Back

ⓘ Komle er ein matrett som òg er kjend som raspeball, klubb eller kompe. Namnet på matretten varierer etter talemål og landsdelar i Noreg. Matretten vert laga til ..




                                               

Kroppkaka

Kroppkaka er ein svensk matrett som minner om norsk komle. Han består av boller laga av ein deig basert på rå poteter og bygg med flesk og lauk i, og finst i ulike variantar langs Smålandskysten, på Öland og i Blekinge. Ein et vanlegvis kroppkakene med smør og tyttebærsyltetøy. Kroppkakene frå Blekinge har mykje kokt potet i deigen, og har derfor ein lys farge. Ein annan versjon blir laga utan flesk eller lauk, og kalla "blinning" Matretten palt frå Norrbotten kan minna om kroppkaka. Ein finn òg retten i fleire variantar langs kysten i dei baltiske landa.

Komle
                                     

ⓘ Komle

Komle er ein matrett som òg er kjend som raspeball, klubb eller kompe. Namnet på matretten varierer etter talemål og landsdelar i Noreg. Matretten vert laga til av raspa poteter som saman med mjøl vert knadd til ein ball. Komlene vert så kokt.

Komler kan serverast saman med ulike typar kjøt og pølser. Ein kan òg ha noko inni komlene når ein lager dei, såkalla komle med dott i. Det kan vera at ein har inni ein bit flesk eller kjøt. Somme et retten saman med kålrabi, nokon likar å ete dette med sukker, sirup eller duppe.

Gamle komler kan varmast opp att ved å steikast. Då vert dei ofte servert i små steikte bitar saman med steikte pølser.

Ikkje-norske slektningar av potetballen er tysk Knödel og italiensk gnocchi.

                                     
  • spesielt populær mat i Kristiansund og skjemtegaukar kallar ofte byen for Baillsund. Sildball Fiskball Saltfiskball Raspaball Potetball Komle Oppskrift
  • Kroppkaka er ein svensk matrett som minner om norsk komle Han består av boller laga av ein deig basert på rå poteter og bygg med flesk og lauk i, og
  • vanlege. Nokre typiske eldre norske middagsretter er kjøtkaker, fiskekaker, komle og pylse, ofte med potet til. Langs kysten og i Nord - Noreg blir det også
  • tillegg til kokt ris gjerne blir servert dosai pannekaker og idli komler laga av ris, og kokos og tamarind er viktige ingrediensar. Indisk filterkaffi

Users also searched:

...