Back

ⓘ Agder fylke. Agder er eit fylke sør i Noreg. Det blei oppretta 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Administrasjonen i fylket ..




                                               

Hans Fredrik Grøvan

Hans Fredrik Grøvan er ein norsk politikar for Kristeleg Folkeparti. Han vart vald som stortingsrepresentant frå Vest-Agder fylke etter stortingsvalet i 2013. Sidan 2019 er han parlamentarisk leiar i KrF. Grøvan var fylkesleiar i Vest-Agder KrF frå 2011 til 2013. Han har tidlegare vore ordførar i Lyngdal kommune i perioden 1995–2007. Han var vararepresentant nr. 3 på Stortinget for Vest-Agder 2001–2005, og han var også styreleiar i Agder Energi fram til desember 2005. Grøvan har også hatt ei stilling som prosjektleiar ved Senter for livsmestring og vore dagleg leiar i Lister nyskaping.

                                               

Stortingsrepresentantar 2009-2013

Liste over alle stortingrepresentantar i perioden 2009 til 2013. Lista omfattar alle som vart valde til Stortinget ved stortingsvalet 2009, 14. september 2009. Det er totalt 169 representantar, fordelt på 64 til Det norske Arbeidarparti, 41 til Framstegspartiet, 30 til Høgre, 11 til Sosialistisk Venstreparti, 11 til Senterpartiet, 10 til Kristeleg Folkeparti, og 2 til Venstre. Det veljast 150 distriktsmandat i tillegg til eitt utjamningsmandat frå kvart fylke i alt 19. Med heimel i Grunnlova sin paragraf 68, trer dei nye stortingsrepresentantane til den fyrste "søgnedagen" verkedagen i okt ...

                                               

Stortingsrepresentantar 2013-2017

Liste over alle stortingrepresentantar i perioden 2013 til 2017 omfattar alle som vart vald til Stortinget ved stortingsvalet 2013, 9. september 2013. Det er totalt 169 representantar. Det blir vald 150 distriktsmandat i tillegg til eitt utjamningsmandat frå kvart avfylka i alt 19. Grunnloven seier i paragraf 68, at Stortinget normalt møtest den første "syknedagen" vyrkedagen i oktober. Dei nye representantane utgjer derfor Stortinget frå og med tysdag 1. oktober 2013. I møtet denne dagen blir det vald ein fullmaktskomite til å gjennomgå valet. Innstillinga frå denne komiteen er skal hands ...

Agder fylke
                                     

ⓘ Agder fylke

Agder er eit fylke sør i Noreg. Det blei oppretta 1. januar 2020 som ei samanslutning av fylka Aust-Agder og Vest-Agder. Administrasjonen i fylket er lagt til Kristiansand, medan fylkesmannen og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet har sete i Arendal.

Agder er det sørlegaste fylket i Noreg. Det består i aust av Skagerrak-kysten frå Gjernestangen aust for Risør til Lindesnes og vidare vestover Nordsjø-kysten til munningen av Sireåna. Noregs sørlegaste punkt, skjeret Pysen, ligg i Agder søraust for Mandal. Det sørlegaste punktet på fastlandet ligg ytst på Lindesnes-halvøya. Innanfor kysten er Agder prega av område med skog, dal og hei, som i nord går over i høgfjellsområde. Fylket grensar i nordaust og aust til Telemark og i nordvest og vest til Rogaland.

Namnet Agder norrønt Agðir eller Egðafylki har uviss tyding. Det kan vere ei avleiing av ǫgd, "vere skarp". Namnet skulle då tyde landet som stikk ut i havet’. Etter ei anna oppfatning heng namnet saman med norrønt agi, "sjøgang". I så fall tyder namnet "landet ved det urolege havet". Folket i Agder blir kalla egd, norrønt egð i eintal, og egder, norrønt egðir, i fleirtal.

Fylkesvåpenet er ei gullfarga eik på djup raud bakgrunn. Dette er basert på fylkesvåpena til dei to tidlegare fylka. Motivet er frå fylkesvåpenet til Vest-Agder, som hadde eit gult eiketre på grøn botn, medan fargane er frå fylkesvåpenet til Aust-Agder, som hadde to horisontale gullbjelkar på djup raud botn. Eiketreet, motivet til Vest-Agder, er eit typisk treslag i Agder, og bjelkane i fylkesvåpenet til Aust-Agder symboliserer den tradisjonelle trelasthandelen i fylket, særleg med furu.

                                     

1. Geografi

Berggrunnen i Agder fylke består av grunnfjell som ved kysten utgjør eit lågt, men likevel til dels sterkt kupert landskap, og som nordover hevar seg gradvis. Vel 100 kilometer frå kysten går det over i eit høgfjellslandskap over 1000 meter over havet. Lengst nord utgjer dette ein del av Ryfylkeheiane/Setesdalsheiane og Austheiane, høvesvis vest og aust for Setesdal. Høgst når fjella i nordaust med Sæbyggjenuten 1507 meter over havet på grensa til Tokke kommune i Telemark. I nordvest ligg Kaldefjellet 1452 meter over havet på grensa til Suldal kommune i Rogaland.

Mellom kysten og høgfjellsområda er landskapet i Agder prega av ei rekke markerte dalføre, hovudsakleg nord-sørgåande, med skogkledde heiområde mellom. Desse er særleg markerte i dei sentrale og vestlige delane av fylket. Mest markert er Setesdal med Otra og vidare vestover: Mandalen, Kvinesdalen, Lyngdalen og Sirdalen. Aust i fylket er landskapet meir uoversiktlig, og dei lengste vassdraga her er Arendalsvassdraget og Tovdalsvassdraget som har munning i høvesvis Arendal og Kristiansand.

Berggrunnen i Agder er dekt av forholdsvis sparsame lausmassar, stort sett avgrensa til sprekkar og smådalar i aust. I dei noko breiare dalane sentralt og vest i fylket er det noko større område med lausavsetjingar, men i fylket som heile er likevel berre 2.2 prosent av totalarealet dyrka jord. Agder har mange, men for det meste korte fjordar.

Høgdeforskjellane i kyststrøka er størst vest for Lindesnes, og her er fjordane noko lengre enn i aust. Lengst vest, vest for Hidra, er kysten mindre innskoren, og her er han, som utanfor Lindesnes og Lista, utan skjergard. Fleire av sjøane i nedre del av hovuddalføra frå Nidelva og vestover er demde opp av ein morene avsett under eit opphald i tilbaketrekkinga av isen etter siste istid. Denne morenen kryssar dei nord–sørgåande dalane i området.

Den marine grensa, som ligg på rundt 100 meter over havet lengst aust i fylket, fell jamt til 80 meter i Tvedestrand, 50 meter i Grovane nord for Kristiansand og 40 meter lengst i sørvest. I den yttarste, låge delen av Lista-halvøya ligg den marine grensa mindre enn ti meter over dagens havnivå.

Skoggrensa i Agder når opp i 700–900 meter over havet i aust og 400–500 meter i vest. Barskoggrensa ligg rundt 100 meter lågare enn dette. Dei skiftande geologiske og topografiske tilhøva er synlege som sterkt blanda skogtypar med innslag nesten alle treslaga som finst i Noreg. Ved kysten er det varmekjær lauvskog med eit sterkt innslag av eik. Av den produktive skogen i Agder er furu viktigaste treslag. I dei lågareliggande strøka dominerer likevel gran, særleg i dei austre dalføra.

                                     

2. Næringsliv

I Agder set eit kupert terreng med små samanhengande område med lausmassar avgrensingar for jordbruket som eit gunstig klima ikkje kan kompensere for. Hovudvekta av jordbruket i fylket ligg på eit allsidig husdyrhald, med ei særleg vekt på mjølkeproduksjon og sauehald, vesentleg i dei vestre og indre bygdene. Gjennomsnittleg bruksstørrelse ligg under landsgjennomsnittet. Jordbruket er relativt sett viktigast i indre strøk, men dei viktigaste jordbruksareala i fylket finst i dei nedre delane av dei nord-sørgåande dalane, på Lista og i kyststrøka i aust der dei klimatiske tilhøva har gjort det mogeleg å drive ein allsidig planteproduksjon med eit monaleg innslag av hagebruk, særleg grønsaker og bær.

                                     

2.1. Næringsliv Skogbruk

Det meste av skogen finst i dei nedre dalane og i heiane mellom desse. Nærmare kysten minkar skoggrensa, og lengst i sør er det sparsamt med skog. Skogarealet i Agder utgjer 8527 kvadratkilometer eller 52 prosent av totalarealet i fylket per 2018. Av skogarealet er 70 prosent produktiv skog. I 2017 var skogsavverkinga for sal 681 364 kubikkmeter eller 6.0 prosent av den samla avverkinga i Noreg. I Agder er det framleis relativt vanleg at jord- og skogbruk er drive i kombinasjon.

                                     

2.2. Næringsliv Fiske

Fisket er hovudsakleg drive til havs etter torsk og liknande arter og makrell som utgjorde dei viktigaste fangstslaga. Ein monaleg del av fangsten er ført i land utanfor fylket. I 2017 gjaldt dette omkring ein tredel av førstehandsverdien på den samla fangsten til Agder-fiskarane. I Agder blei det 2017 ilandført fangstar på i alt 5764 tonn til ein førstehandsverdi på 279 millionar kroner. Av det som er ført i land i fylket, dominerer skaldyrfangsten. I 2017 utgjorde han 68 prosent av samla fangstverdi. Havbruk er ei næring i vekst, særleg i dei vestre delane av fylket. Dette er mellom anna reflektert i at det frå 2019 er oppretta et tilbod i "Blått naturbruk" ved Flekkefjord videregående skole med fokus på mellom anna akvakultur.

                                     

2.3. Næringsliv Industri og bergverk

Agder er nummer ni av landets elleve fylke etter industrisysselsettinga; i 2017 har berre Troms og Finnmark og Oslo ei lågare sysselsetting i denne næringa. Sjølv om industrien i Agder er relativt låg i norsk målestokk, er han likevel viktig innanfor enkeltbransjar. Dei viktigaste industribransjane i fylket er verkstadindustrien, med i alt 44 prosent av sysselsettinga i industri 2017, derav produksjon av maskiner og utstyr/maskinreparasjonar og -installasjonar har 26 prosent åleine. Dei viktigaste av dei andre bransjane er i 2017: trelast-/trevareindustri 13 prosent, næringsmiddelindustri 12 prosent, primær jern- og metallindustri ti prosent og gummi-, plast- og mineralsk industri sju prosent.

Industrien er for ein stor del konsentrert til tettstadene langs kysten, i tillegg til Vennesla, Lyngdal og Kvinesdal. Særleg Kristiansandsområdet dominerer, med heile 43 prosent av den industrielle sysselsettinga i Agder i 2017. Kystkommunane i den austlege delen av fylket hadde til saman 21 prosent av industrisysselsettinga i fylket det året.



                                     

2.4. Næringsliv Energi

Energi Agder har ein samla vassenergiproduksjon på 14 873 gigawattimar GWh og står med det for 11.0 prosent av norsk produksjon av vassenergi målt som gjennomsnittleg årsproduksjon 2019. Vassdraga Sira og Kvina Sira-Kvina-utbygginga i vest og Otra sentralt i fylket står for ein dominerande del av vassenergiproduksjonen i fylket, med høvesvis 44 og 29 prosent av den gjennomsnittlege årsproduksjonen av vassenergi i fylket 2019. Tonstad kraftverk i Sirdal er det største vassenergiverket i Noreg målt etter gjennomsnittleg årsproduksjon 4357 GWh.

Agder har per 2019 to vindenergianlegg i drift, Lindesnes og Lista vindparkar. Dei har ein samla installasjon på 78.5 megawatt og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 246 GWh, noko som utgjer 4.5 prosent av samla vindkraftproduksjon i Noreg. Elektrisitetsforsyninga i fylket overført gjennom eit distribusjonsnett som er eigd av Agder Energi AS. Overføringsnettet og hovudfordelingsnettet i fylket er eigd av Statnett SF og Agder Energi.



                                     

2.5. Næringsliv Tenesteytande næringar

Turisme er ei viktig næring i Agder. Fylket har ei stor tilstrøyming av turistar til kystområda i sommarhalvåret, og etter kvart er det òg blitt atskilleg vinterturisme i fylket, særleg nord i Setesdal Hovden, i Sirdal, øvst i Kvinesdal Knaben og i Åseral. Framleis er likevel Agder sommarferiefylket framføre noko. Skjergarden i Agder er tettbygd med hytter og ferieanlegg, og også i fjellområda er det bygd ut hytteområde og anlegg som alpinanlegg og turløyper som gjev vinterturistane eit variert tilbod. I fleire kommunar har ein på grunn av den auka turiststraumen måtte treffe tiltak for å avgrense hyttebygginga.

Nokre viktige turistattraksjonar i fylket er Merdøgaard Skjærgårdsmuseum, Knut Hamsun-heimen Nørholm ved Grimstad, Næs Jernverksmuseum i Holt ved Tvedestrand, Sørlandsparken og Kristiansand Dyrepark med mellom anna Kardemomme by, Vest-Agdermuseet og Aust-Agdermuseet i høvesvis Kristiansand og Arendal, begge med 11 avdelingar rundt om i dei respektive fylka, fyra på Lista og Lindesnes, dei gamle bygningsmiljøa i Loshavn i Farsund og Svinør i Lindesnes, dei nedlagde gruvene i Knaben i Kvinesdal og det særs godt bevarte bygningsmiljøet i Lyngør.

                                     

3. Samferdsel

Europaveg 18 og Europaveg 39 går gjennom fylket like innanfor kysten, E18 austanfor og E39 vestanfor for Kristiansand. Strekninga passerer alle dei større tettstadene i fylket, utanom Farsund og Vennesla. E39 går frå E45 i Aalborg via ferja Hirtshals–Kristiansand og kysten nordover heilt til E6 på Klett like sør for Trondheim.

I nord går fylkesveg 42 Arendal–Egersund gjennom Agder, på tvers av dei nord-sørgåande dalføra. I fleire av desse dalane går riks- og fylkesvegar som bind dei indre strøka saman med kystområda. Viktigast i så måte er Setesdalsvegen riksveg 9 Kristiansand–Haukeligrend og riksveg 41 gjennom dei indre skogbygdene i fylket Kristiansand–Birkeland–Treungen–Brunkeberg som begge forbind E18/E39 med E134 over Haukeli. Om sommaren er Suleskarvegen open gjennom fylket, som går nord for fylkesveg 42 og representerer det kortaste vegsambandet mellom Oslo og Stavanger.

Sørlandsbanen går aust–vest gjennom Agder eit stykke innanfor kysten. Det er ei rekke lange tunnelar mellom Kristiansand og grensa mot Rogaland, mellom anna Noregs fjerde og femte lengste jernbanetunnelar, Kvinesheitunnelen på 9065 meter og Hægebostadtunnelen på 8474 meter.

Det er fast rutefart på kysten til og frå hamnene i tettstadene i fylket. Det er òg rutefart mellom dei største av desse hamnene og utlandet. Kristiansand er den dominerande hamnebyen og den einaste med fast ferjetransport til kontinentet Kristiansand–Hirtshals.

Den einaste stamflyplassen i fylket er Kristiansand lufthamn, Kjevik. Flyplassen har fast bussamband også med Lillesand, Grimstad og Arendal. Han har i tillegg til ei rekke innanlandske samband også internasjonal trafikk. Farsund lufthamn, Lista har ikkje regulær rutetrafikk, berre charter- og godstrafikk.

                                     

4. Administrasjon

I samband med Regionreforma blei kommunetalet i Agder redusert med fem til 25 kommunar. Heile denne reduksjonen skjedde i det tidlegare Vest-Agder. Fylkesmannen i Agder og fagadministrasjonane under fylkesmannsembetet er lokalisert til Arendal, medan administrasjonen for Agder fylkeskommune ligg i Kristiansand.

Agder omfattar sju prosti i Den norske kyrkja og høyrer under Agder og Telemark bispedømme. Prostia er, rekna frå aust: Aust-Nedenes, Arendal, Vest-Nedenes, Otredal, Kristiansand domprosti, Mandal og Lister. Desse prostia har til saman 74 sokn.

Agder er delt inn i tre tingrettsdistrikt med tilhøyrande kommunar i parentes: Aust-Agder, Kristiansand og Lister. Sirdal kommune høyrer til Dalane tingrett i Egersund. Heile fylket høyrer til Agder politidistrikt med unntak av Sirdal som høyrer til Sør-Vest politidistrikt med hovudsete i Stavanger. Agder politidistrikt har 11 lensmannskontor og fire politistasjonar fordelt på tre geografiske driftseiningar.

                                     

4.1. Administrasjon Kommunar

Agder fylke har 25 kommunar. Alle kommunane i dei tidlegare fylka Aust- og Vest-Agder fekk nye kommunenummer frå 1. januar 2020. Fylkesnummeret til Agder fylke er 42.

                                     

5. Kultur og utdanning

Agder har eit godt utbygd vidaregåande skuleverk med i alt 18 fylkeskommunale og åtte private vidaregåande skular fordelt på 14 av dei 25 kommunane i fylket skuleåret 2018/19. Fylket har dessutan åtte folkehøgskular. Av andre skuletilbod i Agder finst Luftforsvarets skolesenter på Kjevik.

Universitetet i Agder blei formelt opna i 2007. Hovudadministrasjonen ligg på Gimlemoen i Kristiansand. Verksemda ved universitetet er samla på to større område, i høvesvis Kristiansand Gimlemoen og Grimstad Teknologisenteret. Det er oppretta fem fakultet for høvesvis helse- og idrettsvitskap, humaniora og pedagogikk, samfunnsvitskap, teknologi og realfag og kunstfag, i tillegg til ein handelshøgskule og ei avdeling for lærarutdanning.

Telenor har hovudkontor for sine sju kompetansesenter i Grimstad. I Flødevigen på Hisøy i Arendal ligg Statens marinbiologiske forsøksstasjon. Sørlandet Sykehus HF har sjukehus i Kristiansand, Arendal og Flekkefjord.

I fylket kjem i alt 15 aviser ut 2018, dei fleste små med eit avgrensa nedslagsfelt. Dei største dagsavisene er Fædrelandsvennen Kristiansand og Agderposten Arendal; Fædrelandsvennen har aukande utbreiing som avis for heile landsdelen.

NRK har distriktskontor i Kristiansand. Kilden Teater og Konserthus i Kristiansand huser Agder Teater, Kristiansand Symfoniorkester og Opera Sør.



                                     

6. Landsdel

Før fylkessamanslåinga i 2020 var Agder rekna ein norsk landsdel som omfatta Aust-Agder fylke og Vest-Agder fylke, òg kalla Agderfylka. Etter kvart har nemninga Sørlandet vorte teke i bruk på denne landsdelen. Agder var eigentleg eit småkongedøme Agðir og seinare eit fylke Egða fylki under Gulatingslova.

Folket på Agder blir kalla egdene aust-egdene og vest-egdene. Merk at ein seier "på Agder" og ikkje "i Agder".

Omgrepet Agder er historisk mest bruka om kyststripa, til skilnad frå innlandsområda Råbyggelag med Setesdal.

Tidlegare blei området ofte rekna som ein del av Vestlandet.

                                     

7. Sjå òg

  • Agder og Telemark bispedømme - tidlegare Agder bispedøme
  • Agdesiden - eitt av ni hovudlen på 1600-talet
  • Agder Flekkefjords Tidende - ei avis, som kan bli omtala som Avisa Agder, eller berre Agder
                                     
  • Aust - Agder er eit tidlegare norsk fylke som grensa til Telemark, Rogaland og Vest - Agder Det hadde kystlinje mot Skagerrak. Aust - Agder fylke svara for
  • Vest - Agder er eit tidlegare fylke i Noreg. Fylket var det sørlegaste i landet og grensa til Rogaland i vest, Aust - Agder i nord og aust og til Skagerrak
  • Agder og Telemark bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfattar Telemark, Aust - Agder og Vest - Agder fylke Sidan 2013 har Stein Reinertsen
  • fylke Aust - Agder og Vest - Agder vart Agder fylke Sogn og Fjordane og Hordaland vart Vestland fylke og Troms og Finnmark vart Troms og Finnmark fylke
  • Universitetet i Agder UiA er eit norsk universitet i Agder fylke med rundt 13 000 studentar og 1 300 tilsette. Det vart stifta som Høgskolen i Agder den 1. august
  • Agder Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule i Søgne kommune i Agder fylke Det er Agder Høgskolelag som eig skulen som tek imot rundt 100 elevar kvart
  • Straumsfjorden er ein innsjø som ligg i kommunane Bygland og Valle i Aust - Agder fylke Straumsfjorden er ein del av Tovdalsvassdraget. Ved Straumsfjorden er
  • Øre er ein innsjø som ligg i Åseral kommune i Agder fylke Han er regulert som magasin for Håverstad kraftverk. Denne geografiartikkelen som har med Noreg
  • Agder kan visa til: Agder fylke eit fylke i Noreg. Landsdelen Agder ein landsdel som utgjorde dei tidlegare fylka Aust - Agder og Vest - Agder Avisa Agder
  • Aust - Agder og Telemark var blant dei fyrste fylka i landet der nynorsk vart teke i bruk som skulemål, Aust - Agder frå 1892 og Telemark frå 1898, medan
                                               

Agder folkehøgskole

Agder Folkehøgskole er ein frilynt folkehøgskule i Søgne kommune i Agder fylke. Det er Agder Høgskolelag som eig skulen som tek imot rundt 100 elevar kvart skuleår. Linjefaga ved skulen er Biletkunst Internasjonal som inkluderer samarbeid med ein folkehøgskule frå Kviterussland Jazz, rytmisk linje med storband Samfunn, media og miljø Keramisk kunst Film

                                               

Fylkesveg 3978

Sjå òg fylkesveg 151 fleirtyding. Fylkesveg 3978 i Agder fylke går mellom Try og Kjerr i Kristiansand kommune. Vegen er 5.6 km lang.

Bykle kyrkje
                                               

Bykle kyrkje

Bykle kyrkje eller Bykle nye kyrkje er ei arbeidskyrkje i Bykle kommune i Aust-Agder fylke. Kyrkja vart innvigd 5. september 2004 og avløyste Bykle gamle kyrkje. Ho har om lag 220 sitjeplassar.

                                               

Fylkesveg 6

Fylkesveg 6 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 6 i Hordaland Fylkesveg 6 i Buskerud Fylkesveg 6 i Nordland Fylkesveg 6 i Akershus Fylkesveg 6 i Troms Fylkesveg 6 i Møre og Romsdal Fylkesveg 6 i Vest-Agder Fylkesveg 6 i Aust-Agder Fylkesveg 6 i Finnmark Fylkesveg 6 i Rogaland

                                               

Fylkesveg 158

Fylkesveg 158 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 158 i Aust-Agder Fylkesveg 158 i Rogaland Fylkesveg 158 i Hedmark Fylkesveg 158 i Vest-Agder Fylkesveg 158 i Finnmark Fylkesveg 158 i Buskerud Fylkesveg 158 i Vestfold Fylkesveg 158 i Hordaland

                                               

Fylkesveg 10

Fylkesveg 10 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 10 i Møre og Romsdal Fylkesveg 10 i Aust-Agder Fylkesveg 10 i Vest-Agder Fylkesveg 10 i Troms Fylkesveg 10 i Buskerud Fylkesveg 10 i Hordaland

                                               

Fylkesveg 25

Fylkesveg 25 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 25 i Finnmark Fylkesveg 25 i Aust-Agder Fylkesveg 25 i Møre og Romsdal Fylkesveg 25 i Hedmark Fylkesveg 25 i Vest-Agder

                                               

Fylkesveg 71

Fylkesveg 71 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 71 i Vest-Agder Fylkesveg 71 i Aust-Agder Fylkesveg 71 i Møre og Romsdal Fylkesveg 71 i Hedmark Fylkesveg 71 i Finnmark Fylkesveg 71 i Hordaland Fylkesveg 71 i Buskerud

                                               

Fylkesveg 214

Fylkesveg 214 finst i fleire fylke i Noreg: Fylkesveg 214 i Vest-Agder Fylkesveg 214 i Hordaland Fylkesveg 214 i Aust-Agder Fylkesveg 214 i Østfold Fylkesveg 214 i Troms Fylkesveg 214 i Sogn og Fjordane Fylkesveg 214 i Buskerud Fylkesveg 214 i Nordland

Users also searched:

...