Back

ⓘ Universitetet for miljø- og biovitskap. Universitetet for miljø- og biovitenskap, tidlegare Noregs Landbrukshøgskule, var eit norsk universitet på Ås i Akershus ..




                                               

Fylkesveg 56 i Akershus

Sjå òg fylkesveg 56 fleirtyding. Fylkesveg 56 i Akershus går mellom Universitetet for miljø- og biovitskap og Nordby i Ås kommune. Vegen er 6.6 km lang.

                                               

Sem i Asker

Sem er eit gammalt industriområde i Asker kommune. Stedet ligg ved Semsvannet, nord for Asker sentrum. Ved utløpet til Askerelva frå Semsvannet ligg gamle Sem Sag, Høveldammen, Sagdammen, Høvleriet, Saga og Seheims ski- og hjulmakerverksted. Sem Gjestegård tidlegare Sem hovedgård og før det Nedre Sem gård har ein sentral plass i området. Frå 1886 låg Sem landbruksskole her, som blei driven av Wilhelm og Bernt Holtsmark. Frå 1914 blei Statens Småbrukslærerskole driven her. Denne blei etterkvart del av Noregs landbrukshøgskule. Universitetet for miljø- og biovitskap UMB på Ås selde den 306 m ...

                                               

Jordskifte

Jordskifte går ut på å endre eigar- og/eller brukstilhøve for å skape ei meir tenleg og effektiv utnytting av faste eigedomar "som det er vanskeleg å nytte ut på tenleg måte etter tid og tilhøve", det vil seie landbrukseigedomar som til dømes ikkje kan nyttast på høveleg vis av di sameige, omfattande bruksrettar, ulaglege grenser osb. gjer eigedomen eller eigedomane vanskelege å drive. Meininga er å omforme eigedomane slik at kvart bruk får jorda mest mogleg samla og kan verte ei høveleg driftseining. Dersom jordskiftet ikkje kan gå føre seg friviljug, kan det gjennomførast med tvang av jo ...

                                               

2005

2005 blei markert som: Hundreårsjubileum for oppløysinga av unionen mellom Noreg og Sverige. Verdas fysikkår. Hundreårsjubileet for at Albert Einstein kom fram til relativitetsteorien blei markert av dei sameinte nasjonane som fysikkår. Det norske friluftslivsåret 2005 blei oppretta som Miljøverndepartementet sitt bidrag til hundreårsmarkeringa I 2005 var det 60 år sidan frigjeringa 8. mai 1945. Den andre verdskrigen var slutt i Europa. Firehundreårsdagen for avsløringa av krutsamansverjinga, eller the Gunpowder Plot, feira kvart år som Guy Fawkes Day i Storbritannia. Internasjonalt år for ...

                                     

ⓘ Universitetet for miljø- og biovitskap

Universitetet for miljø- og biovitenskap, tidlegare Noregs Landbrukshøgskule, var eit norsk universitet på Ås i Akershus. I 2014 vart UMB og Noregs veterinærhøgskole slegne saman til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. si tid var UMB den sentrale forskings- og lærestaden for bioproduksjon, miljø og landskap i Noreg. Universitetet omfatta fleire forskningsinstitutt og -miljø innan landskapsstudiar, jord-, skog- og hagebruk, husdyrhald, naturforvaltning, utviklingstudiar, økonomi og teknologiske disiplinar.

UMB hadde i 2012 om lag 4 000 studentar. Universietet utdanna årleg mellom 700 og 1 000 kandidatar. Noregs Veterinærhøgskole kom i tillegg.

                                     

1. Historie

I 1859 vart "Den høiere Landbruksskole paa Aas" oppretta etter vedtak i Stortinget. Han var den andre høgare utdanningsinstitusjonen i Noreg etter Universitetet i Oslo. NLH fekk universitetsstatus 1. januar 2005 og blei til Universitetet for miljø- og biovitskap. I 2014 blei UMB slått saman med Noregs veterinærhøgskole til éin institusjon under namnet Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

                                     

2. Universitetsområde og bygningar

UMB har, ved sidan av NTNU, den einaste klassiske campusen i Noreg, med monumentale steinbygningar omgitt av parkar og landlege grøntareal – etter klassisk engelsk modell. Bygningane er i til dels dårleg stand, og universitetet slit med eit vedlikehaldsetterslep på om lag 11.5 milliardar kroner.

Arkitekt for planlegginga ved starten i 1856 var P.H. Holtermann, men bygningane vart totalt bygd om etter teikningar av arkitekt Ole Sverre i perioden 1897–1902.

                                     

2.1. Universitetsområde og bygningar Urbygninga

Det er særleg Urbygninga, ferdigstilt i 1900, som er kjend for sitt vakre ytre. Inne i Urbygninga er Festsalen verdt eit besøk. Rommet er dekorert i nasjonalromantisk stil med utskårne dragemotiv og måleri av Dagfin Werenskiold. Cirkus, Tivoli, Økonomibyginga og Meierimuseet er òg bygd i same stil. Utskjeringane er truleg laga av Borgersen.

                                     

2.2. Universitetsområde og bygningar Tårnbygninga

Tårnbygninga stod ferdig i 1924, også ho teikna av arkitekt Sverre, i ein mørk og stram stil. Tårnet på toppen vart opphavleg nytta av landmålingsstudentane, seinare vart det nytta til observasjonar av ulike gassar i atmosfæren. Tårnet vart bygt ettersom landmålingsstudentane ikkje ville vere ute i all slags vêr, slik dei måtte på plattforma på taket på Urbygninga.

Av andre bygningar er bindingsverkshuset Smia og Fjøset òg sjåverdige. Fjøset er Noregs største driftsbygning. Samfunnsbygninga er frå 1935 og verna grunna funkisstilen ho er bygt etter. Rundt desse bygningane er det eit større parkanlegg med statuar og skulpturar. Professor L. Moen forma parkanlegget slik det framstår i dag.

                                     

2.3. Universitetsområde og bygningar Parken til UMB

Universitetsområdet har parkanlegg med fleire minnesmerke:

  • Falsenstøtta
  • Lindequistsøyla
  • Dahlstøtta
  • Kollerbautaen – Direktør 1880-1895.
  • Bjørlykkebysten
  • Wriedtsteinen
  • Dyrehovud og friser over Urbygninga
  • Minnesmerke over falne NLH-studentar og -kandidatar under 2. verdskrig
  • Sverdrupstøtta
  • Hirschstatuen
  • Bergstrømbautaen
                                     

3. Institutt

UMB var organisert i institutt, og hadde desse i 2013:

  • Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap
  • Handelshøyskolen ved UMB
  • Institutt for plante- og miljøvitskap
  • Institutt for naturforvaltning
  • Institutt for matematiske realfag og teknologi
  • Institutt for landskapsplanlegging UMB
  • Institutt for kjemi, bioteknologi og matvitskap
  • Institutt for internasjonale miljø- og utviklingsstudier – Noragric
                                     

4. Studentliv

UMB har eit aktivt studentmiljø. Utanom skoletida føregår studentaktivitetane ofte kring den verna Samfunnsbygninga, der Samfunnet i Ås og Studentsamskipnaden i Ås held til. Mange lag og organisasjonar er knytte til UMB og Samfunnet.

Ei rekke studentforeningar er knytte til UMB og Samfunnet. Studentane har få etablerte forum for møte med universitetet sine tilsette på fritida. Likeleis har miljøet rundt utdanningsinstitusjonen vorte kritisert for liten omgang med det øvrige lokalsamfunnet i Ås.

Av studentorganisasjonar finn ein korps, kor, eksklusive foreiningar, linjeforeiningar, storband og interesseorganisasjonar, studentmållag og politiske parti.

Studentavisa tuntreet kjem ut om lag tolv gongar i året.

                                     

4.1. Studentliv Studentsamfunnet i Ås

Studentsamfunnet i Ås vart skipa i 1864 og vert drive på dugnad av studentar ved Universitetet for miljø- og biovitenskap. Aud Max Auditorium Maximum vart opna 19. august 1970 av Leif Olav Moen som vann arkitektskonkurransen i 1966.

Kvart andre år vert Uka i Ås arrangert. Ho vert avvikla i oktober i år med partal. Då vert Samfunnsbygninga fylt med studentforeningane sine barar og aktivitetar, og det vert halde konsertar, revy og andre arrangement. Også utanom Uka vert det jamleg arrangert konsertar og revyar på Samfunnet.

                                     

5. UMB-ringen

UMB-ringen, tidlegare NLH-kandidatring, er ein ring for studentar som fullfører mastergrad tidlegare hovudfag. Ringen vert ofte kalla "ditt vitnemål i gull" og syner at kandidaten er frå Ås, noko som kan vere nettverksbyggande i kontakt med andre som òg ber ringen.

Ringen er i gult og kvitt gull og har ei plate med ei stjerne med fem forgreiningar, som symboliserer dei fem opphavlege studieretningane.

                                     

6. Bakgrunnsstoff

  • Noregs miljø- og biovitskaplege universitet Besøkt 30.12.2015
  • SNL
  • Arkitekturen på Ås
  • KOMPLEKS 1837 Universitetet for miljø- og biovitenskap UMB. Bygningsmessig beskrivelse av universitetsbygningene. Del av høringsutkast til landsverneplan for Kunnskapsdepatementet. Kunnskapsdepartementets hjemmeside, 23. februar 2010

Litteratur

  • Hundre år for samfunn og næring, 1997
  • Senit, Senterpartiets tidsskrift for samfunn og politikk, årgangene 1984-87
  • Eystein Eggen: Bygdekultur og mediepolitikk: tale på NBUs årsmøte sommeren 1978
                                     
  • Noregs miljø - og biovitskaplege universitet er eit resultat av ei samanslåing av Noregs veterinærhøgskole og Universitetet for miljø - og biovitskap Samanslåinga
  • miljø og biovitenskap i 2004. Dette danna grunnlaget for Noregs miljø - og biovitskaplege universitet som blei skipa i 2014. Norges Landbrukshøgskole
  • går mellom Universitetet for miljø - og biovitskap og Nordby i Ås kommune. Vegen er 6, 6 km lang. Ås 152 Universitetet for miljø - og biovitskap Arm frå Melby
  • Østfoldbanen. Her ligg Noregs miljø - og biovitskaplege universitet tidlegare Universitetet for miljø - og biovitskap og Norges landbrukshøgskole, i tillegg
  • Gaute T. Einevoll f. 1962 er professor i fysikk ved Universitetet for miljø - og biovitskap Naturens kode Gyldendal 2005. Redaktør saman med Eirik Newth
  • eigedomar eller arealplanlegging og miljørett. I dag er grada erstatta av mastergrad ved Universitetet for miljø - og biovitskap med studieretningar innan arealplanlegging
  • til Noregs Mållag. Laget rinn ut frå studentmassane til Universitetet for miljø - og biovitskap UMB Laget vart stifta i 1908, då under namnet Studentmållaget
  • mastergradar i landbruksfag, som mellom anna vert tildelt av Universitetet for miljø og biovitskap i Ås. Kandidat frå ulike studieretningar på NLH har ofte
  • Tuntreet er studentavisa til Universitetet for miljø - og biovitskap Bladet kjem med 12 utgåver i året. Fyrste utgåve kom ut i 1946. I alt er det kring

Users also searched:

...