Back

ⓘ Irsk historie. I vikingtida var norske vikingar mykje i Irland, og bortsett frå og etter perioden med ran og vald busette truleg ein god del norske seg der og b ..




                                               

Den irske sjølvstendekrigen

Den irske sjølvstendekrigen, også kalla den anglo-irske krigen, varte frå januar 1919 til juli 1921. Han vart ført av den opphavlege irske republikanske armeen IRA som ein geriljakrig mot dei britiske styresmaktene i Irland. Sjølvstendet var proklamert to gonger, først under Påskeopprøret i 1916, så etter den store valsigeren til nasjonalistpartiet Sinn Féin i 1918, da dei fleste av dei valde parlamentsmedlemmene ikkje drog til London, men møttest som det første irske parlamentet, First Dáil. IRA vart skipa med mandat frå Dáil til å forsvare republikken mot åtak leidde frå det britiske hov ...

                                               

Den anglo-irske traktaten

Den anglo-irske traktaten var ein traktat mellom regjeringa i Storbritannia og den provisoriske regjeringa i Den irske republikken. Med traktaten enda Den irske sjølvstendekrigen, og Den irske fristaten vart oppretta som ein del av Det britiske imperiet. Under Government of Ireland Act 1920 kunne Nord-Irland velja å stå utanfor Fristaten og framleis vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia, noko provinsen valde å gjere. Traktaten vart underskriven den 6. desember 1921 i London av representantar for den britiske regjeringa og utsendingar frå den provisoriske irske regjeringa. H ...

                                               

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland

Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, på engelsk United Kingdom of Great Britain and Ireland vart skipa den 1. januar 1801. Kongeriket kom til som ei samanslåing av Kongeriket Storbritannia og Kongeriket Irland. Kongeriket Storbritannia var si tid ei samanslåing av kongedøma Skottland og England i 1707. Det irske Parlamentet gjorde i august 1800 vedtak om å leggja seg sjølv ned. Lov av 1801 om union mellom Storbritannia og Irland, den såkalla "Act of Union" vart då vedteken. Den irske fristaten fekk sjølvstende i 1922. Kongeriket "Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland" ...

                                               

Den irske fristaten

Den irske fristaten var ein stat med status som dominion i Det britiske imperiet. Han eksisterte i åra 1922–1937, og var ein forløpar til Republikken Irland. Fristaten omfatta 26 av dei 32 grevskapa på øya Irland. Fristaten vart oppretta i 1922 etter forhandlingar mellom britiske styresmakter og irske nasjonalistar med Michael Collins i brodden. Den anglo-irske traktaten blei underteikna i London den 6. desember 1921, og fristaten blei skild ut frå Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland den 6. desember 1922. Forhandlingsresultatet kom etter fleire år med blodige kamphandlingar, un ...

                                               

County Waterford

County Waterford er eit grevskap i Republikken Irland sørvest på Irland i provinsen Munster. Byen Waterford, som tidlegare var administrasjonsby i grevskapet, og eit område rundt han er skild ut som eit eige grevskapsdistrikt, City of Waterford. For resten av grevskapet er Dungarvan administrasjonsby. County Waterford grensar til Tipperary og Kilkenny i nord, Wexford i aust, Cork i vest og i sør ligg Det keltiske havet.

                                               

Derry

Derry, eller Londonderry, på irsk Doire, er ein by vest i Nord-Irland. Han har kring 85 000 innbyggjarar og ligg i grevskapet County Derry, eit av dei seks, tradisjonelle grevskapa i Ulster. Byen er den nest største i Nord-Irland og den fjerde største på den irske øya. Offisielt namn på staden er Londonderry, men nokre av folket i byen sjølv kallar han berre Derry. Det folkevalde styret for Derry-distriktet har republikansk fleirtal og har offisielt omdøypt organet til Derry City Council. Gamlebyen ligg på vestsida av elva Foyle, men byen strekkjer seg no over begge breiddene, og er samanb ...

Irsk historie
                                     

ⓘ Irsk historie

I vikingtida var norske vikingar mykje i Irland, og bortsett frå og etter perioden med ran og vald busette truleg ein god del norske seg der og blanda seg med keltarane. Det var norske vikingar som grunnla byen Dublin, som er hovudstaden i Republikken Irland.

                                     

1. Normannarane

Tidleg på 1100-talet vart Irland invadert av normannarane som hadde tatt kontroll over England. Ein del normannarar reiste over og busette seg i Irland. Etter som tida gjekk vart desse for ein stor del assimilert inn i den irske befolkninga. England hadde kontroll over byane langs kysten, og eit område rundt Dublin, som vart kalla the Pale. Resten av landet var kontrollert av innbyrdes stridande irske klanhøvdingar.

                                     

2. Cromwell og rekoloniseringa

Først på 1600-talet festa England grepet om Irland, mellom anna ved å oppmuntra til storstilt kolonisering, av engelskmenn og skottar. Det kraftigast koloniserte området vart den nordlege provinsen Ulster, der innvandrarane kom til å utgjera fleirtalet av befolkninga. I mellomtida hadde reformasjonen i England skapt eit nytt skilje mellom engelskmennene og irane: Der den engelske statsreligionen vart anglikansk protestantisme heldt dei aller fleste irane fast ved katolisismen.

                                     

3. Frigjeringskamp og nasjonalisme

Irane blei sterkt undertrykte. Religionen deira, romersk-katolsk kristendom, var i praksis forboden i lang tid, det meste av jorda var okkupert av engelske godseigarar og irar flest var landlause småbønder peasants. I 1798 kom det til eit omfattande opprør organisert av rørsla United Irishmen, leia av protestanten Wolfe Tone. Opprørarane håpte på hjelp frå det revolusjonære Frankrike, men denne kom aldri, og opprøret vart brutalt slått ned. Dette opprøret vert ofte rekna som starten på den moderne irske nasjonalismen, og Wolfe Tone vart ein legendarisk figur innan irsk populærkultur, og ein inspirasjon for framtidige opprørsforsøk. I 1801 oppløyste det irske parlamentet seg sjølv og Irland vart del av det sameinte kongeriket United Kingdom. Det irske parlamentet bestod på denne tida hovudsakleg av representantar for den britisk-ætta overklassa, då katolikkar ikkje kunne veljast.

                                     

4. Hungersnaud og emigrasjon

På 1840-talet slo potethausten feil fleire år på rad. Fleirtalet av det irske folket levde på poteter frå eigne små jordlappar, mens produkta dei dyrka fram for godseigarane blei eksporterte til England for sal. Folketalet i Irland i 1840 var ca 8 millionar. Nokre år seinare var det ca 4 millionar. Om lag ein million var truleg døde av svolt, resten utvandra. Dei britiske styresmaktene gjorde ingenting.

På førstninga av 1900-talet hadde det vakse fram ei organisert og radikal nasjonal rørsle i Irland, kalla Sinn Féin, som betyr "vi sjølv" på irsk. Dei gjekk inn for ein sjølvstendig irsk republikk, og kjempa mot det britiske monarkiet sitt herredømme i landet. Meir moderate katolske irar kunne vere viljuge til å godta indre sjølvstyre i union med Storbritannia "home rule", og sverje lojalitet til den britiske krona. Den britiske regjeringa var rett før første verdskrigen innstilt på å gi irane "home rule", men da trua dei protestantiske loyalistane i Ulster med borgarkrig, så saka blei utsett. Så kom krigen, og saka blei utsett igjen.



                                     

5. Påskeopprøret og frigjeringskrigen

I påska 1916 tok ei gruppe væpna irske nasjonalistar frå rørsla Irish Republican Brotherhood IRB kontroll over fleire offentlege bygg i Dublin og erklærte den irske republikken. Dette "påskeopprøret" hadde lita støtte i befolkninga og blei slått ned av britiske soldatar etter berre nokre få dagar. Men da dei britiske styresmaktene avretta dei tilfangetekne leiarane for opprøret, blant dei den såra sosialistleiaren James Connolly, vekte dette stor avsky i den irske befolkninga, og støtta til den radikale republikanismen auka. Under militær leiing av Michael Collins dreiv irske nasjonalistar geriljakrigføring mot dei britiske styresmaktene, under namnet Irish Republican Army IRA. Britane svarte med terror mot befolkninga. I 1921 meinte begge partar at dette måtte stanse, og det blei våpenkvile og forhandlingar. Desse førte til eit kompromiss som skulle vere mellombels, nemleg at dei 6 nordaustlege fylka med mange lojalistar førebels skulle bli verande under britisk styre, mens resten av landet blei til den irske fristaten, seinare Republikken Irland.

                                     

6. Borgarkrigen og delinga

Denne avtalen utløyste den irske borgarkrigen, der den nye fristaten sine styrkar, leia av Collins, utkjempa blodige kampar mot dei delane av Sinn Féin og IRA som ikkje ville godta fredsavtalen. Under desse kampane vart Michael Collins og fleire andre framståande leiarar frå uavhengigheitskampen drepne. Fristaten sine styrkar nedkjempa til slutt dei radikale nasjonalistane, som vart reduserte til ei undergrunnsrørsle, som beheldt namnet IRA.

Sidan har Nord-Irland vore under britisk styre, noko dei fleste av katolikkane der aldri har godteke.

                                     
  • Den irske sjølvstendekrigen, også kalla den anglo - irske krigen, varte frå januar 1919 til juli 1921. Han vart ført av den opphavlege irske republikanske
  • den provisoriske regjeringa i Den irske republikken. Med traktaten enda Den irske sjølvstendekrigen, og Den irske fristaten vart oppretta som ein del
  • Viktoriansk tid Edvardiansk tid Engelsk historie Historia til London Irsk historie Skotsk historie Walisisk historie Det britiske imperiet Det britiske samveldet
  • Flagget er kjend som Union Jack Flagget kombinerte dei dåverande flagga til England og Skottland med det irske St. Patrick flagget. Irsk historie
  • Den irske republikanske hæren, kjend som IRA frå det engelske Irish Republican Army, Óglaigh na hÉireann på irsk er ei paramilitær rørsle i Nord - Irland
  • elva kan ein mellom anna fiske laks og aure. Boyne er forbunde til irsk historie arkeologi og mytologi. Ho renn nær den gamle byen Trim, Trim Castle
  • skipskatastrofen i irsk historie Terminalen, som hadde vore i drift sidan 1969, vart aldri fullstendig reparert. Han vart overført til den irske regjeringa i
  • er den vestlegaste øya i øygruppa Dei britiske øyane. Hovudartikkel: Irsk historie Befolkninga har i hovudsak keltisk opphav, og keltarane har budd i Irland
  • bekken Walbrook på nordsida av Themsen i år 43. Byen har sidan hatt ei rik historie med mange forskjellige fasar. Sidan grunnlegginga har London vokse til
  • Den irske fristaten var ein stat med status som dominion i Det britiske imperiet. Han eksisterte i åra 1922 1937, og var ein forløpar til Republikken
  • og er ein sjølvstendig republikk. Staten vert offisielt kalla Éire på irsk og Ireland på engelsk. Som på norsk nyttar ein på begge språka nemningane

Users also searched:

...