Back

ⓘ Håkon Kyllingmark. Håkon Olai Kyllingmark var ein norsk offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og had ..




                                               

11. august

1985: Jon Rønningen vart den fyrste norske verdsmeister i bryting under verdsmeisterskapen i Kolbotn.

                                               

2003

27. februar: Odda Smelteverk blei erklært konkurs.

                                               

1915

15. september: Stiftinga av Hjemmenes Vels Lands­forbund, frå 1933 Norges Husmor­forbund og frå 1997 Norges Kvinne- og familieforbund

Håkon Kyllingmark
                                     

ⓘ Håkon Kyllingmark

Håkon Olai Kyllingmark var ein norsk offiser, forretningsmann og politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant frå 1953 til -1981 og hadde to ulike statsrådposter; forsvarsminister i 1963 og samferdsleminister 1965-71. si tid som samferdsleminister var han sentral i arbeidet med å bygge flyplassar på kysten av Vestlandet og i Nord-Noreg.

                                     

1. Liv og gjerning

Kyllingmark vart fødd i Honningsvåg. Etter utdanning på befalskurs livnærde han seg som handelsagent i åra før 2. verdskrigen, busett i Svolvær. Han deltok så som soldat under krigen i Nord-Noreg våren 1940, heilt til det norske Forsvaret kapitulerte i juni 1940. Under okkupasjonen av Noreg deltok han i illegalt motstandsarbeid, og flykta i 1943 til Sverige.

I 1945 tok Kyllingmark oppatt sitt yrke som agent. Han engasjerte seg i lokalpolitikken, vart same året vald inn i Svolvær bystyre på ei borgarleg fellesliste. Seinare melde han seg inn i partiet Høgre og vart hausten 1953 vald inn på Stortinget for Nordland Høgre. Sidan vart han attvald seks gongar og var såleis stortingsrepresentant i 28 år.

Kyllingmark vart fyrst og fremst ein samferdsle-politikar. Bortsett frå eit par år i sjøfarts- og fiskerikomiteen var han gjennom heile si tid på Stortinget medlem av samferdslekomiteen. Hausten 1965 vart han samferdsleminister i den nydanna Borten-regjeringa, ein post han hadde heilt til regjeringa gjekk av i mars 1971. Gjnnom desse åra leia han utbygginga av det såkalla kortbanenettet, eit prosjekt som kom til å revolusjonere norsk luftfart. Særleg viktig var kortbane-flyplassane for flytrafikken i Nord-Noreg og på Vestlandet.

Allereie i 1958 vart Kyllingmark vald til 2. viseformann i Høgre, ein posisjon han hadde heilt fram til 1970. Deretter var han i mange år medlem av sentralstyret i partiet. I perioden 1973–81 var han nestformann i Høgre si stortingsgruppe. Hausten 1963 var Kyllingmark forsvarsminister i den kortvarige Lyng-regjeringa.

Kyllingmark budde i sitt vaksne liv i Vågan kommune, der han også døydde.

                                     

2. Utmerkingar

Kyllingmark fekk ei rad utmerkingar for krigsinnsatsa si, mellom anna St. Olavsmedaljen med eikegrein og Deltakarmedaljen med rosett. Han fekk den amerikanske Fridomsmedaljen, Croix de Guerre frå Frankrike og Kings Commendation for Brave Conduct frå Storbritannia.

                                     
  • Reidar Carlsen Arbeidarpartiet Parelius Berntsen Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Sigurd Hamran Arbeidarpartiet Hans Berg Kristeleg Folkeparti
  • Magnus Andersen Arbeidarpartiet Margith Munkebye Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Per Karstensen Arbeidarpartiet Erling Engan Senterpartiet Rolf
  • Jens Steffensen Arbeidarpartiet Alfred S. Nilsen Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Parelius Berntsen Arbeidarpartiet Hans Berg Kristeleg Folkeparti
  • Kommentarar Varafolk Eivind Bolle Arbeidarpartiet Rolf Hellem Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Bjarne Mørk - Eidem Arbeidarpartiet Odd With Kristeleg Folkeparti
  • Arbeidarpartiet Margith Munkebye Arbeidarpartiet Per Karstensen Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Erling Engan Senterpartiet Rolf Hellem Arbeidarpartiet Bjarne
  • Kolbjørn Varmann Arbeidarpartiet Parelius Berntsen Arbeidarpartiet Håkon Kyllingmark Høgre Sigurd Hamran Arbeidarpartiet Hans Berg Kristeleg Folkeparti
  • Hanna Kvanmo Sosialistisk Valgforbund Odd With Kristeleg Folkeparti Håkon Kyllingmark Høgre Bjarne Mørk - Eidem Arbeidarpartiet Per Karstensen Arbeidarpartiet
                                               

Stortingsrepresentantar 1958-1961

Stortingsrepresentantar 1958-1961 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden frå 1958 til 1961. Stortinget hadde totalt 150 representantar, fordelt med 78 til Arbeidarpartiet, 29 til Høgre, 15 til Bondepartiet, 15 til Venstre, 12 til Kristeleg Folkeparti og 1 til Norges Kommunistiske Parti.

                                               

Stortingsrepresentantar 1954-1957

Stortingsrepresentantar 1954-1957 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden frå 1954 til 1957. Stortinget hadde totalt 150 representantar, fordelt med 77 til Arbeidarpartiet, 27 til Høgre, 15 til Venstre, 14 til Bondepartiet, 14 til Kristeleg Folkeparti og 3 til Norges Kommunistiske Parti. Stortingsvalet 1953 var det fyrste med fylkesvise valkrinsar, 20 i talet.

                                               

Stortingsrepresentantar 1977-1981

Stortingsrepresentantar 1977-1981 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden 1. oktober 1977 til 30. september 1981. Stortinget hadde totalt 155 representantar, fordelt med 76 til Arbeidarpartiet, 41 til Høgre, 22 til Kristeleg Folkeparti, 12 til Senterpartiet, 2 til Sosialistisk Venstreparti og 2 til Venstre

                                               

Stortingsrepresentantar 1969-1973

Stortingsrepresentantar 1969-1973 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden 1. oktober 1969 til 30. september 1973. Stortinget hadde totalt 150 representantar, fordelt med 74 til Arbeidarpartiet, 29 til Høgre, 20 til Senterpartiet, 14 til Kristeleg Folkeparti og 13 til Venstre. Åtte av Venstre-representantane braut med partiet, og møtte frå 9. desember 1972 som representantar for det nyskipa partiet Det Nye Folkepartiet.

                                               

Stortingsrepresentantar 1961-1965

Stortingsrepresentantar 1961-1965 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden 1. oktober 1961 til 30. september 1965. Stortinget hadde totalt 150 representanter, fordelt med 74 til Arbeidarpartiet, 29 til Høgre, 16 til Senterpartiet, 15 til Kristeleg Folkeparti, 14 til Venstre og 2 til Sosialistisk Folkeparti. I valkrinsen Vest-Agder vart det halde omval vinteren 1962, utan at det skipla noko på mandatfordelinga.

                                               

Stortingsrepresentantar 1973-1977

Stortingsrepresentantar 1973-1977 er ei liste over stortingsrepresentantane i valperioden 1. oktober 1973 til 30. september 1977. Stortinget hadde totalt 155 representantar, fordelt med 62 til Arbeidarpartiet, 29 til Høgre, 21 til Senterpartiet, 20 til Kristeleg Folkeparti, 16 til Sosialistisk Valgforbund, 4 til Anders Langes Parti, 2 til Venstre og 1 til Det Nye Folkepartiet.

Users also searched:

...