Back

ⓘ Norsk Ordbok. For ordbøker med liknande namn, sjå Norsk ordbok fleirtydingsside Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk ..




                                               

Bakkels

Bakkels er eit gammalt ord for mindre bakverk som kan vera kokte i smult. Det finst i namnet til fleire kaketypar, som bordstabelbakkels, fattigmannsbakkels, hjortebakkels, rosettbakkels, sandbakkels og vassbakkels. Bakels, bakkels, bakelse eller bakkelse har i nordisk samanheng tradisjonelt vist til små bakverk. Ordet kan visa til ein type kake bakt frå gammalt av i ulike delar av Noreg til høgtider og festar. Dei var laga av mjøl, sukker, egg, fløyte og vatn og ofte steikte i særskilde jarn med fint mønster som kunne omfatta namn og årstal. Denne kaketypen er også kjend som jønnbrød, avl ...

                                               

Ugler i mosen

Ugler i mosen er eit uttrykk av dansk opphav som blir brukt om noko som er mistenkeleg eller om ein aner skjulte farar. Uttrykket viser eigentleg til ulvar i myra, men er blitt lånt inn til norsk og svensk med "mose" uomsett. Uttrykket er kjend frå 1600-talet av, og blei mellom anna samla inn av leksikgrafen Mathias Moth ca. 1647-1719 og teke med i ordboka hans som "der er ûlve i mosen". På 1700-talet blei ulver forsvanska til ugler, truleg på grunn av den store lydlikskapen mellom dei to orda i nokre dialektar begge orda er også blitt skrivne uler og uller. På jysk var ordtaket til dømes ...

                                               

Tanums store rettskrivningsordbok

Tanums store rettskrivningsordbok er ei norsk ordbok på bokmål som har vore redigert av professor Jakob Sverdrup, rektor Marius Sandvei, Bernt Fossestøl og Boye Wangensteen. Den kom først ut på Johan Grundt Tanum Forlag og seinare på Kunnskapsforlaget. Den første utgåva av oppslagsverket, gjeven ut under tittelen Norsk rettskrivningsordbok i 1940, vart byrja på av Jakob Sverdrup i 1936 og fullført av Marius Sandvei etter at Sverdrup døydde i 1938. Etter dette har det komme ni nye utgåver av ordboka, og blant desse kom den tredje utgåva i 1961. Dei resterande utgåvene kom i 1974, 1979, 1983 ...

                                               

Pulsåre

Pulsårer er blodårer som leier blod ut frå hjartet. Dei kallast pulsårer av di hjarteslaga får dei til å pulsera. Det er to årer som går ut frå menneskehjartet: lungepulsåra leier oksygenfattig blod frå høgre hjartekammer til lungene, mens livpulsåra eller aorta forsyner kroppen med oksygenrikt blod frå venstre hjartekammer. Heilt i starten av aorta går dei to kranspulsårene av, dei forsyner hjartemuskelen med blod.

                                     

ⓘ Norsk Ordbok

For ordbøker med liknande namn, sjå Norsk ordbok fleirtydingsside

Norsk Ordbok er eit prosjekt for utgjeving av eit ordboksverk over nynorsk språk og norske dialektar i 12 band. Verket vart utgjeve i eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Kulturdepartementet og forlaget Det Norske Samlaget, og ferdigstild i 2016. I 2015 sa Universitetet i Oslo frå seg ansvaret for boka, og Universitetet i Bergen tok over.

                                     

1. Målsetjing

Målsetjinga til ordprosjektet er fylgjande: "Norsk Ordbok skal gje ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane frå 1600 og til i dag og av det nynorske skriftmålet. Hovudvekta skal liggje på grundige tydingsanalysar med klåre definisjonar, kjeldefesta døme på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar og om dialektformer med heimfesting."

Norsk Ordbok er ei kombinert litteratur- og dialektordbok, og denne kombinasjonen er heller uvanleg i europeisk samanheng. Bakgrunnen for det har å gjere med norsk språkhistorie og ideen bak nynorsken generelt, nemleg at nynorsken byggjer på ei jamføring av ulike dialektar. Elles kan Norsk Ordbok jamførast med andre vitskaplege ordboksverk som Svenska Akademiens Ordbok for svensk, Ordbog over det danske Sprog for dansk, Woordenboek der Nederlandsche Taal for nederlandsk, Deutsches Wörterbuch for tysk og Schweizerisches Idiotikon for sveitsertysk.

Verket er i 12 band, og er den største og mest omfattande dokumentasjonen som ligg føre av norsk skrift og tale. Verket skulle etter planen, saman med Det Norske Akademis Ordbok Norsk Riksmålsordbok, vera ferdig til grunnlovsjubileet i 2014. Siste band kom i 2016. Det fyrste heftet kom ut i 1950, etter at arbeidet vart starta i 1930.

                                     

2. NO 2014

Frå og med 1. juni 2002 vart arbeidet med Norsk Ordbok kopla til prosjektet "Norsk Ordbok 2014". Utgangspunktet er at Stortinget i 2001 slutta seg til innstillinga frå Kulturdepartementet Stortingsmelding 22 1999–2000 og vedtok at ordboksverket skulle gjerast ferdig i 2014, dvs. til 200-årsjubiléet for den norske grunnlova. Etter vedtaket har det skjedd fleire endringar: løyvingane er kraftig auka, det er tilsett ei rad nye medarbeidarar, det er skipa ein eigen filial av redaksjonen i Trondheim, materialet er digitalisert, det er utarbeidd fastare og klarare reglar for redigeringa, mellom anna når det gjeld eksempel på bruk av ord og tydingar, og manuskripta for ordartiklane vert lagde direkte inn i eit nyutvikla redigeringsprogram.

Dei viktigaste finansieringskjeldene til Norsk Ordbok var Kultur- og kyrkjedepartementet og Universitetet i Oslo.

Prosjektet "Norsk Ordbok 2014" har Magnus Rindal som styreleiar og Åse Wetås som prosjektdirektør. Hovudredaktørar er Lars S. Vikør, Oddrun Grønvik, Dagfinn Worren og Helge Gundersen. Arbeidet vert organisert gjennom seks redaksjonsgrupper, kvar med 4–5 redaktørar.

Redaktørar tilsette i prosjektet var Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Øystein Baardsgaard, Kristine Eide, Eli J. Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Kjetil Gundersen, Ellen Hellebostad Toft, Madeleine Halmøy, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Helene Urdland Karslen, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygård, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ingjerd Legreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt, Gunnhild Wiggen.

                                     

3. Tilfang

Sjølve innsamlingsarbeidet kan seiast å ha fylgt eit tredelt prinsipp som Sigmund Skard formulerte i 1932: a) ord frå eldre dialektordbøker, b) ord frå nyare dialektinnsamlingar, c) ord frå nynorsk sakprosa og skjønnlitteratur.

I den tidlege fasen vart ordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt jamførte, og det danna grunnlaget for eit grunnmanuskript i 1930- og 1940-åra. Deretter vart tilfanget supplert etter Skards retningsliner då ein bygde opp setelarkivet

Setelarkivet har i dag om lag 3.2 millionar setlar. Av skriftlege kjelder kan nemnast a) dei eldste norske dialekt- og ordsamlingane frå dansketida ca. 1650–1850, b) den nynorske skjønnlitteraturen, både den ”klassiske”, representert ved forfattarar som Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg og Olav Duun, og den nyare, ved til dømes Tarjei Vesaas, Edvard Hoem, Kjartan Fløgstad og Jon Fosse, c) nynorsk faglitteratur og nynorske lærebøker, d) aviser, tidsskrift og blad heilt eller delvis redigerte på nynorsk, e) nynorske fagordbøker, f) Bibelen og salmedikting. Av munnlege kjelder kan nemnast a) tradisjonsord som er innsende av om lag 600 heimelsfolk frå heile landet, b) ord som er registrerte av Norsk Målførearkiv, d) kring 90 trykte dialektordbøker frå heile landet, e) private setelarkiv med samlingar av dialektord.

I 2002 byrja Norsk Ordbok 2014 å byggje opp eit viktig supplement til det tradisjonelle setelarkivet: eit elektronisk tekstkorpus. I korpuset finn ein tekster frå dagspresse, tidsskrift, faglitteratur og skjønnlitteratur, både for vaksne og barn. Per februar 2014 inneheldt korpuset om lag 90 millionar ord. Korpuset er søkbart over Internett.



                                     

4. Digitale søk

Redaksjonen utvikla også ein nettversjon av Norsk Ordbok. Førebels kan ein søke på ord frå i til åværig, men det finst òg ein testversjon der meir av materialet er tilgjengeleg.

                                     

5. Bakgrunnsstoff

  • Setelarkivet - Norsk ordbok
  • Testversjon av Norsk Ordbok
  • Digitaliserte band og hefte av Norsk Ordbok hjå Nasjonalbiblioteket
  • Det nynorske tekstkorpuset
  • Nettstad for Prosjektet Norsk Ordbok i-åværig
                                     
  • Sydsamisk - norsk ordbok Åarjelsaemien - daaroen baakoegærja er ei ordbok skriven av Knut Bergsland og Lajla Mattson Magga. Boka kom ut i 1993 på Iđut.
  • store norske ordbok eller Norsk ordbok med 1000 illustrasjoner riksmål og moderat bokmål er ei ordbok over riksmål og moderat bokmål. Ordboka vert redigert
  • Norsk ordbok kan vise til Ivar Aasen: Norsk Ordbog 1873 Hans Ross: Norsk Ordbog 1895 Steinar Schjøtt: Norsk ordbok 1914 Norsk Ordbok ei ordbok
  • Stor norsk - russisk ordbok SNRO av Valerij Berkov med Helgi Haraldsson og Steinar Kottum som medredaktørar frå 2003 er den nyaste og største ordboka frå
  • tittelen Det Norske Akademis store ordbok Norsk Riksmålsordbok NAOB Årsaka til namneskiftet er dels at ordboka no vert utgjeven av Det Norske Akademi
  • den nyutkomne Svensk ordbok utgitt av Svenska Akademien SO SAOB kan samanliknast med Ordbog over det danske sprog og Norsk Ordbok men er langt større
  • Ei ordbok er eit oppslagsverk som inneheld eit utval av orda i eit språk eller ein språkvariant. Ho fortel korleis ein stavar orda og gjev gjerne bøyingar
  • Det Norske Akademis ordbok forkorta NAOB er eit digitalt ordboksverk over norsk bokmål og riksmål som består av 225 000 artiklar eksemplifisert med
  • Escolas Ordbok nynorsk er ei nynorsk ordbok skriven av Ragnvald Taule 1999 ISBN 82 - 7423 - 009 - 4. Boka er skriven for skuleelevar, og forfattaren har difor
  • Escolas ordbok er tittelen på to ordbøker frå Escola forlag forfatta av Ragnvald Taule: Escolas ordbok - nynorsk og Escolas ordbok - bokmål.
  • Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord. Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve
Illustreret norsk konversationsleksikon
                                               

Illustreret norsk konversationsleksikon

Illustreret norsk konversationsleksikon er eit oppslagsverk. Leksikonet kom fyrste gong ut i 6 band, 1907-1913, frå forlaget H. Aschehoug & co Redaksjonen vart leia av bibliotekaren Haakon Nyhuus. I tillegg til leksikonartiklar, var det nedst på kvar side ei ordbok med omsetjing til norsk frå tysk, engelsk og fransk.

Kylling
                                               

Kylling

Kjukling eller kylling er på norsk opphavleg namnet på ein ung hønsefugl. Ordet har opphav i det norrøne kjúklingr, og kan brukast på fleire måtar i norsk. Unggut eller grønskolling Ungfugl av tamhøns, men og av andre hønsefuglar som til dømes fasan eller kalkun. Kjøt eller slakt av unge tamhøns

                                               

Hjartekammer

Hjartekammera er dei kammera i hjartet som pumpar blodet ut av hjartet. Dei kammera som tek imot blod som kjem til hjartet blir kalla framkammer. I menneskehjartet er det to hjartekammer, vanlegvis kalla høgre og venstre hjartekammer. På medisinsk latin blir hjartekammer kalla ventrikkel av venter mage og -ulus minskingsform. Det blir òg magesekken og nokre væskefylte holrom i hjernen.

Gagat
                                               

Gagat

Gagat eller jett er eit tett, beksvart mineraloid som er ei form for brunkol. Det tek politur og blir til nytta til ulike typar smykke. Det er kalla opp etter den antikke byen Gagas i Lykia. Det greske namnet gagates har gjeve opphav både til "gagat" på norsk og tysk og "jett" jet på fransk og engelsk.

Trutmunn
                                               

Trutmunn

Trutmunn eller trut er eit andletsuttrykk der munnen er pressa saman og leppene er skotne framåt. Uttrykket kan mellom anna symbolisere flørt, misnøye eller ettertanke. Etter kvart som sosiale medium har vorte populært, har uttrykket duckface oppstått. Det skildrar ei tilgjord mine, særleg brukt i fotografiske portrett i sosiale medium, der ein poserer med trutmunn. Ordet kjem frå amerikansk-engelsk "duck face", som kan omsetjast til andeandlet.

                                               

Joar

Denne artikkelen handlar om mannsnamnet Joar. For fuglefamilien av joar, sjå jofamilien. Joar er eit mannsnamn sett saman av norrønt jór, som tyder hest, og arr, som kan bety krigar eller spyd. Ei tyding av namnet kan dermed vera ridande krigar. Joar har namnedag den 24. januar i Noreg og den 31. januar i Sverige. Namnet har vore i bruk i Norden sidan 1200-talet. Ein skrivemåte frå denne tida var Iuar.

Kolikk
                                               

Kolikk

Kolikk er kraftige taktvise smerter som kjem frå glatt muskulatur når røyrforma innvolar trekkjer seg i saman, t.d. tarm, urinvegar og gallevegar. Dette kan skje ved t.d. nyrestein, gallestein og mekanisk ileus. Særleg kjend er såkalla tremånadarskolikk hos spedbarn. Denne har likevel inga klar årsak.

Vêris
                                               

Vêris

Vêris, vedis, glattis eller islag er eit tunt, glatt og klårt islag som legg seg på bakken, tre eller andre lekamar. Glattis kan ein få anten ved at underkjølte vassdropar frys til is så snart dei treffer bakken, eller ved omslag frå kulde til mildvêr når vassdropar treffer underlag som har ein temperatur under 0 °C. Islag på ein veg fører til ein særs glatt vegbane.

Users also searched:

...