Back

ⓘ Norsk Komponistforening, Komponistforeningen, skipa i Kristiania 24. oktober 1917, er fag- og interesseorganisasjonen for profesjonelle, yrkesaktive komponistar ..




                                               

Kjell Habbestad

I 1975-79 studerte han kyrkje­musikk og i 1981 tok han diplomeksamen i komposisjon ved same institusjon, etter studier med Finn Mortensen, Olav Anton Thommessen og Lasse Thoresen. Habbestad var organist i Snarøya kyrkje, Bærum 1977-81 og i Langhus kyrkje 1986-87. I 1981 vart han tilsett som lektor i teorifag ved Bergen Musikkonservatorium, i 1986 som første­amanuensis ved Østlandets Musikkonservatorium, i 1996 som første­amanuensis ved Norges musikk­høgskole og som professor frå 2012.

                                     

ⓘ Norsk Komponistforening

Norsk Komponistforening, Komponistforeningen, skipa i Kristiania 24. oktober 1917, er fag- og interesseorganisasjonen for profesjonelle, yrkesaktive komponistar i Noreg. Foreininga er medlem av den europeiske komponistorganisasjonen ECSA, European Composer and Songwriter Alliance.

Norsk Komponistforening arbeider for å tryggje dei kunstfaglege rammevilkåra for komponistane og tryggje eit forsvarleg økonomisk utbytta av åndsverka som vert skapt og framført, styrke stillinga for kunstmusikken i samfunnet, og å tilby ålmenta tilgang til nyskapte verk og kunnskap om verka.

                                     

1. Verksemda

Både nasjonalt og regionalt har foreininga og medlemane spela ei viktig kulturpolitisk rolle. Mellom anna har foreininga medverka til at Bern-konvensjonen frå 9. september 1886 om vern av litterære og kunstneriske verk vart implementert i norsk åndsverklovgjeving, og at TONO, som er ein organisasjon som forvaltar og vernar om rettar av opphavsrettsleg art på vegner av rettshavarane til musikkverk, vart oppretta i 1928. I 1938 var foreininga med på å skipe Ny Musikk, interesseorganisasjonen for samtidsmusikk og den norske seksjon av ISCM, International Society for Contemporary Music. I 1945 var foreininga med på å skipe Nordisk Komponistråd, og er medarrangør av Nordiske Musikkdager annankvart år.

Foreininga har òg vore pådrivar for at ordningane med garanti-inntekt og kunstnarstipend vart innført, og har bidrege til skipinga i 1980 av Kopinor, som inngår avtaler på vegner av opphavsmenn og utgivarar om kopiering og anna bruk av åndsverk, og skipinga av Norwaco, som forvaltar rettar til åndsverk, prestasjonar og produksjonar som norske og utanlandske rettshavarar står bak når det gjeld fjernsyn, spelefilm og musikk. Ordninga med bibliotekvederlag, som går ut på at offentlege bibliotek skal yte pengar til stipendfond som kollektivt vederlag for å låne ut åndsverk, har òg foreininga medverka til få i gang.

Norsk Komponistforening var òg aktiv for få skipa Norges musikkhøgskole, som vart oppretta i 1973, og var avgjerande for at det vart eit fullverdig komposisjonsstudium ved skulen.

Foreininga tok initiativet til få etablert Ultimafestivalen i 1991, ein årleg musikkfestival i Oslo for samtidsmusikk og kunstarter med relasjon til samtidsmusikk, som til dømes danseframsyningar, kunstinstallasjonar, film og anna.

                                     
  • han 1950 - 51 komposisjon i Paris med Jean Rivier, med stipend frå Norsk Komponistforening Bræin arbeidde som kor - og orkesterdirigent i heimbyen Kristiansund
  • for Electro - Acoustic Music 1988 for Etapper. Same året mottok ho Norsk Komponistforening sin pris Årets Verk for orkesterverket Porphyre, og Statens Garantiinntekt
  • Musikkhøgskolen i Berlin. Klaus Egge var ein viktig figur i norsk kulturliv. Han var formann i Norsk Komponistforening i perioden 1945 72, og var det òg i Norges Kunstnerråd
  • Vonir i blømetid var ein prisvinnar i ein konkurranse arrangert av Norsk Komponistforenings komposisjonskonkurranse i 1942. I tillegg har ho skrive songar
  • form av artikler, for eksempel i Musikkens nødvendighet. 2002 Norsk komponistforening Oslo. ISBN 82 - 462 - 0043 - 7 Halvor Fjermeros Universitetsforlaget
  • motstandsfolk i heimen sin. Likevel vart han ekskludert frå TONO og Norsk Komponistforening i eitt år etter krigen. Tveitt oppfatta dette som eit justismord
  • 100 - årsjubileum i 1916. Fridthjov Anderssen blei tatt opp som medlem av Norsk Komponistforening i 1928. Han fekk likevel aldri store inntekter frå komposisjonane

Users also searched:

...