ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 262




                                               

Byen Pisco

Byen Pisco er hovudstad i Pisco-distriktet i Ica-regionen i Peru. Han er ein kystby ca. 20 kilometer nord for halvøya Paracas. Den moderne byen Pisco blomstra opp i eit vingardsområde kor det no skjer framstilling av det peruansk-chilenske brenne ...

                                               

Cajamarca

Cajamarca by ligg i det nordlege høgland i Peru og er hovudstaden i Cajamarca-regionen. Byen ligg på ca. 2700 moh., og folkesetnaden er på kring 100 000 menneske. Klimaet i området er ekvatorialt, så det er mildt, tørt og mykje sol. Jorda er fruk ...

                                               

Callao

Callao er den største og vektigaste hamnebyen i Peru. Han har eit geografisk omfang som er identisk med den administrative regionen Callao, ligg vest for hovudstaden Lima, men er ein del av metropolen Lima som konsentrerer nesten ein tredel av fo ...

                                               

Cuzco

Cuzco, på mange språk Cusco, er ein by i Huatanay-dalen i Andes i søraustlege Peru. Byen ligg om lag 3400 moh. og folkesetnaden er på ca 300 000. Namnet Cuzco tyder navle. Cuzco er også senteret for den største av dei sørlege quechuaspråka, cusco ...

                                               

Huánuco

Huánuco er ein by i det sentrale Peru og hovudstaden i regionen og distriktet med same namn. Til å ligge i Andes ligg byen lågt, på ca 1900 moh. I 1999 hadde han ein folkesetnaden på 70 588 innbyggjarar. Han er ein av få peruanske byar med ein ny ...

                                               

Iquitos

Iquitos er den største byen i delen av regnskogen i Amazonas som ligg i Peru. Han er hovudstad i Loreto-regionen og i Maynasprovinsen. Det er berre 106 meter over havnivå kor byen ligg ved Amazonaselva sjølv om det er meir enn 3000 kilometer til ...

                                               

Lima

Lima er hovudstad og største by i Peru med 7.2 millionar innbyggjarar. Byen ligg midt i Peru i nord-sør-retning og ved stillehavskysten. Sentrum i Lima vart utnemnt til verdsarvsområde av UNESCO i 1991.

                                               

Ollantaytambo

Ollantaytambo er ein by i det sørlege Peru omkring 60 kilometer nordvest for byen Cuzco. Han ligg på 2792 moh. i provinsen Urubamba i Cuzco-regionen. Ved byen ligg det òg eit arkeologisk ruinområde frå inkatida. Det var inka Pachacútec som sigra ...

                                               

Pucallpa

Pucallpa er hovudstad i Ucayali-regionen i Peru. Han har 204 772 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Ucayali, ei sideelv til Amazonas. Pucallpa blei grunnlagd av fransiskanarmunkar på 1840-talet som fekk shipibo-conibofolk til å busetja seg der. Tet ...

                                               

Puerto Maldonado

Puerto Maldonado er ein by i det søraustlege Peru i regnskogen i Amazonas 55 kilometer vest for den bolivianske grensa og ved staden der elvene Madre de Dios og Tambopata flyt saman. Han er hovudstaden i Madre de Dios-regionen. Folkesetnaden er 5 ...

                                               

Apurímac

Apurímac, apu =guddom rimac =orakel, talsmann), er ei elv som har si kjelde frå smeltevatn av isbre ved Nevado Mismi, eit 5 597 meter høgt fjell i Arequipa-regionen i sørlege Peru. Med vatn frå Nevado Mismi gjer Apurímac dermed Amazonaselva til v ...

                                               

Chinchipe

Chinchipe er ei elv i nordlege Cajamarca-regionen i Peru. Ho oppstår ved grensa mot Zamora-Chinchipe-provinsen i Ecuador der hovudlaupet Mayo og Canchis renn saman til Chinchipe. Frå grensa renn ho mot søraust grovt rekna 80 kilometer før ho møte ...

                                               

Ene

Ene er ei elv i Peru på austsida av Andesfjella. Ene utgjer ein del av eit system av elvar som gjev vatn til Ucayali, ei stor sideelv til Amazonaselva. Ei av kjeldene til systemet er ved Nevado Mismi nord for Arequipa ved vasskiljet mot elva Colc ...

                                               

Huallaga

Huallaga er ei elv i Peru med utlaup i Amazonaselva. Dei fjernaste kjeldene til Huallaga ligg i høglandet nord for regionhovudstaden Cerro de Pasco i Pasco-regionen. Herfrå passerer elva Huánuco og renn vidare nordover aust for Cordillera Central ...

                                               

Elva Ica

Sjå òg Ica fleirtyding Ica er ei 220 kilometer lang elv i Peru som renn sørover frå høglandet i Huancavelica-regionen til Stillehavet gjennom Ica-regionen og passerer regionhovudstaden Ica. Elva er til vanleg tørr gjennom store delar av året, men ...

                                               

Inambari

Inambari òg Inampare eller Azul, er ei elv i Peru og ein del av Amazonasbassenget. Det meste av elva renn gjennom regionen Madre de Dios, omtrentleg lengd er 437 kilometer fram til utlaupet i Madre de Dios ved landsbyen Inambari. Ei kjelde til el ...

                                               

Jequetepeque

Jequetepeque er ei 158 kilometer lang elv som startar ved Agopiti-åsane, 3800 moh. i Cajamarca-regionen i Peru og tømmer seg i Stillehavet åtte kilometer nord for byen Pacasmayo i La Libertad-regionen. Jequetepeque har tre hovud nedslagsfelt med ...

                                               

Madre de Dios

Madre de Dios er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Beni. Ho er omtrentleg 1 150 km lang og er ein vassveg i to land, i søraustre del av Peru og nordvestre Bolivia.

                                               

Mantaro

Mantaro er ei elv i det sentrale Peru med utlaup til Ene og er ein del av Amazonasbassenget. Ho er 724 kilometer lang, har eit nedslagsfelt på 15 410 km² og startar i innsjøen Junín, 4082 moh. Mantaro kryssar Junín-regionen og renn gjennom Huanca ...

                                               

Manú

Manú er ei elv i det søraustlege Peru, og ei sideelv til Madre de Dios. Ho har ei lengd på 356 kilometer, alt gjennom biosfærereservatet Manu nasjonalpark i Madre de Dios-regionen. Elva Manú blir til i den austlege skråninga av Andes mot Amazonas ...

                                               

Marañón

Marañón er ei 1 905 km lang elv i Peru, og ei av sideelvane til Amazonaselva. Elva har utspring i 5 800 meters høgd nær Cordillera Huayhuash ca. 160 km nordaust for Lima, renn gjennom ein stor del av Andesfjella i det nordlege Peru og tar imot fl ...

                                               

Nanay

Nanay er ei ca. 300 - 350 kilometer lang sideelv til Amazonaselva i Loreto-regionen i Peru. Ho renn vest for Napo og aust for Tigre og endar i Amazonas rett i nordkanten av regionhovudstaden Iquitos. Saman med elva Itaya omkrinsar dei tre elvane ...

                                               

Elva Pampas

Pampas er ei stor sideelv til Apurímac. Ho har utlaup i Apurímac ca. 40 kilometer nordvest for Abancay. Retninga på elvefaret varierer mykje: Hovudgreina startar i sørlegaste grenseområdet mellom Ayacucho og Apurímac-regionen, over 4000 moh. Heri ...

                                               

Rímac

Elva Rímac renn vestover frå Andes til Stillehavet gjennom Lima-regionen og hovudstaden Lima i Peru og er den mest vektige drikkevasskjelda for Lima-metropolen med Callao. Rímac dekkjer eit nedslagsfelt på 3 312 km² og har ei lengd på 160 kilomet ...

                                               

Rio de Las Piedras

Rio de Las Piedras, òg kalla Tacuatimanu, er ei elv lengst søraust i Peru og ei bielv til Madre de Dios. I heile lengda på 621 km renn ho gjennom regionen Madre de Dios. Elva blir fødd i eit område kalla Tacuatimanu som dannar vasskilljet mot Uru ...

                                               

Elva Santa

Elva Santa er ei 347 kilometer lang elv i Ancash-regionen, Peru med utspring i Laguna Conococha, 4 050 moh. i Andesfjella og utlaup i Stillehavet. Laguna Conococha sjølv samlar vatn frå Cordillera Negra i vest og dei snøkledde Cordillera Blanca i ...

                                               

Elva Tambo

Elva Tambo er eit kort elvstrekk i Peru, ein del av systemet Apurímac - Ene - Perené - Tambo - Ucayali. Tambo fører vatn mot aust i austskråninga av Andes i Junín-regionen sentralt i landet. Vassvegen har namnet Tambo frå staden der Ene møter Per ...

                                               

Tambopata

Tambopata er ei elv som høyrer til Amazonasbassenget, og er ei bielv til Madre de Dios. Ho renn gjennom regionen Madre de Dios, og Puno-regionen i Peru. I tillegg er ho grenseelv mot Bolivia gjennom ei kort strekning. Ho har ei total lengd på 402 ...

                                               

Ucayali

Ucayali er ei elv i Peru, og ei av dei viktigaste kjeldene til Amazonaselva, som oppstår der Ucayali møter Marañón. Kor mykje av vassdraget som kallast Ucayali varierer, med strekninga frå samanløpet av Tambo og Urubamba og ned som det kortaste, ...

                                               

Urubamba

Urubamba er ei elv i Peru. Dette er ei delvis farbar elv som gjev vasstilførsel til Amazonaselva. Ho har kjelde i Khunurana i Andesfjella søraust for Cuzco nær grensa mot Puno-regionen. Øvre delen vert kalla Vilcanota. I inkaene sin heilage dal, ...

                                               

Utcubamba

Utcubamba er ei elv med nedslagsfelt i sørlege Amazonas-regionen i Peru. Øvre delar av bassenget er kjerneområdet for chachapoya-kulturen. Ho oppstår ca. 4000 moh. noko sør for den litle byen Leymebamba som ligg ca. 90 kilometer sør for regionhov ...

                                               

Yavarí

Yavarí er ei elv i Amazonasbassenget og ei sideelv til Amazonaselva. Ho er grenseelv mellom Peru og Brasil i nesten heile lengda på 1 184 km. I hovudsak er retninga for vassføringa mot nordaust. Dei fjernaste kjeldene til elva ligg i Loreto-regio ...

                                               

Alpamayo

Alpamayo, Allpamayu eller Shuyturahu er ein av dei tydlegaste fjelltoppane i Cordillera Blanca i Andesfjella i Peru. Det er kalla opp etter elva Allpamayu som spring ut nordvest for fjellet. Fjellet er bratt 60º og nesten heilt pyramideforma. Det ...

                                               

Huascarán

Huascarán er det høgste fjellet i Peru, Det er 6 768 moh., og er det fjerde høgste fjellet i Sør-Amerika. Fjellet ligg i Huascarán nasjonalpark i Andes i Ancash-regionen i det nordlege Peru. Huascarán er eit fjellmassiv med tvillingtoppar; ein no ...

                                               

Huayna Picchu

Huayna Picchu, ofte skrive Wayna Pikchu, er eit fjell ved ruinbyen Machu Picchu i Peru. Namnet tyder "det unge fjellet". Fjellet dannar ein kulisse på mange bilete frå Machu Picchu og kan vere av dei mest fotograferte fjella i Sør-Amerika. Toppen ...

                                               

Huaynaputina

Huaynaputina er ein stratovulkan som ligg i det vulkanske høglandet sør i Peru. Vulkanen kan ikkje identifiserast som eit eige fjell, men har i staden form som eit stort vulkankrater. Han har produsert høg-kaliumhaldig andesitt og dasitt. Den 19. ...

                                               

Junín

Junín i Peru, kjent som Lago Junín på spansk og Chinchayqucha på quechua, er den største innsjøen som er omkrinsa av peruansk land, men har langt mindre flatemål enn Titicaca som ligg mest på boliviansk territorium. Sjøen ligg på omkring 4 082 mo ...

                                               

Pongo de Mainique

Pongo de Mainique er ein pongo i Peru som er 45 meter brei og 3 km lang, med 900 til 300 meter høge klipper på kvra side. Det er den einaste dalen som går gjennom heile Willkapampafjella. Han deler òg Rio Urubamba mellom Øvre Urubamba og Nedre Ur ...

                                               

Machu Picchu

Machu Picchu er ein prekolumbisk ruinby frå inkariket i fjellet over Urubambadalen i dagens Peru. I luftlinje ligg han ca 73 kilometer nordvest for Cuzco, på kring 2430 moh. Ruinane er ei mykje god stode, og mange reknar Machu Picchu som det frem ...

                                               

Regionar i Peru

Den politiske inndelinga av Peru i regionar har endra seg frå tid til anna etter at nasjonen fekk sjølvstende frå Spania i 1821. Grunngjeving for endringar har vore desentralisering av administrasjon og auke i folkesetningar, særleg i Lima.

                                               

Amazonas i Peru

Amazonas i Peru er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Cajamarca-regionen i vest, mot San Martín-regionen i aust, Loreto-regionen i nordaust og La Libertad-regionen i sør. Folkesetnaden var 375 993 i 2007, a ...

                                               

Ancash-regionen

Ancash-regionen er ein region i Peru med kystlinje mot Stillehavet midt i landet. Han har grenser mot La Libertad-regionen i nord, mot Huánuco-regionen i aust og mot Lima-regionen i sør. Ancash-regionen er på 35 914 km² og har 1 039 415 innbyggja ...

                                               

Apurímac-regionen

Apurímac-regionen er ein region i det sentrale Peru. Han har grenser mot Cuzco-regionen i aust, mot Ayacucho-regionen i vest og Arequipa-regionen i sør. Regionnamnet kjem frå quechua og tyder gud taler. Apurímac-regionen er på 20 896 km² og har 4 ...

                                               

Arequipa-regionen

Arequipa er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i ...

                                               

Ayacucho-regionen

Ayacucho-regionen er ein region i Peru som ligg i sørlege og sentrale delen av Andes i landet. Han har grenser mot Huancavelica-regionen i vest, mot Ica-regionen og Arequipa-regionen i sør, mot Apurímac og mot Cuzco i aust. Ayacucho-regionen er p ...

                                               

Cajamarca-regionen

Cajamarca er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Piura-regionen og Lambayeque-regionen i vest, mot Amazonas-regionen i aust, og Libertad-regionen i sør. Folkesetnaden var 1 343 501 i 1996, arealet er 33 317 ...

                                               

Cuzco-regionen

Cuzco-regionen er ein region i det sentrale Peru. Han har grenser mot Ucayali-regionen i nord, mot Madre de Dios-regionen og Puno-regionen aust, mot Arequipa-regionen i sør og mot Apurímac-regionen, Ayacucho-regionen og Junín-regionen i vest. Cuz ...

                                               

Huancavelica-regionen

Huancavelica-regionen er ein region sentralt i Peru. Han har grenser mot Lima-regionen og Ica-regionen i vest, mot Junín i nord og mot Ayacucho i aust. Huancavelica-regionen er på 22 131 km² og har 447 054 innbyggjarar. Regionhovudstaden er Huanc ...

                                               

Huánuco-regionen

Huánuco-regionen er ein region i det sentrale Andes i Peru. Han har grenser mot La Libertad, San Martín og Loreto i nord, mot Ucayali i nord og aust, mot Pasco-regionen i sør og mot Lima-regionen og Ancash-regionen i vest. Huánuco-regionen er på ...

                                               

Ica-regionen

Ica-regionen er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima-regionen i nord, mot Huancavelica-regionen i nordaust, mot Ayacucho-regionen i aust og Arequipa-regionen i sør. Folkesetnaden var 607 630 i ...