bruk cirka 6500 f.Kr. var av liknande konstruksjon som dei samiske nomadar har halde fram med å nytta til moderne tid.

Desse telta blei sidan halvpermanenta gjennom eit enkelt fundament. Spor av slike er blitt funne rundt om i skjergarden i Vega kommune, eit område som er blitt klassifisert som verdsarv av Unesco.

Dei første heilt permanente bustadene kan ha blitt bygde mellom 3000 og 2000 f.Kr., samtidig som at jordbruket blei etablert i Noreg. Tilgjengelege funn tyder på å tre var det mest nytta byggjematerialet for desse bygningane. Bustader i jernalderen kombinerte vanlegvis skjul for dyr og menneske i same langhus for å halda på varmen. Restar av bygningar frå steinalderen, til bronsealderen og jernalderen er blitt gravne ut i Forsand i Ryfylke, nær Stavanger og på fleire andre stader. Dei fleste førhistoriske langhusa bestod av to rekkjer med stolpar for takstolar som delte opp innsida i tre delar, og vegger i palisader, flettverk eller torv. Liknande bygningar er blitt gravne ut i heile nordvestre Europa.

                                     

1.2. Historie Vikingtida og mellomalderen

To distinkte trehustradisjonar er blitt sameina i norsk arkitektur. Den eine er lafta stover med horisontale stokkar samansette gjennom skår i hjørna, ein teknologi ein trur er blitt påverka av folk frå aust for Skandinavia. Den andre var stavbyggingstradisjonen, som er typisk for stavkyrkjene, og som kanskje er ei utvikling av dei tidlegare langhusa som hadde takberande stolpar nedgravne i bakken. Sjølv om det berre finst nokre få arkeologiske funn av faktiske bygningar frå tida før dei første permanente bustadene, tyder vikingskip som Osebergskipet på velutvikla kjennskap til tre- og konstruksjonsarbeid. I Lofoten har Lofotrs Vikingamuseum rekonstruert garden til ein vikinghovding.

I tillegg til dei 28 gjenverande stavkyrkjene i Noreg finst det minst 250 trehus bygde før svartedauden i 1350 att i meir eller mindre intakt stand. Dei fleste av desse er lafta stover, nokre med tillagde stavbygde galleri eller verandaer.

Då den politiske makta i Noreg blei samla ei statsmakt oppstod behovet å forsvara seg mot ytre trugsmål. Dette førte til bygginga av større strukturar i samsvar med samtidig forsvarsteknologi. Festningar, bruer og etterkvart også kyrkjer og herregardar blei bygde i stein og murverk. Arkitekturen i desse bygningar følgde dei rådande europeiske stilane.



                                     

1.3. Historie Stavkyrkjer

Det blei bygd rundt 1000 stavkyrkjer i Noreg i mellomalderen. Dei fleste av desse blei reist på 1100- og 1200-talet, og fram til byrjinga av 1800-talet fanst stadig så mange som 150 stavkyrkjer att. Mange blei øydelagde i ein periode då den kristne kyrkja gjekk inn for enkelheit og reine linjer. I dag finst berre 28 att, men ei stor mengd blei dokumenterte og registrerte med oppmålte teikningar før dei blei rivne.

At stavkyrkjene har klart seg så lenge kjem av ei mengd arkitektoniske innovasjonar som verna desse store, kompleksa trekonstruksjonane mot nedbør, vind og ekstreme temperaturar. Viktigast er dei massive svillane under stavane som har hindra dei frå å rotna. I dei to hundreåra då ein bygde stavkyrkjer blei denne typen bygningskonstruksjon utvikla til ein avansert kunst og vitskap. Etter reformasjonen blei det ikkje bygd nye stavkyrkjer, men i staden hovudsakleg stein- og lafta kyrkjer. Dei fleste stavkyrkjene forsvann på grunn av at dei forfall, ikkje var rekna som nødvendige eller var for små for kyrkjelydane sine.

                                     

1.4. Historie Romansk arkitektur

Dei første steinkyrkjene i Noreg var i romansk stil, og blei bygde under påverknad av angelsaksiske misjonærar, særleg biskop Nicholas Breakspear seinare pave Hadrian IV.

Seinare kyrkjer var meir påverka av kontinental arkitektur, som kyrkjene i Ringsaker og Kviteseid med fleire. Mange av desse kyrkjer har anten forsvunne eller blei bygd om i gotisk stil, men fleire døme finst framleis att.

                                     

1.5. Historie Gotisk arkitektur

Mange kyrkjer som opphavleg vart oppførte i romansk stil blei bygd ut og endra under den gotiske perioden. Blant desse er domkyrkja i Hamar no i ruinar, Stavanger domkyrkje og den kjende Nidarosdomen, som ein av dei viktigaste pilegrimsmåla i Mellomalder-Europa.

                                     

1.6. Historie Under dansk styre

I slutten av mellomalderen var den norske staten kraftig svekt, og i 1389 blei landet del av ein union med Danmark og Sverige, Kalmarunionen. Ettersom kongemakta heldt til i Danmark blei statusen til Noreg etterkvart redusert til den til ein provins, og etter reformasjonen blei dei fleste av dei offisielle institusjonane i landet avskaffa. I 1536 opphøyrde Noreg å vera eit sjølvstendig kongedøme, og den norske kyrkja mista autonomien sin. Det danske styret i København såg Noreg som ein bakstreversk provins som hadde ressursar som kunne utnyttast, men som ikkje var verd nokon monumental arkitektur. På grunn av dette er det uvanleg med meir ambisiøse renessansebygningar i Noreg jamført med andre europeiske land.

Festningar, som Akershus i Oslo, Vardøhus i Vardø, Tunsberghus i Tønsberg, Kongsgården i Trondheim og Bergenhus i Bergen, var bygde i stein i samsvar med standardane for forsvarsverk i denne perioden. Mange av desse er blitt moderniserte og bygde om gjennom åra.

På 1500-talet bygde òg Hansaen kommersielle bygningar i landet, likt de trebygningar ved Bryggen i Bergen som kombinerer tyske og norske bygningstradisjonar.



                                     

1.7. Historie Renessansen

Etter Svartedauden opphøyrde bygginga av monumentale bygningar. Denne kom igang igjen på 1600- og 1700-talet, då landet var under dansk forvalting. Det finst nokre døme på renessansearkitektur i Noreg. Dei mest framståande er Bergenhus i Bergen, Baroniet Rosendal i Hardanger, Austråttborgen nær Trondheim og delar av Akershus festning.

Den danske kongen Christian IV gjennomførte ei mengd prosjekt i Noreg som i stor utstrekking byggjer på renessansearkitektur. Han var ansvarleg for opprettinga av gruvedrift i Kongsberg og på Røros, som no er ein verdsarvstad. Etter ein øydeleggjande brann i 1624 blei byen Oslo flytta til ein ny stad, bygd som ein forskansa by med ein ortogonal byplan omgjeven av vollar og omdøypt til Christiania. Kong Christian grunnla òg handelsbyen Kristiansand, kalla opp etter han sjølv.

                                     

1.8. Historie Barokkarkitektur

Då Noreg vart utvikla til å bli ein strategisk del av det dansk-norske riket byrja danske kongar å bygga befestningar langs grensene og kysten. Over tid blei dei fleste av befestningane ved grenseområde og hamner endra i samsvar med forsvarsmetodane frå barokken.

Sjølv om dei fleste bustader blei bygde ifølgje lokale tradisjonar, viser visse herregardar som Austrått og Rosendal påverknad frå barokkarkitektur. Berre Christiania hadde ein bygningskode som forbaud trehus, og her blei oppført ei mengd store byhus i kontinental stil. Det blei bygd fleire større teglkyrkjer. Det finst gode døme på desse i Bergen, Oslo, Røros og Kongsberg.

Stiftgården, det vil seia den kongelege residensen i Trondheim, er truleg den best kjende barokkbygningen i Noreg. Han er eit bustadhus som er ein av de største trekonstruksjonane i nordlege Europa.

                                     

1.9. Historie Rokokkoarkitektur

Rokokko var populært under ein kort men viktig periode i Noreg, og finst hovudsakleg i dekorativ kunst, framfor alt innanfor innreiing, møblar og luksusartiklar som bordsylv, glas og steingods. På landet i visse område utvikla folkeartistar det typiske norske dekorative måleriet kjent som rosemåling, og ein nærskyld treskjeringsstil. I meir formell arkitektur finst eit fåtal rokokko-påverka hus i byar og herregardar, alle bygde i tre, særleg i Trondheim og Bergen, der Damsgård hovedgård i Bergen er den viktigaste.

På 1800-talet blei det vanlegare i byar og på landet i dei sentrale delane av landet at treveggar blei dekte av ytterpanel, noko som vart blitt mogleg gjennom utviklinga av sagbruk. Desse bygningane var betre isolerte og fekk eit betre vern mot det harde klimaet, sjølv om den største årsaka til den raske innføringa av denne bygningsskikken var mote, ettersom panelvegger blei sett på som betre enn nakne tømmerveggar som bakgrunn til detaljar og ornamentikk lånte frå klassisk arkitektur.



                                     

1.10. Historie 1800-talet

Napoleonkrigen førte til at unionen mellom Noreg og Danmark blei oppløyst. Frå 1814 var Noreg igjen eit sjølvstendig rike i den svensk-norske unionen. Dei to landa hadde ulike offisielle institusjonar, med unntak for konge og utanrikspersonell. Det gjenvunne sjølvstendet medførte eit krav til nye offentlege bygningar, særleg i hovudstaden Christiania. I det følgjande hundreåret opplevde landet ein signifikant økonomisk vekst i lag med ein auke i folketalet. Også dette gjorde at ein trong ny infrastruktur og nye bygningar.

                                     

1.11. Historie Nyklassisisme

På byrjinga av 1800-talet var mindre enn ein handfull akademisk utdanna arkitektar aktive i Noreg, og dei fleste av dei var offiserar som hadde studert til å bli sivilingeniørar. Marknaden for arkitektar var avgrensa i eit glest folka land utan hovudstad, domstol og viktige statlege institusjonar. Det var fremst ei lita gruppe rike kjøpmenn og jordeigarar som viste interesse for arkitektur, men mot slutten av hundreåret auka velstanden for denne gruppa kraftig. Eit fåtal la seg opp store formuar, og desse freista å omgje seg med bygningar og hagar som skulle spegla den sosiale posisjonen deira. Dei hadde gode internasjonale kontaktar og kjende dermed til dei seinaste draga innanfor arkitektur, slik at nyklassisismen blei populær.

Arkitekten Carl Fredrik Stanley 1769-1805 utdanna seg i København, og var nokre år i Noreg kring hundreårsskiftet mellom 1700- og 1800-talet. Han gjorde mindre arbeid for velståande kundar i og rundt Christiania, men det store verket hans var renoveringa av Oslo Katedralskole, det einaste høgare utdanningssetet i Christiania, som blei fullført på 1800-talet. Han la til ein klassisk porticus framfor ein eldre huskropp og eit halvsirkelforma auditorium som i 1814 blei fråskild for at Stortinget skulle ha ein stad å samlast på. Bygningsdelen er blitt lagra og er ein del av Norsk Folkemuseum som eit nasjonalt monument.

Christian Collett 1771-1833, som tok eksamen frå Det Kongelige Norske Bergseminarium i Kongsberg, teiknaUlefos Hovedgaard nær Ulefoss, som blei bygd mellom 1802 og 1807 av sagbrukseigaren Niels Aall. Dette er eit av få teglhus i Noreg med ein palladiansk formgivning, ein sentral kuppel og ein klassisk kolonnade. Collett teikna også fleire andre herregardar og rådhus.

I same periode blei det oppført mange praktfulle nyklassisistiske bustadhus i og rundt alle byar langs kysten, særleg i Halden, Oslo, Drammen, Arendal, Bergen og Trondheim. Desse var i stor grad trebygningar konstruerte for å etterlikna steinarkitektur. Jarlsbergs gods er det største private huset i Noreg. Hovudbygningen blei renovert 1812-1814 under leiing av den danskfødde arkitekten Jørgen Gerhard Løser på oppdrag for grev Herman Wedel-Jarlsberg.

Christiania, som blei norsk hovudstad i 1814, hadde praktisk talt ingen bygningar som passa for dei fleste nye statlege institusjonane. Eit ambisiøst byggprogram blei sett i gang, men blei realisert særs langsamt på grunn av den anstrengde økonomien i landet. Det første større prosjektet var det kongelege Slottet, teikna av Hans Linstow og bygd mellom 1824 og 1848. Linstow planla òg Karl Johans gate, avenyen som bind saman slottet og byen, med ein monumental plass på halvegen som skulle omgjevast av universitetet, Stortinget og andre institusjonar, men berre bygningane som tilhøyrde universitetet blei oppførte etter planen. Christian Heinrich Grosch, ein av dei første arkitektane som var heilt utdanna i Noreg, teikna den opphavlege bygningen for Oslo Børs 1826-1828, Noregs Bank sitt hovudkontor 1828, Christiania Theater 1836-1837, og det første høgskoleområdet for Universitetet i Oslo 1841-1856. For universitetsbygningane søkte han hjelp av den kjende tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel.

Den tyske påverknaden levde igjen i Noreg, og mange trebygningar følgde prinsipp frå nyklassisismen.

                                     

1.12. Historie Nasjonalromantikk og historisisme

Norsk nasjonalromantikk påverka òg arkitekturen frå kring 1840. Etter tysk førebilde teika mange klassisistiske arkitektar raude teglbygningar for å etterlikna gamle mellomalderbygningar. Romanske og gotiske bygningar blei rekna for å passa for kyrkjer, offentlege institusjonar og fabrikkar. Linstow var den første norske arkitekten som lét seg inspirera av mellomalderarkitektur då han i 1837 føreslo for eit torg at det skulle omgjevast av offentlege bygningar og gjennomskjerast av ein aveny mellom Christiania og det nye kongelege Slottet. På nordsida av plassen planla han universitetsbygningar som skulle byggjast i mellomaldersk eller florentinsk stil, med teglveggar. Den klassisistiske kollegaen hans, Grosch, var den første til å konvertera til historisismen og teikna ei mengd raude teglbygningar etter ei vitjing til Berlin 1838, der han møtte arkitekten Karl Friedrich Schinkel. Det første store historistiske arbeidet til Grosch var dei nyromanske Basarene med vedliggande brannstasjon, nær Oslo domkyrkje, byrja i 1840 og utvida i fleire etappar fram til 1859. Andre arkitektar følgde, blant andre Heinrich Ernst Schirmer med Botsfengselet fengselet i Oslo, 1844-1851, Gaustad sykehus 1844-1855 og Østbanestasjonen 1854, saman med Wilhelm von Hanno. Også i Oslo utforma den tyske arkitekten Alexis de Châteauneuf 1799-1853 Trefoldighetskirken, den første nygotiska kyrkja, som blei fullført av von Hanno 1858.

Dei fleste villaer og fleirbustadshusa i byane fortsette å byggjast etter klassisk tradisjon med pussa teglveggar. Tilfanget av historiske stilar blei utvida i Homansbyen, det første bustadsområdet i Oslo med frittståande villaer, planlagd av Georg Andreas Bull. Han teikna dei fleste av dei tidlege villaene bygde mellom 1858 og 1862 ei mengd ulike stilar, alt frå mellomaldersk til klassisistisk og eksotisk.

Kring 1840 byrja arkitektar teikna trebygningar i ein ny stil, den såkalla sveitserstilen. Stilen og namnet har opphav i Tyskland, der den sveitsiske populærkulturen blei verdsett av nasjonalromantikarane. Formelement som utskotne tak, verandaer og framheva gavlar var inspirerte frå fjellstover. Ei mengd bustadhus, institusjonar og kommersielle bygningar blei utforma i denne stilen, som er kjenneteikna av utsmykka utskytande detaljar.

Sveitserstilen blei utvikla til ein skandinavisk variant, kjend i Noreg som "drakestil", som kombinerte motiv frå vikingtid og mellomalder med folkelege innslag frå seinare dato. Dei mest kjende utøvarane av denne stilen var arkitekten Holm Munthe, som teikna eit stort tal turiststader, utstillingspaviljongar og kyrkjer på 1880- og 1890-talet. Den tyske keisaren Wilhelm II, som årleg vitja Noreg, merka seg desse. Han betalte Munthe for å formgje sin "Matrosenstation Kongsnæs" nær Potsdam og ei jaktstova med ei "stavkyrkje" i Rominten i Ostpreussen. Begge blei seinare øydelagde under andre verdskrigen.

Nasjonalromantiske jernbanestasjonar, kyrkjer og villaer i drakestil blei utforma av utdanna arkitektar og plasserte rundt om i landet, noko som gjorde dei populær i breiare lag av folket. Denne populariteten gjorde at stilen blei halde i live innanfor folkelege bygningstradisjonar lenge etter at stilen var blitt umoderne blant arkitektar, noko som skjedde kring hundreårsskiftet 1900.

                                     

1.13. Historie Folkeleg arkitektur

Fram til 1900-talet budde og arbeidde dei fleste nordmenn i bygningar konstruerte og bygde ut frå lokale bygningstradisjonar, eller byggeskikk. Desse metodane varierte noko ut frå regionale og klimatiske tilhøve og utvikla seg over tid, men var i stor grad baserte på trø og andre lokalt tilgjengelege materiale.

Sidan mellomalderen var dei fleste bustader laga stover, utforma for å verna mot vêr og vind. I tidleg moderne tid byrja sentralt plasserte opne komfyrar med røykopning i taket vika for steinomnar og skorsteinar. Det blei bygd mange spesialiserte bygningar organiserte rundt eit gardstun.

Ein typisk middels stor gard i det norske innlandet inneheldt eit våningshus, låve, fjøs, eit eller fleire stabbur, ein stall, og av og til eigne hus for høns, grisar og liknande. Hus med eigne varmekjelder, som eldhus og smier, blei som oftast plassert eit stykke bort frå dei andre husa for å hindra storbrannar. Uthus var som oftast separate mindre bygningar. På gardar med handverkarar på fanst det òg spesifikke bygningar for snikkeri, tønnebinding, skomakeri og liknande. Langs kysten fanst det òg sjøbuer, fiskehus, brygger og liknande, og bygningar for dyr og menneske plasserte like ned til strandlinja.

På Østlandet og i Trøndelag var husa rundt eit gardstun ofte organiserte i eit kvadrat firkanttun og i Gudbranndal skilde ein mellom inntun og uttun. Ordninga og utforminga av dei ulike husa avhang òg av om garden låg i fjellendt eller flatt terräng.

Avhengig av storleiken på garden og den økonomiske stillinga hans kunne det òg finnast ei feststove oppstove, hus for pensjonerte bønder føderådstove, sovehus for tenesteguta drengestove, vognskjul, og eit hus for brennevinproduksjon brenneskur. Mindre, fattigare gardar kunne ha kombinerte låvar og bustadhus, enklare stabbur og nytta fasilitetane til andre gardar.

Bygningstradisjonane varierte avhengig av region og bygningstype. Stabbur var som oftast plasserte på stylter, noko som gjorde det vanskeleg for mus og rotter, men ikkje kattar, å ta seg inn. Fasadekledninga varierte, ofte for å ta omsyn til lokale klimatilhøve, og taka var ofte tekte med bjørkebark eller torv.

Mange stadar i Noreg hadde gardane seter eller støl, ofte i fjellområde, der kyr, geiter og sau skulle gå ut på beite i sommarmånadene. Setrer bestod ofte av ei lita stove og eit meieri for å laga og lagra ost, rømme og liknande.

Moderne norsk gardar har ofte halde på bygningstradisjonane, men treng ikkje lengre ha dei mange og varierande bygningane ein trenge på gardane i gamledagar. Mange av desse tradisjonar lever vidare i form av fritidshus i fjella og langs kysten.

                                     

1.14. Historie 1900-talet

Den tyske påvejabde som var blitt innført i Noreg gjennom nyklassisismen avtok etter at landet blei heilt sjølvstendig gjennom unionsuppløysinga i 1905. Ein ny generasjon av norske arkitektar utdanna i Sverige tok sikt på å skapa ein distinkt nasjonal arkitektur. Dei søkte å bryta med den tyske historistiske tradisjonen, sjølv om tysk modernisme og byplanlegging kom til å påverka tidleg 1900-talsarkitektur. Skipinga av Noregs Tekniske Høgskole i 1910 og arkitekturutdanninga deira i Trondheim var òg ein føresetnad for den norske arkitekturtradisjonen som voks fram.

                                     

1.15. Historie Jugend

Jugendstilen hadde ein viss påverknad på ein heil del bygningar i Noreg som blei teikna kring hundreårsskiftet 1900. Byen Ålesund blei nesten heilt gjenoppbygd i denne stilen etter å ha brunne ned i 1904, og er i dag saman med Riga og Brussel eit av de mest framståande døma på jugendstilen. Trondheim har òg ei stor mengd bygningar i jugendstil medan det i Oslo berre finst eit fåtal bygningar i art nouveau. Dette kjem av at hovudstaden leid av dårleg økonomi og det vart bygt få nye hus her i det første tiåret av hundreåret. Det finst likevel fleire offentlege bygningar i denne stil, som Historisk museum og den gamle regjeringsbygningen. I Bergen er teateret Den Nationale Scene eit godt døme.

                                     

1.16. Historie Bustadsbygging for massane

Den demografiske utviklinga i lag med auka sosialt medvit førte med seg ei større politisk og arkitektonisk interesse for å skapa kostnadseffektive, sunne og praktiske bustader for den aukande urbane befolkninga, særleg for arbeidarklassa. Dette var kjent som boligsaken i norsk populærkultur, og har halde fram med å ha ei viktig rolle.

Arkitektur blei eit verktøy for, og ein manifestasjon av, sosialpolitikken, med arkitektar og politikarar som bestemde kva funksjonar som var nødvendige for dei tenkte innbyggjarane til bustadsprosjekta. På 1920-talet fann stadig oppfatninga om at arbeidarklassefamilien ikkje trong badekar, og små leilegheiter og hus bestod berre av eit lite kjøkken og eit eller to rom.

Før andre verdskrigen resulterte ei mengd kooperative investeringsprosjekt - den så alla egne hjem-rørsla - i ein handfull byggeprosjekt. Dette bana veg for andre former av kooperative organisasjonar som sosiale bustadsselskap og bustadssamvirke som blei danna etter krigen for å finansiera og bygga bustadsområde i storskala. Det største - Oslo Bolig og Sparelag, kjent som OBOS - bygde det første bustadsområdet sitt, Etterstad i Oslo, men det fanst liknande initiativ over heile landet. Desse kooperasjonane sette ein ny byggestandard for bustader når dei engasjerte arkitektar som utforma løysingar fekk dei bygde. Heile seksjonar, såkalla drabantbyar, blei bygde i utkanten av større byar. Den første av desse - Lambertseter - var på denne tida noko heilt nytt i dei austlege delane av Oslo, men liknande område dukka òg opp i Bergen, Trondheim og andre byar. Høgdepunktet for denne byggeforma var i 1966 i og med bygginga av dei massiva bygningane i Ammerudlia.

Rørsla førte med seg ein del spørsmål om utforming av bustader, som:

  • Einsemd - monolittiske, homogene leilegheitskompleks kunne skapa utrivsel og isolasjon.
  • Isolasjon - behovet for separate soverom for foreldre og barn, og for kvart av borna, førte over tid til større leilegheiter.
  • Kjøkken - tradisjonelle norske heimar hadde kombinert stove og kjøkken, men i tidlege leilegheiter var små såkalla "laboratoriekjøkken" populære. Over tid blei desse erstatta av større kjøkken.
  • Dagslys - store bustadhus blei utforma for å gje sollys til innbyggjarane, helst med kjøkkenet mot aust som gav morgonljos, og stova mot vest for få kveldsljos.

Dei opplevde problema med sosial bustadbygging i storskala førte til forsøk på å skapa kostnadseffektive bustadsløysingar som var meir varierte, meir integrerte med miljøet og framfor alt meir tilpassa til familiebehova. I 1973 røysta Stortinget gjennom ein politikk for å byggja mindre bustader heller enn store fleirfamiliehus. Den statlege Husbanken gav borgarar høve til å finansiera bygginga av eigne heimar, og ein heil byggjebransje blei utvikla for å møta desse behova.

Som eit resultat av lobbyaktivitet frå bygningsentreprenørar som Olav Selvaag og andre, blei gammaldagse lover avskaffa, og regelverket blei forenkla slik at det blei enklare å byggja bustader etter eigne ønske. I Noreg er det vanleg at ein renoverer sjølv, og det er ikkje uvanleg å bygga sin eigen bustad.

                                     

1.17. Historie Funksjonalismen

På slutten av 1920-talet byrja arkitektar i Skandinavia å følgja modernismen - ein stil som i Skandinavia kom til å heita funksjonalisme, eller "funkis". Modernismen hadde hovudsakleg tilhengar blant yngre arkitektar, særleg i Noreg. Det definitive gjennombrotet var Stokkholmeutstillinga 1930. Etter denne gjekk dei fleste arkitektane i Skandinavia over til den moderne rørsla. Ingen andre stader blei modernismen så tonegjevande innan arkitektur. Han heldt på den dominerande stillinga si fram til cirka 1940.

Ei mengd nasjonale landmerke, særleg i Oslo, er utforma i funksjonalistisk stil, der den første var Skansen-restauranten 1925-1927 av Lars Backer, riven i 1970. Backer utforma òg restauranten på Ekeberg, opna 1929. Kunstgalleriet Kunstnerernes Hus av Gudolf Blakstad og Herman Munthe-Kaas 1930 viser stadig spor av den tidlegare klassisistiske trenden. Hvalstrands bad 1934 er eit av fleire offentlege norsk sjøbadeanlegg teikna av André Peters. Eit år tidlegare blei Ingierstrandsbadet teikna av Ole Lind Schistad 1891-1979 og Eivind Moestue 1893-1977. Andre store namn innanfor norsk funksjonalistisk arkitektur er Ove Bang, Fridtjof Reppen, Nicolai Beer 1885-1950 og Per Grieg 1897-1962.

                                     

1.18. Historie Gjenreising

Etter andre verdskrigen førte den brende jords taktikk frå dei tilbaketrekkande Wehrmachtstroppane til at store område i Nord-Noreg måtte gjenreisast. Det var store behov for nye bustader i 1945. Ein arkitektkonkurranse resulterte ei mengd enkle, kostnadseffektive og snøggmonterte bustader, som var spartanske og braut med eldre byggnormer, men fylte eit stort behov. Gjenreisningsmuseet for Finnmark og Nord-Troms i Hammerfest er eit museum vigd denne perioden.

                                     

2. Samtidstema

Fleire trendar påverkar samtidsarkitekturen i Noreg, mellom anna:

  • Aukande offentleg og privat velstand. Bygningar skal fylla fleire føremål og er forventa å oppfylla stadig meir kompliserte krav, som Operahuset i Oslo teikna av Snøhetta som ikkje bare reflekterer ein ambisjon om å byggja eit kulturelt sentrum, men òg å skapa ein arkitektonisk ikon for Oslofjorden.
  • Estetikk som ein velverefaktor. Frå det tidlege strenge prinsippet om at form følgjer funksjon, finst ei større forståing om at estetikk påverkar fysisk og psykisk helse hjå dei som nyttar bygningar og konstruksjonar. Norske helselover har under fleire tiår framheva vekta av tilgang til dagslys og frisk luft, og eventuelt kan dei harde klimatilhøva utgjera ei ekstra drivkraft for å skapa opplyftande estetikk.
  • Demografisk mangfald. Folkesetnaden i Noreg har gått gjennom betydelege endringar dei seinaste tiåra, som har resultert i nye religiøse bygningar.
  • Miljøomsyn. I tillegg til spørsmål om luft- og vassforureining har norsk arkitektur òg framheva vekta av integrasjon med naturlandskapet. Arkitektar har òg arbeidd saman med ingeniørar for få det meste ut av knappe ressursar som til dømes energi, vatn og liknande.
  • Norske bygningstradisjonar. Sjølv om det nok er overdrive å tala om ein renessanse for tradisjonell norsk arkitektur, har stadig meir byplanlegging blitt påverka av behovet for å verna eller gjeninnføra desse tradisjonane. Gode døme på dette er planane om å fornya sentrum i Oppdal og nyleg arbeid i Oslo-bydelen Grünerløkka.

Det blir delt ut fleire arkitektoniske prisar i Noreg, mellom anna Houens fonds diplom, Treprisen, Statens byggeskikkpris, Sundts premie, Betongelementsprisen, Betongtavlen, Glassprisen, Murverksprisen, Stenprisen og Stålkonstruksjonsprisen.

                                     

3.1. Kjelder Trykte kjelder

  • Brekke, Nils Georg: Norsk arkitekturhistorie - frå steinalder og bronsealder til 21. hundreåret, Det Norske Samlaget, Oslo 2003 nn. ISBN 82-521-5748-3.
  • Grønvold, Ulf: Hundre års nasjonsbygging - arkitektur og samfunn, 1905-2005, Pax forlag, Oslo 2005 no. ISBN 82-530-2758-3.
  • Christian Norberg-Schulz: Modern Norsk Arkitektur. 1986. Oslo. Scandinavian University Press. ISBN 82-00-07696-2
  • Eilert Sundt: Om bygningsskikken på landet i Norge. 1862.
  • Ole Daniel Bruun: Arkitektur i Oslo. 1999. Oslo. Kunnskapsforlaget. ISBN 978-82-573-0948-0
  • bokmål Brochmann, Odd: Bygget i Norge. En arkitekturhistorisk beretning, Gyldendal, Oslo 1979 nb. ISBN 82-05-12328-4.
  • Bjørn Myhre, Bjarne Stoklund, Per Gjærder: Vestnordisk byggeskikk granska 2000 år. Tradisjon og forandring fra romertiden til 19. århundre. AmS skrifter nummer 7, Stavanger
  • Christian Norberg-Schulz: Stedskunst. 1995. Oslo. Gyldendal. ISBN 82-05-23502-3
  • Gunnarsjaa, Arne: Norges arkitekturhistorie, Abstrakt, Oslo 2006 nb. ISBN 978-82-7935-127-6.
                                     
  • kalla funkis, er ei retning innan kunst, arkitektur og industridesign som vart populær på 1920 - talet. I Noreg slo funksjonalismen gjennom på 1930 - talet
  • Arkitektur - og designhøgskolen i Oslo. Utdanninga i industridesign tok til i Noreg i 1979 som eit toårig etterutdanningskurs, og som full utdanning i
  • Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design er eit norsk statleg museum skipa i 2003 ved ei samanslåing av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet
  • kunsthistorisk omgrep som vert nytta om den før - gotiske arkitekturen skulpturen og biletkunsten i Vest - Europa, og har såleis med ein fase av mellomalderens
  • norrøn arkitektur Han var særleg brukt i internasjonal art nouveau eller jugendstil. Drakestilen vart spesielt mykje brukt i møblar og i arkitektur Utrykket
  • plantar i akantusfamilien, og er eit ubtreidd motiv innan ornamentikk. Motivet er kjend frå gresk og romersk arkitektur og seinare i kyrkjeinteriør, og i norsk
  • stadige besøk til Noreg for å få inspirasjon. Fra Stalheim frå 1842 Olje på lerret 190 246 cm Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Bugten
  • Varner, enebolig, Asker Space Group Arkitekter Operaen i Bjørvika Snøhetta arkitektur og landskap Veiskillet boliger for bostedsløse, Trondheim
  • nytta arkitektur - fotograf, og har bidrege til ei rekkje bøker. Han er utdanna frå Sogn vidaregåande skule, og debuterte med separatutstilling i Preus
  • ei stilretning innanfor kunst, arkitektur og kunsthandverk i Europa og Amerika. Retninga tok utgangspunkt i kunsten i gresk og romersk antikk, og var
Palisade
                                               

Palisade

Palisade er ein type forskansing laga ved at ein spissar til pålar i overenden og set dei ned i bakken eller i murverk. Palisadar er kjende frå alle verdsdelar. I Noreg er dei gjerne knytte til bygdeborger.

Ræge kyrkje
                                               

Ræge kyrkje

Ræge kyrkje er ei rektangulær kyrkje i tegl frå 2009 på Ræge i Sola kommune i Rogaland. Arkitektar for bygget var Link Arkitektur. Kyrkja tok over etter Ræge kapell. Ræge kyrkje har 300 sitjeplassar.

Users also searched:

...