Back

ⓘ Kristiansand kommune er ein kommune i Agder fylke. Administrasjonssenteret er Kristiansand, som den største byen i regionen Sørlandet og er sete for fylkesadmin ..




                                               

Kristiansand katedralskole

Kristiansand katedralskole Gimle er ein vidaregåande skule i Kristiansand, grunnlagt 20. november 1686 då privilegia for katedralskule vart ført over frå Stavanger til Kristiansand. Han vart Latinskule i 1734 og er den eldste skulen på Sørlandet. Hausten 2007 vart skulen slått saman med Gimle videregående skole, tidlegare Kristiansand Handelsgymnas. Arne Rosenvold var den siste rektoren før skulane vart slegne i hop. Opphavleg tilbydde Kristiansand katedralskole ålmennfaglege studietilbod, medan Kristiansand handelsgymnas tilbydde økonomisk-administrative fag. Den samaslåtte skulen har eit ...

                                               

Oddernes

Oddernes er ein tidlegare kommune i Vest-Agder, som sidan 1965 har vore del av Kristiansand kommune. Kommunen låg opphavleg nord, aust og sør for Kristiansand. I 1864 vart Randesund i aust skilt ut som eigen kommune, og i 1921 vart området i Oddernes aust for munnigen til elva Otra lemma inn i Kristiansand. I 1965 vart Oddernes saman med Tveit og Randesund slått saman med Kristiansand kommune. Oddernes utgjer i dag eit sokn og prestegjeld rett nordaust for bysenteret. Namnet kjem av norrønt Otranes eller Otrunes etter elva Otra, truleg av dyrenamnet oter.

                                               

Thisted kommune

Thisted kommune er ein kommune i Thy i Region Nordjylland i Danmark, skipa i samvar med Kommunalreforma i 2007 ved at dei tidlegare kommunane Hanstholm, Thisted og Sydthy vart slege saman. Innbyggjartalet er 44 255 2013. Administrasjonssenteret i Thisted kommune er købstaden og hamnebyen Thisted, den største byen i kommunen, som ligg attmed Limfjorden. Fiskeri- og hamnebyen Hanstholm på Nordsjøkysten med 2.276 innbyggjarar 2012 har lenge vore ein viktig hamn for ferjesamband til mellom anna Noreg. Under andre verdskrigen bygde den tyske okkupasjonsmakta tallause bunkerar og tungt kystbatte ...

                                               

Torridal kyrkje

Torridal kyrkje er ei arbeidskyrkje i Kristiansand kommune i Vest-Agder. Kyrkja vart innvigd i 1978. I 2011 vart ho utvida med kyrkjelydsal, kontorlokale o.a. arkitekt: Arkitektkontoret Sør.

Kristiansand kommune
                                     

ⓘ Kristiansand kommune

Kristiansand kommune er ein kommune i Agder fylke. Administrasjonssenteret er Kristiansand, som den største byen i regionen Sørlandet og er sete for fylkesadministrasjonen i Agder fylkeskommune. Den 1. januar 2020 vart Songdalen, Søgne, og Kristiansand kommunar slege saman. Kommunen vart heitande Kristiansand.

                                     

1. Samferdsel

Kristiansand er òg eit viktig knutepunkt for transport og kommunikasjon. Byen er ende- og startpunkt for E 18, E 39 og riksveg 9 over Setesdalen. Med Sørlandsbanen har byen jarnbanesamband med både Oslo i aust og Stavanger i vest. Flyplassen på Kjevik er forbunde med fleire byar i Noreg og Europa, mellom anna Amsterdam og København. Det er hyppige ferjeavgangar til Hirtshals i Danmark.

                                     

2. Kommunevåpenet

Kristiansand sitt våpen viser ei løve under ei furu på raud bakgrunn, med ei krone over og eit valspråk rundt. At krona er lukka og ikkje open, som i andre byvåpen, syner at byen vart grunnlagd av ein konge. Furua viser til at byen vart grunnlagd på ei furumo, og løva kjem frå det norske riksvåpenet. Valspråket som står under våpenet er "Causa Triumphat Tandem Bona" - den gode saka vinn til slutt.

                                     

3. Kjende personar frå Kristiansand

  • Camilla Collett, forfattar
  • Jens Bjørneboe, forfattar
  • Iselin Shumba f. 1984, skodespelar, skribent, samfunnsdebatant, fødd i Harare i Zimbabwe
  • Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg
  • Morten Langeland f. 1986, forfattar
  • Terje Formoe, opphavsmannen til Kaptein Sabeltann
  • Kristofer Hæstad, fotballspelar
  • Gaute Heivoll f. 1978, forfattar Finsland
  • Henrik Wergeland 1808–1845, forfattar
                                     
  • Kristiansand er ein by og administrasjonssenter i Kristiansand kommune i Vest - Agder med 61 536 innbyggjarar per 1. januar 2017. Byen er sete for fylkesadministrasjonen
  • Kristiansand Domkyrkje, er det leia av ein domprost. Prostiet svarar til Kristiansand kommune i geografisk utstrekking. Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga
  • Koordinatar: 58 08 46 N 007 59 41 E Kristiansand domkyrkje er ei krosskyrkje i Kristiansand kommune i Vest - Agder. Dette er den fjerde kyrkja på staden
  • Kristiansand Lufthamn, Kjevik ligg nordaust for Kristiansand i Vest - Agder fylke, men avstand på 16 km og 15 - 20 min. køyretid mellom sentrum og flyplassen
  • Songdalen er ein tidlegare norsk kommune i Vest - Agder fylke. 1. januar 2020 vart han del av Kristiansand kommune Kommunen grensa mot Søgne i sør, til Marnardal
  • Kristiansand katedralskole Gimle er ein vidaregåande skule i Kristiansand grunnlagt 20. november 1686 då privilegia for katedralskule vart ført over
  • 650 N 8 8 53.802 E Dyreparken i Kristiansand er ein kombinert dyre - og underhaldningspark like utanfor Kristiansand Parken har no over åtte hundre dyr
  • Kristiansands Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Kristiansand stifta i 1921. Laget er aktivt med i friidrett og handball. Friidrettsutøvarane
  • Kristiansand tingrett er ein førsteinstansdomstol under Agder lagdømme. Han ligg i Kristiansand i Vest - Agder fylke og har eit domssokn som dekker kommunane
  • ein kommune i Agder fylke. Birkenes kommune i noverande form kom til i 1967 då kommunane Birkenes, Herefoss og Vegusdal vart slegne saman. Kommunen grensar
  • Søgne er ein tidlegare norsk kommune sør i Vest - Agder fylke. Han låg mellom kommunane Kristiansand Marnardal, Songdalen og Mandal. Kommunesenteret låg
                                               

Kristiansand IF

Kristiansands Idrettsforening er eit idrettslag heimehøyrande i Kristiansand, stifta i 1921. Laget er aktivt med i friidrett og handball. Friidrettsutøvarane Haakon Tranberg, Richard Simonsen, Kristen Fløgstad, Andreas Thorkildsen og Ida Marcussen er dei mest kjende medlemene til Kristiansand IF.

Tveit kommune
                                               

Tveit kommune

Sjå òg Tveit fleirtyding. Tveit er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke som sidan 1965 har vore del av Kristiansand kommune. I dag utgjer området eit prestegjeld som utgjer sokna Tveit og Hånes. Det ligg nordaust for bysenteret, på austsida av Topdalsfjorden. Tveit var sjølvstendig kommune frå 1837 til 1964. Kommunen vart saman med Oddernes og Randesund innlemma i Kristiansand.

Randesund
                                               

Randesund

Randesund er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke. I dag er området eit prestegjeld som utgjer den søraustlege delen av Kristiansand kommune. Kommunen vart oppretta i 1864 då han vart skilt ut av Randesund sokn frå Oddernes. I 1965 vart Randesund saman med Tveit og Oddernes innlemma i Kristiansand kommune. Namnet kjem av norrønt rǫnd, rand, opphavleg brukt om Randøyane, som ligg så tett at dei dannar ein kant mot havet utanfor.

Fylkesveg 1 i Vest-Agder
                                               

Fylkesveg 1 i Vest-Agder

Sjå òg fylkesveg 1 fleirtyding. Fylkesveg 1 i Vest-Agder går mellom Lund torg i Kristiansand kommune og Kvarstein bru i Vennesla kommune. Vegen er 10.3 km lang.

                                               

Flekkerøy Idrettslag

Flekkerøy Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Flekkerøya i Kristiansand kommune. Laget, som lokalt oftast vert kalla Fløy, vart skipa 29. juli 1950. Flekkerøy IL er aktivt med i badminton, fotball, handball og langrenn. Laga til Fløy spelar i heilblå drakter.

                                               

Fylkesveg 5 i Vest-Agder

Sjå òg fylkesveg 5 fleirtyding. Fylkesveg 5 i Vest-Agder går mellom Krageboen i Kristiansand kommune og fylkesgrensa mot Aust-Agder ved Raen. Vegen er 4.3 km lang.

                                               

Fylkesveg 7 i Vest-Agder

Sjå òg fylkesveg 7 fleirtyding. Fylkesveg 7 i Vest-Agder går mellom Øvre Mosby i Kristiansand kommune og Vigeland i Vennesla kommune. Vegen er 6.4 km lang.

Users also searched:

...