ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 275




                                               

Dvergsvane

Dvergsvane er ein holarktisk fugl i andefamilien. Ho har hekkeområde i arktisk del av Eurasia og Nord-Amerika og migrerer til varmare område om vinteren. Arten er ein fåtalig vintergjest i Noreg. Av dei seks artane av svaner i slekta Cygnus er dv ...

                                               

Dvergterne

Dvergterne er ein fugl i ternefamilien. Ho er ein trekkfugl som hekkar ved kysten og ved vassvegar i innlandet i tropiske og tempererte delar av Eurasia, og overvintrar i tropiske og subtropiske havområde som kan ligga så langt sør som Sør-Afrika ...

                                               

Egretthegre

Egretthegre er ein vassfugl i hegrefamilien og er ein stor og vidt distribuert hegre. Jamvel om han er spreidd over dei fleste av dei tropiske og varmare tempererte områda av verda, lever egretthegren i avgrensa område i Sør-Europa. I Amerika er ...

                                               

Elvesongar

Elvesongar er ein songar i sumpsongarfamilien som hekkar i Eurasia. Han er ein sterk trekkfugl og overvintrar i eit avgrensa område i sørlege Afrika. Elvesongar er berre ein sjeldan og tilfeldig gjest i Noreg.

                                               

Flekksnipe

Flekksnipe er ein liten vadefugl i snipefamilien. Ho er ein systerart til strandsnipe, liknar strandsnipa i utsjånad, men har vanlegvis ikkje overlappande utbreiing. Dei er klassifiserte som dei to einaste medlemmene i den biologiske slekta Actit ...

                                               

Glente

Glente eller raud glente er ein rovfugl i haukefamilien. Glente er ein sjeldan fugl i Noreg. I dei siste åra har det likevel vore observert fleire og fleire individ. Det er spesielt langs kysten frå Østfold til Rogaland at det ikkje er uvanleg å ...

                                               

Gråseglar

Gråseglar er ein fugleart i seglarfamilien. Han hekkar rundt Middelhavet, på Kanariøyene og Madeira, i Midt-Austen, på Den arabiske halvøya og rundt Persiabukta. Arten er ein sterk trekkfugl som overvintrar i eit belte i Afrika sør for Sahara, me ...

                                               

Gulbeinsnipe

Gulbeinsnipe er ein vadefugl i snipefamilien som hekkar i Nord-Amerika og overvintrar i den sørlege delen av Nord-Amerika og i mykje av Sør-Amerika. Streiffuglar av denne arten blir år om anna observerte i Noreg.

                                               

Gulirisk

Gulirisken er liten fink med relativt stort hovud og butt nebb, 11-12 centimeter i kroppslengd, og veg 8.5 til 14 gram. Fjørdrakta har mørke striper på grågrøn overside, og einsfarga lysgul overgump. Det gule brystet og kvite buken er òg sterkt s ...

                                               

Hærfugl

Hærfugl er ein fugl i familien hærfuglar som held til i store delar av Europa, Asia og Nord-Afrika. Fuglen har ein karakteristisk og kraftig farga fjørdrakt i svart, kvitt og oransje, og ein fjørkam på hovudet som vert reist opp når fuglen er opp ...

                                               

Kanadalo

Kanadalo er ein mellomstor vadefugl i lofamilien som hekkar i på tundra i Nord-Amerika, og er flyttfugl med overvintringsområde i sørlege Sør-Amerika. Ho er 24-27 centimeter i lengd, hekkedrakta er djupsvart med gylne flekker på oversida, krone, ...

                                               

Kuhegre

Kuhegre er ein kosmopolitisk art av hegrar i tropane og i subtropiske og varme, tempererte soner. Trass likskapen med egrettar i slekta Egretta, er kuhegre nærast i slekt med hegrar som til dømes gråhegre i Ardea. Det opphavlege utbreiingsområdet ...

                                               

Kveldsfalk

Kveldsfalk er ein fugl i falkefamilien med utbreiing i Aust-Europa og Asia. Han er ein trekkfugl som overvintrar i Afrika, men er òg ein vanleg streiffugl i Vest-Europa. Eit individ vart i 2004 for første gongen funne i Nord-Amerika, på øya Marth ...

                                               

Kvithalesymjesnipe

Kvithalesymjesnipa er ein liten vadefugl som hekkar på prærien i Nord-Amerika, overvintrar i sentrale Andes i Sør-Amerika og er ein sjeldan gjest i Vest-Europa. Kvithalesymjesnipa er den største av alle symjesnipene, ca. 23 cm i lengd, har "symje ...

                                               

Kvitkinnsvartterne

Kvitkinnsvartterne er ei sumpterne i måsefamilien, Laridae. Ho har hekkeområde i Eurasia og overvintrar i Afrika, sørlege Asia, Søraust-Asia og i Australia.

                                               

Langnebbekkasinsnipe

Langnebbekkasinsnipe er ei snipe med hekkeområde på tundraen i Nord-Amerika og Aust-Sibir. Overvintring skjer i Mexico og tilgrensande delar av USA og Mellom-Amerika.

                                               

Middelhavssporv

Middelhavssporv er ein fugl i sporvefamilien. Han lever i middelhavsområdet og sørvestlege og sentrale Asia. Arten liknar på den nært nærskylde gråsporv, og dei to artane viser det nære tilhøvet med hybridisering, noko som kompliserer identifiser ...

                                               

Pirol

Pirol er ein mellomstor sporvefugl og den einaste medlemmen av pirolfamilien som hekkar i tempererte regionar på den nordlege halvkula. Han har utbreiing som hekkefugl i Europa og Vest-Asia og i vintersesongen held han til i Afrika sør for Sahara ...

                                               

Polarjo

Polarjo er ein sjøfugl i jofamilien Stercorariidae. Han hekkar på tundra i Arktis og er ein trekkfugl som overvintrar på havet i tropiske strøk.

                                               

Ramasongar

Ramasongar er ein medlem av kjerrsongarfamilien i "den gamle verda". Ramasongar var tidlegare rekna som ein underart av tartarsongar, men blir no handsama som ein sjølvstendig art. Hekkeutbreiinga er frå nordauste Arabia til Afghanistan. Nett som ...

                                               

Raudhovudvarslar

Raudhovudvarslar er ein fugl i varslarfamilien som hekkar i Sør-Europa, Midt-Austen og Nordvest-Afrika, og overvintrar i tropisk Afrika. Han hekkar i ope dyrka land, fortrinnsvis med frukttre, eik, furu eller poppel.

                                               

Raudstrupesnipe

Raudstrupesnipe er ein vadefugl i snipefamilien som hekkar på begge sider av Beringsundet i Arktis og trekker til Søraust-Asia og Australasia på den nordlege vinteren. Denne arten er blant dei minste vadefuglane, svært lik dvergsnipe, Calidris mi ...

                                               

Raudtoppfuglekonge

Raudtoppfuglekonge er ein fugl i fuglekongefamilien. Han liknar fuglekongen, men er meir olivengrøn på ryggen, og har kvit strek gjennom augnebrynet. Issestripa til hannane er meir oransjeraud enn fuglekongen si, derav namnet raudtopp. Fuglen er ...

                                               

Ringnebbdukkar

Ringnebbdukkar er ein fugl i dukkarfamilien. Utbreiingsområdet for arten er store delar av Amerika frå Canada sørover til og med Brasil. Han er ein sjeldan gjest i Europa og Noreg.

                                               

Rosenstare

Rosenstare er ein sporvefugl i starefamilien som hekkar i Søraust-Europa til Sentral-Asia og overvintrar på det indiske subkontinentet. Slektnamnet Pastor kjem frå latinsk og tyder "hyrde", det spesifikke artsnamnet roseus er latin for "rosefarga".

                                               

Rosenterne

Rosenterne er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho har leveområde på austkysten av Amerika, vestkysten av Europa, kystar av Sør-Afrika, Aust-Afrika, Asia og Australia.

                                               

Rosenvarslar

Rosenvarslar er ein mellomstor sporvefugl i varslarfamilien, Laniidae. Dette er ein insektetar som hekkar i sørlege til austlege Europa og Vest-Asia, alle trekker til vinterkvarter i sørlege Afrika. Han er ein streiffugl i Vest-Europa, inkludert ...

                                               

Rovterne

Rovterne er ein vassfugl i ternefamilien med nær kosmopolitisk, men mykje oppstykka distribusjon. Trass den omfattande utbreiinga, er ho monotypisk i slekta si, og har heller ingen aksepterte underartar. På New Zealand er ho òg kjent under maorin ...

                                               

Sandterne

Sandterne tidlegare Sterna nilotica, er ein sjøfugl i måsefamilien, Laridae. Ho er no klassifisert si eiga biologiske slekt. Slektsnamnet er frå gammalgresk Gelao, "å le", og khelidon, "svale". Den spesifikke namnedelen niloticus er frå latin og ...

                                               

Sibirlo

Sibirlo er ein mellomstor vadefugl i lofamilien. Ei sibirlo i hekkedrakt er 23-26 cm lang, er svart med gylne flekker på oversida, krone, rygg og venger. Andletet og halsen er svart med ein kvit kant rundt og ho har dessutan svart bryst og ein mø ...

                                               

Silkehegre

Silkehegre er ein liten, kvit hegre. Fram til ca. 1950 var utbreiinga avgrensa til sørvestlege palearktis, afrotropisk region, indomalayisk region og den australske regionen. Men i løpet av dei siste tiåra har arten òg begynt å kolonisere "den ny ...

                                               

Sitronerle

Sitronerle er ei fargerik lita erle som hekkar i austlegaste Europa og i Asia nord for Himalaya. Ho er ein trekkfugl som lever på det indiske subkontinentet og i Søraust-Asia vinterstid.

                                               

Skeistork

Truslar mot denne arten inkluderer habitatøydelegging grunna drenering og nedbrytning av forureining, arten er spesielt negativt påverka av forsvinninga av sivsumpar. I Hellas har overfiske og uro forårsaka nedgang i populasjonen lokalt, og menne ...

                                               

Spisshalesnipe

Spisshalesnipe er ein vadefugl i snipefamilien. Arten hekkar i nordaustre Sibir og trekker til Ny-Guinea og Australia. Spisshalesnipa måler 17-21 cm centimeter, og veg 60 gram. Ho er ei brunspetta snipe med raudbrun krone, mørk øyestripe, kvit au ...

                                               

Stork

Stork er ein stor fugl i storkefamilien Ciconiidae. Fjørdrakta er hovudsakleg kvit, med svart på vengene. Vaksne har lange raude bein og lange spisse raudfarga nebb, og måler gjennomsnittleg 100-115 centimeter frå nebbspissen til enden av halen, ...

                                               

Svartkråke

Svartkråke er ein fugl i kråkefamilien med utbreiing i Europa og sentrale til austlege Asia. Etter ramn er ho den største sporvefuglen i utbreiingsområdet.

                                               

Sørnattergal

Sørnattergal er ein medlem av flugesnapparfamilien og er mest kjend for sin melodiske og varierte song. Han er hekkefugl i sørlege og sentrale Europa, austover til vestre Mongolia og Kina. I Noreg er denne arten ein sjeldan gjest. Sørnattergalen ...

                                               

Tartarpiplerke

Tartarpiplerke er ein mellomstor sporvefugl og ei stor piplerke i familien erler og piplerker, Motacillidae. Ho hekkar i opne grasområde i Nordaust-Asia og er ein langdistanseflyttfugl til opent lågland på det indiske subkontinentet og i Søraust- ...

                                               

Tartarsongar

Tartarsongar er ein medlem av kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae, i "den gamle verda". Tartarsongar var tidlegare rekna som same arten som ramasongar, men sistnemnde blir no handsama som ein sjølvstendig art. Tartarsongaren er ein liten gråbrun, ...

                                               

Tereksnipe

Tereksnipe er ein liten trekkjande vadefugl i snipefamilien, Scolopacidae, og den einaste medlemmen av slekta Xenus. Arten har hekkeutbreiing avgrensa til i palearktis og har fått namn etter elva Terek som renn ut vest i Kaspihavet, fordi arten f ...

                                               

Trastesongar

Trastesongar er ein stor songar i kjerrsongarfamilien som er hekkefugl i Europa og austover til vestre Mongolia. Han overvintrar i Afrika sør for Sahara. I Noreg er denne arten ein sjeldan gjest.

                                               

Triel

Triel er ein fugl i trielfamilien, og ein mellomstor medlem av familien. Han har utbreiing i Europa, Afrika og sørvestre Asia. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase. Artsnamnet oedicnemus kjem frå det greske oidio, å ...

                                               

Tundrapiplerke

Tundrapiplerke er ein sporvefugl med hekkeutbreiing i nordlege Sibir og med vinterkvarter i Søraust-Asia. Ho høyrer til den største biologiske slekta Anthus i familien av erler og piplerker, Motacillidae.

                                               

Turteldue

Turteldua er mindre og slankare enn mange andre duer, ho måler 27-29 centimeter i kroppslengd, har vengespenn på 47-53 cm og ho veg 85-170 gram. Denne duearten kan kjennast på den brunare farga og svart-kvitt-stripa mønstra område på sidene av ha ...

                                               

Tårnugle

Tårnugle er ei mellomstor ugle i tårnuglefamilien. Dette er den mest utbreidde arten i ordenen ugler og ein av dei mest utbreidde av alle fuglar. Tårnugla gjev trivialnamn til familien Tytonidae, med ca. 18 artar totalt. Familien er ein av dei to ...

                                               

Vassongar

Vassongar er ein mellomstor songar i kjerrsongarfamilien som er hekkefugl i Aust-Europa og overvintrar i Vest-Afrika. I Noreg er denne arten en svært sjeldan gjest.

                                               

Vasspiplerke

Vasspiplerke, Anthus spinoletta, er ein liten sporvefugl som hekkar i fjella i Sør-Europa og sørlege tempererte Asia over til Kina. Dette er kortdistanseflyttfugl som vandrar ned til vått, opent lågland slik som myrar og oversumte marker om vinte ...

                                               

Viersongar

Viersongar er ein mellomstor bladsongar i den biologiske slekta Phylloscopus, som hekkar i Sibir. Han er ein er sterkt trekkfugl og overvintrar i Søraust-Asia. Det vitskaplege namnet Phylloscopus på den biologiske slekta er frå gammalgresk og tyd ...

                                               

Vinterjunko

Vinterjunko er ein amerikansk sporv som lever i Nord-Amerika, hekkar i nord og trekker til sørlegaste delar av utbreiingsområdet vinterstid. Arten syner fargevariasjonar, varierande storleik og i varierande levevis blant populasjonane gjennom utb ...

                                               

Ørkenlo

Ørkenlo er ei mellomstor lo, ein typisk vadefugl med eit vidt utbreiingsområde for hekking i det sentrale Asia frå austsida av Kaspihavet austover til over det meste av Mongolia. Dessutan fragmenterte hekkeområde i Tyrkia, Syria, Jordan, Armenia ...