ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 75




                                               

Nordvendfjøra

Nordvendfjøra er ei strand sør i Nishino-ura på Aust-Ongul. Ho vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto teken under Den japanske antarktisekspedisjonen, 1957–62, og namngjeve Kitami-hama. Namnet vart sidan omsett til norsk. Stranda er 500 meter ...

                                               

Ogi-hama

Ogi-hama er ei strand inst ei vik sør i Rumpa i den austlege delen av Lützow-Holmbukta. Det vart kartlagd av Den japanske antarktisekspedisjonen. Namnet Ogi-hama, som tyder Viftestranda, vart gjeve av JARE i 1973.

                                               

Oshiage-hama

Oshiage-hama er ei strand på nordaustsida av Skallen på kysten av Dronning Maud Land. Stranda ligg langs ei vik mellom Skallen og enden av Skallebreen. Det vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto teken under Den japanske antarktisekspedisjonen, ...

                                               

Nakano-seto Strait

Nakano-seto er eit særs smalt sund mellom Ongul og Aust-Ongul aust i Lützow-Holmbukta. Sundet vart først kartlagd i 1957 av Den japanske antarktisekspedisjonen som namngav det Nakano-seto.

                                               

Ongulsundet

Ongulsundet er eit sund, 3.2 km breitt, mellom austkysten av Lützow-Holmbukta og Flatvær der Ongul er den største øya. Det vart kartlagd av kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37, og kalla opp etter Onguløya.

                                               

Sørsundet

Sørsundet eller Minamino-seto er eit smalt sund mellom Ongul og Teøyane i Flatvær. Det vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37 og igjen kartlagd av Den japanske antarktisekspedisjonen, 1 ...

                                               

Vestsundet

Nishino-seto er eit smalt sund mellom Ongulkalven og Ongul i Lützow-Holmbukta. Det vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936-37. Det vart kartlagd av Den japanske antarktisekspedisjonen, 1957 ...

                                               

Gisundet

Gisundet er eit om lag 35 km langt sund i Lenvik kommune i Troms, mellom Senja og fastlandet. Innenskjersleia mellom Harstad og Tromsø går gjennom Gisundet. Det er smalast i nord med Gibostad og i sør med Finnsnes. Senjasida i vest er jordbruksla ...

                                               

Blaaflat gard

Blaaflat gard ligg på Ljøsne i Lærdal og produserer eple, pærer og plommer. Dei har fruktutsal i hagen frå august til oktober. Garden ligg på Blåflat, som består av to gardar. Garden var tidlegare hotell som stod ferdig i 1886 og skysstasjon i sv ...

                                               

Harnes

Harnes er eit gammalt gardsnamn frå nordspissen av Harøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Namnet består av stavingane har-, truleg i tydinga fjell eller berg og -nes, ifølge Norske Gaardnavne. Har kan opphavleg ha vore namnet på øya. I skrif ...

                                               

Heradstveit

Heradstveit er ein gard i Kvam herad i Hardanger. Garden ligg på om lag 250 m.o.h. mellom Vikøy og Tørvikbygd på austsida av Hardangerfjorden og har vore i drift sidan 1600-talet. Gardshuset er i dag modernisert og gjort om til overnattingshus fo ...

                                               

Kjepso

Kjepso er ein matrikkelgard i Kvam herad. Hovudbruket er ein veglaus fjellgard med tunet og bøane på ca. 250 meters høgd og tilkomst på ein sti i bratt lende. Kjepso ligg inst i Kvam, ved grensa til Granvin herad. Det har vore to husmannsplassar ...

                                               

Koppen gard

Koppen gard ligg på Osterøy i Osterøy kommune. Koppen er ein gamal gard, rudd før svartedauden. Det er gjort gravfunn frå 900-talet, med bl.a. ei ringspenne av irsk opphav. Etter svartedauden låg garden aude til ca 1530-talet. På garden finns tru ...

                                               

Neteland

Neteland er ein matrikkelgard i Kvam herad. Neteland ligg lengst opp mot Kvamskogen i Steinsdalen ved Norheimsund. Det er sju gardar her kalla: Haoko, Simons, Larsa, Johans, Gjermunds, Netelandshagen og Solheim.

                                               

Stavenes

Stavenes er ein gard i Askvoll kommune i Vestland. Han ligg ytst i Stongfjorden. Staveneshamn ligg på Stavenes. På Stavenes ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr. 29. oktober 1929 grunnstøytte ...

                                               

Styvi

Styvi er ein veglaus gard på austsida av Nærøyfjorden i Aurland kommune i Vestland. Styvi har gardsnummer 58 i Aurland. Garden har truleg vore rydda før Svartedauden og husdyrhald har vore viktigaste drifta. Her ligg Styvi gardsmuseum som viser y ...

                                               

Trefall

Fyrste gong Trefall er nemnd i skriftlege kjelder er frå rundt 1640; "plassen der trer låg falne, felt av storm eller alder". Bilvegen kom opp til garden i 1930-åra, og stoppa der eit lite tiår på grunn av krigen. Før bilvegen gjekk store delar a ...

                                               

Vetlekroken

Vetlekroken ligg langs "Den romantiske vegen" inst i Sognefjorden på sørsida av Lustrafjorden. Garden ligg i eit særeige kulturlandskap med rik vegetasjon, omkransa av høge fjell. Landskapet er prega av eldre tiders bruk av området; gamle steinga ...

                                               

Yndesdal i Luster

Yngsdalen er ein fråflytta høgdegard på vestsida av Veitastrondsvatnet i Sogn. Garden har to bruk. Bruk nr.2 vart fråflytta i 1963 og bruk nr.1 vart fråflytta i 1967. Det er såleis over 50 år sidan det har vore aktiv landbruksdrift i Yngsdalen. H ...

                                               

Talleiv Halvorsson Espetveit

Talleiv Halvorsson Espetveit var ein norsk rosemålar og gardbrukar frå Høydalsmo i Telemark. Han var kjend som Talleiv Målar og er ein av dei eldste norske bondemålarane ein kjenner namnet på. Han voks opp på garden Espetveit i Høydalsmo, men det ...

                                               

Peder Pedersson Hjermann

Hjermann var son av bonde og lensmann Peder Pederson Hjermann og Ingeleiv Lassedotter Øvre Eri. Han vart gift med Berte Malene Tomasdotter Dalsøren i Luster i 1775 og tok over farsgarden. Paret fekk ingen born og Hjermann vart enkjemann i 1806. H ...

                                               

Martin Andersen

Martin Adolf Andersen var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Vestre Toten. Andersen var son til ein gardbrukar på Vestre Toten. Sjølv gjekk han underoffisersskule, sersjant 1862 og kommandersersjant 1864. I 1868 tok han over farsgarden Tan ...

                                               

Andreas O. Berger

Andreas Olsen Berger, også kjend som A.O. Berger, var ein norsk gardbrukar, lekpreikar og stortingsmann frå Eidsvoll. Han representerte partiet Høgre. Berger var son til ein gardbrukar. Han var gardbrukar på Haga i Eidsvoll frå 1864 til 1902. Tid ...

                                               

Adolf Dahl

Adolf Kristian Dahl var ein norsk gardbrukar og politikar frå Idd i Østfold. Stortingsperioden 1919-21 representerte han einmannskrinsen Idd og Marker, vald for partiet Høgre. Far til Dahl var oberst og gardbrukar. Sjølv gjekk han Sem Landbrukssk ...

                                               

Carl Ellingsen

Carl Martin Ellingsen var ein forretningsmann frå Sortland og Venstre-politikar. Ellingsen var son til ein handelsmann i Sortland. I yngre år dreiv han som notbas. Sidan var han gardbrukar og handelsmann på Kvitnes i Hadsel etter far sin, som had ...

                                               

Andreas Nilsen Fjeld

Andreas Nilsen Fjeld var ein norsk snikkar, gardbrukar og stortingsmann frå Modum. Han var tingmann for partiet Venstre. Far til Fjeld forpakta eit gardsbruk i Modum. Sjølv lærde han seg til snikkar i Drammen åra 1869-73. Dei tre neste åra gjekk ...

                                               

Thore Foss

Thore Torkildsson Foss var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Bjelland i Vest-Agder. Han representerte Venstre. Foss var son til ein gardbrukar. Åra 1858 til -66 var omgangsskulelærar. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Tida 1873-1901 ...

                                               

Johannes Olsson Fossmark

Johannes Olsson Fossmark var ein norsk gardbrukar og hardingfelespelar frå Bruvik i Hordaland. Fossmark kjøpte farsgarden, bruksnummer 5 på Fossmark, av jordeigarane i 1831. Han dreiv garden til dess eldste sonen tok over i 1864. "Johannes var me ...

                                               

Torstein Guttormsson Fretheim

Torstein Guttormsson Fretheim var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Aurland i Sogn. Han var farfar til Thorstein Fretheim den yngre. Far hans var gardbrukar på Fretheim, men døydde då sonen Torstein var barn. Sonen vart då oppfo ...

                                               

Richard Furuholmen

Richard Christensen Furuholmen var ein norsk fløytingsinspektør og gardbrukar frå Varteig i Østfold, og stortingsmann for Høgre. Han var far til Gunerius Furuholmen og farfar til Richard Gustav Furuholmen. Furuholmen var son til ein lensmann, gar ...

                                               

Åsmund Larsson Grave

Åsmund Larsson Grave var ein norsk kontorist, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Høydalsmo i Telemark. Grave var son til ein gardbrukar på Espetveit i Høydalsmo. Han var i teneste hos futen på Kviteseid, der han etter kvart vart kontorist ...

                                               

Sjur Hansson Halkjelsvik

Sjur Hansson Halkjelsvik var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Volda på Sunnmøre. Han var på stortinget i sesjonane 1830, 1845 og 1848. Han var den fyrste ordføraren i Volda, ordførar på ny i perioden 1842-45.

                                               

Ingvar Halsnes

Ingvar Halsnes var ein norsk bonde og gardsvert på Leikanger i Sogn. Halsnes kom opphavleg frå Molde, og overtok saman med kona Marit den såkalla Eggjagarden i klyngjetunet Henja på Leikanger i 1987. Saman med kona Marit Henjum Halsnes, dotter ti ...

                                               

Haldor Pedersson Helland

Haldor Pedersson Helland var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar frå Kvinnherad. Far til Helland var leiglending på eit bruk på Onarheim i Kvinnherad. Sjølv var han skulehaldar frå 1817, i 1830 vart han også kyrkjesongar i Kvinnherad. Sam ...

                                               

Sigbjørn Steinarsson Helle

Sigbjørn Steinarsson Helle var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Fjotland i Vest-Agder. Far hans var gardbrukar. Sjølv var han skulehaldar i heimbygda frå 1837 til 1856. Frå 1840 var han gardbrukar på farsgarden i Fjotland. Han var ...

                                               

Lauritz Hervig

Lauritz Kristiansen Hervig var ein norsk gardbrukar, bankmann og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Christian Hervig var far hans. Hervig arbeidde frå 1860 til -68 hos kjøpmann Martinius Aass i Drammen. Frå 1869 var han gardbrukar på slektsgarde ...

                                               

Kristian Nilssen Hervik

Kristian Nilssen Hervik var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Han var far til Lauritz Hervik. Far hans var gardbrukar, og han tok sjølv over farsgarden i 1836. Han dreiv denne til 1883. Hervik var medlem av heradsstyret ...

                                               

Nils Hoel

Nils Jacobsen Hoel var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nes i Hedmark. Hoel var son av Jacob Hoel og tok over storgarden Hovinsholm på Helgøya i 1848 etter far sin. Han var med i heradsstyret i Nes 1853-61, der i mellom fire år som ordfø ...

                                               

Jakob Hoff

Jakob Tøkersen Hoff var ordførar i Ørland 1882-1916 og stortingsrepresentant for Venstre 1892–1906 og 1910–12. Hoff dreiv fiskje i yngre år. I 1870 tok han over farsgarden på Hov i Opphaug og dreiv han til 1916. Hoff var medlem av heradsstyret 18 ...

                                               

Bjørn Hovdestad

Bjørn Sveinungsson Hovdestad var ein norsk spelemann og gardbrukar frå Vinje i Telemark. Han var far til Øystein Hovdestad. Bjørn Hovdestad var rekna som ein flink spelemann med stor slåttekunne. Han var god ven med Myllarguten, og desse kunne si ...

                                               

Jon Larsson Håven

Jon Larsson Håven var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Sunndal. Håven var fødd i Sunndal, faren var ein husmann. Han fekk lite skulegang, eit par veker for året. 1837-38 gjekk han i lære hos soknepresten for å verte ...

                                               

Kristofer Indrehus

Kristofer Pedersson Indrehus var ein norsk gardbrukar og politikar frå Bremanger. Han var stortingsrepresentant for Venstre i tida frå 1913 til 1930, samt ordførar i heimkommunen i 16 år. Indrehus var son til ein gardbrukar på Indrehus i Bremange ...

                                               

Jørgen Jorde

Jørgen Jensen Jorde var ein norsk gardbrukar, sakførar og stortingsmann frå Nes i Hallingdal. Han var medlem av Venstre. Jorde var son til ein gardbrukar. Åra 1877-79 var han heradskasserar, dei neste to åra var han utskiftingsassistent. Dernest ...

                                               

Neri Gulbransson Kolkinn

Neri Gulbransson Kolkinn var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Flesberg i Buskerud. Kolkinn var son til ein husmann og handverkar. Sjølv var han lærar i sju år og ei tid tømmerhandlar for eit større firma. Frå 1883 var han gardbruk ...

                                               

Ole I. Langeland

Ole Ingebrigtsson Langeland var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sunnylven på Sunnmøre. Han var frå garden Langeland i Sunnylven. I 1866 gjekk han landbruksskulen i amtet. Frå 1877 tok han over og dreiv farsgarden. Same året som han tok ...

                                               

Andreas Lavik

Andreas Johannesson Lavik var ein norsk gardbrukar, ferdatalar og stortingsmann frå Eksingedalen i dagens Vaksdal kommune. Andres, Johannes og Dore Lavik var brørne hans. Lavik gjekk i yngre på folkehøgskule. Åra 1878-85 arbeidde han som indremis ...

                                               

Simon Pedersson Lie

Simon Pedersson Lie var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Holum i Vest-Agder. Han var nærslekta med Søren Jaabæk og brørne hans. Lie var fødd på Undal i Holum, faren var gardbrukar. Mora hans døydde då han var tre veker gammal og f ...

                                               

Jakob Løvø

Jakob Olsson Løvø var ein norsk gardbrukar, lensmann, bankmann og stortingsmann frå Kornstad på Nordmøre. På tinget representerte han Venstre. Løvø var gardbrukar på farsgarden frå 1870 til 1897. I tillegg dreiv han fiske og 20 år ein landhandel. ...

                                               

Ole Halvorsson Mjelva

Ole Halvorsson Mjelva var ein norsk gardbrukar, spekulant og stortingsmann frå Romsdal. Mjelva var fødd i Grytten dagens Rauma kommune i Romsdal. Far hans, Halvor Halvorsson Ophus, dreiv handverk og kjøpte garden Mjelva, som sonen Ole overtok. Mj ...

                                               

Julius Olsen

Johan Julius Olsen var ein norsk sjømann, skipsreiar og gardbrukar frå Vanse i Vest-Agder. Olsen var fødd på garden Helvik i Vanse, far hans var gardbrukar og sjømann. Sjølv reiste han til sjøs frå 1847, som skipper frå 1853. I 1871 slo hans seg ...