Back

ⓘ Olav II av Noreg. Olav II Haraldson også kalla Heilag-Olav eller Olav Digre, fødd 995 på Gvarv, død 29. juli 1030 på Stiklestad, var konge av Noreg frå 1016 til ..




                                               

Olav

Olav er eit personnamn, eit mannsnamn. Den norrøne namneforma var Ólafr eller Óláfr, av urnordisk * anu-laiƀaR, samansett av anu- ‘ane, forfader’ og -laiƀaR, etterkomar, arving. Andre former av namnet er Olaf, Olof, Oluf, Olaus. Namnet til Olav den heilage, har òg fleire norske kongar hatt som namn. Namneformene er relativt standardisert etter språk. På norsk vert Ola v og Ola nytta. Svensk nyttar oftast Ola f eller Ol o f. På latin vert Olav/Olaf vanlegvis til Olaus med eller utan tødlar over "u". Døme på dette er Olaf Petersson ein tilhengjar av Martin Luther, som på latin er kjend som O ...

                                               

Nils Olav

Sir Nils Olav II er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresoberst og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde. Då Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani besøkte Edinburgh Military Tattoo i 1961 for eit drillstevne, vart ein løytnant med namn Nils Egelien veldig interessert i pingvinkolonien til Edinburgh Zoo. Då Garden nok ein gong kom attende til Edinburgh i 1972, arrangerte Nils Egelien slik at troppen kunne adoptere ein pingvin. Pingvinen som dei adopterte vart gitt namnet Nils Olav i ære av Nils Egelien, og Olav av Noreg.

                                               

995

Olav Tryggvason vart konge av Noreg. Han reiste den fyrste kyrkja i landet på Moster. Håkon jarl vart drepen.

                                               

Olav Lysne

Olav Lysne er ein norsk informatikar. Han leier seksjonen for nettverk og distribuerte system ved Simula Research Laboratory. Han er òg professor ved Universitetet i Oslo, der han leier den strategiske forskingsgruppa ConSeRNS. Lysne tok hovudfag i informatikk i 1988 og doktorgrad i 1991. Han er leiar for Center for Resilient Networks and Communication CRNA som forskar på tryggleik, robustheit og yting i nettverk og system, til identitets- og tillitshandtering, sikkerheitsbrukarvenlegheit, og dessutan formell verifisering av tryggleiksprotokollar og system. CRNA er finansiert av Samferdsle ...

                                               

4. april

1328: Nidarosdomen vert herja av brann. 1903: 12 huslydar vert heimlause etter ein brann i Stokmarknes. 1963: Stortinget vedtek samrøystes om å opprette eit norsk fredskorps. 1949: Noreg blei med i NATO ved opprettinga.

                                               

21. januar

1868: Den Norske Turistforening vart grunnlagd i Christiania. 1916: 130 bustadhus, om lag ein tredel av bustadhusa i Molde, brann ned etter lynnedslag i ein ullvarefabrikk.

Olav II av Noreg
                                     

ⓘ Olav II av Noreg

Olav II Haraldson også kalla Heilag-Olav eller Olav Digre, fødd 995 på Gvarv, død 29. juli 1030 på Stiklestad, var konge av Noreg frå 1016 til 1028. Han vart gjort til helgen etter å ha vorte drepen under slaget på Stiklestad, og vart deretter rekna for å ha innført kristendommen i heile Noreg på ein varig måte. Helgenattributt for Sankt Olav er ei stridsøks.

                                     

1. Namn

Kongen er truleg mest kjend under namnet Olav den heilage eller Heilag-Olav. På norrønt språk var han kalla Óláfr hinn helgi. Andre namn på han er Olav Haraldsson, Olav Digre, og som helgen Sankt Olav og St. Olav, på svensk S:t Olof, engelsk Saint Olaf. Namnet Olav kan òg verta skrive Olaf eller Olaus, svensk Olof av Norge, latin Olavus rex.

                                     

2. Liv

Olav var son av Harald Grenske, ein norsk småkonge, og Åsta Gudbrandsdotter. Han vart gift i 1019 i Sarpsborg med Astrid Olofsdotter som var dotter til kong Olof Skötkonung i Sverige. Med henne fekk han dottera Ulvhild, f. 1020 i Borg, d. i Saksen 24 mai 1071; g. m. Ordulf av Saksen 1020-1072. Med frilla Alvhild fekk han sonen Magnus 1024-1047, seinare kjend som Magnus den gode.

                                     

3. Død

Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, og som helgen vert han feira den 29. juli: Olsok eller "Olavsvaka". I Nidaros vart det i mellomalderen reist ei praktfull kyrkje til ære for Sankt Olav, og leivningane etter han plassert i kyrkja, som etter kvart vart kalla Nidarosdomen. I mellomalderen var Sankt Olav ein viktig helgen i heile Norden, og Nidaros ein valfartsstad for pilegrimar frå heile Norden og andre land.

Etter dei opplysningane Snorre Sturlason gjev i soga om Olav dei heilage, døyr kong Olav av hogg i halsen, magen og låret. Snorre hevder at Torstein Knarresmed fyrst hogg kongen i låret med ei stridsøks, og at kongen deretter la seg opp mot ein stein, kasta våpna frå seg og gav opp kampen. Så hogg Kalv Arnesson den forsvarslause kongen i halsen med eit sverd, og høvdingen Tore Hund stakk kongen med eit spyd opp under brynja og inn i magen. Framstillinga som Snorre gjev, samsvarer med mange av bileta frå mellomalderen av korleis kong Olav døydde, mellom anna med motivet på ein portal som er teke vare på frå den nedrivne Hemsedal stavkyrkje, som har som tema kong Olavs martyrium og status som kristusliknande helgen.

Framstillinga på stavkyrkjeportalen frå Hemsedal syner at den krafta og styrken som Sankt Olav vart tillagt som kristningshelgen har basis i den framgangsmåten som dei tre heidne krigarane fylgde då dei drap kongen under slaget på Stiklestad, kombinert med måten kongen oppførte seg på i denne samanhengen. Både i skildringa åt Snorre og i dei biletlege framstillingane frå mellomalderen, er drapet av kongen gjeve preg av eit heident kultdrap innanfor ei kristen, mytisk ramme. Denne framstillinga av drapet av kongen som ei menneskeofring etter heidenske kultiske framgangsmåtar, danna i sin tid grunnlaget for at Sankt Olav altså den døde og heilaggjorte, himmelske kongehelgenen fekk ei mytologisk basert verknad i heidne samfunn, slik det går fram av at det heidne Trøndelag kunne leggjast under kristen kongemakt utan væpna kamp kort tid etter Sankt Olavs død og heilagkåring.

Det var altså fyrst etter å ha døydd og vorte heilagkåra at kong Olav klarte å kristne Norge. Dette var sjølvsagt ikkje den brutale og maktsjuke krigarkongens eigen forteneste, men ei fylgje av at kyrkja og kongemakta fekk i stand ei soge om han og den særeigne måten han døydde på som kunne nyttast som ein hendig og verknadsfull reiskap i kristningsarbeidet. På bakgrunn av biletmaterialet frå mellomalderen er Snorres skildring av kong Olav og hans død soleis først og fremst å sjå på som ei attgjeving av ei formfullendt helgenlegende som hadde til hensikt å fremje og konsolidere kristendommen og kristen konge- og kyrkjemakt i både heidne og kristne samfunn.



                                     

4. Bakgrunnsstoff

Ein kan lesa om Olav som konge og helgen i mellom anna Heimskringla, ei samling av norske kongesoger, av islendingen Snorre Sturlason. ISBN 82-521-4711-9

  • Passio Olavi - Lidingssoga og undergjerningane åt den Heilage Olav ; Oslo 1970. ISBN 82-521-4397-0
  • Hoftun, Oddgeir. Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen 2002; Borgens Forlag. S. 94 - 105. ISBN 87-21-01977-0
  • Rumar, Lars red. Helgonet i Nidaros: Olavskult och kristnande i Norden, 1997. ISBN 91-88366-31-6.
  • Lidén, Anne; Olav den Helige i Medeltida Bildkonst, Legendmotiv och attribut ; Monographs. KVHAA. Stockholm 1999. Vitterhetsakademien. ISBN 91-7402-298-9. Abstract and summary in English: Saint Olav in Medieval Pictorial Art. Narrative Motifs and Attributes.
  • Hoftun, Oddgeir. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008; Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
                                     
  • Sir Nils Olav II er ein kongepingvin i Edinburgh Zoo i Skottland. Han er æresoberst og maskoten til Hans Majestet Kongens Garde. Då Hans Majestet Kongens
  • 933 ca. 960 Harald II Eiriksson Gråfell ca. 960 ca. 970 Håkon Sigurdsson, Ladejarl Håkon Jarl dansk styre ca. 970 995 Olav I Tryggvason 995 1000
  • etterfylgd som konge av sonen sin, Olav Kong Haakon VIIs monogram Kong Haakon kjem til Noreg 25. november 1905 med kronprins Olav på armen. Statsminister
  • mot kong Olav II Haraldsson, som seinare vart Heilag - Olav Erling vart drepen av Aslak Fitjaskalle. Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere
  • av Noreg er rekna som den epoken då kristendommen vart innført i Noreg helst under kristningskongane Olav I Tryggvason fram mot år 1000 og Olav II Haraldsson
  • XIII, s. 209 - 244. Oslo 1952. Se immatrikulering av Olav Trondsson i Rostocker Matrikelportal Hamre 1955, s. 469 - 470. DN III, nr. 842. DN II nr. 888.
  • erobre Noreg på ei tid då landevernet var svekt fordi mange av dei djervaste hovdingane var i England for å ta del i kong Knut sin invasjon. At Olav Haraldsson
  • vert presenterte for aktørane: Olav Kari og mor hans Olav II - åtte strofer om Olav hos mora III - seksten strofer om Olav som kjem tilbake til Kari IV
  • Olav Riste 11. april 1933 21. juli 2015 var ein norsk historikar kjend for si forsking på norsk utanrikspolitikk og forsvarshistorie. Riste var fødd

Users also searched:

...