Back

ⓘ Norsk språkråd var eit statleg rådgjevande organ i spørsmål som galdt norsk språk - både bokmål og nynorsk - overfor offentlege institusjonar så vel som overfor ..




                                               

18. juni

1975: Mellomriksvegen Graddisvegen vart opna kong Olav V og Carl XVI Gustav av Sverige. 1971: Stortinget vedtok å opprette Norsk språkråd.

                                               

Ordenstal

Ordenstal skildrar nummer ei rekkje, og kan derfor òg nemnast som rekkjetal. Fyrste eller første er ordenstalet som viser til nummer éin ei rekkje. I nynorsk blir første følgt av andre, medan bokmål har alternativet annen i tillegg til andre. Deretter følgjer tredje, fjerde, femte osb. Ordenstal skrive med tal må ha eit punktum etter seg på norsk. Døme: 4. juli, 18. mai, 51. bataljon Ordenstala er adjektiv, til skilnad frå grunntala, som er determinativ. Jf: Den fine / første / andre boka adjektiv Nokre / to / fjorten / ingen bøker determinativ

                                               

Offshore

Sjå òg Offshoring, flytting av ei verksemd frå eit land til eit anna Offshore er opphavleg eit engelsk adjektiv for om det å vera ute på sjøen eller til havs. Omgrepet vert mykje nytta i tilknyting til petroleumsrelatert verksemd til havs. Omgrepet er teke opp i norsk språk med tilsvarande tyding, sjølv om Norsk Språkråd har rådd til å bruka det norske alternativet utaskjers. Omgrepet offshore finn ein ofte nytta i ymse samansettingar, til dømes: Offshore-teknologi for petroleumsverksemda Offshore-drift av utstyr i produksjonsprosessar utaskjærs Offshore-tilsette i oljeindustrien som arbei ...

                                               

1972

Det sosialliberalistiske partiet Det Nye Folkepartiet vart grunnlagt av utbrytarar frå Venstre etter ei partisplitting grunna spørsmålet om EF-medlemskap. 18. oktober Lars Korvald si regjering tiltredde. Resultatet av folkeavstemminga om norsk medlemskap i EF i danna grunnlaget for den første sentrumsregjeringa i Noreg, eit samarbeid mellom nei-partia Senterpartiet, KrF og Venstre. 18. oktober Trygve Bratteli si første regjering gjekk av. Bratteli hadde sagt at han ville trekke seg som statsminister viss det ikkje vart ja-fleirtal ved folkeavstemminga om norsk EF-medlemskap, og tok konsekv ...

                                               

Apostrof

Apostrof er eit skriftteikn som på norsk blir brukt til å vise at ein del av ordet er utelaten. Vi bruker òg apostrof når vi skriv somme franske framandord og eigennamn. I andre språk har apostrofen eit vidare bruksområde, i engelsk skriv ein apostrof framom genitivs-s.

                                               

Språkprisen

Språkprisen er ein pris som årleg vert tildelt av Språkrådet for framifrå bruk av norsk språk i sakprosa. Prisen blei skipa i 2007 og erstatta Norsk språkpris. Kvart år blir det delt ut to prisar, ein for nynorsk og ein for bokmål. Prisen er på 50 000 kroner, eit kopartrykk av Kjell Nupen og eit diplom. Utdelinga er under Språkrådets årlege konferanse, Språkdagen.

                                     

ⓘ Norsk språkråd

Norsk språkråd var eit statleg rådgjevande organ i spørsmål som galdt norsk språk - både bokmål og nynorsk - overfor offentlege institusjonar så vel som overfor ålmenta. Rådet vart skipa i 1972 og avløyste Norsk språknemnd, som vart oppretta i 1952.

Norsk språkråd hadde i oppgåve å verne om den kulturarven som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremje tiltak som kunne auke kunnskapen om norsk språk, fremje toleranse og gjensidig respekt mellom alle som bruker norsk språk i ulike variantar, og verne om rettane til det enkelte mennesket når det galdt bruken av språket. Mellom dei viktigaste oppgåvene til rådet var normering av bokmål og nynorsk, språkleg rådgjeving og språkleg kvalitetssikring av lærebøker. Frå 1994 hadde rådet i oppgåve å føre tilsyn med statsorgan under departementsnivå når det galdt gjennomføringa av mållova. Og frå 2000 hadde rådet i oppgåve også å arbeide med norsk språk og informasjonsteknologi. Norsk språkråd registrerte nyord, foreslo avløysarord i staden for engelske importord og fremja tiltak for å sikre språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk. Rådet gav frå 1973 ut tidsskriftet Språknytt og frå 1994 bulletengen Statsspråk. Norsk språkråd hadde dei siste åra ca. 20 tilsette.

Stortinget slutta seg i 2003 til eit forslag om å omdanne Norsk språkråd til eit nasjonalt kompetansesenter for norsk språk som skulle føre vidare mange av dei gamle arbeidsoppgåvene. Ved brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet 18. mai 2005 vart det fastsett at namnet skulle vere Språkrådet.

                                     
  • om det norske Språkrådet For rådet med same namn i Sverige, sjå Språkrådet i Sverige. Språkrådet er staten sitt fagorgan i spørsmål om norsk språk. Språkrådet
  • ålmenta. Norsk språknemnd hadde 30 medlemmer, 15 for kvar målform. Nemnda utarbeidde læreboknormalen av 1959. Ho vart avløyst av Norsk språkråd frå 1972
  • formidlingspris. Guttu var medlem i Norsk språkråd som representant for Riksmålsforbundet, frå 1980 til Norsk språkråd vart lagt ned i 2005. Guttu vart
  • fødd 2. juli 1944 er ein norsk skribent, fotograf, fredsarbeidar og tidlegare informasjonsleiar i Norsk språkråd og Språkrådet Jon Grepstad er fødd i
  • sanksjonar ved grove brot på reglane. Både det tidlegare Norsk språkråd og det noverande Språkrådet har peika på at det er behov for sanksjonar. Lova tok
  • til, og den er framleis i bruk både i eldre lærebøker og ordlister. Norsk Språkråd har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeidd ei eiga ordklasseinndeling
  • Samisk språkråd sam. Sámi giellaráđđi var eit organ for normering av dei samiske skriftspråka i Noreg. Det vart, i lag med ein del andre samiske råd
  • mål Norsk er eit germansk språk som høyrer til den nordiske, eller nordgermanske, greina. Norsk blir for det meste snakka i Noreg, men òg i norske utvandrarsamfunn
  • NPK - språket er innretta mot journalistar, er boka meint som ei rettessnor for andre som skriv nynorsk. NPK - språket. Ordliste og språkråd Kunnskapsforlaget 2010
  • Veka var medlem av fagnemnda for nynorsk i Norsk språkråd 2001 - 2005. Sidan 2006 har han òg vore leiar i Norsk namnelag. Omtale, Samlaget Forfattaroversyn
                                               

Geirr Wiggen

Geirr Wiggen er ein norsk dr.philos. og sidan 1992 professor i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Oslo, med vekt på fagdidaktikk. Han er busett i Oslo. Forskinga hans rettar seg i stor grad mot ulike emne innan anvend lingvistikk. Wiggen var lektor og førsteamanuensis ved Elverum lærarhøgskule 1976-90 og leiar i bokmålsseksjonen i Norsk språkråd 1988-96. Han vart dr.philos. 1992 og er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

                                               

Punktum

Punktum er eit skriftteikn som markerer slutten av ein heil setning, noko som i tale gjerne samsvar med ein lengre stopp. Ein kan også bruka teiknet for å markera ei forkorting. Tre punktum etter kvarandre. dannar ein ellipse.

Users also searched:

...