ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 43




                                               

Matheuskyrkja i Borgund

Matheuskyrkja eller Mathiaskyrkja eller Matteskyrkja var moglegvis ei kyrkje i Borgundkaupangen i mellomalderen, men ho er ikkje eintydig påvist arkeologisk, og ho kan ha vorte forveksla med Kristkyrkja. Mattes kirckia er i Aslak Bolts jordebok o ...

                                               

Melum stavkyrkje

Melum stavkyrkje stod som dagens Melum kyrkje på Mælum, men i dag er gardstunet eit stykkje unna kyrkja. Soknet er nemnt i 1354 i samband med eit drap. Biskop Eystein omtalar prestbol til kyrkja si jordebok. Same staden går det fram at kyrkja er ...

                                               

Mo stavkyrkje i Tokke

Mo stavkyrkje i det som no er Tokke kommune, vart riven i løpet av 1830-åra, og dagens kyrkje vart oppført på same tufta og innvigd i 1839. Stavkyrkja stod, som dagens kyrkje, på prestegarden sin grunn. Prestegården heitte opphaveleg Mo. Prest ti ...

                                               

Mæl stavkyrkje

Mæl stavkyrkje var forgjengaren til dagens Mæl kyrkje, som står på Ørnes i Tinn kommune, om lag 100 meter søraust for tunet på garden. Stavkyrkja stod på same tomta, men visstnok lengre ut mot kyrkjegardsmuren, tett innmed der den noverande kyrkj ...

                                               

Nes stavkyrkje i Hallingdal

Nes stavkyrkje var ei stavkyrkje på Nesbyen i Hallingdal. Stavkyrkja vart riven i 1864, to år etter at dagens Nes kyrkje vart innvigd. Stavkyrkja låg om lag 500 meter nordvest for dagens kyrkje, og ein kan framleis sjå tufta. Eit skilt på staden ...

                                               

Nesland stavkyrkje

Nesland stavkyrkje er ei tidlegare stavkyrkje i Vinje kommune i Telemark. Ho stod på toppen av ein gravhaug om lag 20 meter sør for der dagens Nesland kyrkje står. Ei innskrift vil ha det til at stavkyrkja var vigd til Den heilage krossen og Heil ...

                                               

Njøs kyrkjestad

Njøs kyrkjestad ligg på garden Njøs i Leikanger i Sogn. Kyrkja på Njøs var bygd i stein, og ho stod på Byglagarden. Kyrkja hadde berre inntekt av garden Njøs på midten av 1300-talet, men presten tok inn landskuld frå Øvre og Nedre Njøs, Kvålen, B ...

                                               

Odden stavkyrkje

Odden stavkyrkje var ei stavkyrkje i Smøla kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja stod på Odden på øya Odden, litt vest for Fastsmøla. "Odden" er omtala i Reformatsen i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala som ei stavkyrkje utan tårn eller spir, med ...

                                               

Olberg stavkyrkje

Olberg stavkyrkje eller Krødsherad stavkyrkje stod sør for dagens Olberg kyrkje, det vil seie litt nærare Krøderen. Kyrkjestaden er på grunn frå garden Olberg søraust for Noresund. Garden ligg like nordvest for kyrkja. Kyrkja er omtala i 1389, ut ...

                                               

Refsum kyrkje

Refsum kyrkje skal ha stått ved Refsum-gardane i Lillestrøm kommune i mellomalderen. Dette er like nord for Asak-gardane, mellom Knatten og Kløfta. Kyrkja er omtala som "Rifseims kirkia" i jordeboka til biskop Eystein Aslaksson.Jens Nilssøn omtal ...

                                               

Sauland stavkyrkje

Sauland stavkyrkje stod, som dagens kyrkje, på grunn tilhøyrande prestegarden, som opphaveleg heitte Sauland. På grunnlag av den bevarte portalen trur ein at kyrkja var frå 1200-talet. Soknet er nemnt i 1395 og kyrkja i 1470. Jens Nilssøn fortel ...

                                               

Skafså stavkyrkje

Skafså stavkyrkje stod på same tufta som dagens Skafså kyrkje. Ho vart riven i 1830-åra, og dagens kyrkje vart innvigd i 1839. Det er smått med omtale av kyrkja i mellomalderen, men Skafså-folket fekk som bøndene i nabosoknet Mo ikkje indulgents ...

                                               

Solum stavkyrkje

Solum stavkyrkje var forgjengaren til dagens Solum kyrkje og stod i likhet med denne kyrkja på grunnen til prestegarden. Kyrkja var vigsla til Døyparen Johannes, og Lorentz Dietrichson kallar kyrkja "Johannes den døbers kirke i Solum". Kyrkja er ...

                                               

Stedje stavkyrkje

Stedje stavkyrkje var ei stavkyrkje i Sogndal i Sogn og Fjordane, som vart riven i 1867. Det er bevart to portalar frå kyrkja, i Bergen museum, i tillegg til nokon mindre bygningsdelar med runeinnskrifter.

                                               

Steinkjersannan kapell

Steinkjersannan kapell var eit militærkapell på Steinkjersannan i Steinkjer kommune i Trøndelag fylke. Kapellet vart vigsla som kyrkje i 1978 og var i bruk til 2004. Kapellet hadde 30 plassar. Huset kapellet var i, var frå fyrst ført opp som stab ...

                                               

Svatsum stavkyrkje

Svatsum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Nedre Svatsum i Vestre Gausdal. Ein trur at kyrkja vart oppført på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet, og ho er første gong omtala i 1380. Kyrkja stod ved Kirkebø, like oppi skråninga frå der dagens Svat ...

                                               

Tuddal stavkyrkje

Namnet Tuddal stavkyrkje kan nyttast om to kyrkjer. Kyrkjestaden er ved Øverland, men Jan Brendalsmo meiner at Tuddal kan ha vore namnet på opphavsgarden då det først vart oppført kyrkje. "Kirkian j Tuthdale" brann i 1369 eller like før, og ein k ...

                                               

Tuft stavkyrkje

Tuft stavkyrkje stod litt nord for dagens Tuft kyrkje, i utkanten av Hvittingfoss i Sandsvær. Dagens kyrkje står på ei slette som tidlegare var ekserserplass, rett i sørkant av den gamle kyrkjegarden, på grunn frå Tuft nedre.

                                               

Tønjum stavkyrkje

Tønjum stavkyrkje var ei stavkyrkje i Lærdal i Sogn, som raste saman under ein storm 12. januar 1823. Fire portalar frå kyrkja er bevarte på Bergen museum.

                                               

Ulekjørkja

Ulekjørka, også kjent som Bagn stavkyrkje, var ei stavkyrkje med heva midtrom som stod i bygda Østre Bagn i Sør-Aurdal kommune i Innlandet fylke. Ho er ei av dei mange hundre tapte stavkyrkjene her i landet. Restar av ein portal er tekne vare på, ...

                                               

Ulvik stavkyrkje

Ulvik stavkyrkje var ei stavkyrkje i Ulvik i Hardanger, som vart riven rundt 1711. Det er bevart to sidestykke frå ein portal i kyrkja. Kyrkja stod på garden Nedre Hakastad, om lag ein halv kilometer nordaust for der kyrkja i Ulvik ligg no.

                                               

Vangsnes stavkyrkje

Vangsnes stavkyrkje var ei stavkyrkje i Vik i Sogn, som vart riven i 1861. Ein utskoren planke frå kyrkja er bevart på Bergen museum. Den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja, er frå 1360, men ho kan godt ha vore mykje eldre enn dette.

                                               

Varaldsøy stavkyrkje

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje på Varaldsøy er første gong nemnt i 1337, då ein "Jon prest i Varaldsøy" er nemnt i eit brev. Kyrkja er nemnt for siste gong i 1722. Varaldsøy fekk ny kyrkje i 1729, og ...

                                               

Veggli stavkyrkje

Veggli stavkyrkje var ei stavkyrkje i Veggli i Rollag kommune i Numedal. Alderen til kyrkja synest ikkje å vere kjend. Kunnskapen om kyrkja byggjer for ein stor del på oppmålingar og skisser utarbeidde av Christian Christie før kyrkja vart riven ...

                                               

Vegusdal stavkyrkje

Vegusdal stavkyrkje stod på den gamle kyrkjegarden i Vegusdal, ved Vegusdal gard. På grunnlag av bevarte portalplankar er kyrkja datert til fyrste halvdel av 1200-talet. Presten Endride Jofrœysson prestr j Veikolfsdale er fyrste gong omtala i 134 ...

                                               

Veien stavkyrkje

Veien stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veiholmen i Smøla kommune i Møre og Romsdal, litt nordvest for Fastsmøla. Kyrkja stod ved Veien, utan at ho synest å vere arkeologisk påvist. "Wein" er omtala i Reformatsen i 1589. I 1661 vart kyrkja omtala s ...

                                               

Veum stavkyrkje

Veum stavkyrkje var ei stavkyrkje på Veum i Fyresdal kommune i Vestfold og Telemark som vart riven omkring 1727, då ho vart avløyst av ei ny kyrkje. Stavkyrkja stod på den gamle kyrkjestaden ved Kyrkjegardsekra ved Veum sørigard, eit par kilomete ...

                                               

Vikøy stavkyrkje

Vikøy stavkyrkje var ei stavkyrkje i Kvam i Hardanger, nær Norheimsund, som vart riven i 1839. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

                                               

Våler kyrkje i Solør (1806–2009)

Våler kyrkje var ei krosskyrkje bygd i 1806 i Vålbyen i Våler kommune i Innlandet fylke. Kyrkja brann ned natt til 29. mai 2009. Ein del av inventaret vart berga ut. Ei ny Våler kyrkje i eit særprega, moderne formspråk vart vigsla i 2015. Kyrkja ...

                                               

Østre Porsgrunn kyrkje (1760–2011)

Østre Porsgrunn kyrkje, òg kalla Jesu Kirke i Østre Porsgrunn eller Østsiden kirke, var ei kyrkje i tre frå 1760 i Porsgrunn kommune i Vestfold og Telemark som vart totalskada av brann natta til 11. april 2011. Kyrkja hadde vorte restaurert i 199 ...

                                               

Øyfjell stavkyrkje

Øyfjell stavkyrkje er ifølgje Lorentz Dietrichson nemnd berre to gongar i mellomalderen: 25. august 1401 og i 1453. Kyrkja er omtala av Jens Nilssøn, som visiterte ho i 1595 og fortel at det vart ble halde gudsteneste åtte gongar i året. Samme st ...

                                               

Øystese stavkyrkje

Øystese stavkyrkje var ei stavkyrkje i Øystese i Kvam i Hardanger, som vart riven i 1868. Ho var den siste stavkyrkja som stod att i Hardanger. Det er ikkje bevart nokon kjende bygningsrestar frå kyrkja.

                                               

Åkra stavkyrkje

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje i Åkra er første gong nemnd i 1329. Då kyrkja vart skildra i ein rapport frå 1722, hadde taket nyleg vorte skada i ein kraftig storm. Ho må ha vorte riven mellom 1722 og ...

                                               

Ål stavkyrkje

Ål stavkyrkje var ei mastestavkyrkje som stod i Ål i Ål kommune, rive i 1880, same året som Ål kyrkje vart teke i bruk. Ein portal frå kyrkja, og ein kvelv av tre over koret i kyrkja, vart teke vare på, og er nå i Kulturhistorisk museum ved Unive ...

                                               

Årdal stavkyrkje

Stavkyrkja vart truleg bygd i siste halvpart av 1100-talet. Anders Bugge daterer ho til 1150-70. Denne dateringa er bygd på stildrag ved portalen i kyrkja og på runeinnskrifter funne i kyrkja. Grunna ein figur av den heilage Botolv på ein antemen ...

                                               

Snøheim

Snøheim er ei turisthytte i Dovre kommune i Innlandet fylke, som ligg ved foten av Snøhetta. Hytta vart bygd i 1952 av Den Norske Turistforening under namnet Reinheim turisthytte. I 1959 vart hytta teken over av Forsvaret i samband med utvikling ...

                                               

Patchellhytta

Patchellhytta er ei turisthytte på Sunnmøre. Ho ligg vest i Habostaddalen i Stranda kommune, ved kommunegensa til Ørsta kommune. Hytta ligg rett aust for Slogen, på ca 810 moh. Den opphavlege hytta, som delvis vart kosta av Charles W. Patchell, v ...

                                               

Bakken gard

Bakken gard er ein nedlagt fjellgard ved nordsida av Lysefjorden i Ryfylke. Stavanger Turistforening driftar våningshuset som ei sjølvbetjent hytte for fotturistar. Staden ligg ca. 18 kilometer inn i Lysefjorden, bratt opp frå sjøen, 173 moh. Han ...

                                               

Preikestolhytta

Preikestolhytta er ei hytte som ligg i Strand kommune. Hytta vart bygd som turistforeningshytte i 1949, og er eigd av Stavanger Turistforening. Hytta er eit naturleg startpunkt for turar til mellom anna Preikestolen. Om somrane er det fast vertsk ...

                                               

Fannaråkhytta

Fannaråkhytta er ei turisthytte i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Hytta ligg på toppen av Fannaråki, og er den høgst liggjande turisthytta i Noreg på 2065 m.o.h. Her er 32 sengeplassar og hytta er berre open frå siste helga i juni til siste i ...

                                               

Reinheim

Reinheim var opphavleg ei privat turisthytte bygd ved foten av Snøhetta i 1880-åra. DNT overtok hytta i 1922 og dreiv den fram til 1952 da den nye DNT-hytta Reinheim vart opna som DNTs "flaggskip", og den gamle hytta vart riven. I 1959 overtok Fo ...

                                               

Haukeliseter

Haukeliseter er ei hyttegrend og ei gamal seter som ligg 998 m.o.h., nordvest i Vinje kommune i Vestfold og Telemark, ved Europaveg 134 like aust for Haukelitunnelen. Haukeliseter fjellstue er den største hytta på setra. Anlegget er eigd av Stava ...

                                               

Rosenkrantztårnet

Rosenkrantztårnet i Bergen har namnet sitt etter lensherren Erik Ottesen Rosenkrantz, som i 1560-åra let setje i stand det gamle ringmurstårnet på Holmen. Tårnet ligg like ved Håkonshallen, og det opphavlege tårnet var bygd i 1270-åra i regjering ...

                                               

Haltdalen stavkyrkje

Haltdalen stavkyrkje, tidlegare òg kalla Haltålen stavkyrkje, står på frilutfsområdet til Trøndelag Folkemuseum på Sverresborg i Trondheim i Trøndelag fylke. Ho er ei enkel, vel ni meter lang, einskipa stavkyrkje med rektangulært skip og kor, beg ...

                                               

Undredal stavkyrkje

Undredal stavkyrkje er ei stavkyrkje i bygda Undredal i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Kyrkja vert ut frå stilhistorie og annan kunnskap datert til slutten av 1100-talet. Ho er den minste kyrkja i Skandinavia som framleis er i bruk, med berr ...

                                               

Øye stavkyrkje

Øye stavkyrkje er ei gjenreist stavkyrkje i Vang kommune i Innlandet. Kyrkja er nemnt første gong i 1347, men blir gjerne datert til ca. 1200. Dateringa til 1200 byggjer på Roar Hauglid si stilhistorisk datering av vangeportalen. Ho blei opphavle ...

                                               

Alstahaug kyrkje

Alstahaug kyrkje er ei mellomalderkyrkje bygd i stein på øya Alsta i Alstahaug kommune, litt sør for Sandnessjøen i Nordland. Ho er soknekyrkje i Alstahaug sokn i Nord-Helgeland prosti. Kyrkja vart bygd på 1100- eller 1200-talet, av lokalt hogd k ...

                                               

Eidanger kyrkje

Eidanger kyrkje er ei langkyrkje i Porsgrunn kommune i Vestfold og Telemark. Kyrkja vart oppført omkring midten av 1100-talet. Ho var då om lag 13.5 meter lang med tjukke steinvegger. I 1787 vart skipet forlenga vestover med ein tømra del. I 1852 ...

                                               

Fjære kyrkje

Fjære kyrkje er ei langkyrkje i Grimstad kommune i Agder. Dette er den einaste mellomalderkyrkja i Grimstad. Ho vart oppført på 1100-talet i romansk stil, men har sidan òg fått gotiske element. Kyrkja har vorte ombygd og endra ei rekkje gonger, o ...

                                               

Holt kyrkje

Holt kyrkje er ei langkyrkje, seinare krosskyrkje frå 1100 i Tvedestrand kommune i Aust-Agder fylke. Mellomalderkyrkja som er bygd av stein vart opphavleg bygd som langkyrkje, men vart utvida og tilbygd som krosskyrkje i 1753. Tilbygget, austre d ...