ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 34




                                               

Safavidane

Safavidane var eit iransk dynasti av kurdisk og aserbajdsjansk opphav. Det herska over Iran frå 1501 til 1736 og etablerte sjiaislam som den offisielle religionen i landet.

                                               

Kristning

Kristning er ein prosess som kan gjelde individ eller samfunn. Kristninga av Noreg er rekna som den epoken då kristendommen vart innført i Noreg, helst under kristningskongane Olav I Tryggvason fram mot år 1000 og Olav II Haraldsson fram mot år 1 ...

                                               

Sigurdsristinga

Sigurdsristinga, som òg vert kalla Ramsundsbergristinga eller berre Sö 101 etter nummeret i den svenske registreringa av runeinnskrifter, er ei stor biletristing med runeinnskrift som er innrista på ei bergflate på Ramsundsberget i nærleiken av S ...

                                               

Dei bøhmiske brørne

Dei bøhmiske brørne, var ein kristen fellesskap skipa i 1457 i Böhmen. Dei bøhmiske brørne kan førast attende til Petr Chelčický og rørsla hans, som blei kalla Petr av Chelčický-brørne. Sjølv om han var ein lekmann, vann han respekt på det teolog ...

                                               

Den spanske inkvisisjonen

Den spanske inkvisisjonen var ein katolsk institusjon som verka i Spania frå slutten av 1400-talet til 1834. Han var ikkje underlagd den romerske inkvisisjonen, men vart i staden kontrollert av den spanske kongen. Bakgrunnen for opprettinga var g ...

                                               

Oldkyrkja

Oldkyrkja viser til den kristne kyrkja frå antikken til tidleg mellomalder. Tida omfatta vekst av kristendommen og til tider forfølgingar av kristne, men religionen blei også statsreligion fleire stader. Kristne ritual, dogme og teologi utvikla s ...

                                               

Reformasjonen

Reformasjonen var ei religiøs omvelting frå katolisisme til protestantisme i delar av Europa på 1500-talet. Reformasjonen vart utløyst av Martin Luther, som formulerte sine 95 tesar, og ifølgje tradisjonen slo dei opp på kyrkjedøra i Wittenberg d ...

                                               

Reformasjonen i Noreg

Sjå òg reformasjonen og reformasjonen i Danmark-Noreg Reformasjonen i Noreg var Noreg sitt brot med den romersk-katolske kyrkja i 1536-1537. Reformasjonen vart innført i Noreg samstundes som landet vart eit lydrike under Danmark. I Noreg fanst de ...

                                               

Ayyám-i-há

Ayyám-i-há er eit tidsrom i bahaikalenderen som både verker som skotdagar og er ei høgtid for bahaiar. Dei fire eller fem skotdagane fell mellom den 18. og 19. månaden i bahaiåret og frå 26. februar til 1. mars i den gregorianske kalenderen, slik ...

                                               

Paktdagen

Paktdagen er dagen då bahaiar feirar utpeikinga av Abdul-Bahá som etterfølgjaren til Baháulláh, "senteret" for pakta til Baháulláh mellom han og dei som følgde han. Paktdagen blir feira den 26. november kvart år. Abdul-Bahá grunnla høgtida som ei ...

                                               

Asalapodja

Asalapodja eller dhamma-dagen er ei theravada-buddhistisk høgtid til minne om Buddha si første preike om den gylne middelvegen. Preika skal ha vore halden i parken Sarnath i Varanasi, og markerer byrjinga på sanghaen, den buddhistiske "samlinga" ...

                                               

Bodhidagen

Bodhidagen er ei buddhistisk høgtid som særleg blir feira i japansk tradisjon, som regel den 8. desember. Markeringa er til minne om Buddha si oppvakning. Ein ser gjerne på dagen som ei påminning om at alle kan oppnå oppvakning. Bodhidagen er ogs ...

                                               

Fødselsdagen til Buddha

Fødselsdagen til Buddha er høgtider som blir feira på fleire tidspunkt og under fleire namn innan ulike delar av buddhismen. Feiringa markerer fødselsdagen til Siddhartha Gautama, seinare kjend som Buddha, og i nokre høve også oppvakninga hans. I ...

                                               

Kathina

Kathina eller kathen er ei buddhistisk høgtid som kjem ved slutten av vassa, den tre månader lange regntida markert innan theravada. Ein markerer henne gjennom gåvegjeving og seremoniar. Truande gjev gjerne gåver til buddhisttempel, særleg draktk ...

                                               

Nirvanadagen

Parinirvana- eller nirvanadagen er ei høgtid innan mahayana-buddhismen til minne om då Buddha oppnådde fullstendig nirvana då den fysiske kroppen hans døydde. Dagen blir hovudsakleg feira den 15. februar, men nokre markerer han den 8. februar. Ni ...

                                               

O-bon

O-bon eller berre bon er ei japansk buddhistisk høgtid feira til ære for åndene til forfedrane. Tida blir ofte markert ved at folk dreg tilbake til der slekta deira kom frå og steller gravene til forfedrane sine. Ein reknar også med at åndene kje ...

                                               

Sanghadagen

Sanghadagen eller maghapuja er ei buddhistisk høgtid til ære for det buddhistiske samfunnet, og til minne om fire lukkelege samantreff som fann stad på same dag, ni månader etter oppvakninga til Buddha. Feiringa er særleg viktig for theravadabudd ...

                                               

Vassa

Vassa er nemninga på den buddhistiske skikken for vandrande munkar med å halda seg i ro under regntida, tre månader frå rundt juni til oktober. Tilbaketrekkinga skal ha blitt innført av Buddha sjølv, delvis fordi reise var vanskeleg på denne tida ...

                                               

Vesak

Vesak, også kalla Buddha purnima og Buddha-dagen, er ei av dei viktigaste høgtidene i theravada-buddhismen. Vesak feirar Buddha sin fødsel, opplysing og død, eller oppnåinga av nirvana. Desse tre hendingane skal ha funne stad på same dato. Dagen ...

                                               

Dipavali

Dipavali eller divali er namnet til den indiske lyshøgtida. Ho vert feira med at ein tenner oljelampar og fyrverkeri. Dipavali er den einaste høgtida som tradisjonelt har vorte feira i alle delar av India og har difor i dag vorte eit symbol på sa ...

                                               

Hinduhøgtider

Talet på hinduhøgtider er stort og ukjend. Det finst små høgtider som blir feira i ein enkelt landsby og store høgtider som blir markerte i heile den hinduiske verda. Dei gamle og sprikande tradisjonane bak hinduismen kan vera ein grunn; ein anna ...

                                               

Dhanteras

Dhanteras eller dhanatrayódasji er den første dagen av divali i delar av India. Derfor blir han også kalla tsjhoti-divali, vesle-divali. Dagen fell to dagar før nymånen i hindumånaden kartika. Dette er rekna som den trettande dagen i den mørke ha ...

                                               

Guru purnima

Guru purnima er ei hinduhøgtid der hinduar kan tilbe den religiøse leiaren, guruen, sin. Purnima tyder fullmåne, og høgtida finn stad ved fullmåne i månaden asjadh. Denne dagen vil hinduar som har ein guru meditera over han og tilbe han personleg ...

                                               

Holi

Holi er ei hinduhøgtid som særleg blir feira i Nord-India og Nepal. Festen er ei vårhøgtid og ei nyttårsfeiring. Han går over to dagar, siste dagen av månaden phalgun og første av tsjaitra i det nye året. I den vestlege kalenderen fell han i mars ...

                                               

Karvatsjauth

Karvatsjauth er ei nordindisk, hovudsakleg hinduhøgtid for gifte kvinner. Ho blir markert gjennom at konene faster ein heil dag for å be om vern for ektemannen sin, og utfører visse rituale. Namnet karva viser til ei leirkrukke som blir brukt i r ...

                                               

Krisjna-djanmasjtami

Krisjna-djanmasjtami er ei hinduhøgtid der ein feirar på fødselsdagen til guden Krisjna, ein avatar av Visjnu. Feiringa fell på den 8. dagen i den mørke halvdelen av månaden sjravana. I den vestlege kalenderen vil dette som regel vera mellom midt ...

                                               

Kumbh mela

Kumbh mela er ei syklisk hinduhøgtid som finn stad kvart tredje år på særskilde stader. Det er eitt av dei største valfartsmåla i hinduismen, og den folkerikaste valfarta i verda. Høgtida markerer den mytologiske kjerninga av Mjølkehavet og nekta ...

                                               

Lohri

Lohri er ei nordindisk innhaustingshøgtid som blir feira av både hinduar og sikhar, særleg i Panjab. Høgtida finn stad i midten av januar, som regel den 13. og nokre gonger den 14. Dagen markerer slutten på vinteren; hausten ein feirar er vintera ...

                                               

Mauni amavasya

Mauni amavasya er ei hinduhøgtid som fell ved nymånen som avsluttar månaden magha. Dagen er rekna som eit høgdepunkt innan denne heilage månaden, og eit godt høve til å dyrka dei tre gudane i Trimurtien og å bada i Prayag, møtepunktet for tre hei ...

                                               

Onam

Onam er ei høgtid som blir feira av folk frå Kerala sør i India. Ho finn stad i den første månaden i malayalamkalenderen, tsjingam, og varer ti dagar. Dei største feiringane finn stad på den første og den siste dagen. Høgtida har mange hindueleme ...

                                               

Pongal

Thaippongal eller berre pongal er ein haustfest feira av tamilar over heile verda, uavhengig av religion. Høgtida er særleg viktig for bønder, som takkar sola, regnet og husdyra for grøda dei skaper, men ho blir også feira i stort mon i byar og i ...

                                               

Raksja bandhan

Dagen blir markert ved at jenter bind ein rakhi, eit armband laga av ein pynta tråd, rundt handleddet til brør eller gutar dei reknar som brør. Bandet blir rekna som ei signing og eit vern, og i samband med knytinga kan jenta utføra eit rituale o ...

                                               

Ramanavami

Ramanavami er ei hinduhøgtid feira på fødselsdagen til guden Rama, ein avatar av Visjnu. Høgtida finn stad i mars/april etter vestleg kalender. Dagen markerer også slutten på den ni dagar lange vårhøgtida, som tek til med ugadi. På denne dagen te ...

                                               

Rathajatra

Rathajatra er ei hinduhøgtid feira til ære for Djagannath, ei form av Krisjna, og tilbakekoma hans til Vrindavan. Høgtida blir feira den andre dagen av den lyse delen av månaden asjadha, anten i juni eller juli i den vestlege kalenderen. Markerin ...

                                               

Sankranti

Sankranti, sankranthi eller makara sankranth er ei indisk høgtid som markerer byrjinga av innhaustinga for bønder i Andhra Pradesh, Karnataka og Maharashtra. Høgtida blir feira i midten av januar, den dagen sola går inn i Steinbukken og dermed gå ...

                                               

Ugadi

Ugadi er tradisjonell nyttårsdag for folk i dei indiske delstatane Andhra Pradesh, Telangana, Karnataka og Maharashtra. Han fell på den første dagen av månaden tsjaitra i hindukalenderen. Dette svarer typisk til mars eller april i den vestlege ka ...

                                               

Vidjayadasjami

Dassjera eller vidjayadasjami er ei hinduhøgtid feira over heile India, og i Nepal, der han er ei av dei største høgtidene. Vidjayadasjami blir feira på den tiande dagen i den lyse halvdelen av månadeen asjvin, som stort sett finn stad i oktober, ...

                                               

Jødiske høgtider

Jødiske høgtider er høgtider innan jødedommen. Høgtidene markerer sentrale tema i samhøvet mellom Gud og verda, slik som skapinga, openberring og berging. Nokre helgedagar er òg tilnytte årssyklusen i landbruket. Dei tre valfartshøgtidene: Tre hø ...

                                               

Den israelske sjølvstendedagen

Den israelske sjølvstendedagen, hebraisk jom ha‘aṣmaút, er den israelske nasjonaldagen til minne om den israelske sjølvstendeerklæringa. Han blir feira den andre ijjár i den jødiske kalenderen. Dagen før sjølvstendedagen feirar ein jom hazikaron ...

                                               

Habdalá

Habdalá eller havdalá, jid. havdóle, er namnet på ein jødisk seremoni som markerer overgangen frå sjabbát eller ei jødisk høgtid til kvardag eller frå sjabbát til ei jødisk høgtid. Habdaláen markerer alltid overgangen frå meir heilag til mindre h ...

                                               

Hanukká

Hanukká er den rabbanittisk-jødiske lyshøgtida som varar i åtte kveldar frå 25. kislév til 3. eller 4. tebét - det vil seie kring nymåne i desember. I 2011 varte hanukká frå solnedgang den 20. desember til solnedgang den 28. desember. Hanukká bli ...

                                               

Hol hammo‘éd

Hol hammo‘éd er halvheilagdagane mellom dei første og siste dagane av dei vekelange høgtidene pesah og sjabu‘ót. I Israel, der desse høgtidene varar i sju dagar, er første og siste dag fulle heilagdagar og andre til sjette dag er hol hammo‘éd. Re ...

                                               

Hosja‘na rabbá

Hosja‘na rabbá er den sjuande og siste dagen av den jødiske lauvhyttefesten sukkót. Han blir markert med fleire bøner, ei særskild gudsteneste, og visse ritual. I Talmud blir høgtida kalla piletredagen, fordi ein skjer særskilde pilegreiner som e ...

                                               

Jerusalemdagen

Jerusalemdagen er ein israelsk og ein mindre jødisk høgtidsdag til minne om gjenforeininga av Jerusalem i 1967. Under Seksdagarskrigen tok israelske styrkar kontrollen over Gamlebyen frå Jordan den 7. juni, eller den 28. ijjár etter den jødiske k ...

                                               

Jom hasjoá

Jom hasjoá eller jom hasjva er ein jødisk minnedag over Holocaust der ein ærer dei seks millionar jødane som mista livet i nazistiske konsentrasjonsleirar. Dagen blei innstifta av Israel i 1959, og fell på den 27. nisan i den jødiske kalenderen, ...

                                               

Jom kippúr

Sjå og Jom kippúrkrigen. Kippúr eller jom kippúr er den jødiske forsoningsdagen. Høgtida er ei av dei viktigaste i den jødiske kalenderen, og blir gjerne halden også av dei som er mindre religiøse. På kippúr skal ein gjera opp for synder, både so ...

                                               

Mimouna

Mimouna er ei høgtid feira ved slutten av pesah av sefardiske jødar. Ho markerer at ein igjen kan eta chametz, som vanlege brød, noko som er forbode under pesah. Høgtida stammar frå Marokko, men blir også markert i Israel og andre stader blant jø ...

                                               

Pesah

Pesaḥ, òg skrive Pesach, eller jødisk påske er den første av dei tre jødiske valfartsfestane og blir markert i sju eller åtte dagar frå den 15. nisán. Ein rører ikkje vanlege korn- og brødvarer i alle dei sju eller åtte dagane pesah varar. Den fø ...

                                               

Pesah sjení

Pesaḥ sjení er ei mindre jødisk høgtid som blir feira den 14. ijjár etter den jødiske kalenderen. Dagen blei opphavleg innført av Moses som eit nytt høve for jødar til å observera pesah-offeret. Folk rekna som ureine eller som var hindra på annan ...

                                               

Purim

Purim er ei jødisk høgtid til minne om korleis dronning Ester redda jødane i Persia frå utrydding. Dagen blir feira den 14. adár, som vanlegvis fell rundt den gregorianske månaden mars. Ordet purim betyr lodd, og viser til loddtrekkinga som var b ...