Back

ⓘ Horndøla bru er namn på to bruer i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Bruene kryssar elva Horndøla ved garden Muldsvor nær fylkesgrensa. Den gamle brua er ei ..




                                               

Fylkesveg 60

Sjå òg Fylkesveg 60 fleirtyding Fylkesveg 60 går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo. Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har tre. Veglengda er 160.7 km, av dette 82.3 km i Møre og Romsdal og 78.4 km i Sogn og Fjordane. Vegen har ei ferjestrekning og dessutan tilknyting til 650 via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til 63 med turistferje på Geirangerfjorden. Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Horndøla bru
                                     

ⓘ Horndøla bru

Horndøla bru er namn på to bruer i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Bruene kryssar elva Horndøla ved garden Muldsvor nær fylkesgrensa. Den gamle brua er ei 52 meter lang steinbru oppført med tørrmura utkraginsteknikk, truleg bygd i tida 1810–1813 der det før var ei eldre bru av tre og stein. Brua er relativt lang fordi elva på denne staden fløymer utover den flate dalbotnen. Horndøla bru vart ombygd i 1937, med ei 5 meter brei betongplate over brukara. I 1971 vart det bygd ei ny bru på staden, like ved den gamle. Den nye brua er ein del av fylkesveg 60. Gamle Horndøla bru vart restaurert av Statens vegvesen i 1993-1994.

Den gamle brua var ein del av Den trondhjemske postvei på strekninga Grodås-Hellesylt, og er den største av bruene bygd langs postvegen på den tida.

                                     

1. Kjelder

  • Tomasgard, Paul O. 2001: Honndøla bru. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane lese på nett 29. mars 2013.
  • Sogn og Fjordane Fylkesarkiv: Honndøla bru
  • NRK fylkesleksikon: Samferdsle i Hornindal lese på nett 29. mars 2013.
                                     
  • Motorveg mellom Sandved og Hove i Sandnes, med ny Kvelluren bru reguleringsplan Bru over Nordfjorden mellom Anda og Lote. Ingen dato, ikkje før 2020

Users also searched:

...