ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 316




                                               

Travertin

Travertin er ein type kalkstein som blir nytta som material til bygningar og skulpturar. Travertin er relativt mjukt og lèt seg enkelt handsame. Fleire kjende byggverk er oppført av travertin, blant anna Colosseum og Fontana di Trevi i Roma. Trav ...

                                               

Strandeng

Strandeng er ein biotop i strandsonen i kystområda med ymse artar gras og blomar som toler salt frå havet i stor mon. Dels er saltinnhaldet i lufta høgt, og dels vert engene påverka av salt ved at dei ofte vert sett under vatn når kraftige vindar ...

                                               

Ancylustid

Ancylustid er ein tidsperiode som varte frå kring 10 600 til 7500 år sidan. Dette var under avsmeltinga av isbreane frå den siste istida. Heile Austersjøen og ein del av landområdet omkring var då ein stor ferskvasssjø kalla Ancylussjøen. Denne i ...

                                               

Den vesle istida

Den vesle istida er ei nemning på ein kjøligare periode som fann stad etter Den varme perioden i mellomalderen. Det var ikkje ei eigentleg istid, men termen har vore nytta sidan han blei introdusert i vitskapleg litteratur av François E. Matthes ...

                                               

Dryas

Dryas var tre forholdsvis kalde klimaperiodar ved slutten av den siste istida med relativt tørt og kjølig klima. Dei er kjenneteikna ved at planten reinrose, Dryas octopetala, var utbreidd i desse periodane. Dei tre dryas-periodane er: yngre drya ...

                                               

Tapestida

Tapestida, òg kalla eiketida eller littorinatida, er ein varm tidsperiode etter den siste istida i yngre steinalder og bronsealderen, frå kring 8000 til kring 4000 år sidan. Klimaet vart då gunstig og mange varmekrevjande dyr og planter strekte s ...

                                               

Bøllingtid

Bøllingtid er ein klimaperiode ved slutten av den siste istida, datert til kring 10 500–10 000 f.Kr. Perioden kom mellom dei kaldare periodane eldste dryas og eldre dryas og haddde forbigåande mildare klima. Klimasvinging vart først påvist i dei ...

                                               

Eem-mellomistida

Eem-mellomistida var den siste mellomistida før inneverande varmeperiode, holocen. For drygt 126 000 år skjedde det ei hurtig oppvarming som kulminerte med ein varmeperiode over ca 3 000-4 000 år, følgt av ei rask nedkjøling, deretter meir gradvi ...

                                               

Pekingmennesket

Pekingmennesket er populærnamnet på dei fossila av Homo erectus som vart funne i Zhoukoudian nær Beijing i Kina. Leivningar vart først oppdaga 1923–27, og fekk då namnet Sinanthropus pekinensis. Seinare innsåg ein at desse funna tilhøyrde same ar ...

                                               

Yngre dryas

Yngre dryas er ein klimaperiode, stundom kalla den store fryseperioden, i ein geologisk kort periode med kalde klima tilhøve og tørke i perioden frå om lag 12 800 til 11 500 år sidan. Ein trur yngre dryas-tida vart skapt då den nordamerikanske is ...

                                               

Champasak-fylket

Champasak er eit fylke sørvest i Laos. Det er det sørlegaste fylket i landet, og blant dei fire austlegaste. Fylket ligg nær grensa til Thailand og Kambodsja. Innbyggjartalet er 694 023. Fylkeshovudstaden er Pakse, men har namn etter Champasak, d ...

                                               

Demning-samanbrotet i Laos i 2018

Ein av demningane i "Vasskraft-prosjektet Xe-Pian Xe-Namnoy" i Laos, brast den 23. juli 2018; noko som forårsaka flaum i San Sai-distriktet i Attapeu-fylket i Laos. Demningane ligg i Champasak-fylket skriv ei kjelde, mens ei anna kjelde skriv at ...

                                               

Xe-Pian Xe-Namnoy

Xe-Pian Xe-Namnoy er eit laotisk vasskraftverk med demninger. Anlegget vart operativ i 2019, og det er knytt til elvane Xe-Pian og Xe-Namnoi. Anlegget ligg delvis i Champasak-fylket og delvis i Attapeu-fylket; demningane ligg i Champasak. Byggher ...

                                               

Discovery Investigations

Discovery Investigations var fleire britiske forskingsekspedisjonar i Sørishavet for undersøking av kval. Dei vart finansiert av Colonial Office og organisert av Discovery Committee i London som vart skipa i 1918. Føremålet med undersøkingane var ...

                                               

Karbonpumpe

Ei karbonpumpe er ein naturleg mekanisme som gjer at verdshava tek opp CO 2 frå atmosfæren. Kaldt vatn kan ta opp meir CO 2 frå atmosfæren, så havet fangar opp meir CO 2 ved høgare breidder. Dette kalde vatnet har òg høgare tetttleik enn varmare ...

                                               

Kompensasjonsdjupne

Kompensasjonsdjupne eller kompensasjonsnivået er eit omgrep i marinbiologi og ferskvassbiologi, og skildrar det vassdjupet der lyset er så svakt at planteplanktonet ikkje har noko netto fotosyntese. Det vil si at mengda karbon tapt ved celleandin ...

                                               

Albatross-ekspedisjonen

Albatross-ekspedisjonen var ein svensk oseanografisk ekspedisjon kring jorda mellom 4. juli 1947 og 3. oktober 1948, med skonnerten Albatross. Skipet var særleg utrusta for å studere djuphavet og sjøbotn på dei store djupa. Med eit nytt botnlodd, ...

                                               

M/S Seabed Constructor

M/S Seabed Constructor er eit offshore- og forskingsfartøy. Ho vart bygd i tida 2013-2014 av Kleven Verft i Noreg for Stig Remøy sitt rederi Olympic Shipping under namnet M/S Olympic Athene. Seabed Constructor vart oppkjøpt av Swire Pacific Offsh ...

                                               

Adveksjon

Adveksjon er transport av skalare storleikar i eit vektorfelt. Eit døme på adveksjon kan vere transport av varme, fukt eller salinitet i hav eller atmosfæren, men alle substansar og storleikar kan advekterast i alle slags væsker. Adveksjon er ein ...

                                               

Betaplan

Betaplan-approksimasjon er ei tilnærming i geofysisk væskedynamikk der coriolisfrekvensen, f, vert sett til å variere lineært i rommet. På ein roterande sfære, slik som jorda, varierer f med sinus av breiddegraden. Ein kan sjå ei lineær tilnærmin ...

                                               

Brunt-Väisälä-frekvensen

Brunt-Väisälä-frekvensen eller oppdriftsfrekvensen blir brukt i atmosfærisk dynamikk eller oseanografi om frekvensen som ein pakke vil svinge opp og ned med rundt likevektspunktet i eit statisk stabilt luft- eller vasslag. N ≡ g θ d θ d z {\displ ...

                                               

Coriolisfrekvens

Coriolisfrekvensen, f, eller coriolisparameteren er lik to gonger rotasjonsraten til Jorda multiplisert med sinus til breiddegraden. f = 2 ω sin ⁡ θ {\displaystyle \mathbf {f} =2\omega \sin \theta } der ω er vinkelfarten til Jorda, og θ er breidd ...

                                               

Den nordatlantiske oscillasjonen

Den nordatlantiske oscillasjonen er eit klimatisk fenomen i Nord-Atlanteren som består av svingingar i trykkskilnaden mellom lågtrykket ved Island og Asorehøgtrykket. NAO styrar styrken og retninga på vestavinden og stormbana i Nord-Atlanteren, o ...

                                               

Den tiårige svinginga i Stillehavet

Den tiårige svinginga i Stillehavet er eit klimatisk variasjonsmønster i Stillehavet som skiftar fase med ein tidsskala på eit par tiår, vanlegvis om lag 20 til 30 år. PDO vert kjenneteikna ved varmt eller kjølig overflatevatn i Stillehavet nord ...

                                               

Ekmanlag

Ekmanlag er eit lag ei væske der det er ein kraftbalanse mellom trykkgradientkrafta, corioliskrafta og turbulent friksjon. Laget vart først skildra av Vagn Walfrid Ekman.

                                               

Ekmanspiral

Ein ekmanspiral er ein effekt som viser til strukturen til ein vasstraum eller vind nær ei horisontal grenseflate, der straumretninga roterer når ein flyttar seg bort frå grensa. Effekten er kalla opp etter den svenske oseanografen Vagn Ekman. De ...

                                               

Fiskebanke

Ein fiskebanke eller fiskebank er eit grunnare område av ein undersjøisk kontinentalsokkel. Fiskebankane merkar seg ut gjennom rikare bestandar av fisk enne elles i havområda. Kyst- og havstraumar driv langs kysten og kvervlar ofte opp over dei g ...

                                               

Geostrofisk straum

Ein geostrofisk straum er ein havstraum der trykkgradientkrafta er balansert av corioliskrafta. Retninga til den geostrofiske straumen er parallell til isobarane med høgt trykk til høgre for straumretninga på den nordlege halvkula og til venstre ...

                                               

Grensestraum

Austlege grensestraumar er relativt grunne, breie og langsame. Dei finn ein på austsida av verdshava på vestkysten av kontinenta. Subtropiske austlege grensestraumar renn mot ekvator og transporterer kald vatn frå høgare breiddegrader til lågare ...

                                               

Guyot

Ein guyot er eit undersjøisk vulkanfjell med flat topp. Den første vart oppdaga av amerikanske marinefartøy i Stillehavet under andre verdskrigen og seinare kalla opp etter naturforskaren Arnold Guyot. Ein kjenner no hundrevis av guyotar. Frå den ...

                                               

Hough-funksjon

Hough-funksjonar er eigenfunksjonane til tidvasslikningane til Laplace som styrer væskerørsle på ein roterande sfære. Slik sett vert dei nytta i geofysikk og meteorologi der dei dannar ein del av løysinga for bølgjer i atmosfæren og havet. Kvar h ...

                                               

Hundreårsbølgje

Ei hundreårsbølgje er ein statistisk utrekna bølgjestorleik. Ho vert definert som høgda på den største bølgja som i gjennomsnitt vil inntreffe ein gong per hundre år for ein viss plassering. Sannsynet for at denne bølgjehøgda vert oppnådd minst e ...

                                               

Hydrotermal sirkulasjon

Hydrotermal sirkulasjon er namnet på ein geologisk prosess der varmt vatn sirkulerer i sprekkar og gangar i berggrunnen. Ordet hydrotermal kjem frå gresk, der hydros tyder vatn og thermos tyder varme. Hydrotermal aktivitet er vanleg ved vulkansk ...

                                               

Indre bølgje

Indre bølgjer er tyngdebølgjer som svingar i eit væskemedium og ikkje på overflata av det. Dei oppstår som følgje av små perturbasjonar i den hydrostatiske likevekta, der balansen vert opprettheldt mellom tyngdekrafta og oppdriftskrafta. Eit enke ...

                                               

Kelvinbølgje

Ei kelvinbølgje er ei bølgje i havet eller atmosfæren som balanserer corioliskrafta mot topografiske grenser som ei kystlinje eller ein bølgjeleiar som ekvator. Ein eigenskap ved kelvinbølgjer er at dei er ikkje-dispersive. Dvs at fasefarten til ...

                                               

Konvergenssonen i det sørlege Stillehavet

Konvergenssonen i det sørlege Stillehavet er eit motsett-retta monsuntråg og eit lågt konvergensband med skyer og nedbør frå varmebassenget vest i Stillehavet og søraustovre mot Fransk Polynesia. Det er ein del av den intertropiske konvergenssone ...

                                               

Langmuirsirkulasjon

Langmuirsirkulasjon er ein vinddriven spiralsirkulasjon i havet der aksen er nesten parallell til vinden. Irving Langmuir oppdaga dette fenomenet då han la merke til striper av tang i Sargassohavet i 1938. Sirkulasjonen ligg 15° til høgre for vin ...

                                               

Rev i sjø

Rev er ei smal grunne eller banke i havet som ikkje ligg djupare under vassoverflata enn at bårene bryt over det. Revet har ofte tilknyting til land ved å vere eit framhald av eit nes, eller det kan gå parallelt med stranda. Eit rev kan vere bygd ...

                                               

Rossby deformasjonsradius

Rossby deformasjonsradius er ein lengdeskala i meteorologi og fysisk oseanografi der rotasjonseffektar vert like viktige som oppdrift og tyngdebølgjer under utviklinga til ein straum rundt ei forstyrring. For eit barotropt hav: L R ≡ g D 1 / 2 f ...

                                               

Rossbybølgje

Rossbybølgjer er storskala rørsler i havet eller atmosfæren som blir skapt av endringar av corioliskrafta med breiddegraden. Bølgjene blei først oppdaga i atmosfæren i 1939 av Carl-Gustaf Arvid Rossby som seinare forklarte rørsla deira.

                                               

Sverdrupbalanse

Sverdrupbalanse er ein teori innan havsirkulasjon om forholdet mellom vindpådraget og massetransporten i det øvre vasslaget i havet. Teorien er laga av den norske meteorologoen og oseanografen Harald Sverdrup i 1947. I 1948 sette Henry Stommel fr ...

                                               

Turbiditt

Turbiditt er ein straum av sediment oppvirvla i vatn skapt ved ras nedover ein undersjøisk skråning, til dømes i framkant av eit elvedelta i sjø eller innsjø.

                                               

Undervassfjell

Eit undervassfjell er eit fjell som stig minst 1000 m opp frå havbotnen og som ikkje når havoverflata. Dei vert ofte funne i grupper eller som nedsenka øygrupper. Einslege eller ikkje-vulkanske undervassfjell ser ut til å vera sjeldne. Undervassf ...

                                               

Varmebassenget på vestlege halvkule

Varmebassenget på vestlege halvkule er eit område med havoverflatetemperatur høgare enn 28.5ºC som utviklar seg vest for Sentral-Amerika om våren, og som forplantar seg til dei tropiske farvatna i aust. Varmebassenget inkluderer den tropiske dele ...

                                               

Havstraum

Ein havstraum er ei meir eller mindre framhaldande rørsle av havvatn i eit fast mønster. Det er fleire ulike typar krefter som held i gang vassrørslene i hava, jordrotasjonen, månegravitasjonen og variasjon av vasstettleik skapt av ulikskap i tem ...

                                               

Det ekvatoriale straumsystemet

Det ekvatoriale straumsystemet eller Ekvatorialstraumen er eit straumsystem som består av tre havstraumar langs ekvator, i tillegg til ein understraum. Desse er: Nordekvatorialstraumen Den ekvatoriale understraumen, i Stillehavet kalla Cromwellst ...

                                               

Understraum

Understraum er ein havstraum som går under havoverflata og som har størst snøggleik i djupare vasslag, ofte nær botnen. Gjennom sund går det ofte understraumar i motsett retning av overflatestraumen, som i Den baltiske straumen eller gjennom Bosp ...

                                               

Scripps Institution of Oceanography

Scripps Institution of Oceanography, stundom berre kalla Scripps Oceanography eller Scripps, i La Jolla i California er eit av dei eldste og største sentera for havforsking og utdanning innan geovitskap og oseanografi i verda. Hundrevis av forska ...

                                               

Oseanografiske instrument

Oseanografiske instrument er instrument som vert nytta til å måle forskjellige tilhøve i havet. Ein kan anten gjere målinagne direkte, in situ, eller ta vassprøvar som ein analyserer seinare. Den mest brukte vasshentaren er nansenflaske, medan ei ...

                                               

Nansenflaske

Ei nansenflaske er eit apparat for å hente vassprøvar opp frå eit visst djup. Apparatet vart utvikla i 1910 av oppdagaren og oseanografen Fridtjof Nansen og vidare utvikla av Shale Niskin. Flaska, eller meir presist ein metall- eller plastikksyli ...