Back

ⓘ Axel Lindahl. Axel Theodor Lindahl var ein svensk fotograf som i perioden 1883-89 arbeidde i Noreg. Han er særleg kjend for sine landskapsbilete. Lindahl var fr ..




                                               

Fantoft stavkyrkje

Fantoft stavkyrkje, eller på bokmål Fantoft stavkirke, er ei stavkyrkje som står på Fantoft i Fana bydel i Bergen. Kyrkja vart opphavleg bygd om lag 1150, og stod i Fortun i Sogn og Fjordane fylke. Då denne stavkyrkja vart riven, kjøpte konsul F. G. Gade i Bergen mykje av tømmeret i 1883, for at dei delane av kyrkja som ein rekna med skreiv seg frå mellomalderen skulle kunne nyttast i ein rekonstruksjon av den opphavlege mellomalderkyrkja på eigedomen hans på Fantoft ved Bergen. Borgund stavkyrkje var førebilete for rekonstruksjonsarbeidet, som vart leia av konservator Anders Lorange. Ein ...

                                               

Geit

Den tamme geita er ein tamd underart av den ville geita som er å finna i Sørvest-Asia og Aust-Europa, eit klauvdyr som er nært i slekt med sauen. Geita har vore i bruk som husdyr over store delar av verda i fleire tusen år. Ein har fått mellom anna mjølk, kjøt, hår og skinn frå dyret. Frå slutten av nittenhundretalet har geita også vorte noko utbreidd som kjæledyr.

                                               

Klokkestopul

Klokkestopul eller stopul er ein frittståande konstruksjon for kyrkjeklokker. I Noreg er stoplar fyrst og fremst er å sjå som byggverk i tre ved stavkyrkjene frå mellomalderen, ettersom det vanlegvis ikkje er tårn for klokker på sjølve bygningen. Men berre stopulen ved Borgund stavkyrkje vert tidfesta til mellomalderen; dei andre er yngre. Klokkestoplar finst fyrst og fremst i Skandinavia, Nord-Tyskland Sør-Slesvig og Nederland. Frittståande klokketårn ved kyrkjer og katedralar frå mellomalderen, kampanilar, er elles å sjå i Sør-Europa, med kampanilen ved domkyrkja i Pisa i Italia, "Det sk ...

                                               

Smør

Smør er ei feit, gulfarga matvare laga ved å kinna fløyte og gjerne smaksett med salt og mjølkesyrekulturar. Det består av rundt 80 % mjølkefeitt, andre mjølkedelar og vatn. Smør er i fast form ved romtemperatur, men smeltar til ei tynn væske ved 32 °C-35 °C. Smørlaging er ein konserveringsmetode kjent i alle kulturar som har halde husdyr. Ein bruker smør i matlaging, til dømes steiking og baking, og til å smøra på brødmat, særleg brødskiver.

                                               

Melodi Grand Prix 2012

Melodi Grand Prix 2012 var den 50. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 24 songar deltok i tre delfinalar, og av desse kom ti til finalen 11. februar 2012 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei "Stay", framført av Tooji. Han har skrive låten saman med Peter Boström og Figge Boström. Tooji representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2012 i Baku, der han kvalifiserte seg via andre semifinale. I finalen enda han på ein 26. og siste plass med 7 poeng. Dette var Noregs ellevte sisteplass i tevlinga.

                                               

Friluftsmuseum

Friluftsmuseum er ein særskilt type museum med samlingar utstilt til dels utandørs. Som andre museum skal friluftsmuseum tena samfunnet og vera ope for eit ålment publikum. Det er ingen prinsipielle grenser for kva eit friluftsmuseum kan samla, men tilflytta byggverk utgjer den viktigaste og mest synlege gjenstandsypen ved dei fleste, i tråd med ein godt etablert tradisjon.

                                               

Slåttonn

Slåttonn er ei onn då ein slår og klargjer graset til vinterfôr. I tidlegare tider vart grase slege, tørka og køyrt inn over eit lengre tidsrom. I dag er det vanlegare å samla slått gras i silo eller rundballar. Slåtten blir halden om lag midt på sumaren, eller ein kan slå graset to gonger - førsteslåtten ein gong tidleg på sumaren, og andreslåtten på seinsumaren. Høyonn viser til slått der ein tørker gras til høy, medan siloslått viser til at ein legg det i silo.

                                               

Skuronn

Skuronn er i onn på hausten då kornet vert hausta. Tidlegare vart kornet skore med sigd, eller slege med ljå. Når kornet vart skore vart det samstundes samla og bunde til høveleg store kornband. Dette arbeidet kravde at ein stod bøygd heile dagen og det førte til mange stive ryggar rundt om på gardane. Når kornet vart skore med sigd var både kvinner og menn var med på dette arbeidet, men når det vart slege med ljå var det mennene som slo og kvinnene som batt. Kornbanda vart sette på staur for å tørka og når kornet var tørt vart det køyrd inn og lagra på kornlåven. Treskinga skjedde som oft ...

                                               

Slipestein

Slipestein er ein skiveforma stein som vert nytta for å kvessa reiskap som knivar, økser, ljå, sigd og liknande. Han vert òg nytta for å kvessa snikkarverktøy med. Slipesteinar vert lage av sandstein, som vert dreia til ei skive med diameter frå 50 til 130 cm og med ei breidd på 10 - 12 cm. Slipesteinane vart leverte med eit firkanta hòl i midten, der det vart plassert ein aksling av tre eller jarn. På den eine enden av akslingen er det ei sveiv eller ei reimskive. Før i tida stod det alltid ein slipestein i tunet og i slåttonna og skuronna var det ofte ungane som fekk dra slipesteinen. I ...

                                               

Fylkesveg 241 i Sogn og Fjordane

Sjå òg fylkesveg 241 fleirtyding. Fylkesveg 241 i Sogn og Fjordane går mellom Gudvangen og Bakka i Aurland kommune. Vegen går langs vestsida av Nærøyfjorden og er 4.7 kilometer lang. Han tek av frå Europaveg 16 i på vestsida av Nærøydalselvi i Gudvangen og går på oppsida av biloppstillingsplassen, ferjekaia og turistbåthamna og eit par hundre meter langs fjorden før han held fram inn i den 1754 meter lange Bakkatunnelen. På hi sida av tunnelen held vegen fram langs fjorden til Bakka, der fylkesvegen endar. Vidare gjennom Bakka, forbi Bakka kyrkje, og til garden Tufto går det 1.2 kilometer ...

Axel Lindahl
                                     

ⓘ Axel Lindahl

Axel Theodor Lindahl var ein svensk fotograf som i perioden 1883-89 arbeidde i Noreg. Han er særleg kjend for sine landskapsbilete.

Lindahl var frå Mariestad i Västra Götalands län. Saman med broren Udo opna han fotoverkstad i Uddevalla i 1865; allereie året etter vart verk av han utstilt på museum. Kring 1867 flytta han verksemda si til Göteborg. Der tok han etter kvart til å interessere seg for landskapsfotografering. Til å byrje med konsentrerte han seg om den svenske vestkysten, før han flytta over grensa til Noreg. I 1883 selde han parten sin i foto-verksemda i Sverige. Frå då av var norske landskapsfotografi hans einaste forretningsfelt, i nært samarbeid med forleggaren Rich. Andvord.

Til skilnad frå mange samtidige naturfotografar, som la vekt på å syne det spektakulære i det norske landskapet, søkte Lindahl å vektlegge det harmoniske og estetiske i naturlandskapet.

Gjennom sine år i Noreg laga han 3 500 negativplater. Ein stor del av Lindahl-bilete frå Noreg vart overteke og innlemma i negativarkivet til den norske fotografen Anders Beer Wilse. Desse er del av Wilses fotoarkiv, som den norske staten kjøpte av private eigarar i 1991, og som i dag er å finne på Norsk Folkemuseum. Delar av fotografia hans er gjort tilgjengeleg på Galleri NOR.

                                     
  • på minst 50 meter. Breitinden som den høgaste i Trolltind - rekka Foto: Axel Lindahl 1890 Delvis snødekka Breitinden sett frå Trollstigplatået. Høgaste fjell
  • Anders Beer Wilse i 1930 Den tidlegare kyrkja og prestegarden Foto: Axel Lindahl Denne kyrkjeartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe
  • norske kyrkja Fotografi av Namdalseid kyrkje frå 1880 - åra, fotograf: Axel Lindahl Namdalseid kyrkje frå Kirkesøk Namdalseid kyrkje i kulturminnesok.no
  • på nettstaden til Jernbaneverket Stanghelle i Stasjonsdatabasen til Norsk Jernbaneklubb Leskur for passasjerane Stasjonen i 1892 Foto: Axel Lindahl
  • det lite skog i området. Sætersdalen, Mellem Valle og Helle foto Axel Lindahl kring 1880 Altaret og altartavla som viser korsfestinga og nattverda
  • Fluberg kyrkje Frå Dokkadeltaet naturreservat Odnes hotell fotografert av Axel Lindahl omkring 1880 1890 Søndre Land av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon
  • attreist som Fantoft stavkyrkje Fantoft stavkyrkje i 1880 - åra. Foto: Axel Theodor Lindahl 1841 1906 Nye Fantoft stavkyrkje Foto: Nina Aldin Thune Bilete
  • Vangsmjøse i Valdres av Wilhelm Maximilian Carpelan ca 1819 Kvamskleven, Axel Lindahls foto frå ca 1890 same stad som Carpelan. Litteratur Skoug, Stein Erik
  • Folkemengd i Røldal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå Galleri Nor, bilete frå Røldal tekne av Axel Lindahl og Anders Beer Wilse.
  • som er ikonet mellom stavkyrkjene. Grunnriss av kyrkja Fotografi ved Axel Lindahl om lag 1880 - 1890 Teikning utført av Franz Wilhelm Schiertz, trykt i
                                               

3. serierunde i Oddsenligaen avdeling 2 2013

3. serierunde i Oddsenligaen avdeling 2 2013 vart gjennomført med tre kampar laurdag 27. april, to kampar søndag 28. april og to kampar måndag 29. april.

Users also searched:

...