ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 348




                                               

Eggebalansering

Eggebalansering er ein skikk som går ut på å plassera egg på høgkant. Han er kjend frå kinesisk kultur, og er også blitt spreidd til USA. Sjølv om den ovale forma til egg gjer dei vanskeleg å setja på høgkant, har eggeskal vanlegvis fleire irregu ...

                                               

Eggedans

Eggedans er ein tradisjonell danseleik der ein legg egg på bakken og dansar rundt dei. Ofte er det om å gjera å ikkje røra egga medan ein danser. I nokre versjonar har dansaren bind for augo. Målet med dansen er å knusa så få egg som mogleg, elle ...

                                               

Eggkakking

Eggkakking eller -knakking er ein tevlingsleik med egg som kan utførast av to eller fleire deltakarar. Leiken går som regel ut på at ein kakkar hardkokte egg mot kvarandre. Den som får egget sitt knust, har tapt omgangen. Etterpå kan ein eta egga ...

                                               

Påskeegg

Påskeegg er dekorerte egg og eggforma pynt eller mat laga i samband med påske. Dei kan vera alt frå etande hønseegg eller sjokoladeegg til hole pynteegg av ei rekke ulike materiale, frå tre, papp og plastikk til glas, porselen og gull. Påskeegg b ...

                                               

Eggrulling

Eggrulling er ein påskeleik for to eller fleire deltakarar som går ut på å rulla egg nedover ein skråning, gjennom ein bane eller langs bakken. Målet med tevlinga kan vera få egget lengst eller raskast fram, å hindra det frå å knusa, eller å tref ...

                                               

Trillingbolle

Trillingbolle er eit drikkekar til øl med tre bollar skore ut av eitt stykke tre. Det er gjerne hol mellom bollane slik at ølet kan renna mellom dei. Det kan vera vanskeleg å drikka av trillingbollar utan å søla, og dei var brukt på 1700- og 1800 ...

                                               

Haustjamdøgn

Haustjamdøgn eller haustjamdøger er saman med vårjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter haustjamdøgn vert dagane kortare og nettene lengre på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på hausten. H ...

                                               

Sola i Karlstad

Sola i Karlstad, eigentleg Eva Lisa Holtz, var ein svensk vertshushaldar som er blitt eit kjent symbol for byen Karlstad.

                                               

Sommarsolkverv

Sommarsolkverv eller sommarsolsnu er tidspunktet når jorda er i det punktet av banen der den halvkula ein er på heller mest mot sola. Dette skjer alltid om sommaren. Når sola står i sør midt på dagen har ho si høgste høgde over horisonten i året, ...

                                               

Vintersolkverv

Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid del av vinteren. Kvervet skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21./22. desember og i sør den 21./22. ...

                                               

Vårjamdøgn

Vårjamdøgn eller vårjamdøger er saman med haustjamdøgn dei døgna då natt og dag er like lange overalt på jorda. Etter vårjamdøgn vert dagane lengre og nettene kortare på den nordlege halvkula, der dagen ofte har markert byrjinga på våren. Skjerin ...

                                               

‘ereb

Det hebraiske ordet ‘ereb tyder aftan eller blanding, og kan visa til tida like etter solnedgang eller kvelden eller store delar av dagen før ein jødisk høgtidsdag. Definisjonar av nøyaktig kva tid ‘ereb fell kan vera tussmørker når lyset blandar ...

                                               

Surfing

Surfing er ein idrett som går ut på å balansera på noko, som regel eit brett, som blir drive fram av bølgjer. Idretten oppstod i Polynesia, med Hawaii som eit velkjent døme. På Hawaii blei han nesten trengd ut av kristne misjonærar, men oppstod i ...

                                               

Waka

Waka er maoriske farkostar på vatn, vanlegvis kanoar. Tilsvarande fartøy kan ein støyta på andre stader i Polynesia, med namn frå sams opphav, til dømes vaka. Wakaer varierer i vekt frå små, lette kanoar kalla waka tiwai som vert brukte til fiske ...

                                               

Båteng

Båteng er ei grend i Tana kommune i Finnmark fylke. Ho ligg ved Tanaelva, om lag 26 km sørvest for Tana bru. E6 går forbi Båteng, på finsk side av elva ligg den nordlegaste bygda i Finland og EU, Nuorgam. ForfatternesForlag har avdelingskontor i ...

                                               

Gamme

Gamme er ei eldgammal, enkel form for jordhytte. Han har reisverk av tre som er dekt med jord og/eller torv. Gammar er i dag fyrst og fremst forbundne med samar og kvener, men denne typen bustad har vore nytta over heile landet, heilt sidan dei f ...

                                               

Ola Graff

Ola Graff er ein norsk musikar, musikkpedagog og musikkforskar. Han var vokalist, fløytist og tangentinstrumentalist i Nordnorsk Visegruppe i Tromsø, og tok magistergrad i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har lenge vore konservator for ...

                                               

Joik

Joik, samisk for song, er den tradisjonelle folkelege songen til samane. Joiken er oftast svært lydmålande. Songane handlar ofte om kjærleik og relasjonar. Ein joik kan beskrive ei vakker jente eller ein kjekk gut som songaren synest om – eller f ...

                                               

Lappgeit

Lappgeiter er ein sterkt utryddingstrua geiterase. Dei er noko mindre enn vanlege geiter, med kortare bein. Dei har ofte noko lengre ragg, og dei er vanlegvis kvite. Etter den svenske raudlista Lantrasforums rödlista över svenska oförädlade lantr ...

                                               

Anders Larsen

Anders Larsen var ein samisk lærar, journalist og forfattar. Foreldra til Larsen var Lasse Mons Lassesen f. 1826 og Elen Mathisdatter f. 1836, og dei var sjøsamar. Anders Larsen var gift med Petra Rebekka f. Hansen 20.01.1877 i Trondenes. Han fek ...

                                               

Lavvo

Lavvo er eit tradisjonelt samisk telt som har vore brukt av nomadiske samar i over 2 000 år. Lavvoen er lett å flytte på, og er godt eigna til samane sitt tradisjonelle nomadeliv.

                                               

Ođđasat

Ođđasat er eit nyheitsprogram på samisk som vert sendt i NRK, SVT og YLE fem dagar i veka, ti månader i året. Programmet varer 12 minutt og inneheld nyhendeinnslag og ei vermelding. Programmet er teksta på bokmål av NRK, på svensk av SVT og på fi ...

                                               

Påskeopprøret i 1960

Påskeopprøret i 1960 var eit politisk opprør i Karasjok, som ein reaksjon på ein rapport frå den statlege komitéen "Komité til å utrede samespørsmål". I rapporten vart det gjort framlegg om å reversera den strenge fornorskningpolitikken som vart ...

                                               

Reindrift

Reindrift har i mange hundreår vore ein viktig næringsveg i arktiske og andre kjølige område. Næringsvegen er knytt til urfolket i nordlege, gjerne arktiske strok, og vert driven i Noreg, Sverige, Finland, Russland, Mongolia, Kina, Grønland, Kana ...

                                               

Samisk religion

I nokre av 1700-talframstillingane av samisk religion vert den samiske gudeverda delt inn i fire grupper, basert på kva for eit rike dei heldt til i. Underjordiske gudar, gudar som heldt til på jorda, himmelske gudar, og overhimmelske gudar. Solg ...

                                               

Sajos

Det samiske kultursenter Sajos er eit kultursenter og administrativt senter i Enare, som også fungerer som kongress- og arrangementslokale. Sajos sto ferdig i januar 2012 og vart offisielt opna i april 2012. Sajos inneheld administrasjon og møtel ...

                                               

Samisk høgskole

Samisk høgskole vart skipa i 1989 og har i dag vel omkring 260 studentar og i overkant av 100 tilsette. Høgskolen er ein av dei statlege høgskolane i Noreg. I 2005 vart Nordisk Samisk Institutt samorganisert med Samisk høgskole, og dei vart samlo ...

                                               

Silvermuseet

Sylvmuseet er eit museum i sentrale Arjeplog som vart innvigt 23 oktober 1965. Samlingane skildrar historia til staden - frå forhistorisk tid til notid. Samane og nybyggarane sine liv blir gjort levande i ulike utstillingar. I eit av romma blir d ...

                                               

Trollholmsund

Trollholmsund ligg nokre km aust for E6, litt sør for Indre Billefjord i Porsanger kommune i Finnmark-området i Troms og Finnmark fylke. Det er 700 millionar år gamal kalkstein i området, som er erodert slik at det har vorte danna skulpturliknand ...

                                               

Verdde

Verdde er ein gamal tradisjon i Finnmark, som går ut på å bytte varer og tenester mellom dei fastbuande sjøsamane og reindriftsamane som budde i sommarhalvåret i bygda, med reinflokkane sine som var på sommarbeite ute ved kysten. På samisk vert d ...

                                               

Ørnulv Vorren

Ørnulv Vorren var ein norsk etnograf, med studium av samisk kultur som spesialfelt. Ørnulv Vorren flytte saman med familien sin frå Harstad til Neiden i Sør-Varanger i 1923. Samfunnet i Neiden var prega av både skoltesamar, samar frå Varanger, kv ...

                                               

Folkeminne

Folkeminne eller folklore er nemningar på kulturelle tradisjonar som er overleverte blant folk i munnleg form. Skikkar, tru og folkedikting som ordtak, folkeviser og vandresoger er døme på folkeminne. Forsking på folkeminne kallar ein folkeminnef ...

                                               

Beistet i Gévaudan

Beistet i Gévaudan var eitt eller fleire ulveliknande dyr som drap om lag 100 menneske i den tidlegare provinsen Gévaudan i Frankrike, frå sommaren 1764 til sommaren 1767. Denne hendinga spreidde skrekk i Gévaudan og lever framleis i fransk folke ...

                                               

Child Ballads

The Child Ballads er ei samling av 305 balladar frå England og Skottland og dei amerikanske variantane deira, samla av Francis James Child i siste halvdel av det 1800-talet. Samlinga blei gjeven ut under tittelen The English and Scottish Popular ...

                                               

Julestove

Julestove viser til festar og festrom som ungdomar lånte frå skiftande eigarar for å arrangera julegilde med leik og dans i løpet av romjula. I Norden går skikken tilbake til 1600-talet. Julestovene blei gjerne halde frå kvelden andre- eller tred ...

                                               

Friedrich Reinhold Kreutzwald

Friedrich Reinhold Kreutzwald var ein estisk folkeminnesamlar og diktar. Freidrich R. Kreutzwald var fødd i Jõepere. Alt som student byrja han å skrive ned estiske viser og andre tradisjonar. På 1830 - 1850-talet publiserte han avhandlingar om es ...

                                               

Monster

Monster eller monstrum viser til ulike vanskapningar og uhyre kjende frå folketru, mytologi og dikting. Ordet kan også visa til noko som er særs stort. Det finst ei rekkje fabeldyr som er rekna som monster. Mange av dei er ikkje-menneskelege, ant ...

                                               

Stjernespel

Stjernespel eller stjernesong er ei folkeleg juledramatisering av underet kring fødselen til Jesus og forteljinga om heilage tre kongar eller vise menn som følgde Betlehemsstjerna fram til stallen der Jesusbarnet blei født. Slike førestillingar f ...

                                               

Flannan Isles

Flannan Isles er ei lita øygruppe i Ytre Hebridane i Skottland, om lag 32 km vest for Isle of Lewis. Dei kan ha fått namnet sitt frå St. Flannan, ein irsk abbed og forkynnar på 600-talet. Dei vert òg kalla Seven Hunter Islands. Øyane har stått fo ...

                                               

Tunguskahendinga

Tunguskahendinga var ein særs kraftig eksplosjon som fann stad nær elva Podkamennaja Tunguska i det som no er Krasnojarsk kraj i Russland, rundt 07:14. den 30. juni 1908. Sjølv om årsaka til eksplosjonen er omdiskutert, så var han mest truleg års ...

                                               

Verdsminne

Eit verdsminne er eit unikt dokument eller ei samling i eit arkiv eller i eit bibliotek som er av stor verd som dokumentarisk kulturarv. Verda si dokumentarv er listeført av UNESCO i eit internasjonalt register skipa i 1992. Føremålet med program ...

                                               

Bayeuxteppet

Bayeuxteppet er eit 70 meter langt brodert veggteppe som skildrar Vilhelm erobraren si erobring av England ved slaget ved Hastings i 1066, og hendingar som gjekk føre seg før denne erobringa. Kvar scene har ei påskrift i latin som gjer greie for ...

                                               

Codex Argenteus

Codex Argenteus eller Sølvbibelen er eit manuskript frå 500-talet som inneheld ei gotisk omsetjing av Bibelen frå 300-talet. Omsetjaren var den lærde skribenten Wulfila eller Ulfilas, som er rekna som misjonær for gotarane. Teksta er det mest omf ...

                                               

Hamburgbibelen

Hamburgbibelen er ein handskrive praktbibel i tre band som tilhøyrer Det Kongelige Bibliotek i København. Han inneheld ein serie bilete som beskriv framstillinga av ei handskrive bok anno 1255. Biletserien er teikna inn i initialane; dei store by ...

                                               

Symfoni nr. 9 av Beethoven

Symfoni nr. 9 i d-moll, op. 125 er den siste symfonien skriven av Ludwig van Beethoven. Han blei fullført i 1824. Han er rekna som eit romantisk musikkstykke som danna eit førebilde for vidare romantisk komponering. Verket er særs kjend og er rek ...

                                               

Fingerhekling

Fingerhekling er ei form for handarbeid med garn der ein bruker fingrane som handarbeidsreiskapar. Det føregår ved at ein fører tråd gjennom ei eller fleire løkker til nye løkker, og minnar om strikking eller hekling.

                                               

Gapstrek

Gapstrekar, fantestrekar eller peik er nemningar brukte om handlingar som er meinte å irritera, plaga eller dumma ut nokon og samstundes underhalda dei som står bak. Som regel viser omgrepet til ugagn gjort av born eller ungdom. Nokre velkjende s ...

                                               

Klappeleik

Klappeleik er ei form for leik som omfattar klapping, gjerne også song eller regler. Klappeleikar blir ofte utførte av to eller fleire personar i lag. Enkle klappeleikar kan leikast av ein vaksen i lag med småbarn, som "Klappe kake søte" eller "P ...

                                               

Leikeplass

Ein leikeplass er ein offentleg stad utandørs, som er tilrettelagt slik at barn kan leika der. På staden finn ein gjerne sandkassar og ymse leikeapparat, til dømes husker, vipper, rutsjebanar og stativ der barna kan klatra, i tillegg til benkar d ...

                                               

Sandkasse

Viss du vil til sandkassen der du fritt kan eksperimentera med redigering, gå til Wikipedia:Sandkasse. Ein sandkasse er ein låg, vid kasse eller grunn nedsenking i bakken fylt med sand der ungar kan leike. Sandkassar finst ofte på leikeplassar, m ...