ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 299




                                               

Adenbukta

Adenbukta er ei om lag 900 km lang bukt som ligg vest i Arabiahavet. Bukta går aust-vest og har Jemen-kysten i nord og den somaliske kysten på Afrikas horn i sør. Adenbukta knyt Indiahavet saman med Raudehavet via Bab el-Mandeb mellom kysten av D ...

                                               

Afarsenkinga

Afar-senkinga er ei geologisk senking ved Afrikas horn, som dekker Eritrea, den etiopiske Afar-regionen og Djibouti. Senkinga omfattar ørkenen Danakil og Asalsjøen, det lågaste punktet i Afrika. Dallol, det varmaste folkesette området på jorda, l ...

                                               

Bab el-Mandeb

Bab-el-Mandeb eller Mandebsundet er sundet som knyt saman Raudehavet med Adenbukta og Indiahavet. Sundet ligg mellom kysten av Jemen på austsida og kysten av Eritrea og Djibouti på vestsida. Sør for sundet ligg Somalia. Aust i sundet, nær kysten ...

                                               

Guayaquilbukta

Guayaquilbukta er ei v-forma havbukt inn mot vestkysten av Sør-Amerika frå Stillehavet. Bukta har namn etter byen Guayaquil. I nord er bukta avgrensa av Santa Elena-halvøya i Ecuador, i sør er bukta avgrensa av vestkysten av provinsane Los Rios o ...

                                               

Sarayaku

Sarayaku er eit territorium og ein landsby ved elva Bobonaza i Pastazaprovinsen i sørlege Amazonasregionen i Ecuador. Territoriet samlar fleire små landsbyar og har ein total busetnad på mellom eit og to tusen quechuaer som kallar seg kichwafolke ...

                                               

Aswandammen

Aswandammen er ei nemning på to demningar over elva Nilen ved byen Aswan i Egypt. Den fyrste vart bygd av britane i perioden 1898–1902 og var kring 40 meter høg. Den andre dammen vart bygd i tidsrommet 1960–70 sør for den fyrste. Denne dammen fek ...

                                               

Guvernement i Egypt

Egypt er delt inn i 27 guvernement. Guvernementa er dei øvste einingane i den administrative inndelinga av Egypt. Dei blir styrte av guvernørar som blir utnemnde av presidenten av Egypt. Dei fleste guvernementa har ein folketettleik på meir enn 1 ...

                                               

Makhtesh

Makhtesh eller erosjonssirkel er ei geologisk landform som er unik for Negevørkenen i Israel. Ein makhtesh har bratte veggar av hardføre bergartar, som ligg kring ein djup, lukka dal, som vanlegvis vert drenert av ein enkel wadi. Dalane har avgre ...

                                               

Nassersjøen

Nassersjøen er ein stor kunstig innsjø i Afrika, på grensa mellom Egypt og Sudan. Sjøen er ein del av Nilen, og er danna gjennom oppdemming av elva. Han er 50 mil lang og har eit areal på 6000 km 2 Når vasstanden er høgast er Nassersjøen verdas s ...

                                               

Nildalen

Nildalen er ein elvedal danna av Nilen. Han strekker seg gjennom Øvre Egypt frå Sudan til Kairo, der dalen sluttar og Nildeltaet tek til. Elva renn stort sett på austsida av dalen. Dalen er rundt 1200 km lang og mellom 5 og15 km brei, men er smal ...

                                               

Nildeltaet

Nildeltaet er eit breitt elvedelta som ligg nord i Egypt, der Nilen spreier seg før ho renn ut i Middelhavet. Deltaet er eitt av dei største i verda. Det strekker seg frå Alexandria i vest til Port Said i aust, og utgjer over 230 km av middelhavs ...

                                               

Sinaifjellet

Sinai er eit fjellområde sør på Sinaihalvøya med toppane Djebel Musa på 2285 moh. og Djebel Katharina på 2880 moh. I jødisk tradisjon er Sinai fjellet der Moses skal ha fått steintavlene med dei ti boda på frå Gud. Samaritansk tradisjon seier at ...

                                               

Suezkanalen

Suezkanalen er ein 171 km lang kanal i Egypt mellom Middelhavet og Raudehavet. Byen Suez ligg ved munningen i Raudehavet, og byen Port Said ved munningen i Middelhavet. Bygginga av kanalen vart leia av Ferdinand de Lesseps i tida mellom 1859 og 1 ...

                                               

Tiransundet

Tiransundet er dei smale sunda mellom Sinaihalvøya og Den arabiske halvøya i innlaupet til Akababukta frå Raudehavet. Avstanden mellom dei to halvøyane er kring 13 km. Tiransundet er kalla opp etter Tiran som ligg i innløpet 5-6 km frå Sinai, der ...

                                               

Via Maris

Via Maris er det moderne namnet på ei handelsrute tidleg i bronsealderen og antikken, mellom Egypt og dei nordlege rika i Syria, Anatolia og Mesopotamia - dagens Iran, Irak, Israel, Tyrkia og Syria. Det tidlegare namnet var Filistinarvegen som sy ...

                                               

Emiratarabisk geografi

Dei sameinte arabiske emirata er eit land i Midtausten eller Sørvest-Asia, og grensa til Omanbukta og Persiabukta, mellom Oman og Saudi-Arabia. Det ligg strategisk til på sørsida av Hormuzsundet, som er viktig transportåre for råolje i verda. UAE ...

                                               

Hormuzsundet

Hormuzstredet eller Hormuzsundet er det tronge sundet mellom Persiabukta i vest og Omanbukta som leier til Arabiahavet i aust. Sundet er bogeforma med Iran på nordsida og den omanske enklaven Musandam, som dannar eit nes på Den arabiske halvøya, ...

                                               

Omanbukta

Omanbukta er ei havbukt mellom Arabiahavet og Persiabukta, som det grensar til gjennom Hormuzsundet. Bukta ligg med landa Oman og Dei sameinte arabiske emirata i sør og Iran og Pakistan i nord.

                                               

Sabkha

Sabkha er eit arabisk ord for ei saltpanne. Sabkhaer ligg over tidvatnet og vert danna langs tørre kystlinjer. Dei er karakteriserte av avsetjingar av evaporitt-karbonat med noko silisiumklastisk. Den aksepterte typelokaliteten er langs kysten av ...

                                               

Raudehavet

Raudehavet er òg namnet på to statar, ein i Sudan og ein i Egypt Raudehavet er ei havbukt frå Indiahavet mellom Afrika og Asia.

                                               

Det etiopiske høglandet

Det etiopiske høglandet er eit ulendt og kupert område med ei rekkje samanhengande fjellformasjonar som ligg i Etiopia, Eritrea og det nordlege Somalia, nordaust i Afrika. Området tilhøyrer den afromontane sona, og er det største fjelllandskapet ...

                                               

Malayarkipelet

Malayarkipelet viser til øyane i Søraust-Asia, tidlegare også kalla Ostindia, dei austindiske øyane, Malaysia eller Malaisia. Nemninga "Malaysia" kom i bruk på 1800-talet. Namnet blei lagt fram av den franske utforskaren Jules Dumont dUrville, so ...

                                               

Suluhavet

Suluhavet er eit randhav til Stillehavet, mellom øygruppa Filippinane i nordaust og Borneo. Havet vert i nordvest avgrensa mot Sørkinahavet av Palawan, i søraust mot Sulawesihavet av Suluøyane. Elles grensar Suluhavet i sørvest mot provinsen Saba ...

                                               

Bottenhavet

Bottenhavet er havområdet mellom Sverige i vest og Finland i aust, Bottenvika i nord og resten av Austersjøen i sør. Norra kvarken dannar grense i nord mot Bottenvika, medan Åland dannar den sørlege grensa. Bottenhavet har ei utstrekning på 350 k ...

                                               

Bottenvika

Bottenvika er den nordlegaste delen av Austersjøen, nord for Bottenhavet. Bottenvika ligg mellom vestkysten av Sverige og austkysten av Finland.

                                               

Finskebukta

Finskebukta er den austlegaste delen av Austersjøen, og ligg mellom Finland og Estland. Den austlege strandlina høyrer til Russland. Russland sine viktigaste oljehamner ligg i Finskebukta, rundt St. Petersburg.

                                               

Landskap i Finland

I Finland finst det ni historiske landskap, men i samband med reforma av områdeinndelinga av landet i 1997 vart det innført ei ny kommunalrettsleg eining som òg blir kalla landskap. Det finst tjue slike nye landskap, og i Finland er det no som re ...

                                               

Residensby

Residensby er nemninga om ein by som er sete for ein fyrste eller den øvste styresmakta. Omgrepet blir brukt i Sverige svensk residensstad og tidlegare i Finland om den byen der styret i eit len og landshövdingen fylkesmannen held til. Normalt ha ...

                                               

Savolax

Savolax er eit historisk landskap i Finland. I dag dekker landskapa Norra Savolax og Södra Savolax, og dessutan delar av Norra Karelen det området som ein gong var Savolax. Området var opphavet for skogfinnane som utvandra til Noreg på 1600-talet.

                                               

Sevettijärvi

Sevettijärvi er ein landsby i kommunen Enare i Finland, som er omtrent 120 km nord for tettstaden Enare. Landsbyen ligg omtrent 35 km sørvest for bygda Neiden i Finnmark, og er omgjeve av eit grønt, men likevel nake terreng. Landsbyen er på det s ...

                                               

Skjergardshavet

Skjergardshavet er ei øygruppe i Austersjøen mellom Bottenhavet og Finskebukta, og mellom Åland og det finske fastlandet. Ho er den mest øyrike øygruppa i verda, sjølv om dei fleste er svært små og dekkjer eit lite område.

                                               

Österland

Österland eller Österlanden er ei eldre nemning på det noverande sørlege Finland, og var tidlegare ein svensk landsdel. I nord grensa området mot det tynt befolka Norrland. Namnet "Österland" kom gradvis til gå ut av bruk alt under Kalmarunionen, ...

                                               

Baskarland

Baskarland, baskisk Euskal Herria, er ei nemning på eit område i sørvestlege Europa der det bur mange baskarar. Området ligg vest i Pyreneane, på grensa mellom Spania og Frankrike. Området er delt inn i sju tradisjonelle provinsar som i dag ligg ...

                                               

Bonifaciosundet

Bonifaciosundet er sundet mellom Korsika og Sardinia, kalla opp etter den korsikanske byen Bonifacio. Det er om lag 11 km breitt og går mellom Tyrrenhavet og det vestlege Middelhavet. Den største djupna er 100 meter. Maddalenaøyane ligg i sundet, ...

                                               

Doversundet

Doversundet er den smalaste delen av Den engelske kanalen, om lag 31 km brei. På engelsk heiter sundet Strait of Dover etter Dover på den engelske sida, og på fransk pas de Calais etter Calais på den franske sida. I kalksteinsfjellet under Dovers ...

                                               

Elvar i Frankrike

Dette er ei liste over elvar som renn i eller innom Frankrike. Elvane er gruppert etter hav. Elva som renn ut i havet er sortert langs kysten. Elvar som munnar ut i andre elvar er ført opp under elvane dei er sideelvar til. Nokre elvar renn ikkje ...

                                               

France métropolitaine

France métropolitaine eller la Métropole er den delen av Frankrike, som ligg i Europa, inkludert Korsika. La France doutre-mer, lOutre-mer, eller les DOM-TOM er den "oversjøiske" delen av Frankrike som ikkje ligg i Europa. Dei oversjøiske departe ...

                                               

Gorges du Verdon

Gorges du Verdon eller Grand canyon du Verdon i søraustlege delar av Frankrike, er eit elvegjel eller ei kløft som av mange vert rekna som eit av dei vakraste i Europa. Det er det nest største elvegjelet i verda, er om lag 20 km langt og meir enn ...

                                               

Maine i Frankrike

Maine var ein provins i Frankrike før revolusjonen. Namnet må ikkje forvekslast med det til elva Maine eller La Maine. Provinsomådet tilsvarer den tidlegare grevskapen Maine, som òg hadde hovudstad i Le Mans. Området er i dag delt inn i departeme ...

                                               

Oksitania

Oksitania er eit område i Europa der det blir snakka oksitansk. Han omfattar delar av Frankrike, Spania og Italia, og har gjeve opphav til namnet på den franske regionen Occitanie. Namnet på området og språket er første gong påvist brukt i latins ...

                                               

Regionar i Frankrike

Regionar i Frankrike er administrative einingar som delar landet inn i 18 område. Av desse ligg 13 regionar i Europa, medan fem er oversjøiske regionar som ligg i andre verdsdelar. Kvar av dei europeiske regionane er vidare delt inn i departement ...

                                               

Underprefektur i Frankrike

Underprefektur er den administrative byen i eit arrondissement i Frankrike, som ikkje inneheld prefekturet for departementet han ligg i. Underprefektur er òg namnet på bygningen som husar det administrative hovudkvarteret for arrondissementet.

                                               

Okloreaktoren

Okloreaktoren er ein naturleg fisjonsreaktor ved Oklo i Gabon vest i Sentral-Afrika, oppdaga i 1972. Den naturlege reaktoren vart oppdaga då den franske fysikaren Francis Perrin grov ut uranprøvar frå området. Då han analyserte prøvane viste det ...

                                               

Abkhasisk geografi

Abkhasia er ein region sør i Kaukasus. Han er ein de facto sjølvstendig republikk, men er internasjonalt anerkjend som ein autonom republikk i Georgia, som berre har kontroll over ein liten del av Abkhasia kalla Øvre Abkhasia. Abkhasia dekkjer ei ...

                                               

Kodoridalen

Kodoridalen er ein elvedal i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia, og fungerer som ei grense mellom republikken og resten av Georgia. Dei øvre delane av dalen var lenge den einaste delen av Abkhasia som den sentrale georgiske regjering ...

                                               

Kolkhida

Kolkhida er ei lågtliggande kystslette i Georgia som ligg aust for Svartehavet. in Georgia. Ho har namn etter Kolchis, eit gammalt kongerike og ein region. Fjellkjeda Store Kaukasus ligg nord for sletta medan Litle Kaukasus ligg i sør. Sletta str ...

                                               

Sør-Ossetia

Sør-Ossetia var ein autonom oblast i Georgia i Sovjetunionen. I dag er større delar av området styrt av regjeringa i den de facto sjølvstendige republikken Sør-Ossetia, som ikkje er anerkjend av noko land eller internasjonale organisasjonar. Ein ...

                                               

Egearhavet

Egearhavet er ein arm av Middelhavet som ligg mellom den greske halvøya og Anatolia. Det er forbunde med Marmarahavet og Svartehavet gjennom Dardanellane og Bosporos.

                                               

Korinteidet

Korinteidet er eit smalt eid mellom halvøya Peloponnes og fastlandet i Hellas, nær byen Korint. Vest for eidet ligg Korintbukta, medan Saroniabukta ligg i aust. Sidan 1893 har Korintkanalen med ei lengd på 6.3 km gått gjennom eidet og i praksis g ...

                                               

Korintkanalen

Korintkanalen er ein kanal mellom Korintbukta og Saroniabukta i Egearhavet, gjennom det smale Korinteidet som knyter halvøya Peloponnes til resten av Hellas. Kanalen er 6.3 km lang. Han vart bygd mellom 1881 og 1893, og teken i bruk 25. juli 1893.