ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 85




                                               

Ellingsøy kyrkje

Ellingsøy kyrkje er ei arbeidskyrkje på Ellingsøy i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er oppført i to byggjetrinn: Underetasjen med eit kapell vart reist i 1990. Dette vart utvida til fullverdig kyrkje i 1998. Kyrkja er utsmykka av ...

                                               

Hildre kyrkje

Hildre kyrkje er ei langkyrkje frå 1934 i Haram kommune i Møre og Romsdal fylke. Ho har sitjeplassar for 385 personar. Arkitekt for kyrkja var Otto Hald.

                                               

Langevåg kyrkje

Langevåg kyrkje er ei langkyrkje frå 1948 i Langevåg i Sula kommune i Møre og Romsdal fylke. Byggverket er i murstein og har 400 sitjeplassar. Øyvin Berg Grimnes var arkitekt. Det er kyrkjegard to atskilte parsellar nokre titals meter sør for kyrkja.

                                               

Vigra kyrkje

Vigra kyrkje er soknekyrkje i Vigra sokn i Den norske kyrkja. Kyrkja står på Blindheimsreset på Vigra i Giske kommune og er ei langkyrkje frå 1894. Arkitekt for bygget var Gabriel Smidth. Kyrkja er truleg minst den fjerde i rekkja på Vigra. Dei f ...

                                               

Volsdalen kyrkje

Volsdalen kyrkje er ei kyrkje med vifteplan i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja er tilnærma naustforma og oppført i tre. Taket er tekka med skifer. Frans Widerberg har laga altartavle motiv: Jesu inntog i Jerusalem og glasmåleri til kyrkj ...

                                               

Ålesund kyrkje

Ålesund kyrkje er ei langkyrkje frå 1909 på Aspøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke. Tilkomst til staden er via E136. Byggverket er i kvit, gul og raud marmor og utvendig dekt av naturstein frå Nordmøre. Kyrkja har 800 sitjeplassar og er ...

                                               

Austefjord kyrkje

Austefjord kyrkje, tidlegare Austefjord kapellkyrkje, er ei langkyrkje på Fyrde i Austefjorden i Volda kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1773 og bygd i treverk. Kyrkja vart flytt til Austefjord i 1879 frå Nes i Bjugn, der ho vart byg ...

                                               

Bondalseidet sportskapell

Bondalseidet Sportskapell ligg på Bondalseidet mellom Ørsta og Sæbø på Sunnmøre. Sportskapellet vart bygd i 1972. Det ligg like ved Ørsta skisenter, 309 moh. Ørsta Indremisjon eig og driv sportskapellet/ungdomssenteret. Sportskapellet er vigsla o ...

                                               

Gursken kyrkje

Gursken kyrkje er ei langkyrkje frå 1919 i Sande kommune i Møre og Romsdal. Byggverket er i tre og har 270 sitjeplassar. Arkitekten var truleg Eduard Carlén. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

                                               

Herøy kyrkje på Sunnmøre

Herøy kyrkje er ei arbeidskyrkje i Fosnavåg i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja har 700 sitjeplassar og vart innvigd av biskop Odd Bondevik 16. februar 2003.

                                               

Indre Herøy kyrkje

Indre Herøy kyrkje er ei langkyrkje frå 1916 i Tjørvåg i Herøy kommune på Sunnmøre. Det året vart Indre Herøy sokn utskilt frå Herøy sokn. Den gamle kyrkja på Herøya vart riven. Dei to korte tverrarmane på tårnet gjev kyrkja ein vestfront og den ...

                                               

Larsnes kyrkje

Larsnes kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 1989 i Sande kommune i Møre og Romsdal. Byggverket er i betong og tre og har 250 sitjeplassar. Altartavla vart laga av Anne Brit Krag i 2000. Orgelet frå Vestlandske orgelverkstad vart bygd i 1971 for Spjelk ...

                                               

Leikanger kyrkje i Herøy

For kyrkja med same namn i Selje i Nordfjord, sjå Leikanger kyrkje i Nordfjord. For kyrkja med same namn i Leikanger i Sogn, sjå Leikanger kyrkje i Sogn. Leikanger kyrkje er ei åttekanta trekyrkje på Leikong i Herøy kommune i Møre og Romsdal fylk ...

                                               

Rovde kyrkje

Rovde kyrkje ligg på Rovdestranda i Vanylven på Sunnmøre. Ho vart bygd av byggmeister Lars Tornæs frå Ålesund i 1872. Kyrkja vart vigsla 3. november 1872. I 1936 vart kyrkja dekorert av Jonas Peson.

                                               

Sande kyrkje på Sunnmøre

Kyrkjesande på Sandsøya har vore kyrkjestad frå mellomalderen. Den tidlegaste kyrkja ein kjenner var ei stavkyrkje. Ho er nemnd i eit skifte frå 1329. I ein tilsynsrapport frå 1709 vert Sande kyrkje nemn som ei stavkyrkje med to tårn. Denne kyrkj ...

                                               

Syvde kyrkje

Syvde kyrkje er ei langkyrkje i Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Ho vart innvigd den 13. november 1837. Etter kyrkjelova frå 1851 var kyrkja for lita og måtte utvidast i 1870–71. I 1907 vart skipet gjort lengre, og kyrkja fekk nytt vesttårn og ...

                                               

Ulstein kyrkje

Ulstein kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1849 i Ulstein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja ligg i sentrum av Ulsteinvik. Det eldre kyrkjebygget fekk i 1847 store skader og allereie året etter var opp mot 28 mann var i gang med tømring av ny k ...

                                               

Åram kyrkje

Åram kyrkje er ei langkyrkje frå 1927 på Åramneset i Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Kyrkja høyrer til Søre Sunnmøre prosti i Møre bispedømme og er såleis eit bygg for Den norske Kyrkja. Gravplassen ved kyrkja vart teken i bruk på same tid so ...

                                               

Norddal sparebank

Norddal sparebank var ein norsk sparebank skipa ved årsskiftet 1870/1871 i Norddal på Sunnmøre. Banken opna 9.januar 1871 i kommunehuset på Sylte. Verksemda gjekk opphavleg under namnet Nordalens Sparebank. Banken gjekk i 1985 inn i samanslutning ...

                                               

"Abeille Bourbon"

"Abeille Bourbon" er eit nytt kystvaktskip i den franske marinen, som vart sett i drift våren 2005. Skipet erstatta skipet "Abeille Flandre", som vart sett i drift i 1979. Skroget vart bygd i Polen og var innom Florø for vidare arbeid. Utstyring ...

                                               

Åram

Åram er ein matrikkelgard og ein krins i Vanylven kommune. I krinsen bur om lag 380 menneske. Fram til 2001 høyrde Åram til Sande kommune, ei folkeavrøysting i krinsen gjekk inn for å byte kommune. Matrikkelgarden Åram hadde fram til 2001 gardsnu ...

                                               

Vestborg vidaregåande skule

Vestborg vidaregåande skule er ein kristen internatskule i Stranda kommune i Møre og Romsdal fylke. Skulen drives av Norsk Luthersk Misjonssamband og tilbyr utdanningsprogram for studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. To ...

                                               

The Brazz Brothers

The Brazz Brothers, eller Brazz Bros på folkemunne, frå Langevåg på øya Sula utanfor Ålesund, er med åra blitt ein reisande musikkinstitusjon i jazz, som er kjend for ei musikkform sterkt prega av improvisasjon.

                                               

Sula Mållag

Sula Mållag er eit norsk mållag som vart skipa i 1983. Før 1983 var mållagsfolk frå Sula medlemer i Borgund Mållag, sidan øya Sula var ein del av gamle Borgund kommune. I 1967 vart Borgund og Ålesund slått saman til ein kommune, Ålesund. Etter ko ...

                                               

Søndmørsk Grammatik

Boka Søndmørsk Grammatik eller kortfattet Underretning om Bygdemaalet paa Søndmør er Ivar Aasen sin grammatikk over sunnmørsmålet som han skreiv og gav ut i løpet av nokre få månader våren 1851. Ivar Aasen hadde da solid erfaring med målføregrans ...

                                               

Hundeidvik

Hundeidvik er ei bygd i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal fylke. Staden ligg ytst i Hjørundfjorden, og var tidlegare del av Hjørundfjord herad. Bygda har i dag omlag 400 innbyggjarar. Hjørnesteinsbedrifta Formfin med ca 45 ansette. Bedrifta pro ...

                                               

Velledalen og Ringen

Velledalen og Ringen Fotballag, i munnleg tale alltid VRF, er eit idrettslag heimehøyrande i Sykkylven kommune. Idrettslaget vart danna i 1952 då fotballgruppene i IL Ringen i Straumgjerde og Velledalen Idrettslag slo seg saman. VRF er rein fotba ...

                                               

Hasund skule

Hasund skule er ein skule som ligg i Hasund skulekrins i Ulstein kommune, Møre og Romsdal fylke, om lag 7 minutt med bil frå sentrum. Butikken Straumane Handelslag held til rett attmed. Skulen blei fyrst bygd ved brua over til Dimnøya i 1879 med ...

                                               

Høddvoll stadion

Høddvoll stadion er eit idrettsstadion og den gamle heimebanen åt IL Hødd sitt A-lag. Då Skeid gjesta og gav Hødd det tredje heimenederlaget sitt nokon sinne tap 2-3 den 7. mai 1965, vart det sett publikumsrekord med 7 500 tilskodarar, den førre ...

                                               

Anders Svor Museum

Anders Svor Museum i Volda er eit kunstmuseum, oppført til minne om bilethoggaren Anders Svor, som var frå bygda. Museumsbygget, som inneheld dei fleste av arbeida til bilethoggaren, i alt 450 arbeid, vart opna i Hornindal i 1953. I 1992 vart mus ...

                                               

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda ligg i Volda sentrum i Volda kommune i Møre og Romsdal og hadde i 2017 rundt 4.200 studentar og 350 tilsette. Høgskulen i Volda er ein statleg høgskule i Noreg. Den vart etablert 1. august 1994 etter at det vart vedteke å slå sa ...

                                               

Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda

Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda er ein tidlegare distriktshøgskule, etablert i Volda i 1970. Skulen vart som ei følgje av høgskulereforma frå 1. august 1994 slått saman med Volda lærarhøgskule til Høgskulen i Volda. Skolen merkte seg ut ...

                                               

Volda skisenter

Volda Skisenter er eit skisenter som ligg på Reset i Volda på om lag 350 m.o.h. i Sunnmørsalpane. Toppen av heisen ligg 657 m.o.h. Dette er eit fleirbruksanlegg med tilbod til heile familien. Anlegget har varmestove, flaumopplyst skibakke, prepar ...

                                               

Volda Stadion

Volda Stadion ligg i Volda i Volda kommune i Møre og Romsdal. Volda Stadion er heimearena for VTI Fotball sine lag og høyrer til Sunnmøre Fotballkrets. Anlegget består av ein hovudarena med kunstgrasdekke med flaumlys, tribuneplass til ca 2.000 o ...

                                               

VTI Fotball

Volda TI Fotball er blant dei største på Sunnmøre med nærare 50 påmelde lag i kretsseriane. A-laget for kvinner spelar i 2015 i 2. divisjon. Klubben har alltid hatt studentar og skuleelevar blant sine spelarar sjølv om lokale spelarar har utgjort ...

                                               

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna d ...

                                               

Den julianske borg

Den julianske borg er ein låg steinlabyrint – òg kalla ei trojaborg – ved fjellet Grøthornet søraust for Vartdal sentrum i Ørsta kommune. Der er to slike trojaborger i det same området, den minste som blir kalla den Julianske borg, ligg ved Grøth ...

                                               

Enøk-senteret AS

Enøk-senteret AS er eit kompetansesenter innan klima, energi og energirelaterte område. Hovudprodukta er informasjon og rådgjeving til energibrukar innan bygg, anlegg og transport. Enøk-senteret har hovudkontor i Ørsta med avdelingskontor i Ålesu ...

                                               

Grunnkrinsar i Ørsta kommune

Grunnkrinsar i Ørsta kommune er delområde og grunnkrinsar i Ørsta kommune i Møre og Romsdal. SSB delar kommunane inn i delområde og grunnkrinsar til bruk for statistikk, mellom anna for folketal. Slik statistikk blir brukt som grunnlag for offent ...

                                               

Hellevegen på Brekke

Hellevegen på Brekke er ein særmerkt skogssti på garden Brekke i Ørsta på Sunnmøre, særmerkt fordi vegen er laga av naturlege steinheller og bygt av éin mann, som ville ha ein lettare veg opp til setrestølen sin. Vegen er nær på 650 m lang og er ...

                                               

Hjørundfjordstranda

Hjørundfjordstranda har i seinare år vore nemninga for den om lag 15 km lange strekninga mellom Store-Standal og Brattheim, på vestsida av den ytre delen av Hjørundfjorden i Ørsta kommune.

                                               

Møre Folkehøgskule

Møre Folkehøgskule er ein frilynd folkehøgskule i Ørsta i Møre og Romsdal. Skulen tar kvart år imot vel 85 elevar. Sidan 1992 har den vore eigd av Stiftinga Møre Folkehøgskule, der styremedlemane blir valde av den tidlegare eigaren Sunnmøre frily ...

                                               

Saudehornet rett opp

Saudehornet rett opp er eit motbakkeløp som har vore arrangert årleg sidan 2003 i Ørsta kommune. Løpet startar ved småbåthamna i Ørsta og endar på toppen av Saudehornet 1303 moh. 2006-utgåva av løpet hadde status som Noregsmeisterskap. Jon Tvedt ...

                                               

Tvergrov

Tvergrov og i daglegtale Tvergrova er namnet på dei fremste gardane på nordsida av Bondalen i Hjørundfjord. Den er slik heilt i enden av gamle Hjørundfjord kommune og dermed heilt i bytet til gardane i gamle Ørsta kommune. Ifølgje Hjørundfjordbok ...

                                               

Aspøya i Ålesund

Aspøya er ei øy og ein bydel i Ålesund kommune. På 1800- og byrjinga av 1900-talet blei sundet mellom Aspøya og Brunholmen i nordaust gradvis attfylt, slik at øya og holmen i dag er heilt samanvaksne. Via Steinvågsbrua er øya bunden saman med Ska ...

                                               

Dimnøya

Dimnøya er ei øy i Ulstein kommune. Dimnøya vert ofte brukt som namn på øya for å skilje mellom øya og krinsen. Det er to grunnkrinsar på øya: Sundgota med 1024 innbyggjarar og Dimna med 288 innbyggjarar. På Sundgota finn vi daglegvarebutikk, Has ...

                                               

Eika

Eika er ei øy i Ulstein kommune på Sunnmøre. Den har eit flatemål på om lag 2.4 kvadratkilometer. Øya er relativt lang og smal, om lag 3.8 km lang og om lag 1.1 km breid på det breidaste. Omkretsen kystlina er om lag 11 km. Eika ligg sør for Hare ...

                                               

Ellingsøya

Ellingsøya er den nordlegaste øya i Ålesund kommune. Ho har vegsamband med Valderøya i Giske kommune og Nørvøya i Ålesund gjennom undersjøiske tunnelar i vest. I aust har ho òg brusamband med fastlandet over Taftasundet. Det ligg mange industrive ...

                                               

Fjørtofta

Fjørtofta er den nordlegaste av øyane i Haram kommune i Møre og Romsdal. Ho høyrer til øygruppa Nordøyane og har eit areal på 8.9 km². Øya ligg ved munningen av Romsdalsfjorden mellom Fjørtoftfjorden i nord og Nogvafjorden i sør. Det er ferjesamb ...

                                               

Flåvær

Flåvær er ei lita gruppe med holmar på Herøyfjorden i Møre og Romsdal i Herøy kommune på Sunnmøre, og omfattar holmen Flåvær, Husholmen, Torvholmen og Varholmen. I dag er Flåvær fråflytta, men det ein kan ha ferie og konferansar på Torvholmen. I ...