Back

ⓘ Det Norske Videnskaps-Akademi, ofte berre kalla Vitenskapsakademiet eller Akademiet, er ein sjølvstendig, tverrfagleg og landsdekkjande organisasjon som omfatta ..




                                               

S.R. Srinivasa Varadhan

S.R. Srinivasa Varadhan i Britisk India) er ein indisk-amerikansk matematikar som har spesialisert seg innan sannsynsteori. Han fekk sin undergraduate -grad i 1959 frå Presidency College, Madras og doktorgraden i 1963 frå Indian Statistical Institute. Sidan 1963 har han arbeidd ved Courant Institute of Mathematical Sciences der han for tida er professor. Han er kjent for arbeidet sitt saman med Daniel W. Stroock på diffusjonsprosessar, som han mottok Steele Prize for i 1996. Varadhan er medlem av National Academy of Sciences i USA. S.R. Srinivasa Varadhan fekk Abelprisen 22. mars 2007 av D ...

                                               

3. mai

1894: 13 av 14 menneske ombord i ein kyrkjebåt omkom ved forlis på heimferd frå Otrøya til Finnøya i Romsdal 1857: Det Norske Videnskaps-Akademi vart oppretta

                                               

Tor Bergeron

Tor Harold Percival Bergeron var ein svensk meteorolog som sette fram teoriar om danning av nedbør i skyer. Han kom til Bergen i 1922 der han i lag med Vilhelm Bjerknes, Jacob Bjerknes og Halvor Solberg var ein del av meteorologane i Bergensskulen som danna grunnlaget for moderne vêrvarsling. Bergeron vart dr.philos. i Oslo i 1928 og arbeidde som vêrvarslar i Oslo fram til 1935, då han flytta tilbake til Sverige. I 1946 vart han professor i meteorologi i Uppsala. På 1930-talet utvikla Bergeron og Walter Findeisen eit konsept om at skyer kunne innehalde både underkjølte vassdropar og iskrys ...

                                               

Cathrine Fabricius Hansen

Cathrine Fabricius Hansen er ein danskfødd norsk germanist. Ho var professor i germanistikk ved Universitetet i Oslo, opphavleg ved dåverande Germanistisk institutt, seinare ved det sammenslåtte Institutt for litteratur, områdestudiar og europeiske språk. Fabricius-Hansen vart mag. art. i allmenn språkvitskap i København i 1969 og arbeidet som amanuensis og stipendiat ved Institut for Germansk Filologi ved Københavns universitet 1969-1975. I 1975 vart ho tilsett ved Germanistisk institutt ved Universitetet i Oslo, frå 1986 som professor. Ho vart dr. phil. i 1987. Ho har blant anna vore ins ...

                                               

Jule Charney

Jule Gregory Charney var ein amerikansk meteorolog som spelte ei viktig rolle i utviklinga av vêrvarslinga. Han utvikla eit likningssett for utrekning dei storskala rørslene til planetære bølgjer. Han gav den første overtydande fysiske forklaringa på utviklinga av syklonar på midlare breidder, kjend som teorien kring baroklinsk instabilitet. Han vert rekna som skaparen av den moderne dynamiske meteorologien og var òg ein pioner innan numerisk vêrvarsling. I tillegg gav han viktige bidrag til tropisk meteorologi og teorien for havstraumar. Charney var professor ved Massachusetts Institute o ...

                                               

Henning Bergenholtz

Henning Bergenholtz er ein dansk leksikograf og lingvist. Bergenholtz har ein M.A. frå Technische Universität Berlin i 1973 og doktorgradar frå 1975 og 1978 frå Universität Essen. Frå 1973 har han vore knytt til universita i Bonn, Essen, Køln, Kairo, Bochum og Stellenbosch. Frå 1996 til han vart pensjonist var han leiar av Center for Leksikografi ved Aarhus Universitet. Henning Bergenholtz er æresdoktor ved Universidad de Valladolid og medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi.

Det Norske Videnskaps-Akademi
                                     

ⓘ Det Norske Videnskaps-Akademi

Det Norske Videnskaps-Akademi, ofte berre kalla Vitenskapsakademiet eller Akademiet, er ein sjølvstendig, tverrfagleg og landsdekkjande organisasjon som omfattar alle vitskaplege disiplinar.

                                     

1. Namn

Det Norske Videnskaps-Akademi vart stifta 3. mai 1857 som Videnskabsselskabet i Christiania, men skifta i 1924 namn til Det Norske Videnskaps-Akademi. Akademiet feira 150-års jubileum i 2007.

                                     

2. Formål

Akademiet skal fremje norsk vitskap både nasjonalt og internasjonalt andsynes utanlandske akademi og internasjonale organisasjonar. DNVA er òg jamleg vertskap for internasjonale konferansar og symposium. Verksemda omfattar òg månadlege foredrag, som er opne for ålmenta.

                                     

3. Organisasjon, opptak, æresmedlemmar og styre

Per mars 2021 er det rekna å vere 931 medlem i Akademiet, både norske og utanlandske. Desse er fordelte på Den matematisk-naturvitskaplege klassen og Den historisk-filosofiske klassen. Ein plass blir ledig ved dødsfall eller når eit medlem fyller 70 år. Val av nye, verdige medlemmar finn stad ein gong i året. Berre Akademiet sine eigne medlemmar kan foreslå kandidatar, som dinest blir vurderte på grunnlag av den samla faglege innsatsen deira og tydinga innan dei respektive disiplinane, i kva grad dei fyllar opptakskriteria.

Dei to klassene er kvar delt i åtte undergrupper. Forutan norske og utanlandske medlemmar har akademiet òg æresmedlemmer. Dei kongelege blir nærast automatisk utnemnde. Milliardæren og norsk-amerikanaren Fred Kavli 1927-2013 var æresmedlem for sine generøse gåver til norsk vitskap. I seinare tid har førelesningssalen blitt omkalla til "Kavlisalen".

Kong Harald V er ærespreses, medan Akademiet blir styrt av eit presidium beståande av presesen, visepreses og generalsekretær. Sekretariatet til akademiet held til i Oslo og blir leia av generalsekretæren og dagleg leiar. Frå 2019 består presidiet av genralsekretær Øystein Hov, preses Hans Petter Graver og visepreses; Anders Elverhøi og Gunn Elisabeth Birkelund.



                                     

4. Publikasjonar

Akademiet har like sidan starten utgjeve vitskaplege skrifter og bøker innanfor begge klassar. I tillegg til skriftserien og årboka gjev dei ut seriane Minnetaler og Fridtjof Nansen Minneforelesning, Norsk Lingvistisk Tidsskrift, Zoologica Scripta i samarbeid med den svenske Vetenskapsakademien, og Physica Scripta saman med Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab.

                                     

5. Finansiering

Det Norske Videnskaps-Akademi mottek ei grunnløyving over statsbudsjettet, men får i tillegg tilskott frå Abelfondet Equinor tidligere Statoil, Nansenfondet og Kunnskapsdepartementet, blant anna for å administrere Abelprisen, Holmboeprisen, Nansenfondet og Kavliprisen. Akademiet har òg eigne fondsmidler. Dessutan har Akademiet sidan 1985 samarbeidt med Equionor om forsking innan olje, gass og miljø, og finansieringa av grunnforskningsprogrammet VISTA.

                                     

6. Huset på Drammensveien

Akademiet held til i tidlegare statsråd Astrups villa i Drammensveien 78 i Oslo. Astrups villa vart overteken på svært rimelege vilkår frå døtrene til statsråden, Ebba og Elisabeth Astrup, i 1911. Statsråd Hans Rasmus Astrup 1831-1898 var trelasthandlar og vart i 1885 utnemnd til arbeidsminister i Johan Sverdrup-regjeringa. Bygningen var teikna av arkitekt Herman Major Backer og stod ferdig i 1887.

                                     
  • teoretisk oseanografi ved Universitetet i Bergen i 1972 og medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi frå 1974. Martin Mork i Store norske leksikon, snl.no.
  • vitskaplege akademi er: Svenska Akademien Académie française Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab Det Norske Videnskaps - Akademi Det Norske Akademi for Sprog
  • Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Han er medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi Lund har skrive fleire bøker. Jørn Lund dansk Den Store
  • havstraumar drivne av bølgjer og vind. Sidan 1988 har han vore medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi Jan Erik Weber i Store norske leksikon, snl.no.
  • etablerte ein modell der universiteta, Norsk faglitterær forfatter - og oversetterforening og Det Norske Videnskaps - Akademi deltok. Hausten 2014 vart nettleksikonet
  • i Det Norske Videnskaps - Akademi 1993 1998og generalsekretær i Den internasjonale astronomiske unionen 2003 2006 og leiar for Det Norske Videnskaps - Akademis
  • oseanografi ved Universitetet i Bergen. Sælen vart medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi i 1971. Odd Henrik Sælen i Store norske leksikon, snl.no.
  • formann i Norsk geofysisk forening frå 1958 til 1960, medlem av Geofysisk kommisjon 1960 1961 og styremedlem i Det Norske Videnskaps - Akademi frå 1968 til
  • University 1965 - 66. Det Norske Videnskaps - Akademi Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning Jens Lothe Store norske leksikon. 14. februar
  • medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi Kungl. Vetenskaps - Societeten, Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien Det Norske Akademi for Sprog
  • Canada, Grønland, Svalbard og Antarktika. Han er medlem av Det Norske Videnskaps - Akademi I 2006 vart han utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs
                                               

Vessela Kristensen

Vessela Nedelcheva Kristensen er professor og har forska på genetikk og brystkreft. Ho er professor ved avdeling for klinisk molekylærbiologi ved Universitetet i Oslo, og leiar av forskningsgruppa Cancer Genome Variation ved Oslo universitetssykehus. Ho vart medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i 2020.

Users also searched:

...