Back

ⓘ Anette Trettebergstuen er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidar ..




                                               

Annette

Annette og Anette er kvinnenamn av fransk opphav. På fransk er siste e-en stum, og på norsk finst namna òg med stavemåten Annett og Anett. Annette er ei kjæleform av Anne med tydinga vesle Anne. Namnet kan òg vera ein variant av Antoinette. Annette har svensk namnedag den 9. september og norsk namnedag den 9. desember.

Anette Trettebergstuen
                                     

ⓘ Anette Trettebergstuen

Anette Trettebergstuen er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho har vore vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan 2005, og vart på landsmøtet til Arbeidarpartiet i 2009 vald inn i sentralstyret til partiet.

Trettebergstuen voks opp på Ridabu i Hamar, og har bakgrunn frå AUF i Hedmark, der ho var leiar 2002–2004. Ho sat i kommunestyret og formannskapet i Hamar frå 1999 til ho vart vald inn på Stortinget i 2005. Trettebergstuen vann 3. plassen på stortingsvalslista til Hedmark Arbeidarparti etter kampvotering mot sitjande stortingsrepresentant Eirin Faldet. Trettebergstuen, som var AUF sin kandidat, vann voteringa med 71 mot 70 stemmer. Trettebergstuen vart vald på nytt til Stortinget i 2009. Ho sat frå 2005-2009 i Utanrikskomiteen og vart etter valet i 2009 Arbeids og Sosialpolitisk talskvinne for Arbeidarpartiet og nestleiar i Arbeids og Sosialkomiteen. Trettebergstuen sit i gruppestyre til Arbeidarpartiet i Stortingsgruppa.

Trettebergstuen har vore fylkesleiar, sentralstyremedlem og politisk nestleiar i Europeisk Ungdom, og arbeidde som politisk rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet med saksfelt justis, samferdsle, energi og miljø. Ho har studert statsvitskap, psykologi og public management ved Høgskolen i Oslo, Høgskolen i Hedmark og Universitetet i Oslo. Trettebergstuen er nestleiar i Hedmark Arbeidarparti. Frå 2004 til 2006 var ho også sentralstyremedlem i Arbeidaranes Ungdomsfylking. I perioden 2005–2006 sat ho i styret i Homofile og lesbiske sosialdemokratar. Sidan 2007 har Trettebergstuen vore sentralstyremedlem i Europarørsla. Trettebergstuen sit også som den yngste i sentralstyret til Arbeidarpartiet, der ho vart vald inn i 2009.

På fritida har Trettebergstuen jobba som disc jockey på forskjellige utestader i Oslo.

Nettstaden Gaysir kåra i 2009 og i 2010 Trettebergstuen til "Noregs mektigaste lesbiske kvinne". I 2008 kom ho på andreplass i same kåring, bak sjefredaktøren i Dagbladet, Anne Aasheim.

                                     
  • Sagen f. 1985 norsk skihoppar Anette Trettebergstuen f. 1981 norsk politikar Denne artikkelen bygger på Anette frå Wikipedia på bokmål, den 9.
  • Statsråd. Thomas Breen møter. Per Roar Bredvold Framstegspartiet Anette Trettebergstuen Arbeiderpartiet Trygve Magnus Slagsvold Vedum Senterpartiet Eirin
  • Akershus - periode 2007 2013 - føregangar Hildur Horn Øien - etterfylgjar Anette Solli 3. verv Stortingsrepresentant - periode 2013 2017 - valkrins Akershus
  • mars 2012 John Peder Egenæs Kristin Skogheim 12 23. mars 2012 Anette Trettebergstuen Andre Oktay Dahl 13 30. mars 2012 Kaia Huuse Espen Beranek Holm

Users also searched:

...