Back

ⓘ Natur og Ungdom er Noregs einaste miljøvernfylking for ungdom. NU er ungdomsfylkinga åt Naturvernforbundet, men er sjølvstendig driven. Alle medlemene må vera u ..




                                               

Carsten Thomassen (1969-2008)

Carsten Thomassen var ein norsk journalist og forfattar. Han hadde arbeidd som utanriksreportar for Dagbladet ni år då han blei skoten og drepen i samband med eit åtak mot Hotel Serena i Kabul i Afghanistan.

                                               

Paul Gauguin

Paul Gauguin var ein fransk bankmann, målar, skulptør, grafikar og forfattar. Han måla fyrst impresjonistisk, men utvikla rundt 1888 i Bretagne ein dekorativ stil, kraftig forenkla med heile fargefelt og sterke konturar, den såkalla primitivismen. Gauguin var ein leiande aktør innanfor kunstretninga kalla for symbolismen, og ein av dei fremste forgjengarane til den moderne kunsten, både kva gjeld måleri og skulptur.

                                               

Randvik

Randvik er ein del av tettstaden Risør i Risør kommune. Grenda oppstod på 1960-talet då kommunen begynte å byggje på Randvikheia og i Randvikskauen. Randvik består elles av tre gardar som ligg på Randvik og på Randvikheia.

                                               

Galenos

Galenos, Claudius Galenus var ein romersk lege av gresk opphav. Han er kjend for ei rekkje viktige verk innan filosofi, matematikk, grammatikk og medisin, og rekna som ein av dei viktigaste legane gjennom historia. Galenos var fødd i Pergamon i Vesleasia, men heldt seinare til i Roma.

                                               

Max Weber

Maximilian Weber, oftast kalla Max Weber, var ein tysk sosiolog, historikar og filosof. Han var fødd i Erfurt og budde mesteparten av sin barndom og ungdom i Berlin. Han blir rekna som ein av sosiologiens grunnleggarar. Webers viktigaste verk omhandlar religionssosiologi og politisk sosiologi, men han skreiv også mykje innan økonomi. Weber har mellom anna definert ein stat som "ei eining som har monopol på legitim bruk av fysisk makt", ein definisjon som er blitt grunnleggande i vestleg statsvitskap. Weber var elev av den tyske filosofen Heinrich Rickert 1863-1936. Weber var påverka av Ric ...

                                               

John J. Audubon

John James Audubon, opphavleg franske namn Jean-Jacques Audubon, var ein fransk-USA-amerikansk ornitolog, naturhistorikar, jeger og målar. Han er særleg kjend for å ha måla, skildra og katalogiserte Nord-Amerikas fuglar i boka Birds of America. Audubon, som var fødd i Les Cayes i den franske kolonien Saint-Domingue i dag i Haiti, utdanna seg i sin første ungdom i Paris til målar under Jacques-Louis David. I 1803 utvandra han til USA og levde deretter som farmar i Pennsylvania og dreiv ivrig ornitologiske studiar. 1826 reiste Audubon tilbake til Europa, der han møtte dei fremste naturforska ...

Natur og Ungdom
                                     

ⓘ Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er Noregs einaste miljøvernfylking for ungdom. NU er ungdomsfylkinga åt Naturvernforbundet, men er sjølvstendig driven. Alle medlemene må vera under 25 år. Organisasjonen er partipolitisk uavhengig. Leiar er Ola Skaalvik Elvevold.

Natur og Ungdom oppgjev eit medlemstal på om lag 7000. Desse har danna over åtti lokallag i heile landet. Lokallaga har som oppgåve å ta opp miljøsaker der dei bur.

Viktige saker er å kjempa mot menneskeskapte klimaendringar, til dømes ved få betre busstilbod slik at fleire kan reisa kollektivt og å hindra bygging av gasskraftverk i Noreg. Dei har òg engasjert seg mot boring etter olje i Barentshavet.

                                     

1. Historie

Natur og Ungdom vart stifta som ungdomsfylkinga til Norges Naturvernforbund den 18. november 1967. Det finst òg ein tilsvarande dansk organisasjon som heiter Natur og Ungdom som blei stifta i 1960.

Det var Norsk Feltbiologisk Ungdomsforening NFU og Oslo Katedralskoles Naturvernforeining som gjekk saman om å forma den nye organisasjonen. Bakgrunnen var at begge hadde søkt om å verta ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet, men laget, som berre ynskte seg éi ungdomsfylking, bad dei om å samarbeida. Samanslåinga av ungdomslaga førte til ein del konfliktar, men òg til at kunnskap om naturen vart kopla saman med ynsket om å verna han.

Byrjinga var tung for Natur og Ungdom, som hadde få medlemer og sleit med styringa. Men etter kvart som miljøproblema vart betre kjende auka medlemstalet og nye lokallag kom til, og Natur og Ungdom vart meir synleg som kamporganisasjon for miljøet.

Natur og Ungdom var i fyrstninga mest opptekne med jordvern og sjølvberging. Vidare engasjerte dei seg sterkt i "Aksjon mot atomkraft", og på grunn av stor folkeleg motstand vart det aldri tillate med atomkraft i Noreg.

Etter kvart skulle organisasjonen verta kjend for fleire aksjonar, både lovlege og ulovlege, mot dei meinte var dei største miljøsyndarane. Under ein protest i 1984 mot at verksemda Titania A/S i Sokndal lovleg kunne dumpa 2.2 millionar tonn olje og steinstøv blanda med kjemikalium i Dyngadjupet utanfor Jøssingfjorden vart aksjonistar frå Greenpeace og Natur og Ungdom arresterte for å lenkja seg til lasteanlegget på fabrikken for å stansa transporten av malmen. Dette var fyrste gong medlemer av Natur og Ungdom fekk bøter for sivil ulydnad. I 1990 fekk Titania pålegg om å leggja avfallet sitt på land, slik miljøvernarane hadde kravt.

Mot slutten av 80-talet voks miljøengasjementet blant folk, særleg ungdom, og Natur og Ungdom fekk mange fleire medlemer og auka aktivitet.

Organisasjonen tok eit klart standpunkt mot norsk medlemskap i EU, og fann fram mange miljøverngrunnar for dette.

Natur og Ungdom har utført mange direkte aksjonar opp gjennom åra, men dei har òg utforska og laga meldingar om miljøproblem. Laget samarbeider gjerne med andre organisasjonar, til dømes Kollektivkampanjen i 1997, som dei utførte saman med fagforeiningane til bussjåførane.

Organisasjonen gjev ut bladet Putsj, som er framhaldet av Skog og Mark og Natur og Samfunn.

                                     
  • Vest - Telemark Natur og Ungdom var eit lokallag av Natur og Ungdom i Telemark som omfatta kommunane Fyresdal, Tokke, Vinje, Kviteseid, Seljord og Nissedal.
  • organisasjonar og parti. Mange medlemmer hadde tidlegare erfaring frå lokale studentlag og organisasjonar som Norges Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom Allereie
  • Natur og Ungdom i november 2014 og sat til januar 2016. Ho hadde andre verv i organisasjonen fram til ho vart tilsett som kampanjesekretær i Natur og
  • enkelte naturminne. Bellona Framtiden i våre hender Grønn ungdom Norges Miljøvernforbund Natur og Ungdom WWF Norge Norges kulturvernforbund Stiftelsen Miljømerking
  • Elevorganisasjonen, Europeisk Ungdom Natur og Ungdom Noregs Ungdomslag, Norsk Målungdom, Juvente, Ungdom mot Narkotika og Ungdom mot Vold. Desse organisasjonane
  • dei Grøne og Grøn Ungdom baserer politikken sin på tre solidaritetsprinsipp: Solidaritet med dyr og natur solidaritet med menneskeheita og solidaritet
  • justisdepartementet, 2004 til 2005 politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet. Han har òg vore aktiv i Europeisk Ungdom Natur og Ungdom og Naturvernforbundet.
  • var ho leiar av Operasjon Dagsverk i Sogn og Fjordane i tre år. Berge sat i sentralstyret i Natur og Ungdom i perioden 2001 2003. I perioden 2001 2009
  • opningstale ved Landskonferansen til Folkeaksjonen mot utbygging av Alta Kautokeino - vassdraget den 30. mai 1981 Natur og ungdom si framstilling av Altaaksjonen
  • vararepresentant er Akhtar Chaudhry. Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig - prisen
  • Handelshøyskolen BI, Universitetet i Oslo og Université de Bourgogne. I studietida var ho medlem av sentralstyret i Natur og Ungdom Perioden 2011 15 arbeidde ho

Users also searched:

...