Back

ⓘ Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting som har som formål å syne fram korleis folk i Noreg levde i byar og bygder frå reformasjon ..




                                               

Bernhard Greve

Bernhard Henrik Greve var ein norsk målar og kunstnar. Greve vart fødd i Bergen. Han fekk målarundervising av mellom andre Harriet Backer, Henri Matisse og Oluf Wold-Torne. I løpet av levetida si laga han både freskomåleri, keramiske skulpturar og framfor alt glasmåleri til ymse norske museum og kyrkjer. Greve kjøpte tomta Skredhaugen ved Lofthus i Hardanger i 1918. Hit flytte han fleire gamle hus frå rundt om i Sørfjorden, og skapte eit naturtru friluftsmuseum av dei. Han fylte husa med om lag 2000 bruks- og pyntegjenstandar frå Hardanger. Greve var òg sjølv fleire somrar på Skredhaugen f ...

                                               

Himmelseng

Himmelseng er ein type seng med sitt eige tak eller himling, og det et dette taket som er "himmelen" som har gjeve namn til denne typen senger. "Himmelen" vert vanlegvis halden oppe av ei stolpe i kvart hjørne av senga, laga som ei forlenging av sengebeina. Ofte er det hengt opp tunge forheng i ramma eller sargen på "himmelen". Himmelsenger har eksistert sidan mellomalderen, og markerte eigarens høge sosial status, ettersom soveromma på slott og i herskapshus i tidlegare tider var stader der ein gjerne tok imot visittar. På 1600-talet vart denne sengetypen populær hjå dei velsituerte bybor ...

                                               

19. desember

1975: Øvre Anárjohka nasjonalpark vert oppretta. 1943: 47 nordmenn omkom, mellom dei fem brannmenn, og nærare 400 blei skadde i ein brann i eit kolopplag på hamneområdet Filipstad i Oslo. 1946: Dampskipet "Havskaaren" forliser ut for Kvalnes i Lofoten, 11 menneske omkom. 1894: Norsk Folkemuseum vert stifta.

                                               

Haltdalen nye stavkyrkje

Haltdalen nye stavkyrkje står i Haltdalen i Holtålen kommune i Trøndelag fylke og er ei einskipa langkyrkje frå 2004. Ho er ein kopi av Haltdalen stavkyrkje frå siste halvdelen av 1100-talet. Kyrkja er eigd av stiftinga Haltdalen stavkirke og Gammelgården. Gamlekyrkja vart riven og flytt til museum i Trondheim etter at Haltdalen kyrkje stod ferdig i 1881. Originalen står no på Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim. Haltdalen Historielag bad i 1986 om at Haltdalen stavkyrkje skulle flyttast attende til Haltdalen, men Trøndelag Folkemusem sette seg mot. Fylkeskonservator Jonas Gil ...

                                               

1881

1881 var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen og eit normalår som byrja på ein torsdag i den julianske kalenderen.

                                               

1894

9. januar: Første utgåve av avisa Den 17de Mai, grunnlagd av Arne Garborg og Rasmus Steinsvik, kom ut. 19. desember: Norsk Folkemuseum vart skipa.

                                               

Sunnmøre Museum

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum som ligg i Borgundgavlen i Ålesund på Sunnmøre. Det har ei omfattande samling av mellom anna hus og båtar. Museet vart stifta i 1931.

                                               

Cister

Cisteren blei truleg utvikla med utgangspunkt i lutten mellom 900- og 1100-talet, men førebiletet kan òg ha vore strykeinstrumentet fidel. Resonanskassa kan vera drope- eller pæreforma, eller ha eit klokkeforma omriss. Sargen smalnar av mot halsen og loket er forsynt med lydhol. Instrumentet er utstyrt med doble sett metallstrenger strengekor av stål, messing, jarn og leileghetsvis sølv. Det finst cisterar i ulike stemmingar frå storleik med mandolin og oppover. Dei fleste instrumenta hadde ein kort mensur og blei stemt i open stemming, og dermed enkle å spela på. I renessansen hadde ciste ...

                                               

Hammersborg

Hammarborg er eit strøk på ei høgd i nordenden av Oslo sentrum, som voks fram som ein forstad til Christiania på 1700-talet. Forstaden vart sanert på 1920- og 30-talet og strøket består no av bustader, kontor, institusjonar og kyrkjer. Nokon av husa frå gamle Hammarborg finst på Norsk Folkemuseum. Høgda ligg fint til som stad for viktige bygningar, og frå midten av 1800-talet til 1920-åra vart det diskutert å byggja mellom anna rådhuset her. Styresmaktene i byen har på Hammersrborg langt på veg forspilt høvet for å utnytta ei flott høgd. Arkitekt Odd Brochmann seier i boka Hus i Oslo Cappe ...

Norsk Folkemuseum
                                     

ⓘ Norsk Folkemuseum

Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting som har som formål å syne fram korleis folk i Noreg levde i byar og bygder frå reformasjonen fram til i dag. Dette gjer museet med utstillingar av bygningar, bruksting, folkedrakter, folkekunst og annan kunst, og med element frå samisk kultur. Museumsområdet ligg på Bygdøy i Oslo og omfattar også bygningar på Bygdøy Kongsgård.

                                     

1. Utstillingar

Museet disponerer bygningar på Bygdøy for utstillingar og gjenstandsamlingar. Kring museumsbygningane finst også eit friluftsmuseum med mange gardsmiljø av bygningar samla frå norske bygder og kyststrøk, og ein "Gamleby" med tilflytte byhus frå norske byar, dei fleste frå Oslo. Museet eig fem mellomalderbygningar, mest kjend er stavkyrkja frå Gol.

Frå 2004 har Norsk Folkemuseum også omfamna delar av Bygdøy Kongsgård med lystslottet Oscarshall, landskapsparken, jordvegen og driftsbygningane, men utan hovudbygningen og den private parken på garden.

Museet tar hand om bygningane og parken på Bogstad gard i Sørkedalen gjennom ei eiga stifting. Også Ibsen-museet og Norsk Farmasihistorisk Museum er stiftingar knytt til Norsk Folkemuseum.

Museet er oppteken av å trygge, ta vare på og katalogisere fotografiske bilete som dokumenterer folk og natur i Noreg heilt fram til i dag. Den norske fotografen Anders Beer Wilse har late etter seg ei fotografisamling til museet frå første halvleik av 1900-talet.

I tillegg til gjenstandar for utstillingar disponerer museet ei boksamling på om lag 50 000 bind innanfor faget kulturhistorie.

                                     

2. Historie

Norsk Folkemuseum blei stifta 19. desember 1894 i Kristiania, etter initiativ frå bibliotekar og museumsmann Hans Aall 1869–1946. Forbildet var Nordiska Museet i Stockholm, som vart stifta i 1873, fekk sitt noverande namn i 1880, og vart vida ut med friluftsmuseet Skansen i 1891. Hans Aall hadde ein visjon om ein norsk parallell som skulle samle og utstille "alt som belyser det norske Folks Culturliv". Målet var å samle inn, ta vare på, forske ut og bringe vidare kunne om far av menneskeliv og verksemd i bygd og by. Både utstillingar og publikasjonar skulle brukast til å formidle dette.

Museet opna den første utstillinga i ein bustad i Christian IVs gate 13 i 1896. I 1898 kjøpte museet ei tomt på Bygdøy og starta gjenreisinga av fleire hus frå bygdene som var kjøpt inn til det planlagde friluftsmuseet. Det var viktig for valet av tomt at den var nabo til Kong Oscar II sin bygningssamling frå 1881, verdas første friluftsmuseum. Tomta blei leid ut til Den kulturhistoriske utstilling i 1901. Bygningane som var reist for dette formålet kunne etterpå overtakast av Folkemuseet, som opna innandørs utstillingar og friluftsmuseum i 1902. I 1907 fekk museet hand om Kong Oscars samlingar med stavkyrkja frå Gol og fire andre bygningar.

For å gje plass til vaksande samlingar av gjenstandar og bygningar vart tomta utvida og ein ny museumsbygning reist i 1914. Samstundes starta innsamlinga av byhus til "Gamlebyen" i friluftsmuseet. Etter ein arkitektkonkurranse i 1919 blei det store anlegget rundt museumstorget reist i åra 1934–38. I dei kommande åra blei friluftsmuseet mykje utbygd, med ein ambisjon om å vise komplette gardstun frå 15 regionar i Noreg, ein plan som aldri blei fullført.

Etter at Hans Aall døydde var Reidar Kjellberg direktør frå 1946 til 1975. Gjenstandssamlingane og friluftsmuseet heldt fram å vakse i etterkrigstida, og "Gamlebyen" fekk stor tilvekst av bygningar som måtte vike for byfornyinga i Oslo. I 1990 overtok museet store delar av dei norske samlingane frå Nordiska Museet. Ved 100-årsjubileet i 1994 kunne museet ta i bruk eit nytt besøkssenter og nye magasiner.

Frå starten av åtte ein medlemsskipnad Norsk Folkemuseum, men i 1990 vart museet organisert som ei sjølveigd stifting med venneskipnad. Det vert hovudsakleg finansiert med tilskot frå staten. Besøkstalet var i 2004 266 176. Samlingane femna om 155 antikvariske bygningar frå mellomalderen til moderne tid og ca. 155 000 gjenstandar. Museet har etter 1943 gjeve ut årboka "By og Bygd". Venneskipnaden har kring 2 000 medlem.

                                     
  • Koordinatar: 61 11 16 N 7 13 4 E De Heibergske Samlinger Sogn Folkemuseum er eit museum i Kaupanger i Vestland. Museet blei skipa av Gert Falch Heiberg
  • i lokale på Norsk Folkemuseum I 1960 flytta sjøfartsmuseet til nybygd hus på Bygdøynes i Oslo. 1. januar 2010 endra museet namn frå Norsk Sjøfartsmuseum
  • Valdresmusea også Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Instituttet har administrasjon og dokumentajonssenter i kjellaren på Valdres Folkemuseum og bunadutstillinga
  • Anne - Lise Reinsfelt Norsk Folkemuseum NF. 1968 - 0744. Bursring, ei sølje forma som ein brei, oppkuva ring i sølv, innkjøpt av Norsk Folkemuseum i 1874 i Sunndal
  • Norsk etnologisk gransking NEG vart stifta i 1946, og er i dag ein seksjon ved Norsk Folkemuseum Det er eit arkiv som driv innsamling og bearbeiding
  • endå 150 dekar. Trøndelag Folkemuseum har også ansvar for drift av Meldal Bygdemuseum, Trondhjems Sjøfartsmuseum og Norsk Døvemuseum. Museet er ein del
  • Oslo: Norsk folkemuseum 1993. Kautokeino - kofta tradisjon og fornying i Stephan Tschudi - Madsen red. På nordmanns vis. Norsk folkemuseum gjennom
  • strategisk museumsutvikling, mellom anna i samarbeidet mellom Maihaugen og Norsk Folkemuseum Ågot Gammersvik i Allkunne, innhenta 8. august 2010.
  • stiftinga namn til Norsk Reiselivsmuseum. I 2007 vart Norsk Reiselivsmuseum konsolidert med De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum for så i 2009 å bli
  • og 1821 hamna han på varamannsplass. Han døydde på Lande i 1833. Norsk Folkemuseum har ein stor ølbolle med brudefølgje signert ETL sjå foto og ei
  • og ei stifting som ligg på Eidsvoll. I 2010 vart museet ein del av Norsk Folkemuseum Nettsida til museet har ein omfattande samling av informasjon og
Tvore
                                               

Tvore

Ei tvore er ein kjøkkenreiskap som vert brukt til å røre og stampe i til dømes graut. Ho er forma som ei stong med ein krans av stubbar i enden, og vert ofte laga av gran. Treet vert kutta rett under ein av dei øvste greinkransane, og greinene vert kutta om lag 3 cm lange, og skaftet om lag 30 cm langt. Borken vert fjerna.

Kuklave
                                               

Kuklave

Kuklave vert nytta for å binda storfe på bås, på beite, eller for å leiga dei etter ved flytting. Kuklavar finst i ulike utformingar. Moderne kuklavar er av eit syntetisk tekstilmateriale, som hindrar at dyret får gnagsår om halsen. Kuklaven er gjerne utstyrt med ei elektronisk brikke som styrer kua sin tilgang på kraftfor.

Gol nye stavkyrkje
                                               

Gol nye stavkyrkje

Gol nye stavkyrkje er ei nybygd stavkyrkje frå 1994 i Gol kommune i Viken fylke. Kyrkja ligg i Gordarike Familiepark, og er ein tru kopi av Gol stavkyrkje som blei flytt til Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo. Det finst også ein annan kopi av Gol stavkirke, Stavkirka på Savjord, som er ei privateigd kyrkje i Beiarn i Nordland. Bygginga av denne byrja i 2005, og kyrkja er oppført i mindre målestokk enn originalen.

Users also searched:

...