Back

ⓘ Muslimske trudomssamfunn i Noreg. Det følgjande er eit oversyn over muslimske trudomssamfunn i Noreg. I Noreg bur det i 2018 om lag 250 000 muslimar, som utgjer ..




Muslimske trudomssamfunn i Noreg
                                     

ⓘ Muslimske trudomssamfunn i Noreg

Det følgjande er eit oversyn over muslimske trudomssamfunn i Noreg. I Noreg bur det i 2018 om lag 250 000 muslimar, som utgjer nærare 4.8 % av folketalet. Fleire moskéar har blitt oppført som følgje av den veksande minoriteten. Moskéane er mellom anna brukte til bøn og religiøs samling innan islam. Tal frå Statistisk sentralbyrå har vist at talet på muslimske trudomssamfunn i Noreg har vakse prosentvis raskare enn talet på innvandrarar dei siste åra. I perioden 2005–2010 blei det registrert ein auke på 15 % muslimar i Noreg, medan det i same perioden blei registrert 37 % nye trudomssamfunn.

I 2010 var det 126 muslimske trudomssamfunn i Noreg, som i 2018 har auka til om lag 219. Oslo er byen med flest muslimske trudomssamfunn i Noreg, 55 i talet, etterfølgt av Drammen og Stavanger. Organisasjonane som driv trudomssamfunna fekk utdelt om lag 187 millionar kroner totalt av den norske staten og kommunane i 2018, der 94 millionar gjekk til dei i Oslo. Mange av dei islamske trussamfunna i Noreg er heilt avhengige av statsstønad for å kunne halde fram med drifta, der offentlege tilskot utgjer omkring 80 % av budsjettet i mange av dei muslimske forsamlingane.

                                     

1. Kartlegging

I 2017 ville organisasjonen Human Rights Service byrje på ei kartlegging av moskéar og tilknytte trudomssamfunn i Noreg, der ein ønskte å samle inn namn på moskéane, adresse, opningsdato og bilete av bygningane. Shoaib Sultan, som er rådgjevar i Antirasistisk Senter og politikar for Miljøpartiet Dei Grøne, var uroa for at ei liste over muslimske trudomssamfunn kunne misbrukast av islamkritiske krefter.

Users also searched:

...