ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 322




                                               

Spenningskollaps

Spenningskollaps er eit omgrep som vert nytta når abonnentane tek ut meir effekt enn kraftverket kan levere. Når straumen i overføringsnett aukar fører dette til større spenningsfall over leiarane i overføringsnett, slik at spenninga hjå abonnent ...

                                               

Statisk elektrisitet

Statisk elektrisitet er elektrisk lading i eller på overflata av ein lekam. Ladninga kan vera positiv eller negativ. Det oppstår då ei elektrisk spenning mellom den ladda lekamen og lekamar utan, eller med ei anna lading.

                                               

Elektrisk straum

Elektrisk straum er elektrisk ladning per tidseining. Ladningen kan vera elektronar i ein elektrisk leiar, ion i ein elektrolytt, eller elektronar og ion i plasma. SI-eininga for elektrisk straum er ampere og vert forkorta A. Når ei elektrisk lad ...

                                               

Termionemisjon

Termionemisjon er ein varmeframkalt straum av ladningsberarar frå ei flate eller over ein potensial-energi barriere. Dette skjer fordi varmeenergien som bæraren får vert større enn bindingspotensialet, òg kjend som arbeidsfunksjonen til metallet. ...

                                               

Watt

Watt er ein SI-avleia eining for effekt. Watt er relatert til andre SI-einingar: W = J s -1 = N m s -1 = kg m 2 s -3 = V A. Eininga watt er oppkalla etter James Watt for bidraga til utviklinga av dampmaskina, og vart teken i bruk av den andre kon ...

                                               

Atmosfærisk elektrisitet

Atmosfærisk elektrisitet eller luftelektrisitet er daglege variasjonar i det elektromagnetiske nettverket i jordatmosfæren. Jordoverflata, ionosfæren og atmosfæren er kjend som den globale atmosfæriske straumkretsen. Det er alltid fri elektrisite ...

                                               

Bifilar

Bifilar tyder dobbelttråda. Ei bifilar opphenging er eit svingande system, som til dømes ei magnetnål, opphengt i to like lange, fråskilde trådar som er parallelle i likevektsstillinga. Når systemet vert dreidd ut av likevekt, hevar ein tyngdepun ...

                                               

Biot–Savart-lova

Biot–Savart-lova er ei fysisk lov basert på målingar først utført av dei franske fysikarane Jean-Baptiste Biot og Félix Savart i 1820. Det magnetiske feltet som ein uendeleg lang rettlinja leiar omgjev seg med, er proporsjonal med straumen gjenno ...

                                               

Dipol

Ein dipol oppstår når to ulike atom med ulik elektronegativitet bygger opp eit molekyl gjennom ei kovalent binding. Dei ulike elektronegativitetsverdiane gjer at molekylet får ei ujamn ladningsfordeling sjølv om det totalt sett er ulada. Er det b ...

                                               

Elektrisk effekt

Elektrisk effekt er mottatt eller avgjeve elektrisk energi per tidseining. Effekten vert målt i watt. Denne effekteininga er lik 1 joule per sekund.

                                               

Elektrisk krins

Ein elektrisk krins er sett saman av fleire passive og/eller aktive elektriske komponentar, kopla saman ved hjelp av elektriske leiarar slik at ein elektrisk straum kan flyte gjennom krinsen når han vert kopla til ei spenning- eller straumkjelde. ...

                                               

Elektrodynamikk

Elektrodynamikk, eller meir presist klassisk elektrodynamikk eller klassisk elektromagnetisme, er ei grein innan teoretisk fysikk der ein studerer følgjene av elektromagnetiske krefter mellom elektriske ladningar og straumar. Elektrodynamikken gj ...

                                               

Elektromotorisk spenning

Elektromotorisk spenning er spenninga mellom polane til ei elektrisk straumkjelde som ikkje leverer straum. Ems har symbolet ℰ, ϵ {\displaystyle \epsilon }, E {\displaystyle {\mathcal {E}}} eller berre E. Eininga er volt. Den elektromotoriske spe ...

                                               

Elektrisk felt

Elektrisk felt òg elektrisk feltstyrke i elektromagnetisme betegner den eigenskapen som gjer at elektriske ladningar anten tiltrekker eller fråstøyter kvarandre. Det elektrisk feltet har symbol E og er definert ut frå krafta F på ein liten prøvel ...

                                               

Formfaktor

Formfaktor er ei nemning som blir brukt i fleire tydingar i fysikken. I elektrisitetslæra er formfaktoren for ein vekselstraum eller ein vekselspenning tilhøvet mellom effektivverdien av straumen eller spenninga og middelverdien over ein halv per ...

                                               

Foton

Fotonet eller lyskvant er ein elementærpartikkel, eit kvantum i det elektromagnetiske feltet og "grunnelementet" i lys og alle andre former for elektromagnetisk stråling. Det er òg kraftberar for den elektromagnetiske krafta. Fotonet flyttar seg ...

                                               

Høgrehandsregelen

Høgrehandsregelen er forskjellige hugsereglar for pilretningane for fysiske og geometriske vektorstorleikar ved hjelp av fingrane på høgrehanda. Eit rettvinkla koordinatsystem i rommet er sagt å vere høgreorientert eller å vere eit høgre-hands-sy ...

                                               

Jernmotstand

Jernmotstand eller jernhydrogenmotstand er elektrisk motstand av jerntråd, inneslutta i ein behaldar, ofte av glas, med hydrogengass. Innanfor eit visst spenningsområde vil jernmotstanden halde straumstyrken nesten konstant sjølv om spenninga var ...

                                               

Larmorpresesjon

Larmorpresesjon er presesjonen til det magnetiske momentet til elektron, atomkjernar og atom kring eit ytre magnetfelt. Magnetfeltet utøver eit dreiemoment på det magnetiske momentet Γ → = μ → × B → = γ J → × B → {\displaystyle {\vec {\Gamma }}={ ...

                                               

Lenardeffekt

Lenardeffekt syner til fleire effektar innan elektromagnetisme som er kalla opp etter Philipp Lenard Den eine effekten er ein fotoelektrisk effekt der luft og andre gassar vert ionisert i ultrafiolett ljos. Ein annan effekt er elektrisering og io ...

                                               

Lorentzkraft

Lorentzkrafta er den krafta som verkar på ein elektrisk ladning som rører seg i eit magnetfelt. Lorentzkrafta kan uttrykkjast ved F = q } der q er storleiken av ladninga, v er farten, B den magnetiske flukstettleiken og E er det elektriske feltet ...

                                               

Magnetfelt

Magnetfelt er i fysikken eit omgrep for kraftfelta rundt ein magnet, magnetisert gjenstand eller ein straumførande leiar. Det er til dømes eit magnetfelt som gjer at to magnetar vert dregne mot einannan eller støytte frå einannan, og at elektrisk ...

                                               

Magnetisk feltstyrke

Magnetisk feltstyrke, magnetisk feltintensitet eller magnetiserande feltstyrke, eller vektorstorleik som blir brukt i elektromagnetismen. Feltstyrken har symbolet H. Magnetisk feltstyrke oppstår som følgje av elektrisk straum i leiarar, eller som ...

                                               

Magnetisme

Magnetisme er ein eigenskap ved material som gjer at dei utøver ei tiltrekkjande eller fråstøytande kraft på andre material. Det er mikroskopiske rørsler av molekyl som gjev opphav til eigenskapen. Nokre material, til dømes jern, einskilde former ...

                                               

Magnetotermisk effekt

Magnetotermisk effekt eller termomagnetisk effekt er eit samleomgrep på elektriske og termiske fenomen som oppstår når ein leiar som det går ein varmestraum gjennom, blir plassert i eit magnetfelt. Magnetotermisk effekt er nærskyldt med galvanoma ...

                                               

Maxwells likningar

Maxwells likningar er dei fire viktigaste likningane i elektromagnetisme, og skildrar korleis elektriske og magnetiske felt oppfører seg og korleis dei samverkar med stoff. Dei blei sette saman av James Clerk Maxwell og publiserte i 1865. Likning ...

                                               

Metallisk leiar

Ein metallisk leiar er ein elektrisk leiar av metall i fast eller flytande form. Leiinga føregår ved elektron som er laust bunde til dei einskilde atoma og kan røre seg forholdsvis fritt inne i metallet, omtrent som molekyl i ein gass. Desse elek ...

                                               

Pincheffekt

Pincheffekt er ein magnetisk sjølvfokusering av ei straumførande plasmasøyle. Når det blir sendt straum i same retning gjennom to parallelle leiarar, vil det induserte magnetfeltet omkring leiarane verke slik at dei blir trekt mot kvarandre. På s ...

                                               

Resonator

Ein resonator er kvart og eit system som kan kome i resonans. Resonatoren kan vere mekanisk eller elektromagnetisk. Mekaniske resonatorar er fjører, strengar, membranar og andre lekamar som blir sett i medsvingingar. Slike resonatorar kan brukast ...

                                               

Skinneffekt

Skinneffekt eller hudeffekt er den effekten at høgfrekvent vekselstraum som blir sendt gjennom ein leiar, vesentleg går gjennom overflata til leiaren. Effekten skuldast sjølvinduksjon som hindrar straumen i gå inne i leiaren. På grunn av skinneff ...

                                               

Elektrisk spenning

Elektrisk spenning, òg kalla elektrisk potensialskilnad, er forskjellen i mengde elektriske ladningsbærarar mellom to punkt. Spenning vert målt i volt eller joule per coulomb. Spenning er lik arbeidet som må gjerast, per ladningseining, mot eit s ...

                                               

Tonehjul

Tonehjul er eit fortanna hjul av blautt jarn som roterer føre polane på ein permanent- eller elektromagnet med viklingar der det blir indusert spenningar på grunn av feltvariasjonane over fortanninga under rotasjonen. Dette vert nytta som veksels ...

                                               

AD/DA-omformar

AD/DA-omformarar er elektroniske kretsar som omformar analoge signal til binære verdiar, eller omvendt. AD/DA-omformarar er tilgjengelege som separate integrerte kretsar, men kan òg vera integrerte på same kretsen som til dømes ein sensor, ein mi ...

                                               

CMOS

CMOS står for complementary MOS, komplementær MOS. Dette er ei fellesnemning for integrerte kretsar som blir bygde opp av felteffekttransistorar av både P-kanal- og N-kanal-type i kombinasjon. For CMOS-teknologien lyt ein skilja mellom statisk og ...

                                               

Digital til analog-omformar

I elektronikken er ein digital til analog-omformar ei innretning som gjer digital kode om til eit analogt signal. Digital til analog-omformarar er grensesnittet mellom den abstrakte digitale verda og den analoge verkelege verda. Ein analog til di ...

                                               

Effektiv motstand

Effektiv motstand i ein vekselstraumkrins er forholdet mellom avlese effekt og kvadratet av avlese straum. I ein vekselstraumkrins vil den effektive motstanden auke med frekvensen, mellom anna på grunn av virvelstraumar.

                                               

Eigenfrekvens

Eigenfrekvens, naturleg frekvens, eller resonansfrekvens, er den frekvensen som eit 2. ordens system oscillerer med. På grunn av dempinga, som alltid er tilstades i eit praktisk system, vil svingningane døy ut om det ikkje vert tilført energi.

                                               

Elektrisk impedans

Elektrisk impedans er definert som tilhøvet Z = V I {\displaystyle Z={\frac {V}{I}}}, der V er elektrisk spenning og I er elektrisk straum. Impedans kjem frå lat. impedire hindra, gjera motstand og er ei generalisering av motstand. Omgrepet vart ...

                                               

Energiforsyningsmodul

Ein energiforsyningsmodul, eller ei energiforsyning, er ein komponent som forsyner elektronikk med energi. Ei energiforyning kan halda spenninga over utgangsterminalane konstant, eller straumen ut frå/inn i utgangsterminalane konstant. Ei energif ...

                                               

Ex-utstyr

I elektroteknikken blir eit eksplosjonsfarleg område definert som ein plass der konsentrasjonar av brennbar gass, damp eller støv kan dukka opp. Elektrisk utstyr som må installerast på slike område, må vere spesialkonstruert og testa for å sikre ...

                                               

Firkantkurve

Ei firkantkurve er ei kurveform som periodisk vekslar mellom to nivå. Ei perfekt firkantkurve ville ha uendeleg stor bandbreidd, så fysiske storleikar, som spenning, straum, lydtrykk osv. er perfekte firkantkurver. Ei firkantlydbølge vert av dei ...

                                               

Kretskort

Kretskort vert nytta innan elektronikken til montering av elektroniske komponentar. I tillegg til å samle og halde komponentane fast, er oppgåva til kretskortet å lage elektriske samband mellom komponentane. Kretskort er bygd opp av et isolerande ...

                                               

Negativ motstand

Negativ motstand er at straumstyrken kan minke for aukande spenning i ein elektrisk krets. Nokre halvleiarkomponentar, som tunneldioden, har eit område med negativ motstand. Ein kan og oppnå negativ motstand ved hjelp av tilbakekopling, som mello ...

                                               

Pol i elektronikk

Ein elektrisk pol er spenningsuttaka frå ein elektrisk likestraumsgenerator, ein akkumulator eller liknande, i eit galvanisk element. Det er òg nemning på elektrodane.

                                               

Triode

Ein triode er eit radiorøyr med tre elektrodar. Elektrodane heiter katode, gitter og anode. Elektronstraumen frå katoden til anoden vert styrt av spenninga på gitteret. Radiorøyr for likestraum har ein katode som er ein glødetråd. Radiorøyr for v ...

                                               

Admittans

Admittans er det inverse av impedans Y = Z − 1 = 1 / Z {\displaystyle Y=Z^{-1}=1/Z\,} der Y er admittansen, målt i Siemens. Z er impedans, målt i ohm. Admittan er ein kompleks storleik og kan uttrykkast Y = G + j B {\displaystyle Y=G+jB}, der er ...

                                               

Dielektrisk tap

Dielektrisk tap er tap av elektrisk energi i isolasjonsmateriale som vert utsett for høgfrekvente elektriske vekselspenningar. Årsaka til tapa er at ein del av den elektriske energien som vert nytta ved polarisasjon av eit materiale går over til ...

                                               

Elaggregat

Elaggregat eller straumaggregat er eit aggregat sett saman av ein elektrisk generator som vert driven av ein forbrenningsmotor. Aggregatet omformar såleis den kjemiske energien i drivstoffet for forbrenningsmotoren til elektrisk energi, og levere ...

                                               

Elektrisk maskin

Elektrisk maskin er eit samlande omgrep for elektriske motorar og elektriske generatorar, som begge er energiomsettarar mellom elektrisk og mekanisk energi. Den mekaniske rørsla kan vera lineær eller roterande og dei elektriske storleikane spenni ...

                                               

Feltemisjon

Feltemisjon er elektron som blir sende ut frå overflata av ein elektrisk leiar når dette kjem av innverknad av eit sterkt elektrisk felt. Emisjonen skjer vanlegvis i vakuum, men kan òg oppstå inne i ein isolator. Prosessen skil seg frå andre emis ...