Back

ⓘ Norsk historie dekkjer tida Noreg har hatt menneskeleg busetnad, i minst 11 000 år, sidan eldre steinalder. Arkeologiske funn i Møre og Romsdal er blitt datert ..




                                               

Vinter-OL 1988

Vinter-OL 1988 vart helde i Calgary i Canada. Sovjetunionen vart beste nasjon med 11 gull. Noreg tok heim 3 sølv- og 2 bronsemedaljar, men for fyrste gong i vinterleikane si historie vart det ingen norske gullmedaljar. Difor vert vinterleikane i Calgary dei dårlegaste i Noregs historie, og dei kandadiske resultata på heimebane var òg dårlege. Med 1427 utøvarar frå 57 nasjonar var det største Vinter-OL til da. Norsk flaggberar under opningsseremonien var Oddvar Brå, som deltok på ski.

                                               

Det norske Theater

Det norske Theater var eit teater i Bergen skipa i 1850 og nedlagd i 1863, då det gjekk konkurs. Ole Bull og medhjelparar som Frits Jensen og Magdalene Thoresen fekk i gang drifta av teateret, som sidan hadde både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som tilsette. Teateret blei innvigd med ei førestilling på stiftingsdagen den 2. januar 1850, ein dato som også i åra etter blei feira med premiereførestillingar. Det første stykket som blei spelt var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg. Frits Jensen fekk ansvaret for å instruera unge, uerfarne skodespelarar. Det norske Theater gav førestillin ...

                                               

Oldtid

Oldtid eller gamletid viser til den eldste tida i historia i europeisk, nordafrikansk og vestasiatisk samanheng. I snever forstand kan "oldtid" visa til den gresk-romerske verda i antikken. I vid forstand tek ein også med dei tidlege sivilisasjonane i Mesopotamia og Egypt. Det kan visa til tida frå dei eldste kjende samfunna oppstod og fram til folkevandringstida. I europeisk samanheng har ein ofte rekna år 476 som eit skilje mellom oldtida og mellomalderen, ettersom dette var åre då Vestromarriket fekk ein germansk konge. I norsk samanheng viser oldtida ofte til tida før vikingtida.

                                               

15. august

Marimesse fyrre eller Marimesse om hausten til minne om Maria sin himmelfart, markert med ei krone.

                                               

2004

5. april: Norsk Kontantservice i Stavanger blei rana. Ein politimann blei skoten og drepen. Ranet blei omtala som det største og mest brutale ran i norsk historie. 20. juni: Den første utgåva av Skolelinux kom ut. 25. mai: Kong Harald overrekte Abelprisen 2004 til Isadore M. Singer og Michael Francis Atiyah i aulaen ved Universitetet i Oslo. 31. juli: Nynorsk Wikipedia vart oppretta.

                                               

Profeten Brians liv og historie

Profeten Brians liv og historie er ein britisk spelefilm frå 1979 av og med humorgruppa Monty Python, og er kanskje den meste kjende filmen til gruppa. Filmen handlar om Brian, som lever i Judea samstundes med Jesus, og som ufrivillig vert utpeikt til messias og tilbeden av ein stadig veksande tilhengarskare etter at Brian har delteke ei motstandsgruppe mot dei romerske makthavarane. I Noreg vart filmen i 1980 stoppa av Statens filmkontroll fordi dei meinte at han ville strida mot blasfemiparagrafen. I Sverige vart filmen umiddelbart marknadsført som "filmen som er så morosam at han er for ...

Norsk historie
                                     

ⓘ Norsk historie

Norsk historie dekkjer tida Noreg har hatt menneskeleg busetnad, i minst 11 000 år, sidan eldre steinalder. Arkeologiske funn i Møre og Romsdal er blitt datert til 9 200 f.Kr. og er truleg leivningar frå busetjarar frå Doggerland, eit område som i dag ligg under Nordsjøen, men som ein tid var ei landbru som knytte dagens britiske øyar med danske Jylland. Fosnakulturen folkesette delar av landet ein gong i tida 8300 f.Kr. til 7300 f.Kr. Datering av hellerissingar er sett til yngre steinalder og viser aktivitetar typisk for jegerar og samlarar. Meir faste og vedvarande busetjingar utvikla seg i bronsealderen og i jernalderen. Dei tidlegaste runene er blitt funne på ein pilspiss som er datert til rundt 200 f.Kr. Mange fleire inskripsjonar er datert til rundt 800, og fleire småkongedøme utvikla seg i desse århundra.

Tida mellom 800 og 1066 bestod av ei betydeleg utviding og blir kalla vikingtida. I løpet av denne perioden reiste nordmenn, slik også svenskar og danskar gjorde det, utanlands i langskip med segl som utforskarar, handelsmenn, busetjarar og som vikingar herjingsmenn og sjørøvarar. På midten av 1000-talet var det norske kongedømet blitt fast etablert, og bygde sin rett som ætlingar av Harald Hårfagre og deretter som arvtakarar av Heilag-Olav. I tida rundt Håkon Håkonsson, etter borgarkrigstida, var det ein liten renessanse i Noreg med omfattande litterær aktivitet og diplomatisk samband med Europa. Svartedauden kom til Noreg i 1349 og drap rundt halvparten av befolkninga, og heile statsapparatet, og Noreg, gjekk deretter inn ei nedgangstid som førte til unionstida.

Mellom 1396 og 1536 var Noreg ein del av Kalmarunionen, og frå 1536 og til 1814 var Noreg blitt redusert til ein skatteskyld del av Danmark i personalunionen Danmark-Noreg. Denne unionen gjekk inn i ein allianse med Napoléon Bonaparte med ein krig som medførte dårlege tider og hungersnaud i 1812. I 1814 tapte Danmark-Norge Englandskrigane, ein del av Napoleonskrigane, og den danske kongen blei tvinga til å avstå Noreg til kongen av Sverige i Kielfreden den 14. januar same året. Etter eit forsøk på sjølvstende blei Noreg tvinga inn i ein laus union med Sverige, men der Noreg fekk ha sin eigen konstitusjon, grunnloven av 1814. I denne perioden blomstra norsk romantisk nasjonalkjensle, og ein prøvde skipa norsk nasjonalt eigeverd. Unionen med Sverige blei broten i 1905 etter at det var blitt truga med krig, og Noreg blei eit sjølvstendig rike med eigen monark, Haakon VII.

Noreg heldt seg nøytralt under den første verdskrigen. Ved utbrotet av den andre verdskrigen erklærte landet seg igjen nøytralt, men blei invadert av Nazi-Tyskland den 9. april 1940. Noreg blei medlem av den vestlege forsvarsalliansen NATO i 1949, og har vore ein nær alliert av USA i etterkrigstida. To forsøk på å bli medlem av EU blei nedstemt i folkeavstemmingar med liten margin i 1972 og 1994. Store funn av olje og naturgass i Nordsjøen på slutten av 1960-talet førte til valdsam økonomisk vekst i landet som framleis held seg. Tradisjonelle næringar som fiske er også ein del av norsk økonomi.

                                     
  • litteratur om fredsarbeid, folkerett, internasjonal økonomi og moderne politisk historie i tillegg til publikasjonar utgitt av internasjonale organisasjonar. Biblioteket
  • mars 1942, før han endeleg fråtredde. Sjå Historien om det som burde ha skjedd av Kjetil Skogrand i Norsk militært Tidsskrift 2001 Torp var medlem
  • Norsk Målungdom NMU er ein norsk ungdomsorganisasjon som kjempar for å verje og fremje det nynorske skriftspråket og dei norske dialektane. Organisasjonen
  • Aftenposten Historie er eit magasin utgjeve av Aftenposten. Per 2015 kjem historie - magasinet ut elleve gonger årleg. Redaktør er Fredrik Larsen. Nettoopplagstal
  • Koordinatar: 59 54 26 N 10 41 13 E Norsk Folkemuseum er eit kulturhistorisk museum drifta av ei stifting som har som formål å syne fram korleis folk
  • Os i Østerdalen er ein norsk historikar, professor i historie Han har framfor alt arbeidd med afrikansk og europeisk historie og med historisk teori
  • Samisk historie er historia til samane, om kor lenge samane har eksistert som folkegruppe, kvar det samiske området har vore og er, og kva tilhøve dei
  • Dansk - norsk norsk - dansk eller danna daglegtale er eit koinéspråk som oppstod blant eliten i Christiania mot slutten av dansketida. I dag finn me det
  • Store norske leksikon på norsk Vår historie www.fortidsminneforeningen.no, henta 24. august 2019 Myklebust, Dag: Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkers
                                               

Knut Are Tvedt

Knut Are Tvedt er ein norsk sakprosaforfattar. Han er cand.philol. med hovudfag i historie. Tvedt er særleg kjend som redaktør og fagansvarleg i Store norske leksikon og av bokverket Oslo byleksikon.

Users also searched:

...