Back

ⓘ Verdas naturvernunion eller Den internasjonale naturvernorganisasjonen er ein internasjonalt organisasjon for naturvern. Han vart skipa i 1948 og har hovudsete ..




                                               

Gland

Gland er ein by og ein kommune i distriktet Nyon i kantonen Vaud i Sveits. Kommunen har 11 633 innbyggjarar og eit areal på 8.30 km². Kommunesenteret ligg 432 meter over havet. Kommunen ligg ved nordbreidda av Genfersjøen i regionen La Côte. Verdas naturvernunion har sitt hovudsete i Gland.

                                               

Raudbuktrupial

Raudbuktrupial er ein fugleart i trupialfamilien, Icteridae. Han er einaste medlemmen i den biologiske slekta Hypopyrrhus. Denne trupialen er endemisk til Colombia, der han er utbreidd i eit svært avgrensa og oppstykka område, og har naturlege habitat i subtropisk eller tropisk fuktig fjellskog. Arten er truga av habitatøydelegging, og Verdas naturvernunion, IUCN, klassifiserer han for tida som ein sårbar art.

                                               

Humleflaggermus

Humleflaggermus er ein dyrefamilie i flaggermusordenen. Familien omfattar berre éin enkelt art, humleflaggermus, som berre er kjend frå Thailand og Myanmar. Ho blir rekna som det minste pattedyret i verda. Ho er også flaggermusa med det minste vengespennet. Humleflaggermus er på storleik med ei humle. Kroppslengda er 29-33 mm og vekta rundt 2 g. Flaggermusa har ikkje hale. Snuten er butt og auga små, medan øyra er ganske lange og spisse. Naseopningane er store og tjukke og peikar rett framover, litt griseliknande. Bakbeina er relativt lange. Pelsfargen er grå eller raudbrun over ryggen og ...

                                               

Pampashjort

Pampashjort er ein art i hjortedyrfamilien som finst i Sør-Amerika. Det er einaste arten i slekta Ozotoceros. Pampashjorten finst i spreidde populasjonar over større delar av Sør-Amerika, mest i Brasil. Han trivst best på savannar.

                                               

Tyrannus

Fugleslekta Tyrannus er ei gruppe av store insektetande sporvefuglar i tyrannfamilien. Dei fleste har fellesnamnet kongetyrann, engelsk kingbird. Dei føretrekkjer halvopne eller opne område. Desse fuglane sit på ei grein med fri utsikt, ventar på høve og fangar deretter insekt i flukt. Hovudføda er insekt, men somme kan ete av frukter om vinteren. Dei har lange spisse venger og store breie nebb. Kongetyrannar er typisk trekkfuglar, somme sterke trekkfuglar, andre er standfuglar som karibkongetyrann. Storkongetyrann er endemisk til Cuba. Desse fuglane har ein tendens til å forsvare hekketer ...

                                               

Vikunja

Vikunja, frå quechua wikuña gjennom spansk vicuña, er eit kameldyr som lever på Altiplano i sørlege Peru, i delar av Bolivia, i nordre Chile og nordvest i Argentina. Største bestanden finn ein i Peru. Saman med guanako er han einaste atterlevande ville kameldyrarten i Sør-Amerika. Han er ein nær slektning av lama og sannsynleg stamform for husdyret alpakka. Vikunja er avbilda i det peruanske riksvåpenet, og er rekna som nasjonaldyret til Peru. Arten er hovudsakleg kjend for si fine ull. Kvart individ produserer i gjennomsnitt 200–250 gram av denne, og ho vert omsett til ein kilopris av ca ...

                                               

Kremkarakara

Kremkarakara er ein rovfugl i falkefamilien, Falconidae. Han finst i tropiske og subtropiske Sør-Amerika og den sørlege delen av Sentral-Amerika. I motsetnad til falkane i slekta Falco, same familie, er ikkje karakaraer raske jegerar, men er temmeleg trege og et ofte åtsel. Kremkarakaraer er 41–46 cm lange og veg 325 gram i gjennomsnitt. Hofuglar er større enn hannane, 310–360 g, mot 280–330 g for hannar. Dei har breie venger og lang hale, noko som gjer at dei liknar små våkar i Buteo. Dei vaksne fuglane har brungult hovud med ei svart stripe bak auget og brungul underside. Oversida er bru ...

                                               

Tornsmettar

Tornsmettar, vitskapleg namn Acanthizidae, er ein biologisk familie av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar. Tornsmettfamilien samlar små til middels store sporvefuglar med ei total lengd varierande mellom 8 og 19 cm. Dei har korte avrunda venger, tynnt nebb, lange bein og ein kort stjert. Dei fleste artane har olivenfarga, grå, eller brun fjørdrakt, sjølv om nokre har flekker av lysare gult. Den minste arten, og faktisk den minste av alle australske sporvefuglar, er stumpnebb. Den største arten i familien er losfugl.

                                               

Agathis australis

Agathis australis, best kjend som kauri, er eit kongleberande tre som finst nord for 38°S på Nordøya på New Zealand. Av volum er dette det største treet i landet. Dei høgaste trea kan nå opp til 50 meter over skogbotnen. Treet har glatt bork og små ovale blad. Andre vanlege namn på treet for å skilja det frå andre i Agathis-familien er sørleg kauri eller New Zealand-kauri. Kauri er mellom dei eldste treslaga i verda, og har utvikla ei unik nisje i skogen. Med sitt uvanlege regenerasjonsmønster og samverknad med jordsmonnet, er treet i stand til å ta opp konkurransen med seinare utvikla og ...

Verdas naturvernunion
                                     

ⓘ Verdas naturvernunion

Verdas naturvernunion eller Den internasjonale naturvernorganisasjonen er ein internasjonalt organisasjon for naturvern. Han vart skipa i 1948 og har hovudsete i Gland i Sveits.

Oppgåva for IUCN er å oppmuntre og påverke avgjerder og å assistere verdssamfunnet til å ta vare på heilskapen og variasjonen i naturen, og å tryggje at utbytting av naturressursar er rettferdig og berekraftig. Han organiserer eit nettverk for miljøarbeidet i meir enn 80 regjeringar, meir enn 110 offentlege byrå og meir enn 800 ikkje-statlege organisasjonar. Nettverket kan engasjere 10 000 frittståande ekspertar og vitskapsfolk i meir enn 180 land.

IUCN tilrår nye medlem på UNESCO si verdsarvliste over natur- og kulturminne. Organisasjonen er òg kjent for arbeidet med å redigere ei global raudliste over trua plante- og dyreartar. Den nasjonale raudlista frå 1998 og Norsk Raudliste 2006 er sett opp ut frå kriteria til IUCN.

På engelsk har dei brukt namnet World Conservation Union sidan 1990, men det fulle namnet og akronymet er ofte brukte ved sida av kvarandre sidan mange kjenner organisasjonen som IUCN. På norsk er namna IUCN, Verdas naturvernunion og Den internasjonale naturvernorganisasjonen brukte i media.

                                     
  • havområda. IUCN har sett opp ei global raudliste som gjeld heile verda Verdas naturvernunion IUCN har utarbeidd kriteria for raudlisting i kategoriar. Direktoratet
  • jagar dei bort mykje større fuglar. Slektsnamnet tyder tyrann Verdas naturvernunion IUCN, vurderer alle artar i slekta som lite sårbare. Unntaket er
  • Det finst tre artar manatar. Alle tre er rekna som sårbare av Verdas naturvernunion Senegalmanat Trichechus senegalensis som held til langs vestkysten
  • av UNESCO. I ein rapport frå Verdas naturvernunion i 2013, blei parken definert som den mest uerstattelege parken i verda for truga artar. Området har
  • i Peru. Arten er difor ikkje lenger klassifisert som sårbar av Verdas naturvernunion Vikunja er det minste av kameldyra, vaksne dyr har ei kroppslengd
  • observerte rovfuglar innanfor latinamerikanske byar. Derfor ser ikkje Verdas naturvernunion IUCN, denne arten som trua. Som resultat av urbanisering i utkanten
  • lang levetid, der mange artar som lever til over ti år i naturen. Verdas naturvernunion IUCN, vurderer dei fleste taksa i familien som lite sårbare. Unntaka
  • Reed. Agathis australis Lower Risk, Conservation Dependent Verdas naturvernunion om tilstanden til kauri 2007 Denne artikkelen bygger på Agathis
  • svakt skildra og kanskje berre kjent av artsprøvar eller holotype. Verdas naturvernunion IUCN, forvaltar ei global raudliste som kategoriserer artar. Birdlife
                                               

Usambarahyliota

Usambarahyliota er ein liten insektetande sporvefugl som lever i små defragmenterte område i Usambara, nordaustre Tanzania. Det naturlege habitatet deira er i subtropiske til tropiske fuktige låglandsskog og dels i vått høgland og plantasjar. Fuglen har ei lengd på ca. 10 cm, han har mørk overside og brungul underside. Kjønna er like. Verdas naturvernunion, IUCN, vurderer arten som sterkt trua grunna tap av habitat med liten og minkande bestand.

Users also searched:

...