Back

ⓘ Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband. Redaktør ..




                                               

Knut Rumohr

Knut Lindstrøm Rumohr var ein norsk grafikar og målar frå Frønningen i Sogn, mest kjend for sine abstrakte måleri med utgangspunkt i naturinntrykk.

                                               

Herodot

Herodot var ein gresk historieforfattar som var fødd omkring år 484 f.Kr. i Halikarnassos i Vesleasia, og som levde til 425 f.Kr. Han er rekna som sogeskrivinga sin far. Herodot gjorde lange reiser til Egypt, Syria, Babylonia, Persia og Europa. Omkring år 450 f.Kr. var han ei tid i Aten, i 444 f.Kr. busette han seg i den nye kolonien Hurioi i Sør-Italia. Herodots verk, som han kalla Histories apodexis Granskingar, vart ei verdssoge på ni band med utgangspunkt i soga om persarkrigen, skrive på ei jonisk dialekt. Herodot tek utgangspunkt i at gudane styrer alt, og at dei grip inn i dei histo ...

                                     

ⓘ Norsk Allkunnebok

Norsk Allkunnebok er eit ti-bands nynorsk leksikon som vart utgjeve på Fonna Forlag i tida frå 1948 til 1966. I tillegg kom det ut eit eige atlasband.

Redaktør for verket var Arnulv Sudmann. I redaksjonen elles sat Peder Galdal, Sivert Langholm, Kåre Tveito, Ragnar Øvrelid og Jostein Øvrelid. I alt bidrog om lag 350 medarbeidarar med artiklar til allkunneboka. Arbeidet var for ein stor del gjort utan betaling, rekna som kulturelt dugnadsarbeid. Etter estimat gjort ved Norsk Ordbok er Norsk Allkunnebok på ca. seks millionar ord.

Norsk Allkunnebok var det første norske leksikonet som vart utgjeve med signerte artiklar, der forfattaren står til ansvar for opplysningane.

Redaksjonen la vinn på å vekte norske tilhøve, ved å dra fram nytt tilfang frå bygdekunst og bygdesoge, arbeidsliv på bygdene, folkeliv og folkeminnegransking. Av næringsvegar la dei særleg vinn på få med stoff om bygdenæringar som jordbruk, skogbruk og fiske. Innanfor norsk geografi har verket med alle norske poststader, dampskipstoppestader, telegrafstasjonar, kyrkjesokn, herad og byar; det har opplysningar om fjordar i Noreg, elvar, fossar, fjell, dalar, øyar og storgardar.

I siste bandet er det med ein bolk med tillegg og rettingar. Det store kommunebrigdet som gjekk for seg under utgjevingstida gjorde at mange artiklar om norske herad var vortne forelda før verket var ferdig, og det vert kort greidd ut om bakst i siste bandet.

Arbeidet med allkunneboka var eit nybrottsarbeid, på mange område måtte redaksjonen finne fram til ein nynorsk terminologi der det før var heilt urydda mark. Økonomiske vanskar hos forlaget gjorde at særleg dei to siste banda vart skadelidande.

                                     

1. Inndeling av banda

Leksikonet er oppdatert fram mot trykkedatoen, som er trykt på kvart legg, til orientering for lesarane. Inndelinga av banda er slik:

I. bandet: A - Bennett, trykt frå 21. juni 1948 til 17. oktober 1949 II. bandet: Bennett, W.S. - Clodius, trykt frå 17. november 1949 til 25. mai 1951 III. bandet: cloisonné - epigonane, trykt frå 22. juni 1951 til 4. juni 1952 IV. bandet: epigrafikk - Fyresdal, trykt frå 8. august 1952 til 22. juli 1953 V. bandet: Fyresdalen - heimearb., trykt frå 17. november 1953 til 17. august 1954 VI. bandet: heimebr. - Jondal, trykt frå 15. desember 1954 til 10. oktober 1955 VII. bandet: Jondalen - Lausitz, trykt frå 17. januar 1956 til 11. mars 1957 VIII. bandet: lauskar - Norheimsund, trykt frå 1. august 1957 til 6. mai 1958 IX. bandet: Norig - skuld, trykt frå 12. januar 1959 til 23. februar 1960 X. bandet: Skuld - Åvik, trykt frå 15. desember 1964 til 27. juni 1966 Atlasband
                                     

2. Bakgrunnsstoff

  • Om Norsk Allkunnebok i den digitale utstillinga All verdens kunnskap. Leksikon fra perm til skjerm hjå Nasjonalbiblioteket

Norsk Allkunnebok i digitalisert form hjå Nasjonalbiblioteket

I. A - Bennett II. Bennett, W.S. - Clodius III. cloisonné - epigonane IV. epigrafikk - Fyresdal V. Fyresdalen - heimearb. VI. heimebr. - Jondal VII. Jondalen - Lausitz VIII. lauskar - Norheimsund IX. Norig - skuld X. Skuld - Åvik, tillegg og rettingar Atlas
                                     
  • har stått for, er utgjevinga av tibandsleksikonet Norsk Allkunnebok 1948 - 1966 Fonna Forlag Norsk Allkunnebok Nynorsk pressekontor Andreas Haavoll
  • Eivind Vågslid og Norsk Allkunnebok vere ei samansetjing av giǫgr bergklove og vin eng Norsk Allkunnebok V. Bandet: 299 Norsk Allkunnebok V. Bandet. 1954
  • i hefte. Frå 1949 var han bilderedaktør i Norsk Allkunnebok Jostein Ragnvald Øvrelid i Norsk Allkunnebok - X. bandet, Skuld - Åvik Oslo: Fonna forlag
  • vanleg aksjeselskap vart det kjøpt av Kreditkassen og slege saman med andre trygdingsselskap. Norsk Allkunnebok IX.bandet. 1959 Store norske leksikon
  • Bjørndal i Norsk Allkunnebok VIII. bandet. Lindset omkom på havet ved Orskjera, i grenseområdet mellom dagens kommunar Eide og Averøy. Norsk Allkunnebok VIII
  • lufthavet, fyrste gongen 100 m, andre gongen greidde han 300 m. Folketeljing 1801 Lund Norsk Allkunnebok VIII: 883 Norsk Allkunnebok VIII. bandet. 1958
  • skreiv mellom anna den fyrste norsk læreboka i pelsdyravl. Norsk Allkunnebok VIII: 998 Norsk Allkunnebok VIII: 998 Norsk Allkunnebok VIII. bandet. 1958
  • fiskemodellar, plansjar til gram. og desimalsystemet, musikk til multiplikasjonstabellen o.a. Norsk Allkunnebok VIII: 327 Norsk Allkunnebok VIII. bandet. 1957
  • fleire filmar, ei av dei beste rollene hans var sjømannen i Englandsfarere Norsk Allkunnebok VI. bandet. 1955 Norsk Allkunnebok VI. bandet. 1955
  • vassballast og anna rom som ikkje kan brukast til last eller passasjerar. Norsk Allkunnebok Registertonn i SNL fri lisens Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe
  • Riksforsamlinga, kalla unionspartiet, tala for ei grunnlov som opna for at ein kunne inngå ein frivillig union med Sverige. Norsk Allkunnebok IX, 1960
  • Juvenalis forfattarskap fekk nemninga den tydinga ho har i dag. Humanismen fekk igjen satiren på moten. Norsk Allkunnebok Satire i SNL fri lisens
                                               

Registertonn

Registertonn er eit rommål for måling av rominnhaldet i skip. Eit registertonn er 100 engelske kubikkfot, det vil seie 2.83 m³. Bruttoregistertonn er volumet av alle lukka rom i eit skip, nettoregistertonn er bruttotonnasjen fråtrekt mannskapsrom, maskinrom, vassballast og anna rom som ikkje kan brukast til last eller passasjerar.

Korvett
                                               

Korvett

Korvett var tidlegare nemning på eit fullrigga seglkrigsskip, om lag 500 tonn stort, og med 18-24 kanoner på eitt dekk. Nokre korvettar hadde eit dekk over kanondekket. I dag er "korvett" nemning for eskortefartøy med stor fart, væpna med kanonar og torpedoar og utstyrt for å kunne delta i ubåtkrig.

                                               

Pott

Pott er eit gamalt volummål med innhald som varierer frå land til land. Ein norsk pott var 0.9651 liter, ein fransk pott 1.8626 l og ein sveitsisk 1.5 l. Ein pott vart delt i fire pelar. I Noreg var ein halvkande det same som ein pott. Ordet pott kjem frå ordet potte, norrønt pottr, kanskje frå latin pottus drikkebeger.

                                               

Slagen

Slagen er eit kyrkjesokn i Tønsberg kommune. Soknet omfattar ei flatevidd på 49.9 km², og hadde i 1960 12 299 innbyggarar. På Slagentangen ligg Esso-raffineriet. Området er kjent for mange fornfunn, med Osebergfunnet som det største.

Hjelpefrukt
                                               

Hjelpefrukt

Hjelpefrukt eller falsk frukt er frukt som vert danna ved at blomebotnen eller andre plantedelar svell ut til ein kjøtfull masse som er med å danne frukta. Hjelpefrukt finn ein til dømes hos mange artar i rosefamilien, som hos jordbær og nype.

Lisleherad
                                               

Lisleherad

Lisleherad er ei bygd og eit kyrkjesokn i Notodden kommune i Telemark. Kyrkjestaden ligg 6 kilometer nord om sjølve Notodden. 719 menneske budde i Lisleherad ved folketeljinga 1950.

Priamos
                                               

Priamos

Priamos var i gresk mytologi kongen av Troja då hellenarane drog dit med hæren sin under trojanarkrigen. Priamos var son til Laomedon, gift med Hekabe og far til Hektor, Paris og Kassandra. Då Troja fall vart Priamos drepen av Neoptolemos, son til Akilles.

                                               

Koffardi

Koffardi er ei nemning frå lågtysk kopfardie som tyder kjøpeferd eller kjøpmannsferd, og viser til skipsfart med handelsføremål, til skilnad frå til dømes krigsskip, tankfart eller kvalfangst. Omgrepet er særleg kjend frå uttrykk som "gå/fare/seile til koffardis" og i samansetjingar som "koffardifart", "koffardiskip" og liknande.

Akland
                                               

Akland

Akland er ei bygd i Risør kommune. Bygda ligg fire kilometer sør for Søndeled, 13 km vest for Risør. E18 fører gjennom Akland, der det er vegkro og bensinstasjon.

Users also searched:

...