ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 65




                                               

Filchner-Ronne-isen

Sjøsida av Filchner-Ronne isbrem er delt inn i ein austleg Filchner del av Berkner Island. Heile isbremmen dekkjer kring 430 000 km², og er den nest største isbremmen i Antarktis, etter Rossisen. Han får istilførsel frå den kontinentale iskappa. ...

                                               

Foyn Coast

Foyn Coast er den delen av austkysten av Den antarktiske halvøya mellom Cape Alexander og Cape Northrop. Han vart oppdaga i 1893 av den norske ekspedisjonen under kaptein Carl Anton Larsen, som kalla opp kysten etter Svend Foyn, ein norsk kvalfan ...

                                               

Foyn Point

Foyn Point er eit nes nedanfor ein 525 moh høg topp på nordsida av innløpet til Exasperationfjorden, på Oscar II Coast på austsida av Graham Land i Antarktis. Sir Hubert Wilkins fotograferte neset på ein flytur den 20. desember 1928 men det vart ...

                                               

Fredriksenøya

Fredriksenøya er ei øy 2.5 nautiske mil lang og 0.5 nautiske mil brei, og som ligg 0.5 nautiske mil søraust for Powell Island i Sør-Orknøyane. Ho vart oppdaga av kaptein Nathaniel Palmer og kaptein George Powell på den felles sjøreisa deira i des ...

                                               

Fridtjof Island

Fridtjof Island er ei øy som ligg 2 km nordaust for Vazquez Island, utanfor søraustsida av Wiencke Island i Antarktiske Arkipel. Ho vart oppdaga og namngjeven av Belgica-ekspedisjonen under Gerlache, 1897–99.

                                               

Mount Fridtjof Nansen

Mount Fridtjof Nansen er eit høgt, massivt fjell som dominerer området mellom toppen av Strom- og Axel Heiberg-breen i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga av Roald Amundsen i 1911, og vart namngjeve av han etter Fridtjof Nansen, som ...

                                               

Friis-Baastadnuten

Friis-Baastadnuten er eit isfritt fjell ved sørsida av Frostlendet, som ligg 1 nautisk mil søraust for Mana i Borgmassivet i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Maudheimekspedisjo ...

                                               

Giæverryggen

Giæverryggen er ein brei, snødekt fjellrygg som er kring 130 km lang frå nord til sør, på vestsida av Schyttbreen i Dronning Maud Land i Antarktis. Han vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto under Maudheimekspedisjonen og ...

                                               

Gjelstad Pass

Gjelstad Pass er eit pass gjennom den vestlege delen av Allardyce Range på Sør-Georgia, mellom Mount Corneliussen og Smillie Peak. Det er det einaste passet ein kjenner til som gjev tilkomst over land til området sør for Allardyce Range. Det vart ...

                                               

Gjelsvik Peak

Gjelsvik Peak er eit fjell, 3660 meter over havet, som ligg 2.5 nautiske mil nordvest for Mount Fridtjof Nansen i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart namngjeve av den sørlege geolog-gruppa frå New Zealand etter Tore Gjelsvik, direktør i Nor ...

                                               

Gjertsen Promontory

Gjertsen Promontory er eit lågt, men bratt forberg heilt i enden av ein utstikkar nord for Mount Gjertsen i La Gorce Mountains i Antarktis. Åsen vart kartlagd av US Geological Survey frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960–64, og var ...

                                               

Mount Gjertsen

Mount Gjertsen er eit fjell, 2420 moh, som ligg 2 nautiske mil nordaust for Mount Grier i La Gorce Mountains i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga i desember 1934 av eit geologisk lag under Byrd-ekspedisjonen under Quin Blackburn og ...

                                               

Mount Gran

Mount Gran er eit stort fjell med flat topp, 2235 moh, som ligg ved nordsida av Mackaybreen og like vest for Granbreen i Victoria Land i Antarktis. Det vart oppdaga av Terra Nova-ekspedisjonen, som namngav det etter Tryggve Gran, ein norsk marine ...

                                               

Mount Grieg

Mount Grieg er eit snødekt fjell, med ei høgd opp mot kring 800 moh, med ei eksponert vestsida, oppom søraustsida av Brahmsfjorden og ligg ved foten av Derocher Peninsula, på nordsida av Beethoven Peninsula sørvest på Aleksanderøya i Antarktis. F ...

                                               

Grytøyrfjellet

Grytøyrfjellet er eit breitt, isdekt fjell, 2695 moh, mellom Flogekenbreen og Stuttflogbreen i Mühlig-Hofmannfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart kartlagd av norske kartografar frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarkt ...

                                               

Gulbrandsen Lake

Gulbrandsen Lake er ein innsjø som er 800 meter lang og som ligg nord for Neumayerbreen på Sør-Georgia. Han vart kartlagt og namngjeven "White City" av den britiske ekspedisjonen under Ernest Shackleton i 1921–22, men dette namnet vart ikkje rekn ...

                                               

Haffnerbreen

Haffnerbreen er ein liten isbre som munnar ut i Berg Bay langs nordkysten av Victoria Land i Antarktis. Han vart først kartlagt av Southern Cross-ekspedisjonen, 1898-1900, under C.E. Borchgrevink, som namngav han etter oberst Haffner, ein direktø ...

                                               

Hammerstad Reef

Hammerstad Reef er eit rev 1.5 nautiske mil sør for Cape Rosa, som ligg i den nordlege delen av innløpet til Queen Maud Bay utanfor sørkysten av Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK A ...

                                               

Hans-Martinsteinen

Hans-Martinsteinen er ein isolert nunatak kring 3 nautiske mil sør for Henriksenskjera i Dronning Maud Land i Antarktis. Han vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen og kalla opp etter Hans-Martin Henr ...

                                               

Hansen Island

Hansen Island er ei øy som ligg like nord for The Gullet, inst i Hanusse Bay, utanfor vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart først kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition under Rymill, som nytta det provisoriske namnet "North Is ...

                                               

Hansen Point

Hansen Point er eit nes som ligg mellom Factory Point og Harbour Point på vestsida av Leith Harbour i Strømnesfjorden på nordkysten av Sør-Georgia. Namnet finst på eit kart etter målingar av Discovery Investigations i 1927 og 1929, og er truleg k ...

                                               

Hansen Rocks

Hansen Rocks er ei gruppe på fem småøyar som ligg like nord for Holmevika og kysten av Mac. Robertson Land i Antarktis, kring 1 nautisk mil nordaust for Sawert Rocks. Dei vart kartlagde frå flyfoto teken av Australian National Antarctic Research ...

                                               

Hanson Peak

Hanson Peak er ein liten fjelltopp, 1255 moh, 4 nautiske mil sør for Cape Adare i den nordlege delen av Adare Peninsula i Antarktis. Det vart namngjeve av New Zealand Antarctic Place-Names Committee etter Nicolai Hanson, eit medlem av Southern Cr ...

                                               

Mount Hanssen

Mount Hanssen er eit isdekt fjell med ein spiss topp, 3280 moh, som ligg ved det sørlegaste punktet på Rawson Plateau i Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga av kaptein Roald Amundsen på veg til Sørpolen i november 1911, og vart namng ...

                                               

Hauge Reef

Hauge Reef er ei rekkje holmar og skjer i Antarktis som strekkjer seg nordaustover frå austenden av Annenkovøya til eit punkt kring 3 nautiske mil vest-sørvest for Cape Darnley på Sør-Georgia. Dei vart først kartlagde i 1819 av ein russisk eksped ...

                                               

Hauge Strait

Hauge Strait er eit sund 3 nautiske mil breitt mellom Cape Darnley og Hauge Reef, utanfor sørkysten av Sør-Georgia. Det vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951–57, og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter plass ...

                                               

Hellandbreen

Hellandbreen er ein isbre som er 7.5 km lang og som flyt sørvest frå Mount Paget til Rocky Bay, på sørsida av Sør-Georgia. Han vart kartlagt av Olaf Holtedahl då han vitja Sør-Georgia i 1927–28, og vart namngjeven av han etter Amund Helland, ein ...

                                               

Hellehallet

Hellehallet er ein stor randis langs kysten av Dronning Maud Land i Antarktis, som ligg aust for Jutulstraumen og nord for Mühlig-Hofmannfjella. Han vart fotografert frå lufta av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen og kartlagt av norske karto ...

                                               

Hemmestadskjera

Hemmestadskjera er ei gruppe på kring 20 nunatakar som strekkjer seg over kring 7 nautiske mil, nordaust i Drygalskifjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart kartlagde frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen, og kartlagde p ...

                                               

Henningsenbreen

Henningsenbreen er ein isbre som er 5.5 km lang, og som flyt sørvest til sørkysten av Sør-Georgia mellom Cape Darnley og Rocky Bay. Han vart kartlagt i perioden 1951–57 av South Georgia Survey-ekspedisjonen leia av Duncan Carse, og vart namngjeve ...

                                               

Henriksen Buttress

Henriksen Buttress er ei markant klippe, 1970 moh, som ligg 3.5 km søraust for Mount Sugartop sentralt i Allardyce Range på Sør-Georgia. Ho vart kartlagt av South Georgia Survey i perioden 1951–57 og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Co ...

                                               

Henriksenskjera

Henriksenskjera er ei gruppe spreidde nunatakar kring 10 nautiske mil nord for Holtedahlfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart kartlagde frå flyfoto av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen, og på ny frå landmålingar og flyfoto av De ...

                                               

Henrysanden

Henrysanden er ein liten morene på nordvestsida av Bjerkenuten i Conradfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Han vart kartlagt av Noreg frå flyfoto og landmålingar av Maudheimekspedisjonen i 1956–60 og kalla opp etter Henry Bjerke, ein mekanik ...

                                               

Hoelfjella

Hoelfjella er ei fjellkjede i Dronning Maud Land i Antarktis med mellom anna Weyprechtfjella og Payerfjella. Dei vart først fotografert frå lufta og kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen, og vart kartlagd av norske kartografar frå l ...

                                               

Holst Point

Holst Point er eit nes ved Beascochea Bay som delar bukta i to armar, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Det vart først kartlagd av British Graham Land Expedition under Rymill, 1934–37, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committ ...

                                               

Holtedahl Bay

Holtedahl Bay er ei bukt mellom Prospect Point og Black Head langs vestkysten av Graham Land i Antarktis. Ho vart oppdaga av British Graham Land Expedition, 1934–37, og vart namngjeven av Rymill for professor Olaf Holtedahl, ein norsk geolog som ...

                                               

Holtet Nunatak

Holtet Nunatak er ein nunatak med ei høgd opp mot kring 1300 moh, 2 nautiske mil nordaust for Grossenbacher Nunatak i Lyon Nunataks i Palmer Land i Antarktis. Han vart kartlagd av US Geological Survey frå flyfoto tekne av U.S. Navy i 1965–68, og ...

                                               

Huitfeldt Point

Huitfeldt Point er eit nes søraust for Vorweg Point på sørvestsida av Barilari Bay, på vestkysten av Graham Land i Antarktis. Det vart kartlagd av British Graham Land Expedition under Rymill, 1934–37, og vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names ...

                                               

Håkonbandet

Håkonbandet er eit skard ved sørsida av Sætherrindane i Holtedahlfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen og kalla opp etter Håkon Sæther, ein militærlege p ...

                                               

Ingrid Christensen Kyst

Ingrid Christensen Kyst er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Jennings Promontory, ved 72°33′E, og vestenden av West isbrem ved 81°24′E. Han ligg langs den vestlege halvdelen av Princess Elizabeth Land, like aust for Amery isbrem. K ...

                                               

Kapp Ingrid

Kapp Ingrid er eit mørkt nes mellom Norvegiabukta og Sandefjordbukta på vestsida av Peter I Øy i Antarktis. Det vart oppdaga i 1927 av ein norsk ekspedisjon under Eyvind Tofte ombord på "Odd I", eit fartøy frå kvalbåtflåten til Lars Christensen, ...

                                               

Isachsenfjella

Isachsenfjella er eit stort fjell med ei høgd opp mot 2750 moh, som ligg 6.5 km søraust for Bergersenfjella i Sør-Rondane i Antarktis. Det vart kartlagd av norske kartografar i 1957 frå flyfoto tekne under U.S. Navy Operasjon Highjump, 1946–47, o ...

                                               

Isla Nansen Sur

Isla Nansen Sur eller South Nansen Island er den største av øyane som ligg i Wilhelmina Bay utanfor vestkysten av Graham Land, som ligg 6.4 km aust for Emma Island. Isla Nansen Sur vart oppdaga av Belgica-ekspedisjonen under Adrien de Gerlache og ...

                                               

Jacobsen Bight

Jacobsen Bight er ei bukt på sørkysten av Sør-Georgia mellom Larvik Cone og Cape Darnley. Namnet "Sukkertoppbukta" vart nytta av Olaf Holtedahl i 1929 for heile kysten mellom Cape Darnley og Sandefjord, som var nedteikna på kartet hans som éi buk ...

                                               

Jacobsen Valley

Jacobsen Valley er ein grunn dal i Vinson Massif i Sentinel Range i Ellsworth Mountains, som heller ned nordover frå toppen av Mount Vinson, det høgaste fjellet i Antarktis. Han er 3.5 km lang og 1.2 km brei og grensar i vest til Branscomb Peak o ...

                                               

Jarlsætet

Jarlsætet er ei lita gruppe nunatakar 3 nautiske mil nord for Risen i Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart kartlagde frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen og kalla opp etter Jarl Tønnesen, ei ...

                                               

Jensen Ridge

Jensen Ridge er ei svingande rygg som går austover frå Foca Point mot Jane Col på Signy Island i Sør-Orknøyane. Han vart namngjeven i 1991 av UK Antarctic Place-Names Committee etter kaptein Gullik Jensen på kvalbåten "Strombus" frå Tønsberg, som ...

                                               

Johannessen Harbour

Johannessen Harbor er ein skjerma ankerplass som ligg aust og nordaust for Snodgrass Island i Pitt Islands, nord i Biscoe Islands i Antarktis. "Norsel" segla inn i hamna i 1955 og ho vart så kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey. Han v ...

                                               

Johansen Peak

Johansen Peak er eit markant fjell på 3310 moh. som ligg 3 nautiske mil aust-søraust for Mount Grier i La Gorce Mountains av Dronning Maudfjella i Antarktis. Det vart oppdaga av kontreadmiral Richard E. Byrd på flyturen til Sørpolen den 28. og 29 ...

                                               

Johnsbåen

Johnsbåen er ein ishaug med mange bresprekkar ved den nedre delen av Vinjebreen i Dronning Maud Land i Antarktis. Han vart kartlagd frå landmålingar og flyfoto av Den sjette norske antarktisekspedisjonen og namngjeven etter John Snuggerud, ein ra ...