Back

ⓘ Naturleg drepecelle. Naturlege drepeceller eller NK-celler er ein type cytotoksiske lymfocyttar som er viktige for det medfødde immunsystemet. Rolla til NK-cell ..




                                               

Antistoff

Antistoff eller immunglobulin er kroppseigne eggekviteemne. Dei skal klassifiserast som globulin og finst i blod og andre kroppsvæsker hjå ryggbeinsdyr. Antistoffsproduksjon inngår i det humorale immunsystemet og er ein reaksjon på ulike immunogen. Antistoff skal oppdaga og reagera med antigen og på det viset nøytralisera og gjera ulike kroppsframande emne som til dømes virus og bakteriar uskadelege. På grunn av dei viktige funksjonane i framfor alt det humorale immunsystemet nyttar ein òg omgrepet immunglobulin.

Naturleg drepecelle
                                     

ⓘ Naturleg drepecelle

Naturlege drepeceller eller NK-celler er ein type cytotoksiske lymfocyttar som er viktige for det medfødde immunsystemet. Rolla til NK-cellene er analog til den hjå cytotoksiske T-celler i det adaptive immunsystemet hjå ryggbeinsdyr. NK-celler responderer snøgt på virusinfiserte celler og tumorvekst, og byrjar kring 3 dagar etter infeksjon. Kvite blodceller reagerer på vevstypeantigen på celleoverflata og set fart i utsleppet av cytokin, som ender i lysering og apoptose. NK-celler er unike fordi dei er i stand til å kjenne att stressa celler i fråveret av antistoff og MHC, som gjev ein mykje snøggare immunreaksjon.

                                     
  • antistoffsmarkerte emne som dei kan sluka og bryta ned opsonering Naturlege drepeceller natural killer cells, NK - celler vert òg aktiverte og går til åtak

Users also searched:

...