Back

ⓘ Noreg under andre verdskrigen. Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde totalitært styre frå den tyske ..




                                               

Den fyrste verdskrigen

Den fyrste verdskrigen var ein verdskrig som gjekk føre seg i Europa frå august 1914 til 11. november 1918. Han var ein verdskrig av di dei deltakande landa var store kolonimakter. I tillegg kom Sambandsstatane med i 1917. Storbritannia og Frankrike hadde koloniar i alle verdshyrne, medan Russland strekte seg langt inn i Asia. Den fyrste verdskrigen er omtala som "krigen som skulle få slutt på alle krigar". Ei anna omtale er berre "den store krigen" la Grande Guerre eller The Great War. Landegrensene i Europa vart mykje endra då krigen tok slutt. Austerrike-Ungarn forsvann og vart erstatta ...

                                               

8. mai

1929: Jan Mayen vart norsk land ved kongeleg resolusjon 1978: Oljefeltet Frigg i Nordsjøen vart opna av kong Olav V 1972: Miljøverndepartementet vart oppretta 1821: "Stortinget vedtok å oppheve adelsvesenet 1945: Andre verdskrigen: Dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte.

                                               

9. april

1917: Sju norske fangstskuter forliste under ein orkan i Vestisen, der 84 mann bleiv. Seks av dei sju skutene var frå Ålesund; "Admiralen", "Arctic", "Aslak", "Heim", "Hercules" og "Lundheim", den sjuande, "Ceres", høyrde heime i Tønsberg. Utan radiosamband gjekk det fire månader før andre forstod omfanget av ulukka. 1940: Tyske troppar gjekk i land i Noreg og Noreg kom med i andre verdskrigen 1935: "Havmøy" av Oslo forliste sør for Jamaica i Karibiahavet. 11 mann omkom. 1924: Noregsrekorden for lågaste temperatur i april blei sett i Karasjok med ei måling på -36.5 grader. Det tyske krigss ...

                                               

Kriegsmarine

Kriegsmarine var marinen i det nasjonalsosialistiske Tyskland i perioden frå 1935 til 1945. Kriegsmarine utgjorde den eine av dei tre forsvarsgreinene til Wehrmacht. Dei to andre var Heer og Luftwaffe. Forløparane for Kriegsmarine var Den tyske keisarlege flåten 1871–1918 og Reichsmarine 1919–1935 i Weimarrepublikken. Etter andre verdskrigen vart dei få attverande skipa i Kriegsmarine fordelt mellom sigerherrane. Etter at Vest-Tyskland rusta opp att og vart medlem av NATO i 1956, vart marinen i landet uformelt referert til som forbundsmarinen. Då DDR Aust-Tyskland oppretta sin eigen militæ ...

                                               

Per Albin Hansson

Per Albin Hansson var ein svensk politikar. Han var leiar for sosialdemokratane, Socialdemokratiska arbetarpartiet, og sat som svensk statsminister i fire regjeringar i tidsrommet mellom 1932 og 1946. Ei av desse regjeringane var koalisjonsregjeringa som vart danna under andre verdskrigen. Regjeringa under krigen inkluderte alle dei store partia, med unntak av kommunistpartiet. Då verdskrigen tok til, lét Hansson, som frykta at også Sverige skulle bli invadert, tyske troppar reisa gjennom landet til okkuperte Noreg og Finland. Politisk arbeida Hansson for innføringa av velferdsstaten som h ...

                                               

Supermarine Spitfire

Supermarine Spitfire er eit britiskprodusert einsetars jagarfly, nytta av Royal Air Force og mange andre allierte under den andre verdskrigen og fram til 1950-åra. Flyet fekk legendestatus etter slaget om Storbritannia og vart bygd i mange variantar.

Noreg under andre verdskrigen
                                     

ⓘ Noreg under andre verdskrigen

Den andre verdskrigen råka Noreg hardare enn nokon annan moderne krig hadde gjort. Landet opplevde totalitært styre frå den tyske okkupasjonsmakta og bombeåtak frå dei allierte, rasjonering av mat og utstyr og mangel på informasjon. Embetsverket, politiet o.l. samarbeidde så godt dei kunne med den nye statsmakta. Men det blei og utvikla ei motstandsrørsle som arbeidde i og utanfor landet, medan det blei skapt eit fiendebilde av ekte eller tenkte overløparar, som medlemmer av det norske nazistpartiet Nasjonal Samling og "tyskartøser", jenter som gjekk med tyske soldatar.

Noreg var under tysk okkupasjon frå 1940 til 1945. Åtaket frå Hitler-Tyskland tok til 9. april 1940, Noreg var fullt ut okkupert frå førstninga av juni, og dei tyske styrkane i Noreg kapitulerte 8. mai 1945.

Under den nazi-tyske okkupasjonen var demokratiet i Noreg avskaffa. Den lovlege regjeringa i landet, leidd av Johan Nygaardsvold, oppheldt seg i London under okkupasjonen. Etter ei stund vart det norske nazistpartiet NS gjort til formelt regjeringsparti, men den røynlege makta låg heile tida hos leiaren for okkupasjonsmakta, Josef Terboven.

Den nazi-tyske okkupasjonspolitikken i Noreg var relativt mild, samanlikna med åtferda deira i mange andre land, ikkje minst i Polen, Jugoslavia og Sovjetunionen. Nordmenn flest vart sedde på som folk av rett rase som det var om å gjera å vinne over til nazistane si side. Dette gjaldt sjølvsagt ikkje norske jødar eller sigøynarar. Halvparten av dei norske jødane vart drepne, nesten alle dei fekk tak i. Derfor hadde tyske okkupasjonssoldatar generell ordre om å fara fint åt med norske sivile. Dersom nordmenn deltok i motstandsarbeid, vart dei likevel utsette for all den grove vald og terror nazismen elles ikkje nølte med å bruke. Til saman vart om lag 10 000 nordmenn drepne under andre verdskrigen.

                                     

1. Opptakt

Då den andre verdskrigen starta i september 1939, erklærte Noreg seg nøytralt, slik som under den fyrste verdskrigen. Landet oppretta nøytralitetsvakt og forsterka vakthaldet langs kysten, men hadde etter mange års nedrusting eit svakt og gamaldags forsvar. Utover våren 1940 auka presset på Noreg. I fylgje utanriksminister Halvdan Koht var regjeringa samde om at ein måtte syrgja for å hamna på britisk side, dersom det no vart krig. På den andre sida sa Koht at han trudde at britane hadde sett seg som mål å driva Noreg ut i krigen. Ein grunn til at Noreg var viktig var at Narvik var utskipingshamn for strategisk viktig jernmalm til både Tyskland og Storbritannia. Noreg var òg viktig på grunn av den lange kysten med godt rom for å laga marinebasar og flyplassar.

Eit av dei alvorlegaste åtaka på nøytraliteten var Altmark-saka den 16. februar 1940. Det britiske krigsskipet HMS "Cossack" borda det tyske skipet i Jøssingfjord. Britiske fangar vart sette fri, trass norske protestar. Hendinga vart nytta som argument frå tysk side om at Noreg ikkje var i stand til å vera nøytral i krigen. I røynda hadde tysk planlegging for invasjonen starta allereie i desember året før. Tyske styresmakter var særs redde for at dei allierte skulle ta kontroll over Noreg. Noreg kunne nyttast som base for åtak mot Tyskland. I tillegg kunne malmeksporten frå Sverige blokkerast. Både Tyskland og dei allierte la planar om å okkupera Noreg, og 8. april la britiske skip miner i Vestfjorden. Om kvelden den åttande april vart eit tysk transportskip senka utanfor Kristiansand. Soldatane om bord sa at dei var på veg mot Bergen.

                                     

1.1. Opptakt Invasjon i april 1940

3. april hadde tyske krigsskip lagt ut frå hamn i Operation Weserübung, kodenamnet for invasjonen av Danmark og Noreg. Kring midnatt natt til 9. april fall den fyrste nordmannen, kaptein Leif Welding Olsen på vaktskuta Pol III i Ytre Oslofjord. Dei tyske skipa heldt fram innover fjorden, men vart stogga då Oscarsborg festning senka flaggskipet "Blücher". Dei andre skipa gjekk ikkje inn til Oslo på grunn av at dei trudde fjorden var minelagd. Senkinga gjorde at tyskarane sine planar vart skipla. Slik kunne kongen og regjeringa få høve til å rømma frå Oslo. Regjeringa og kongen tok sete på Hamar. Tanken var at mobiliseringa av dei norske styrkane skulle skje via postgang. Mobiliseringa skjedde på lite organisert vis, mellom anna av di det ikkje gjekk ut melding via radio. I kystbyane Arendal, Kristiansand, Egersund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Narvik møtte tyskarane svak eller ingen motstand. Felttoget innover i landet kunne byrja.

                                     

1.2. Opptakt Felttoget i 1940 og norsk kapitulasjon

I innlandsbygdene møtte tyskarane meir motstand enn venta og sabotasjeaksjonar forseinka framdrifta mykje. Den 20. april var framleis det meste av innlandet under norsk kontroll. Dei siste områda i Sør-Noreg under norsk kontroll var Vinje og Tinn i Telemark fylke og Trysil i Hedmark fylke. I Midt-Noreg var dei siste områda med norsk motstand ved Røros, Hegra Stjørdal og Snåsa. Alle desse stadane var framleis under norsk kontroll den 6. mai.

Nokre norske byar, Namsos, Steinkjer, Elverum, Molde, Kristiansund, Bodø og Narvik vart totalskadde. Skadane kom som fylgje av kampar eller tysk bombing. Elverum vart den fyrste byen i verda til å verta utsletta gjennom åtak frå lufta. Elverum brann ned grunna trehusa.

Noko hjelp kom frå vestmaktene. Britane sette i land soldatar i Åndalsnes. Britiske, franske og polske styrkar deltok i slaget om Narvik. Slaget om Narvik vart vunne av vestmaktene, og vart feira som den fyrste allierte sigeren i krigen. Då Tyskland invaderte Frankrike vart vestmaktene sine styrkar dregne ut av Noreg. Den 8. juni vart den norske øvstkommanderande general Otto Ruge informert om tilbaketrekkinga.

Den 10. juni kapitulerte nordmennene, medan kongen og regjeringa reiste i eksil til Storbritannia. I ettertid var det ulike tolkingar om kva kapitulasjonen omfatta. Ei tolking kunne vera at det var dei norske styrkane i Noreg som la ned våpna. Ei anna tolking kunne vera at det var Noreg som stat som kapitulerte. Forsvarssjefen, general Otto Ruge, hadde fullmakt frå regjeringa til å forhandla på vegne av Noreg. Kapitulasjonserklæringa vart skriven under i Trondheim. Den mest omstridde setninga lyder "Die gesamten norwegischen Streitkräfte legen die Waffen nieder und werden sie während der Dauer des gegenwärtigen Krieges nicht wieder gegen das Deutsche Reich oder dessen Verbündete ergreifen". Omsett til norsk vert det: Alle norske styrkar legg ned våpna og vil så lenge krigen varar ikkje igjen gripa til våpen mot det tyske rike eller allierte av Tyskland. Ei avgrensa tolking vil vera at setninga viser til dei attverande norske styrkane i Noreg. I praksis ville det utgjera 6. divisjon i den norske hæren. Nygaardsvold si regjering sende i alle høve ikkje ut noka ordre om total kapitulasjon. Kongen og regjeringa oppretta hovudkvarter i London, og oppmoda til vidare kamp mot tyskarane. Særleg viktig var dette på grunn av den store norske utegåande handelsflåten. Regjeringa hadde allereie i april oppretta eit eige organ som styrte dei norske skipa på verdshava. Organet heitte The Norwegian Shipping and Trade Mission, vanlegvis omtala med telegramadressa NORTRASHIP. Innkomene frå dei rekvirerte skipa sette regjeringa i stand til å halda fram med ein aktiv kamp.



                                     

2. Okkupasjonstida

Den tyske okkupasjonen av Noreg var i all hovudsak fredeleg. Særleg gjeld dette om ein samanliknar med tysk okkupasjon av land i Aust-Europa. Tyske styresmakter ynskte ro og orden og at hjula vart haldne i gang. Fleirtalet av nordmenn gjorde ikkje aktiv motstand. I Aust-Europa var det mykje meir aktiv krigføring av ymse motstandsrørsler. Tyskarane hadde tankar om at nordmennene etter krigen kunne verta med i eit germansk rasefellesskap. Aust i Europa var det meir tale om å fortrengja underlegne rasar til føremon for tyskætta busetting.

Opp til 400 000 tyske soldatar var stasjonert i Noreg. I tillegg gjekk ymse krigsskip langs kysten. Vestmaktene gjorde små åtak mot norskekysten for å gje inntrykk av eit komande større åtak. Eit døme på slike åtak var Måløy-raidet. Om dei tyske ressursane hadde vorte sett inn andre stader kunne krigsgangen vorte endra.

Den tyske okkupasjonsmakta nytta ved nokre høve harde straffetiltak mot sivile. Eit av dei verste døma var bygda Tælavåg i Hordaland. Etter at to Gestapo-offiserar vart drepne i kamp med Linge-folk, vart heile bygda lagt aude av tyskarane. Alle vaksne menn vart sende til konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der 31 av 72 døydde. Resten av folket i Tælavåg vart internerte i Noreg resten av krigen, og alle hus vart sprengde. Båtar vart tekne og husdyr avliva.

I Finnmark fylke vart krigen merka mykje hardare enn i resten av landet. Den tyske lapplandsarmén nytta den brende jords taktikk under tilbaketrekkinga frå Finland. Store delar av fylket vart lagt i ruinar av tyske styrkar. Målet var at styrkane frå Sovjet ikkje skulle finna mat og husrom. Dei som budde nord for Lyngen i Nord- Troms skulle evakuerast sørover. Offisielt skulle dei sivile verta skåna for dei sovjetiske styrkane si brutale framferd. Trass i dette var det mange norske som gøymde seg unna.

Dei norske bilanda Svalbard, Jan Mayen og Bjørnøya kom aldri under tysk kontroll.

Kvardagslivet under okkupasjonen vart kjenneteikna av svartebørs og rasjonering, og kunne vera vanskeleg, særleg for dei som ikkje eigde jord sjølve. Det var delvis vare- og matmangel, og sjølv om mager kost kan vera sunt ei rid, var ein i ferd med få mangelsjukdommar på grunn av for lite feitt da krigen leid mot slutten. Folk svalt likevel ikkje i hel i Noreg under okkupasjonen, slik dei gjorde i store delar av det tysk-okkuperte Aust-Europa. Takka vera hjelp frå særleg Danmark og Sverige klarde nordmennene seg høveleg godt.

                                     

2.1. Okkupasjonstida Styresett

Allereie om kvelden den 9. april 1940 ordna den tidlegare forsvarsministeren Vidkun Quisling seg med tilgjenge til Norsk rikskringkasting sitt radiostudio i Oslo. ei tale oppnemnde han seg sjølv til statsminister. Folk med tilknyting til partiet Nasjonal Samling NS vart peika ut til å sitja i regjering. Kuppet via radio kom overraskande for dei fleste tyske styresmakter. Planen var at regjeringa Nygaardsvold skulle verta sitjande, og at regjeringa skulle overtydast om at tyskarane kom for å ivareta norske interesser.

Då kongen og regjeringa nekta gå med på dei tyske krava, vart det meir aktuelt å satsa på Quisling. Det synte seg at Quisling berre hadde stønad frå ei grein i det tyske maktapparatet. Etter nokre dagar vart Quisling pressa til å gje opp regjeringsplanane.

Eit administrasjonsråd vart oppretta av Høgsterett den 15. april. Rådet skulle styra dei områda som tyskarane kontrollerte. Leiaren av rådet var den sterkt konservative og tyskvenlege fylkesmannen i Oslo og Akershus, Ingolf Christensen. Delar av næringslivet og enkelte mektige nordmenn var interesserte i at ro og orden vart oppretta så snøgt som mogleg. Nokre ynskte at regjeringa Nygaardsvold skulle gje opp kampen og koma til ei avtale med tyskarane. Administrasjonsrådet sitt styringsområde omfatta frå 10. juni heile fastlands-Noreg. I røynda var det tyskarane sin administrator, Josef Terboven, som sat med makta. Terboven vart av Hitler frå 24. april utnemnd til Reichskommissar für die besetzten Norwegischen Gebiete Rikskommisær for dei hærsette norske områda. Terboven skulle styra over sivile norske tilhøve. I røynda hadde han diktatorisk mynde, og berre Hitler stod over han.

Stortinget sitt presidentskap sende i slutten av juni eit brev til kongen. I brevet vart han beden om gå av, etter som han ikkje lenger var i stand til å styra. Det vart gjort framlegg om at Johan Nygaardsvold si regjering ikkje lenger kunne godkjennast som regjering. Ei prøverøysting i Stortinget synte fleirtal for eit slikt syn. Kongen avviste krava.

25. september 1940 proklamerte reichskommissar Josef Terboven at kongen og eksil-regjeringa var avsett, administrasjonsrådet oppløyst og alle politiske parti unnateke NS vart forbodne. Til å styra landet oppnemnde han Josef Terboven sine kommissariske statsrådar.

Ved statsakta på Akershus den 1. februar 1942 vart Vidkun Quisling utnemnd som leiar for ei kommisarisk administrativ norsk regjering, Vidkun Quisling si andre regjering. Regjeringa vart godkjend av dåverande Høgsterett. Quisling fekk tittel av ministerpresident, og hadde tankar om at han skulle stå i spissen for ei nasjonal regjering. Den nasjonale regjeringa skulle kunna slutta fred med Tyskland og føra ein sjølvstendig politikk. Terboven heldt trass i dette fram som Reichskommissar. Tyskarane ynskte å vera i førarsetet i Noreg i alle høve fram til krigen var avgjort til deira føremon.

                                     

2.2. Okkupasjonstida Motstandsrørsle

Motstanden mot okkupasjonen var til å begynne med noko nølande, men særleg etter at nazifiseringa av det sivile samfunnet vart sett i gang, vart iallfall den passive motstanden omfattande. Aktiv, væpna motstand var det mindre av, med visse unnatak i siste del av okkupasjonstida.

Ikkje-militære nordmenn dreiv ymse sabotasje- og geriljaverksemd i aukande omfang etter som krigen utvikla seg. Dette er, i snever tyding, i strid med folkerett i krig. Ein kjempande soldat skal ha kjennemerke, til dømes uniform, på at han høyrer til militære styrkar. Tyskarane stempla, som andre okkupantar, kjempande utan kjennemerke som terroristar. Ein kunne rekna seg å vera del av motstandsrørsla om ein var alt frå laust knytt til heimefronten. Andre igjen var meir fast organisert til militære organisasjonar som Milorg. Kongefamilien med kong Haakon VII og kronprins Olav i spissen heldt mange radiotalar frå London, og kongefamilien vart eit symbol på motstand mot okkupantane. Etter kvart vart det å høyra på radio ei motstandshandling i seg sjølv.



                                     

2.3. Okkupasjonstida Norske styrkar i alliert teneste

I juni 1940 var det berre ei lita del av den norske hæren og marinen som hadde kome seg over til Storbritannia. Med desse styrkane som grunnlag vart det bygget opp en større norsk styrke i Storbritannia. Dei bar, av praktiske årsaker, britisk uniform - men slik som alle andre eksilstyrkar i alliert teneste hadde dei nasjonalitetsmerke på skuldra. "Norway" Noreg for Noregs vedkommande.

Styrkane vart utgjort av nordmenn som hadde flykta frå Noreg, kvalfangarar og andre som var i utlandet ved krigsutbrotet. Dei norske eksilstyrkane utmerka seg med å vera økonomisk sjølvstendige på grunn av den norske handelsflåten.

Hæren sitt bidrag til krigen var ein infanteribrigade i Skottland og ein del mindre spesialeiningar, mellom anna Kompani Linge. Desse styrkane vart øyremerka for ein mogleg alliert landgang i Noreg, sjølv om soldatane argumenterte for å ta del i landstiginga i Normandie.

Ei alliert jagarflyging 132. Norwegian) låg under norsk kommando sjølv om berre to av fire skvadronar var norske 331 skvadronen og 332 skvadronen. Dei norske jagarflyskvadronane utmerka seg som nokre av dei beste i det britiske flyvåpenet RAF. Sidan det ikkje var nokon eigen dansk skvadron fanst det ein del danske jagarflygarar knytt til dei norske avdelingane.

Mot slutten av krigen vart dei norske styrkane utgjort av om lag 4 500 i hæren, 2 600 i luftforsvaret og 7 400 i sjøforsvaret.

                                     

2.4. Okkupasjonstida Norske styrkar i tysk teneste

Frontkjempar er nemninga på nordmenn som melde seg til krigsinnsats på tysk side. Frontkjemparane vart i all hovudsak sett inn mot russarane på austfronten. Mange av dei var motivert av å hjelpa Finland, som var i krig med Sovjetunionen. Ei stund var det snakk om at dei skulle kjempa direkte i finsk teneste. I staden vart dei sett under tysk kommando, og sett inn særleg på fronten ved Leningrad. I overkant av 5 000 nordmenn var i aktiv frontteneste på tysk side i løpet av krigen. Om lag 700 av dei fall eller forsvann på austfronten. Etter krigen fekk frontkjemparane hard straff som landssvikarar, trass i at Noreg hadde kapitulert i juni 1940. Tyske uniformer med varierande kjennemerke vart nytta.

Eit tal sjukepleiarar gjorde teneste i Raudekrossen på austfronten, mellom Hanna Kvanmo. Som einaste land i verda straffa Noreg sjukepleiarar etter krigen for å ha gjort teneste for tyskarane. Den internasjonale Raudekrossen protesterte, med tilvising til plikta til å hjelpa alle partar ei konflikt. Denne dommen har i ettertid vore svært omstridt.

                                     

2.5. Okkupasjonstida Nasjonal Samling

Nasjonal Samling, forkorta NS, vart frå september 1940 av okkupasjonsmakta gjort til det einaste lovlege politiske partiet i Noreg. Partiet var bygd opp med det tyske nazipartiet NSDAP som eit føredøme. Partileiaren Vidkun Quisling titulerte seg som førar. Ambisjonen var å gjera NS til det statsberande parti i Noreg. NS vart ein politisk maktfaktor, men regjerte på okkupasjonsmakta si nåde. NS prøvde å "nyordna" samfunnet i tråd med sine politiske tankar. Målsettinga var at demokratiet med mange parti skulle erstattast med førarprinsippet. Partimedlemmer vart plasserte i samfunnsmessige nøkkelposisjonar. Medlemmene i NS vart av mange sett på som landssvikarar.

                                     

2.6. Okkupasjonstida Krigsfangeleirar i Noreg

Etter den tyske invasjonen av Sovjetunionen i 1941, Operasjon Barbarossa, vart det oppretta fleire fangeleirar i Noreg. Leirane vart for det meste nytta for krigsfangar frå Sovjetunionen, i tillegg til Jugoslavia. Fangane måtte arbeida under brutale omstende. Fangane vart nytta til å byggja ut byggverk som tyskarane ynskte. Det var over 80 000 slike krigsfangar i Noreg under okkupasjonen, av dei døydde om lag 15 000.

                                     

2.7. Okkupasjonstida Festung Norwegen

Etter som krigen gjekk vart Noreg viktigare som marinebase. For å hindra invasjon i Noreg vart det bygd ut festningsverk langs kysten. Heile Noreg skulle vera ei festning, Festung Norwegen. Utbygginga var ein del av forsvarslina ut mot Atlanterhavet. Ei slik forsvarslinje vart bygd frå Frankrike i sør under namnet Atlantikwall. Det vart bygd store bunkeranlegg for u-båtar i Bergen og Trondheim. Ubåtane tok del i Slaget om Atlanterhavet. Særleg etter invasjonen av Frankrike i 1944 vart mange u-båtar overført til Noreg.

                                     

2.8. Okkupasjonstida Deportasjon av jødane

Kring halvdelen av dei norske jødane vart hjelpte over til Sverige eller Storbritannia av den lokale motstandrørsla.

Av den halvparten som ikkje nådde å flykta i tide, vart så og sei alle sende til Tyskland og Polen. Dei fleste av desse, 735 i alt, døydde i tyske konsentrasjonsleirar. Jødane vart samla inn og sende av garde av det vanlege norske politiet, som nokre gonger var meir ivrige i tenesta enn SS. Jødisk eigedom over heile landet vart plyndra av dei norske naboane, eller teke av dei dåverande styresmaktene. Jødane fekk ikkje erstatning for dette etter krigen, og ingen norske politimenn vart straffa for å ha delteke i forfylgjing av jødar. Mange nordmenn hadde ei rasistisk innstilling til jødar. Den tysk-venlege avisa Aftenposten hadde til dømes allereie på 1930-talet skrive at jødeforfylgjing var rett.

                                     

3. Slutten på krigen

Den fyrste delen av Noreg som vart fri, var Finnmark. Hausten 1944 gjekk sovjetiske styrkar over grensa og starta frigjeringa av den nordlegaste landsdelen vår. Okkupasjonsmakta prøvde å tvangsflytta heile befolkninga der, men mange fór til fjells og gøymde seg bort til dei tyske soldatane hadde rømt og soldatane frå Den raude arméen nærma seg. Men dei fleste hus, båtar og andre anlegg i Finnmark og Nord-Troms vart brende ned av dei tyske styrkane før dei trekte seg tilbake.

Tyskland kapitulerte den 8. mai 1945, og ut over sommaren 1945 vart dei tyske styrkane i Noreg sende attende til Tyskland. Dei allierte frykta at den tyske hæren i Noreg skulle nekta å kapitulera, og at dei skulle organisera eit fanatisk forsvar på norsk jord. Øvstkommanderande for dei tyske styrkane i Noreg fekk ordre frå den nye rikspresidenten Karl Dönitz om å leggja ned våpna.

Kongefamilien og eksilregjeringa vende attende til Noreg i mai og juni same år.



                                     

4. Etterspel

Ved fredsoppgjeret vart Noreg, på grunn av sin innsats på alliert side, lista opp som eit av dei sigrande landa i krigen.

Tusenvis av nordmenn vart tiltalte under det norske landssvikoppgjeret etter krigen. Medlemsskap i partiet Nasjonal Samling kunne vera nok for få straff. I tillegg vart fekk mange straff for å ha samarbeidd med okkupasjonsmakta på ymse vis.

Mange kvinner vart forfylgde av di dei hadde hatt eit kjærleiksforhold til tyske soldatar. Ungar med norsk mor og tysk far kunne verta kalla tyskarunge. Eit stempel som tyskarunge kunne hengja ved folk langt opp i vaksen alder.

                                     
  • huset Oldenburg Noreg var nøytralt under 1. verdskrigen men som eit resultat av den tyske invasjonen og okkupasjonen under 2. verdskrigen vart nordmennene
  • Haakon krona som det siste kongeparet i Nidarosdomen i Trondheim. Under den andre verdskrigen frå 1940 til 1945 var kong Haakon i eksil i London. Kongen og
  • landssvik i Noreg under Den kalde krigen er Treholt - saka. Landssviklova av 1945 Det norske landssvikoppgjeret Noreg under andre verdskrigen Mytteri Svindel
  • nordtyske fyrstehuset Schleswig - Holstein - Sonderburg - Glücksburg. Under Den andre verdskrigen flykta kronprinsesse Märta med dei tre barna til Sverige og sidan
  • Blehr, NS Quisling si 9. april 1940 regjering Josef Terboven sine kommisariske statsrådar Noreg under den andre verdskrigen Liste over norske regjeringar
  • norwegischen Gebiete Rikskommisær for dei hærsette norske områda under den andre verdskrigen frå 24. april 1940 til 7. mai 1945. I denne stillinga gjorde
  • norske politiske fangar sat. Fangeleirane til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen Falstadsenteret Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe
  • til okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen Nordlandsbanen blei provisorisk bygd over Saltfjellet til Lønsdal under den tyske okkupasjonen i
  • Andre Internasjonalen var ei samanslutning av sosialistiske parti hovudsakleg i Europa mellom 1889 og første verdskrigen Det leiande partiet i Internasjonalen
  • kalenderen 129. under skotår Det er 237 dagar att av året. Frigjeringsdagen etter andre verdskrigen Feira i ei rekkje land, også i Noreg der han er flaggdag
Operasjon Overlord
                                               

Operasjon Overlord

Operasjon Overlord er kodenamnet dei vest-allierte brukte på den overordna planen for frigjeringa av Nordvest-Europa, frå Noreg til den franske grensa mot Spania under andre verdskrigen. Operasjon Overlord starta med Operasjon Neptune, den allierte invasjonen i Normandie 6. juni 1944. Dette er den største amfibiske operasjonen nokon gong. Denne dagen og invasjonen er ofte referert til som D-dagen.

Users also searched:

...