ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 55




                                               

Vrengen

Vrengen eller Vrengensundet er eit krokete sund mellom Nøtterøy og Tjøme i Færder kommune i Vestfold og Telemark fylke. Vrengen er òg namnet på eit svingete stykke av Arendalsvassdraget i Arendal kommune.

                                               

Klosterenga park

Klosterenga eller Klosterenga park, òg kjend som Klosterenga skulpturpark, er ein særleg utforma park som ligg i Gamlebyen i Oslo, opp mot stroket Galgeberg, rett attmed Oslo fengsel. Parken er kjend som Klosterenga skulpturpark, ettersom den dom ...

                                               

Adamstuen

Adamstuen er eit bustadsstrøk sørvest for Ullevål sykehus i Oslo som grensar til bustadsstrøka Fagerborg, Valleløkken og Lindern. Strøket høyrer til bydel St. Hanshaugen som ligg på Oslo Vest. Adamstuen haldeplass på Oslotrikken ligg på Adamstuen ...

                                               

Bekkelaget

Bekkelaget, som inkluderer Bekkelagshøgda, er eit strok i den administrative bydelen Nordstrand i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadområde med småhus og einebustader, villaer, men med hamnar på nordre halvparten av Bekkelagets strandsone mot ...

                                               

Bergfjerdingen

Bergfjerdingen er eit strok i indre Oslo, i skråninga aust for Akersveien ned mot Fredensborgveien, med dei bratte og smale gatene Dopsgate i sør og Damstredet i nord. Stroket markerer seg i bybiletet ved dei gamle, små bustadhusa som er take var ...

                                               

Bjørvika

Bjørvika, av gamalnorsk Bœjarvík, som tyder "Byvika", er ei vik i Oslo av Indre Oslofjord mellom bystroket Gamlebyen i aust og Akersneset som Akershus slott og Vippetangen ligg på i vest, og bystroket Grønland i nord. Namnet Bjørvika er i dag òg ...

                                               

Blindern

Blindern er eit strok i bydel Nordre Aker i Oslo. Stroket er hovudsakleg eit bustadsområde, men er prega av at Universitetet i Oslo har sitt sete og størsteparten av sine bygningar liggjande her. Meteorologisk institutt har òg sin bygning med til ...

                                               

Bredtvet

Bredtvet er eit område i bydel Bjerke i Groruddalen nordaust i Oslo. Staden er ein åsrygg som ligg mellom Veitvet i vest og Kalbakken i aust. Riksveg 4, Trondheimsveien danner grensa mot Rødtvet og Lillomarka i nord og over Østre Aker vei ligg by ...

                                               

Ellingsrudåsen

Ellingsrud med Ellingsrudåsen er ein drabantby i bydel Alna i Groruddalen i Oslo, i nærleiken av kommune- og fylkesgrensa mellom Oslo og Lørenskog kommune i Akershus fylke, og med skogs- og turområdet Østmarka i nærleiken. Europavegen E6 går som ...

                                               

Enerhaugen

Enerhaugen er eit område med fire høge bustadblokker på Tøyen nord for stroket Grønland i bydel Gamle Oslo i Oslo. Næraste T-banestasjon er Tøyen. Området ligg på ei høgd, og bustadblokkene i 13-15 etasjar har dominert bybiletet frå 1965, då dei ...

                                               

Filipstad i Oslo

Filipstad er namnet på både ei tidlegare løkke, ein villaeigedom og eit kaiområde i Oslo. Etter planane for den såkalla Fjordbyen som skal byggjast på dei nedlagde hamneområda i Oslo, står kaiområda på Filipstad for tur til å byggjast ut til eit ...

                                               

Galgeberg

Galgeberg er eit bustadstrøk og ei gate i Oslo, mellom Vålerenga og Gamlebyen. Lokal uttale er /gæljəbær/. I mellomalderen heit plassen Martestokker og var staden for offentlege avrettingar, steile og hjul og for gapestokk. Den gongen var dette e ...

                                               

Gamlebyen i Oslo

Gamlebyen er eit bystrok inst og aust for Bjørvika i Oslo, i den administrative bydelen Gamle Oslo. Gamlebyen ligg mellom stroka Grønland, Galgeberg og Kværner, og litt oppetter nord- og vesthellinga på Ekebergåsen. Gamlebyen er det eldste byområ ...

                                               

Grønland i Oslo

Grønland er eit strok i Oslo, rett aust for sentrum og aust for Akerselva, og dessutan namnet på hovudgata i dette stroket. Grønland ligg i bydel Gamle Oslo, og grensar til Akerselva i vest, Tøyen i nord, Gamlebyen i aust og søraust, og jarnbanes ...

                                               

Ila i Oslo

Ila er eit strok i indre by i Oslo, avgrensa i sør av Bjerregaards gate mot stroket Gamle Aker, og i sør og aust mot stroket Grünerløkka av Kuba og Akerselva, mot vest av stroket St. Hanshaugen, i nord mot stroket Lovisenberg, og i nord og aust a ...

                                               

Kampen

Kampen er eit strok på eit høgdedrag i Bydel Gamle Oslo aust i det sentrale Oslo, mellom Tøyen og Vålerenga. Området vart utstykka frå 1820-åra og etter kvart tettbygd med trehus, då det ikkje var påbod om å byggje i mur når området låg utanfor b ...

                                               

Kongshavn i Oslo

Kongshavn i Oslo er namnet på både eit særeige natur- og kulturområde innunder Ekebergskråninga og eit tidlegare bustadområde ved sjøen i bydel Gamle Oslo, og hamneområdet Konghavnkaia - Sydhavna, som ligg i bydel Nordstrand. Kongshavn grenser ti ...

                                               

Lysaker

Lysaker er ein tettbygd stad med hovudsakleg kontorblokker på grensa mellom kommunane Bærum i Akershus og Oslo, i området der Lysakerelva munnar ut i Lysakerfjorden, ein part av Indre Oslofjord. Kommunegrensa følgjer elva og Lysakerfjorden. Lysak ...

                                               

Løren

Løren er eit strok i bydelen Grünerløkka i Oslo som tidlegare var dominert av industri, kontorverksemder og elles var kjend for militærleiren Løren leir, men som no fyrst og fremst er eit område dominert av bustadblokker. Militærleiren vart bygd ...

                                               

Majorstua

Majorstua eller Majorstuen er eit område på vestkanten i Oslo. Namnet kjem av ei skjenkestove frå slutten av 1800-talet, som låg på ei løkke under garden nedre Blindern. Soga seier det hadde budd ein major i stova. Dette kan kanskje ha vore kapte ...

                                               

Marienlyst i Oslo

Marienlyst er eit strok innanfor den administrative bydelen St. Hanshaugen i Oslo, i det tidlegare Vestre Aker, nordvest for Kirkeveien. Stroket har namn etter løkka Marienlyst, og det opphavlege løkkehuset frå 1700-talet er framleis å sjå i Blin ...

                                               

Ola Narr i Oslo

Ola Narr er eit parkområde i Oslo, nokre hundre meter frå Carl Berners plass. I nyare tid har namnet vist til delar av området nord i Tøyenparken, men opphavleg viste det berre til kollen heilt i nordenden av Tøyenparken, nærast Carl Berners plass.

                                               

Sagene

Sagene er eit strok på båe sider av Akerselva i Sagene bydel i Oslo. Stroket Sagene, som har gjeve namn til bydelen Sagene, har fått sitt namn etter sagbruka som låg attmed fossane i Akerselva i dette området si tid. Frå midten av 1800-talet vart ...

                                               

Sandaker

Sandaker er eit strok i Bydel Sagene i Oslo, mellom stroka Storo i aust og nordaust, Nydalen i nord, Bjølsen i vest og Torshov i sør. Her er det hovudsakleg bustadblokker, men òg litt industri og anna næringsverksemd, mellom anna Bjølsen Valsemøl ...

                                               

Skøyen

Skøyen er eit strok vest i Oslo kommune, i bydel Ullern, der det tidlegare låg fleire industriverksemder. No dominerer bustads- og kontorblokker stroket; alle industriverksemdene er lagde ned eller er flytta vekk. Skøyen stasjon på Drammensbanen ...

                                               

Tjuvholmen

Tjuvholmen er eit nytt bustads-, kontor- og forretningsstrok i det indre hamnebassenget i Oslo, bygd på tidlegare kaiområde. Området er på 51 dekar, og ligg rett sør for Aker Brygge, mellom Pipervika og Filipstad, og vart bygd ut mellom 2005 og 2 ...

                                               

Tveita

Tveita er eit bustadsområde i bydelen Alna, aust i Oslo. Utbygginga av området fann stad frå 1963–1969. Bustadane er fordelte på fleire burettslag og ligg i bustadblokker og rekkjehus. Attåt bustadane har området barneskule, vidaregåande skule, f ...

                                               

Tøyen

Tøyen er eit strok i Bydel Gamle Oslo i Oslo, mellom stroka Kampen, Sofienberg/Rodeløkka og Grønland, men utan klart definerte grenser. Tøyen er mellom dei områda i Oslo der folk bur tettast. Stroket er multikulturelt, med innvandrarar frå Asia, ...

                                               

Uranienborg

Uranienborg er eit strok i Bydel Frogner i Oslo med diffus avgrensing, men med hovudparten liggjande mellom Holtegata i nordvest, Uranienborgveien i nordaust, Briskebyveien og Riddervoldgate i sørvest, og Inkognitogata i søraust. Uranienborg terr ...

                                               

Vestre Aker

Vestre Aker i Oslo er dels ein kyrkjeleg, dels ein geografisk og dels ein forvaltningsadministrativ nemning, med opphav i det historiske kyrkjelege soknet Vestre Aker som vart etablert i 1861. Vestre Aker har historisk vore eit sokn innan Den nor ...

                                               

Vippetangen

Vippetangen er den heilt yste spissen, sørspissen, av Akersneset i Oslo, det neset mellom Pipervika og Bjørvika som mellom anna Akershus festning ligg på. Namnet skal ha opphav i eit vippefyr som stod her i gamal tid, det vil seie eit fyr som var ...

                                               

Vålerenga

Sjå også Vålerengens Idrettsforening Vålerenga er eit område i Oslo. Det er ein del av Bydel 1 Gamle Oslo. Vålerenga ligg mellom Gamlebyen, Jordal, Ensjø, Etterstad og Lodalen. Vålerenga er avgrensa av Enebakkveien, Hovedbanen, Gjøvikbanen, Strøm ...

                                               

Carl Berners plass

Carl Berners plass er ein plass og eit knutepunkt for både biltrafikk og kollektivtrafikk i Bydel Grünerløkka i Oslo, sør for Sinsenkrysset og Sinsen. Både plassen og stroket kring plassen vert ofte omtalt som Carl Berner. Namnet fekk plassen i 1 ...

                                               

Jernbanetorget i Oslo

Jernbanetorget er ein plass i sentrum av Oslo som ligg foran Sentralstasjonen og bygningen til den tidlegare Austbanestasjonen, som no er teke i bruk til anna føremål. Torget, som har nedgangar til Jernbanetorget T-banestasjon, er eit trafikknute ...

                                               

Johan Svendsens plass

Johan Svendsens plass er ein open plass i sentrum av Oslo, framfor hovudinngangen til Oslo Konserthus, og med tilgang frå Ruseløkkveien. Plassen er taket på ein bygning som no hysar Stenersenmuseet, tidlegare Club 7, og vart bygd i samband med by ...

                                               

Kommandør T. I. Øgrims plass

Kommandør T.I. Øgrims plass er ein plass ved Bernhard Getz gate i sentrum av Oslo, i kvartalet mellom St. Olavs gate og Keysers gate. Mellom plassen og Akersgata er det ein fotgjengarpassasje med portal gjennom Akersgata 73. Plassen ligg i bydel ...

                                               

Rådhusplassen i Oslo

Rådhusplassen i Oslo er ein stor plass som ligg mellom Oslo rådhus og bryggene inst i Pipervika, ei vik i Indre Oslofjord. Men Rådhuset på nordsida av Rådhusplassen har ikkje hovudinngangen frå denne plassen, men frå Fridtjof Nansens plass på nor ...

                                               

Stortorget i Oslo

Stortorget eller Stortorvet er eit torg i Oslo sentrum. Det har vore sentraltorget i byen frå 1736 da det tok over etter Christiania gamle torg. Kringom torget ligg mellom anna Oslo domkyrkje i nr. 1, Glasmagasinet i nr. 9 og Stortorvets Gjæstgiv ...

                                               

Wessels plass i Oslo

Wessels plass i Oslo er ein plass som ligg framfor sørfasaden av Stortingsbygningen i Oslo sentrum, avgrensa av gatene Akersgata, Nedre Vollgate, Prinsens gate og eine enden av Stortingsgata. Plassen heit opphavleg Stortingspladsen, men fekk sein ...

                                               

Lusaheia landskapsvernområde

Lusaheia landskapsvernområde og Vormedalsheia landskapsvernområde er eit verna område i Hjelmeland kommune i Rogaland. Verneområdet blei oppretta ved kongeleg resolusjon av 19.april 1991. Føremålet med vernet av Lusaheia er "å ta vare på eit særm ...

                                               

Finnmarksvidda

Finnmarksvidda er den største vidda eller platået i Noreg med eit areal på 22 000 km². Ho ligg 300-500 meter over havet. Finnmarksvidda dekkjer om lag 36 % av Finnmark fylke. Frå Alta i vest til Varangerhalvøya i aust er lengda over 400 km, og fr ...

                                               

Bøkeskogen i Larvik

Bøkeskogen i Larvik er det fyrste offentlege friområdet i landet, skjenkt i 1884 av godseigar Treschow til innbyggjarane i byen Larvik. Området blei i 1980 verna etter Naturvernlova som landskapsvernområde. Biologisk blir skogen klassifisert som ...

                                               

Sletta ved Ryvarden

Sletta er eit ope havstykke nordvest for Haugesund og sør for innløpet til Bømlafjorden på grensa mellom Rogaland og Hordaland. Havstykket er om lag 12 km langt frå nord til sør og ligg heilt ope mot Nordsjøen Ryvarden fyr i Sveio kommune ligg la ...

                                               

Askvoll

For kommunen med same namn, sjå Askvoll kommune. Askvoll er kommunesenteret i Askvoll kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 726 innbyggjarar per 1. januar 2017, og ligg på nordsida av Vilnesfjorden. I Askvoll ligg kommuneadministrasjonen og ba ...

                                               

Dale i Sunnfjord

Dale er kommunesenter i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Bygda ligg ved Dalsfjorden, og har 1 149 innbyggjarar per 1. januar 2017. Bygda er kommunesenteret i Fjaler og har dermed kommunehuset med kontor til administrasjonen. I desembe ...

                                               

Eivindvik

Eivindvik er administrasjonsstad for Gulen kommune i Vestland fylke. Eivindvik ligg på fastlandet i Prestesundet nord om øya Fonna. Eivindvik er ein av to tettstader i Gulen kommune. Tettstaden har 318 innbyggjarar per 1. januar 2017, og ligg på ...

                                               

Gaupne

Gaupne er kommunesenteret i Luster kommune i Vestland fylke. Tettstaden har 1 206 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg ved utlaupet til Jostedøla, inst i Gaupnefjorden, ein sidearm til Lustrafjorden, som igjen er ein sidearm til Sognefjorden. ...

                                               

Hermansverk

Hermansverk er ei bygd som ligg i Leikanger kommune som er fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane. Staden har fått namn etter kjøpmannen Herman Brun som verka i 1840-åra. Staden ligg på nordsida av Sognefjorden. Busetnaden på Hermansverk er vaksen sa ...

                                               

Hyllestad

For kommunen med same namn, sjå Hyllestad kommune. For staden i Setesdal med liknande namn, sjå Hylestad. Hyllestad er kommunesenteret i Hyllestad kommune i Vestland. Staden ligg inst i Hyllestadfjorden og har vegsamband til Lavik i Høyanger komm ...

                                               

Naustdal

Naustdal er kommunesenteret i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 1 219 innbyggjarar per 1. januar 2017 og ligg på nordsida av Førdefjorden, ved utlaupet til elva Nausta. I Naustdal ligg Naustdal kyrkje frå 1891. Staden har ...