Back

ⓘ Islam i Noreg. Islam er den nest største religionen i Noreg. I 2009 budde det truleg om lag 160 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Noreg. Av desse var om lag ..




                                               

Barelvi

Barelvi eller barelwi er namnet på ei retning innan sunniislam. Ho har namn etter byen Bareilly i Uttar Pradesh i India, der Ahmad Riza Khan verka. Barelwi-rørsla har røter i sufisme. Riza Khan tilpassa sufi-praksis til tradisjonell lovtenkjing. Barelwi er den mest utbreidde forma for islam i sør-Asia, og er dominerande blant pakistanske muslimar i Noreg. Enkelte ser barelwi som ei form for "folkereligiøsitet" i motsetning til meir intellektuelt prega retningar, men kor presist dette er tvilsamt. Central Jamaat-e Ahl-e Sunnat, den største moskéen i Noreg, fylgjer barelwi-retninga.

                                               

8. juni

1931: Ei arbeidskonflikt ved Menstad-anlegget til Norsk Hydro førte til Menstadslaget. 1786: Kristian Lofthus la fram eit klageskriv for kronprinsen i København. 2004: Venuspassasje der planeten Venus passerte Sola. Det var første gong ein kunne sjå dette i Noreg sidan 1769.

                                               

Fredag

Fredag er ein dag i veka mellom torsdag og laurdag. Han er ein viktig dag i fleire kulturar, som heilagaste dag for muslimar, innleiinga til sabbaten for jødar, og siste kvardagen før helga i den moderne kalenderen som blir brukt i store delar av verda.

                                               

29. august

1968: Kronprins Harald av Noreg og Sonja Haraldsen gifta seg.

                                               

Runa

Runa er eit kvinnenamn som kan ha to ulike opphav. I nordisk samanheng stammar det frå norrønt runi, løynd, knytt til riting av runer og i slekt med mannsnamna Rune og Runar. Namnet er òg brukt i Sør-Asia, og kan ha tydinga raud eller Laksjmi Runa har namnedag i Noreg den 2. juni.

                                               

Adam

For den bibelske personen Adam, sjå Adam og Eva. Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske. Den latinske forma av namnet er Adamus. Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym, slik som Adams eller Adamsen. Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam. Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet.

                                               

1030

Svein Knutsson vart norsk regent Slaget på Stiklestad, som vert rekna for det avgjerande slaget som innførte kristendomen i Noreg.

                                               

Islamofobi

Islamofobi er eit omgrep som er brukt som sams nemning for fordommar mot og diskriminering av muslimar. Som tilfellet er med antisemittisme, kan islamofobi vere basert både på førestillingar om islam som religion og på førestillingar om muslimar som kulturell og etnisk gruppe. Omgrepet er i dag brukt på styresmaktnivå, i politisk debatt og i akademisk faglitteratur. Kritikarar har tolka ordet som ei språkleg nylaging laga for å gjere det vanskelegare å utøve legitim kritikk av islam, som religion og politisk ideologi. I Noreg har Walid al-Kubaisi kritisert at uttrykket kan brukast som stig ...

                                               

Namnet Mohammad

Mohammad, det arabiske namnet مُحَمَّد som kan skrivast på ei rekke ulike måtar med latinske bokstaver bokstavar, er eit muslimsk namn som tyder den lovpriste. Den mest kjende namneberaren var den muslimske profeten Mohammed.

Islam i Noreg
                                     

ⓘ Islam i Noreg

Islam er den nest største religionen i Noreg.

I 2009 budde det truleg om lag 160 000 menneske med muslimsk bakgrunn i Noreg. Av desse var om lag 93 000 medlem i 126 muslimske trussamfunn. Om lag 60 000 av desse bur i Oslo og Akershus 2007. Dei aller fleste muslimar i Noreg har innvandrarbakgrunn. Det islamske miljøet i Noreg er sterkt fragmentert, men mange moskéar er organisert i paraplyorganisasjonen Islamsk Råd Norge.

                                     

1. Historikk

I islandske annalar står det at det kom sendebod frå den muslimske sultanen i Tunis til Noreg på 1260-talet, etter at kong Håkon Håkonsson tidlegare hadde sendt sine sendebod til sultanen med rike gåver. Det er ikkje urimeleg å tru at det har kome muslimar til Noreg før dette òg. Men merkbare tal muslimar som bur i Noreg har det ikkje vore før i etterkrigstida på 1900-talet. I forhold til i andre europeiske land starta innvandring frå muslimske land seint i Noreg, og nådde ikkje merkbart antal før slutten av 1960-talet. I 1975 vart det innført innvandringsstopp, men reglane for familiegjenforeining var relativt avslappa i nokre år etter dette.

Talet på muslimar i Noreg vart første gong registrert i offisiell statistikk i 1980, då det vart oppgitt til 1 006. Denne statistikken er basert på medlemskap ei registrert meinigheit, og det er svært truleg at det låge talet kom av at få muslimar var medlemer av ein moské. Religionshistorikaren Kari Vogt anslår at 10 % av norske muslimar var medlemer av ein moské i 1980, medan denne delen hadde auka til 70 % i 1998. Det å skulle vera medlem av ein moské var eit framandt konsept for innvandrarar frå muslimske land, men i Noreg er det naudsynt for moskéane å operera med medlemslister fordi statstilskot til religiøse forsamlingar er basert på medlemstal. Talet på medlemer har dei siste åra auka kraftig.

I slutten av 1990-åra passerte islam den katolske kyrkja og pinsevennene og vart dermed den største minoritetsreligionen i Noreg. I 2004 var medlemmene i muslimske trussamfunn fordelte på 82 registrerte og 10 uregistrerte meinigheiter. 60 000 av muslimane om lag 75 % og 40 av menigheitene var å finna i Oslo og Akershus.

                                     

1.1. Historikk Bakgrunn

Norske muslimar er ei svært fragmentert gruppe som kjem frå mange ulike bakgrunnar. Kari Vogt anslo i 2000 at det var om lag 500 norske konvertittar til islam. Resten er for det meste første- eller andregenerasjons innvandrarar frå ei rekkje land. Dei største innvandrargruppene frå muslimske land i Noreg er frå Pakistan, Irak og Somalia, sjå tabell.

Ein ukjent, men truleg høg, del av desse innvandrargruppene er muslimar. Dette viser at den største gruppa norske muslimar har bakgrunn frå Pakistan, men ingen enkelt nasjonalitet utgjer så mykje som ein fjerdedel av den totale mengda.

                                     

2. Moskéar

Den første moskéen i Noreg var Islamic Cultural Centre, som vart opna i Oslo i 1974. Initiativtakarane var pakistanarar som fekk hjelp frå det Islamic Cultural Centre som allereie hadde opna i København. Den nye moskéen fylgde deobandi-retninga av sunniislam. Dei som følgde barelwi-retninga, som utgjorde fleirtalet av pakistanarar i Noreg, følte snart behovet for sin eigen moské, og opna Central Jamaat-e Ahl-e Sunnat i 1976. Dette er i dag den største moskéen i Noreg, med over 5 000 medlemmer. Etterkvart som den muslimske befolkninga auka, auka òg talet på moskéar raskt. Medan det samla talet på muslimar var lågt, var det naturleg at mange ulike grupperingar kom saman i ein moské. Men etter kvart som ulike innvandrargrupper auka i antal oppstod ynsket om eigne moskéar for grupper av ulik nasjonalitet, språk og trusretning. Den første sjiamuslimske menigheita, Anjuman-e hussaini, vart grunnlagd alt i 1975 og tidleg på 80-talet oppstod eigne marokkanske og tyrkiske moskéar.

Moskéane har vore viktige, ikkje berre som stader for bøn men òg som møtestad for medlemene av minoritetsgrupper. Fleire moskéar driv òg ulike former for sosialt arbeid, mellom anna har enkelte av dei organisert heimsending av avdøde medlemer til fødelandet for gravleggjing. Moskéane er stort sett plassert i vanlege bygardar, og er ikkje lett synlege i gatebiletet. Inntil 2005 hadde det berre blitt bygd ein moské spesielt for formålet, World Islamic Mission sin moské i Åkebergveien i Oslo, frå 1995. I 2000 vart denne moskéen òg den første som begynte med adhan, bønnerop. Moskéen fekk først løyve frå Gamle Oslo bydel til å halda adhan ein gong i veka. Dette vedtaket vart anka av Framstegspartiet til fylkesmannen i Oslo og Akershus, men hans konklusjon var at det slett ikkje var naudsynt med løyve for bønnerop, og moskéen stod dermed fritt til å utøva adhan etter eige ynske. Dei valde i fyrste omgang likevel å avgrensa seg til ein gong i veka.



                                     

3. Islamsk Råd Norge

Det finst ein paraplyorganisasjon for muslimske menigheiter i Noreg, Islamsk Råd Norge IRN, som vart oppretta i 1993. Utviklinga av muslimske trussamfunn i Noreg hadde i 1980-åra gått i retning av fragmentering, då fleire nye moskéar vart oppretta for nye muslimske grupperingar, utan at det fanst nokon samlande organisasjon som kunne representera muslimane overfor det norske samfunnet. Det som utløyste eit nærmare samarbeid mellom menigheitene var ein invitasjon frå Mellomkyrkjeleg Råd. Rådet ville gjerne etablera permanent kontakt mellom kristne og muslimske organisasjonar. Frå muslimsk side vart forslaget godt mottatt, men det fanst på den tida ingen enkeltorganisasjon som kunne representera muslimane i eit slikt forum. Den største moskéen, Central Jamaat-e Ahl-e sunnat tok initiativet og starta prosessen som førte til stiftinga av Islamsk Råd Norge 22. oktober 1993, frå starten med fem moskéar som medlemmer. Umiddelbart etterpå vart Kontaktgruppa for Mellomkyrkjeleg Råd for Den norske kirke og Islamsk Råd Norge oppretta. I mars 2006 hadde IRN 20 medlemsorganisasjonar, inkludert ein paraplyorganisasjon for Rogaland som i sin tur omfattar sju moskéar. I 1999 vart det anslått at om lag halvparten av muslimane i Noreg var med i moskéar som var med i IRN. Albanske, bosniske, pakistanske barelwi og deobandi, arabiske, tyrkiske, somaliske og gambiske moskéar er med i IRN. Sidan 1996 har IRN òg vore med i Samarbeidsrådet for Tros- og Livssynssamfunn, som omfattar alle dei store religionane i Noreg.

                                     

4. Andre organisasjonar

Andre muslimske organisasjonar som går på tvers av enkelte menigheiter finst òg. I 1991 vart Islamsk Kvinnegruppe Norge IKN stifta, etter initiativ frå den norske konvertitten Nina Torgersen, og i 1995 kom Muslimsk Studentsamfunn ved Universitetet i Oslo. Den islamske stiftinga Urtehagen vart oppretta i 1991 av Trond Ali Linstad, og dreiv først barnehage og ungdomsklubb. I 1993 søkte Linstad for første gong om få oppretta ein muslimsk friskule. Arbeidarparti-regjeringa avslo søknaden i 1995 fordi det ville vera "ugunstig for barnas integrasjon". Med regjeringsskiftet til sentrumsregjeringa i 1997 søkte Linstad igjen, og i 1999 vart søknaden godkjent. I august 2001 opna Urtehagen friskole med 75 elevar. Men interne konfliktar på skulen førte til at han vart nedlagd våren 2004.

                                     

5. Bakgrunnsstoff

  • reflekterselv.com - norsk diskusjonsforum for liberal islam
  • Muslimsk Studentsamfunn
  • islam.no - Nettportal for islam i Noreg
  • Islam i Norge - Oversikt, med bibliografi av Oddbjørn Leirvik
  • Kari Vogt, Islam på norsk - Moskeer og islamske organisasjoner i Norge Oslo, 2000
  • Jørgen S. Nielsen, Muslims in Western Europe Edinburgh, 1992
  • Islamsk Råd Norge
                                     
  • monoteisk. Islam er såleis rekna å vera ein av dei abrahamittiske religionane. Han er den nest største religionen i Noreg sjåIslam i Noreg Den heilage
  • bøn og religiøs samling innan islam Tal frå Statistisk sentralbyrå har vist at talet på muslimske trudomssamfunn i Noreg har vakse prosentvis raskare
  • Koranskole i Noreg er ulike institusjonar i Noreg som driv opplæring i islam typisk utanatlæring av surar kapittel frå Koranen. Koranskular er ofte
  • hovudretningane innan islam den andre er sjiaislam. 80 - 90  av muslimane i verda er sunnimuslimar, og sunnimuslimar utgjer størstedelen av muslimane i dei fleste
  • hovudretningane innan islam den andre er sunniislam. Opphavet til splittinga går heilt attende til 600 - talet. Sjiamuslimar utgjer fleirtalet av muslimar i Iran, Aserbajdsjan
  • Kjennskap til korantekstane er viktig for religiøs praksis i islam Koranskole i Noreg Madrasa Vogt, Kari 18. januar 2018 Koranskole Store norske
  • metodistkyrkja med fleire Blant dei ikkje - kristne religionane er islam sterkast representert i Noreg med om lag 2  og andre religionar knappe 1  Human - Etisk
  • Ansar al - Islam er ein islamistisk organisasjon med utspring i Nord - Irak. Organisasjonen vart skipa i 2001, er militær og politisk og har samarbeidt med
  • forma for islam i sør - Asia, og er dominerande blant pakistanske muslimar i Noreg Enkelte ser barelwi som ei form for folkereligiøsitet i motsetning
  • Universitetet i Oslo. Ho er ein av Noregs fremste ekspertar på islam og ho har skrive fleire bøker om emnet. Kari Vogt vart tildelt Fritt Ords honnør i 1996 for
  • islam og bahai er spelar misjon ei viktig rolle. I Noreg er det mange aktive organisasjonar som driv misjonsarbeid både i innland indremisjon og i utlandet
Sunniislam
                                               

Sunniislam

Sunniislam er den største av dei to store hovudretningane innan islam, den andre er sjiaislam. 80 - 90 % av muslimane i verda er sunnimuslimar, og sunnimuslimar utgjer størstedelen av muslimane i dei fleste muslimske land. Splittinga mellom sunni- og sjiamuslimar oppstod allereie på 600-talet. Sunniislam er i seg sjølv oppdelt ei rekkje ulike retningar. Den første sunnimuslimske moskéen i Noreg opna i Oslo i 1974.

Sjiaislam
                                               

Sjiaislam

Sjiaislam er den minste av dei to store hovudretningane innan islam, den andre er sunniislam. Opphavet til splittinga går heilt attende til 600-talet. Sjiamuslimar utgjer fleirtalet av muslimar i Iran, Aserbajdsjan, Irak, Bahrain og Libanon. Den første sjiamuslimske moskéen i Noreg opna i Oslo i 1975.

Ansar al-Islam
                                               

Ansar al-Islam

Ansar al-Islam er ein islamistisk organisasjon med utspring i Nord-Irak. Organisasjonen vart skipa i 2001, er militær og politisk og har samarbeidt med Al-Qaida. Leiaren for gruppa ved skipinga var kurdaren Mulla Krekar, som har vore busett i Noreg sidan 1991 utan få opphaldsløyve.

Users also searched:

...