Back

ⓘ Natufisk kultur eller natufian var ein førhistorisk steinalderkultur som eksisterte i middelhavsregionen i Levanten i tida 12 300–9 600 fvt., overgangen mellom ..




                                               

Støytar

Støytar er ein reiskap som kan brukast til å knusa ting, til dømes i samband med matlaging eller til tradisjonell tilverking av produkt som medisinar og kosmetikk. Ein støytar blir ofte brukt i samband med ein mortar. Støytarar kan vera av mange ulike harde materiale, som stein, tre, metall og i nokre høve glas. Dei er ofte avlange med eit handtak i eine enden, medan den andre enden kan vera tilpassa støyting, til dømes ved å vera avrunda eller svulma ut. Støytarar kan også ha meir avrunda former, og nokre kan ha form som ein rund stein. Menneske har brukt støytarar sidan steinalderen i se ...

                                               

Mellomsteinalderen

Mellomsteinalderen er eit omgrep for ein del av steinalderen som kom mellom eldre og yngre steinalder. Tida er også kalla mesolittisk tid eller mesolitikum. Perioden starta fleire stader for rundt 10 000 år sidan etter siste istida, då klimaet blei varmare, og slutta etterkvart som jakt og sanking i stor grad blei avløyst av jordbruk som viktigaste næringsgrunnlag. Nokre stader bruker ein også nye teknologiar som mål for kva tid denne alderen slutta.

                                               

Jayrud

Jayrud er ein by sør i Syria i Rif Dimashq guvernement. Byen ligg nordaust for Damaskus i Qalamounfjella. Av stader i nærleiken finn ein al-Ruhaybah, al-Qutayfah og Muadamiyat al-Qalamun i sørvest, Yabrud, al-Nabk og Deir Atiyah i nord og al-Qaryatayn i nordaust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå hadde Jayrud eit folketal på 24 219 i 2004. Byen er òg det administrative senteret i Jayrud nahiyah som består av fire byar med eit samla folketal på 31 821. Innbyggjarane i Jayrud er hovudsakleg sunnimuslimar.

Natufisk kultur
                                     

ⓘ Natufisk kultur

Natufisk kultur eller natufian var ein førhistorisk steinalderkultur som eksisterte i middelhavsregionen i Levanten i tida 12 300–9 600 fvt., overgangen mellom mellomsteinalderen og yngre steinalder. Namnet kjem frå funnstaden Wadi an-Natuf som ligg vest for Jordan i Palestina. Den natufiske kulturen gjekk føre jordbruksrevolusjonen omkring 8000 fvt. då jordbrukskulturen oppstod i området rundt Jeriko og andre stader i same region.

Kulturen var truleg uvanleg ved at han bygde steinbygningar før jordbruket var introdusert og er ein mogeleg forgjengar til byggjarane av dei første neolittiske busetnadane i regionen, og som kan ha vore dei tidlegaste i verda. Det er ingen bevis på bevisst kultivering av frø, men folkesetnaden nyttiggjorde seg mest truleg ville vekstar. Dei jakta mellom anna gaseller. Denne kulturen var ein etterfølgjar av Kebarakulturen.

Professor Ofer Bar-Yosef ved Harvard University meiner at den natufiske kulturen, med den faste busetnaden sin og eksperimentering med ville kornvekstar, representerer eit "point of no return" på vegen mot jordbruk.

Natufisk kultur oppstod på slutten av den eldre steinalderen eller det som vert kalla for paleolittisk tid, omtrent 12 300 fvt. i høve karbondatering med C14-metoden. Klimaet i Levanten var på denne tida langt fuktigare enn det tørre ørkenklimaet som rår i dag. Meir nedbør gav opphav til opne skogar på Karmelberget og på høglandet. Kulturen bestod fram til innleiinga av ein tørrare periode omkring 10 800-talet fvt. – det såkalla yngre dryas. Då vart han avløyst av ein sein-natufisk periode 10 800–9 600 fvt. med oppløysing av landsbylivet, inntil det igjen skjedde ei sterk folkeauge og jordbruksutvikling gjennom den neolittiske perioden i både denne og meir austlege delar av Den fruktbare halvmånen.

                                     

1. Arkeologisk utgraving

I løpet av byrjinga av 1900-talet undersøkte arkeologar fleire buplassar og graver rundt Karmelfjellet og på det palestinske høglandet. Den britiske arkeologen Dorothy Garrod ved Cambridge University identifiserte i 1928 ein eigen førhistorisk steinalderkultur som blei kalla "natufisk" etter funnstaden. Ho grov òg ut funnstaden El-Wad på Karmelfjellet, ein imponerande natufisk gravstad med nesten 100 graver, hovudsakleg individuelle.

Funn av sigdar og kvernsteinar overtydde Dorothy Garrod til å lansere teorien sin i 1932 om at den natufiske kulturen var den første jordbrukskulturen i verda, men det var for raskt. Ein meir forsiktig teori er at menneska her samla ville kornvekstar, som det fanst rikelege mengder av i skogane rundt. Dei jaga òg ville dyr, framfor alt gasellar, og fanga sjøfugl og fisk.

Spor av denne kulturen har òg blitt gjort på andre stader i Jordandalen, til dømes Ain Mallaha og Nahal Oren. Ain Mallaha vart graven ut av franskmannen Jean Perrot frå 1954 og har gjeve viktige funn av kornsigdar og bustadhus. Ein annan, heilt samtidig natufisk bustad 20 km lenger sørvest – HaYonimgrotta – vart graven ut av amerikanaren Ofer Bar-Yosef frå 1964, og gav liknande funn av kornsigdar.

I seinare tid spreidde kulturen seg òg nord for Syria og vestover mot middelhavskysten.

                                     

2. Steinalderkultur med faste buplassar

Dei natufiske buplassane er av dei tidlegaste teikna på menneska sin overgang til eit bufast liv. Hyttene hadde ein grunn av stein og overbygning av tre og siv, markert av stolpehol. Gravene låg rundt husa på buplassen. Blant dei arkeologiske funna finst smykke av snigelhus, bein og perler i tillegg til dyre- og menneskehovud gjort i bein og stein. Obsidian, ein svartskinande vulkansk bergart frå Anatolia og skal frå skaldyr som levde i Nilen, tyder på handelskontakt langt unna. Steinverktøy i form av økser, sigdar og kvernsteinar er òg funne under utgravingane.

                                     

3. Domestisering av hund

Det er ved natufiske funnstader at ein har nokre av dei tidlegaste arkeologiske bevisa for domestisering av hunden. Ved den natufiske funnstaden i Ein Mallaha i Israel, datert til 12 000 fvt. er det funne leivningar av eit eldre menneske og ein fire til fem måneder gammal kvalp som er blitt gravlagde saman. Ved ein annan stad ei grotte ved Hayonim er menneske funne gravlagde saman med to hundedyr.

                                     

4. Bakgrunnsstoff

  • Cultural Complexity Hierarchical Societies Socio-Economic-Political Inequalities in Mesopotamia: An Outline
  • Epi-Palaeolithic European Mesolithic Natufian Culture of Israel – historia til Midtausten i oldtida
                                     
  • viste at innbyggjarane her var fastbuande alt før jordbruket kom sjå natufisk kultur Fleire overraskingar følgde i 1990 - åra då ein fann megalittiske strukturar
  • Kjeldene kring det som skulle bli Jeriko var ein populær leirstad for natufiske jeger - samlarar, som etterlet seg mange små steinreiskap. Kring 9600 fvt

Users also searched:

...