Back

ⓘ Mette Hanekamhaug er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal i 2009, og er dermed Stortingets yngste repres ..




                                               

Nytt på nytt-episodar

Dette er eit episodeoversyn for NRKs underhaldningsprogram Nytt på nytt. Den første episoden vart send 9. april 1999 og per 31. mars 2017 har 496 program vorte vist på NRK, fordelt på 36 sesongar.

Mette Hanekamhaug
                                     

ⓘ Mette Hanekamhaug

Mette Hanekamhaug er ein norsk politikar frå Framstegspartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Møre og Romsdal i 2009, og er dermed Stortingets yngste representant. Ho er medlem i Stortingets kyrkje-, utdannings- og forskingskomité.

Hanekamhaug gjekk først medier og kommunikasjon ved Romsdal VGS. Ho er seinare utdanna marknadsøkonom og innan PR og kommunikasjonsleiing frå Handelshøgskolen BI. I tillegg har ho ex.phil., ex.fac. og kurs i tverrkulturell kommunikasjon frå Høgskolen i Telemark. Hanekamhaug var prosjektmedarbeidar i d:mo i 2003, butikkmedarbeidar i Til Bords 2004–2006, og medarbeidar i JCP eventbyrå 2008–2009.

Ho var formann i Molde FpU 2003–2005. Studieleiar i Møre og Romsdal FpU 2004–2005, politisk nestformann 2005–2006, og formann i 2006. Hospitant i stortingsgruppa til Framstegspartiet 2007–2008. Medlem av Møre og Romsdal fylkesting og varamedlem av Molde kommunestyre frå 2007 til innvalet på Stortinget.

21. september 2009, under finteljinga av stemmene frå stortingsvalet, vart det meldt at Hanekamhaug likevel ikkje hadde fått plass på Stortinget, men at Møre og Romsdals utjamningsmandat heller gjekk til Torgeir Dahl H. Om lag ein time seinare viste dette seg å vere ein reknefeil frå Telemark som hadde gjort utslaget, og Hanekamhaug var dermed inne på Stortinget att.

                                     
  • Truls Wickholm, Oslo Frå Framstegspartiet Tord Lien, Sør - Trøndelag Mette Hanekamhaug Møre og Romsdal Bente Thorsen, Rogaland Frå Høgre Elisabeth Aspaker
  • 13. oktober 2009 Kristin Skogheim Jan Bøhler 10 20. oktober 2009 Mette Hanekamhaug Finn - Erik Vinje 11 27. oktober 2009 Raymond Johansen Nils Arne Eggen

Users also searched:

...